Kjeldearkiv:1892-08-29 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1892-08-29 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 29.8.1892
Stad: Seljord
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 84
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Siljord Måndagskveld 29de Aug. [1892]

No kjem eg nettup att fraa Flatdal. Min vanlege Tur upp til Flatsjaa. For eg ha gaatt i Rute paa Flatdal alt sia eg kom. Kvar evige Natt. Det er glupaste Ruta, eg veit. Stilt og fredlegt, Berg paa ei Sie og Vallaraa med Foss og Greier paa hi.

Det er so rart vorte her i Siljord: So gamalt og muggent liksom; held ogso er det eg sjøl som er vorten gamal og muggen; men eg kan ikkje kjenna meg att. Paa Utgarden kan eg ikkje lika meg; eg er der sjeldan. Og Bygdafolk skjyr eg [...]. Ungdom er her ikkje. Aa jau ein liten Klik: dei som var “store Barn” da du og eg var her. Eg skulde med, kan du vita, men eg var for gamal og for stø og høvde ikkje til Laget, totte eg, og so vart eg altso ikkje med. – Og so er det “de lærdes Klik”: Hansen, Botnen og Bjørnaraa. Der skulde eg au med – som 4de Mann i Boston[1] – men der maatte eg vist vera for ung, sovidt eg kunde skjøna – held ogsaa for dum. Dei har det so hart med Gjeit og Prim og Gardhandel og alskens Spekendaser og so Georgismen og Fredsoratorier og slikt og so smaavitser flate som Veggjelus og Skratt i vilden Skjy. Nei eg likar meg ikkje der held. Derfor ruslar eg for sjavemeg med Hendom i Broklomma uppetter langs Vallar kvar Kveld. Og um Sundagen tek eg Hengjekøia med og hengjer meg millom tvo store Bjørk uppi Krokan. Og so ligg eg der og ruggar med Henderne ihophekta over Magen og tenkjer paa ingen Verdens Ting. For kva skulde eg vel tenkja paa? Les? – Det er lengje sia eg slutta lesa. No ha eg nettup vore tilfjells i 14 Dagar – uppe i Bittdalen millom Rauland og Mjøsstrondi 7 Mil herfrå. Eg tenkte meg so vist til aa bruka desse stakkars 14 Dagar paa fornuftig Vis d.v.s. eg vilde kreka lengst upp i ein Avkrok ved Sundsbarm held upp i Grunningsdalen og stulla for meg sjøl, skriva Friluftsbrev i Kilometervis til “Vælas Gang” og Dekorah-Posten og Ivar og meir sligt; men trur du ikkje desse […] brandarne Botnen og Galteland narra meg med upp i Bittdalen? Eg tok med meg 7 Bøk, kvitt Papir og ein halv Liter Blæk, men um eg kom so vidt, eg fekk skjefta Pen paa Skaftet? Nei takk! Hellest tapa ikkje eg paa Reisa: Eg la tvo og eit halvt Kilogram til min kjødelige Gevækst, og det er no Kjøtet, det kjem an paa. Den Bittdalen var hellest ikkje so reint innpaa. Fjell og Fiskevatn og Gjeitebeite akkurat som i Sikilsdalen. Fisken berre enda bære. Slik Fisk ha eg alder kjennt. Men det vanta ein Ting: Husvære. Eg laut mest graata, naar eg tenkte paa Mæringsdalsbui og Tolstadbui ved Flatningen. Ei Tylvt Steinar ihopkasta; ikkje Omn, sovidt Lignemente til Tak, ei Myr til Golv. Og der laag me 5 Skrottar i raatt Gras, som vermde so det nær var vorte Maltextrakt av os alle tilhobe. Han Tor Vaa og Kjeringi hans var med au ser du; det var dei som var Verter. Ha ikkje dei havt med ei Kløv med Mat, so ha det vist gaatt skjit, endaa me skulde no lestso ernære os av Jagt og Fiskeri. ─ Jau Botnen skaut Huva til Galteland.

Hellest var det ikkje vant um Kjøt. Det gjekk ei Fedrift der; 130 feite Naut. Og fyrste Dagen eg var der gjekk likaste Kui uppi ei Ur, hengde upp seg og sturta. Men da ho var sjøldau vilde Driftekarane ikkje ha meir enn Skjinnet. Og det nytta ikkje å fragte Kjøtet heim, sa Tor Vaa, for det fans ikkje ein Kjeft i Rauland som vilde smakke ein Bite av den Kui, som var komen utor Væri paa slik Vis. Og so fekk me heile Grisen[2]. Grov baae Baklimerne ned i ei Sjofonn bak Hytta vor og livde paa Bif og Bøf og Buf og Baf og Reinssteik og Kalvesteik og Grisesteik og Fricasé og ristet Oksetunge og – – ja me saag etter daa me kom til Rauland; det fans mest ikkje det Matslag i Hanna Vinsnæs, som me ikkje ha ete. Og aat det gjorde me, so me ha Ære af det. Eg og Galteland fekk “præ”, naar det var Ku til Middags.

