Kjeldearkiv:1892-04-03 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1892-04-03 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 3.4.1892
Stad: Hamar
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 80
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Sagatun 3-4-92.

Kjære Ivar!

Huff ja san! Det er eit [...] rot og kav i denne verdi. – Eg ha tagt harle lengje no, og ikveld er eg au so staalsliten, at eg veit ikkje anten eg skal skrive held la det vera. Men det er no ikkje vandare med det. Det ber til å bryggje upp til ei “unionel konflikt” millom meg og Arvesen no. Å ja, det var store ting, det gjekk so lengje. Eg ha vore lei heile skjiten alt sia eg kom hit. Eit evindeligt gnaal og gnag um smaating, som ikkje er værd ei lus, og so no hugsotti for “kassa” og alle ind- og udbetalingar. Det er ikkje so reint lite ansvar. Men Løn? Ja ho er mindre held ansvaret. Snautt nok til tobak og brevporto. Difor ha eg søgt og avertert og skrivi og spurt i aust og i vest like frå før Arvesen strauk. No her ein dagen var eg midt uppi ei underhandling um ein bladpost, da eg ein vakker dag fekk brev frå min gamle ven Hansen i Siljord. Han spør, um eg ikkje vil koma dit og hjelpa han solengje, då bror hans[1] skulde reisa heim att åt Danmark. Og so byr han meg lite både til tobak og porto og anna. Eg er no ikkje just uppsett på å koma åt Siljord att no, men eg svara, at eg slær til med båe hender. Hellest kan eg vel ha godt av å koma åt folk att au kanskje. For 7 høno og 5 døvstumme blir ein trist umgjengels i lengdi kusser, sjøl for ein eremit som eg. Og naar eg berre slepp herfrå, so er det sama [...]. – Men no kjem rosina. So gjekk eg og braut skolten min med å setja ihop ein “hensynsfuld opsigelse”, men slik at eg kunde faa fletta inni eit og anna smaatt fint. Jau so kom Gamlin sjøl og hjelpte meg. Det kom eit brev langt som frå Kleiven og åt Lalmsbrun, og der var dei da rekna upp alle dei synder og misgjerninger som “fruen” ha nasa ut paa ein recognoseringstur, ho gjorde hitupp trast før – um Hønun som ikkje vorp enda dei burde ha lagt egg for 8 viku sia, um frosne blomster og slikt. Og so um pengarne. Det kom ind alt for lite pengar. Som um 10–1200 Kr. brutto um maanan var nokon ting? Nei da. Eg maatte til å krevja kvar sjæl i Hamar som skulda eit Øyra og sjå etter at inntegti av salg av “maculatur og løse aviser” vart spara ihop, og hellest vera um meg på all vis. –

Men detta brevet kom som det skulde vore bodsendt. Eg svara med same mynt paa timen – og no vart det ikkje mykje att av hensynsfuldheden i uppsigelsen min – eg var paa stasjonen med den sama natt. Eg gav dovenskapen min skuldi for dei tronge tider, og so leksa eg upp, so det berre stod etter og slutta som følger. “Men inden 14de April maa du få dig en ny og bedre Mand til at ta sig af disse Affærer her. For den dag reiser jeg nemlig. Hvorhen kan jeg ikke bestemt si enda; men det maa være til et Sted, hvor jeg blandt andet ikke faar 7 Høns og Blomster til 30 Kr Stykket at – vanrøgte.”

– Eit brev som den gamle trengde heile 7 dagar tilende for å svara på. Og so kom det ei ynkjeleg Jeremiade, kan du vita. Det var ikkje so ille meint, og so ber han um eg ikkje vilde halda paa som eg ha gjort. Nei, svara eg; det blir som eg har sagt. Det er da ikkje meiningje, at det skal bli so seigt å kom[a] herfrå, som det var å koma hit. No er det vist ragnarok inne i Akersgaden 47, tenkjer eg. Og vist er det at det er ikkje fyse å få ein mann i snøggvenda, som ein kan overlata bøkerne og kassa og heile stasen her. Det blir iallfall ikkje so reint ...kjøp[2]. Men eg gaar her og fryder meg like lukt inn i Sjæli – naar eg har tid til det da. For hemnen er sød maata.

Kva dag eg pakkar ihop, veit eg ikkje. I paaske kanskje held trast etter. Eg lyt no laga det, so eg fær sjaa Per Gynt med sama. – Det var [...], du ikkje kunde bli komandert åt Gjøvik den 2den Mai, so skulde eg venta test og snerta meg ditupp. – Men meir sia um denne fløtingi.

Her er drivandes vaarvær. Berr mark og lærk og graagjæs og folk det[t] ned i Mjøsen fort væk. Han Hans Fykerud, du veit, var her nyleg og heldt komters. Arve ha nettupp spela førr i same salen. – Natur og Kunst. Men eg vil ikkje byta burt den eine av sæterlokkarne åt Fykerud’n for all Arves Kunst. – Eg sat og svalla ei heil natt med han. Ein spræk kar den sama Hansen. Hellest er det aldri noko korkje å sjå held høyra her i Hamar. Når eg stel meg fri, so stullar eg inne i hiet mit. Sit og remsar og lyg og skriv og sendar åt alle verdsens aviser. Eg slit da ein stakkars skjilling med det au.

Har venta grovt paa Sagabokje di og so “Brigde”[3]. For no er vi da langt over den store dag – den 24de mars – Hellest kan det vera, eg ikkje ein gong fær dei. For eg saag ein ymt um det her ein dagen, at berre dei som betaler aarspengar, fær bøker frå det norske samlaget, og da so – Og kor langt er du med trikløvret dit?

– Desse konfeluttarne eg fekk Foss til å senda deg var vist klår ideleg skjit – iallfall ikkje slike, dei skulde vera; men det fanst ikkje likare i Hamar by.

Ja no fær du freista, for no orkar betterde ikkje eg meir, enda det var vist mykje som skulde vore sagt. Huff! Trætte Mænd!

Men skriv no eit stort, langt, tjukt Brev.

Venleg Helsing åt deg og alle paa Kleiven frå

Kristian

Fotnoter

  1. Laurids Aarø Hansen.
  2. Utydeleg førsteledd.
  3. Planlagd roman av Per Sivle, med tradisjonsstoff frå Voss. Boka vart aldri ferdig, men kapitlet "Grauta-Gulen" (ei hestesoge) vart trykt i Nyt Tidsskrift. Ny række 3 (1895) og delane "Harkahaugsblodet" og "Seims-folket" posthumt i Skrifter 2. Sogor og Stubbar (1910) saman med hestesoga.