Kjeldearkiv:1893-01-10 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1893-01-10 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 10.1.1893
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 86
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Otdalen 10 Jnr. 1893.

Kristian!

Jagu lyt eg no spørgja deg, um du befinder dig paa jordens kreds, længer? Er du her, saa fær du ha eit godt nyttaar og takk for det gamle! Eg gledd meg svært paa, at eg skulde faatt eit brev paa 7 folioark fraa deg i juldagom, jau eg fekk fælt! Jula tura eg inna veggen, las “Fred”, “Tyrihans” o. m. sl., togg og røykte tobak og drakk ein og annan dram. Trist og lite ved var det, men det er eg saa væl vann med, at det fannst eg ikkje aat.

Dei tok meg att til skulestyreformann i siste møte føre jul – det galdt ikkje, at eg bad um aa sleppe, tykte berre, at det var naudsynlegt, at eg stod 1 aar enno for at den nye ordninga kunde faa feste seg nogo meir. Uff! alt som her skulde vore gjort – og eg har ikkje raad med aa gjera meir enn aa vera ekspeditør.

Etter nyttaar har eg ikkje gjort det slag anna, enn aa ekspedera skulesaker og skrive brev i aust og vest; i dag har eg gjort fraa meg aarsberetning, skyttarfestreiknskap o. m. aat Folkevæbningssamlaget – formann i skyttarlaget att au maa’ta, vald med voll og makt – skrive aat Seippel um dessa grumme “Sogurne” og skrive aat Ragnhild Stokstad paa lærereindekurse i Elverum, no har eg att aa skrive aat S. Blekastad førr eg legg meg, men fyrst tenkte eg aa gjeva deg ein sø. Har ingen verdens ting aa skrive um, men difor fær det vera like væl. Det førre breve mitt for du fulla um paa Gjøviksferda, men saa laag det no altid venta paa deg heime i Siljord, da du eingong, seint um sia, kom der att. – No korleis ruskast det i Siljord og korlengje tenkjer du aa buskape der? Fær vi sjaa deg heruppi dalom at nogongong? Eg tenkte paa deg førre jul eg laag uppi Bøneslia i 2 jemndøger og fiska paa isen. Skulde tekje han gjildt i klaarkalden da, hadde eg berre havt raad med aa vore der ei veke, – fekk no glup julfisk likevæl.

Reint ilendugt med lone – humøre – gaar saa burtgjeven, modlaus og utur verda, at eg veit ikkje mi arme raad. Kan eg ikkje paa ei eller onnor gjerd koma inni rummare farvatn att, saa staar eg ikkje kar lang ria. Det maa berast antel aat Amerika, dersom dei ikkje stengjer for Paradise, eller aat Transvaal som saugjætar hjaa Boerne. – Ja du fær no endeleg skrive, da, og saa fær du helse alle kjenninger i Siljord.

Din

Ivar Kleiven.