Det var eit Par “Staular” au i Bittdalen. Ute ved Vassenden var likaste Sætri eg ha sett i Telemarken. Golv og Glas og Omn og Mjølkebud og alt som var. Og Budeia var deretter: Snaalare enn alle andre eg ha treft her ikring. Eg vart ikkje so reint lite forelska i ho, og tenkte meg til aa liggja att der nokre Dagar, sia hine var reist. Men som me kom dit ned og var paa heimtur, var – Mannen hena komen. Da fyrst fekk eg vita, ho var gjift, Beistet. Og so labba eg med dei andre. Me heftast eit Par Dagar hjaa Tor Vaa[3], tok saa gjennom Øyfjell og gjesta Aslak Groven[4], han Proprietariusen, og kom heimatt gjenom Sundsbarm og Kivledalen.

Den 31te.

Eg var ute i Kveld au og freista; men det gjekk ikkje: Stupende svart – Herregud at me alt er uppi svartaste Haustmyrket! – og det er ikkje kvar Kveld no, at eg tør gaa forbi Kyrkja. Og paa hin Kanten lika eg meg ikkje. So sjangla eg innum til Sveinson. Han er vist sonær likaste Seljoringen lell han. Men han kom att fraa Tinget helselaus. Kanskje det er denne Sladdergreia, som har tekje paa han au. Men du kjenner ikkje til det, du: I Vaar kom det ut at S. hadde faat seg eit Barn inne i Hovudstaden. Det kom Melding gjenom Lensmann og Fut til Politimesteren i Xania. – Alt ihop var den argaste Lygn. Men no er det komen for ein Dag, at det er “politiske Modstandere” som har sett ut Skrøna. S. vil saksøkja Upphavsmannen. Det blir vist ei god Supe. – Meir sia. Ullmann er no i Bern – som Fredsengel.[5] Og Gud veit naar han kjem att. For no maa han vel liggja i Kvarantæne eit tvo-tri Vikur – dersom da ikkje Kolera tek heile Ullmann. Og paa Heimvegen skal han rundt i Danmark og snakke ihop noko Pengar. – Arctander reiser til Hardanger med heile sit Habengut um 14 Dagar; han blir lei heile Siljord. Ein Seminarist, Alvestad, kjem i Sta’n hans. – Det gaar snart til Helvites med heile Skulen. Ullmann burte, og Gutungar styrer heime. Botnen Chef. –

Anne Grave kom att fraa Tonsaasen i Vaar. Eit Par Dagar etter vart ho braasjuk og har no liggje dødssjuk i heile Sumar. Fraa Jørn [...] skal eg helsa so mykje. Aasmund, Landhdl, er Fallit, heile Stasen i Vasken. –

Naa! Men Meiningi med Brev denne Gongen var berre aa upplysa, at det aldeles ikkje er eg som heiter “Simonsen med Frue fra Gudbrandsdalen” – som kom med Hamartoget og tok inn paa Hotellet i Prindsensgd og drap meg sjøl og den svenske Kjeringi.[6] Seg Folk, at det er [...] ikkje eg. Sov trygt. – Og so vilde eg segja takk for det siste lange, gjilde Brevet eg fekk og bea um eit til likso langt.

So var det Anne Nes. Ho gaar enno og snakkar um Bønneslie og Hospitalet dit for Gjeit og Byfolk. Det var da altso Meininge til Sumars – for til Vaars blir ho her. Og det er nok Aalvoret henar, etter som eg skjønar. Til aa stella med Byfolk er ho avraae lugum. Gjeitstell er ho no uvant med, men det greier seg vel det au. Hellest veit no du best, kor store “Forkundskaber” det trengst. Ho lengtar vist utor Siljord att – um det so berre var for ein Sumar, og eg skulde da høyra kva du meinar um dette Hospitalsforstandarskapet, sampt – last but not least – um du kan betala, so ho greier Reiseudgifterne att og fram og væl so det; for det er vel ingen Stad aa gjera av ho um Vintren der uppe. – Ja du fær no koma med dine Betænkninger desanbelangende. (Hellest er ein Vinter lang, og Været vendar seg mange Gongo paa ein Vinter i Siljord).

– Eg blir ein svare Kar til aa exportera Kvindfolk. Snart til Danmark snart til Jøtunheimen. Berre [...] dei ikkje skulde ha nokre Millioner Rubler aa dragsa med seg.

Hels alle paa Kleiven. Skriv straks – men paa eit Storark. Kor gaar det med Gamel-Karom dine?

Helsing fraa

Kristian

Fotnoter

  1. Kortspel med fire spelarar, stammar frå whist.
  2. Mistak for kua.
  3. I Kviteseid.
  4. I Rauland.
  5. Interparlamentarisk fredskongress i Bern i 1892. Ullmann var offisiell norsk utsending. Under denne samlinga vart Det internasjonale fredsbyrået skipa med sete i Bern.
  6. Denne dramatiske hendinga vart m.a. omtala i Hedemarkens Amtstidende 26. august 1892 med referanse til Morgenbladet. Paret var ein proprietær frå Gudbrandsdalen og ei grosserarfrue frå Stockholm, begge gifte på kvar sin kant. Dei tok inn på hotell i Kristiania 21. august under namnet "Simonsen med frue fra Toten22. Tysdag 23. vart begge funne døde på hotellrommet, med skotsår i tinningen. Det var mord og sjølvmord.