Kjeldearkiv:1893-06-16 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1893-06-16 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 16.6.1893
Stad: Seljord
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 93
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Bjørge 16de Juni 93.

Kjære Ivar!

Berre tvo, tri Ord – dei sidste fraa Siljord denne Venda. De 1ste Juni flutte eg fraa Hansen og heim til sjavemeg paa Bjørge. Eg tenkte aa setja full Damp paa “Ung Ofeg” og faa han med meg fiks og færug i Lomma til Hovudstaden. Men det vart ikkje noko med den fulle Dampen. Berre Nerveugreior istan for Arbeidsdug, difor er “Ung Uræd” enno berre halvfærug og blir vel helde alder heilfærug. Dertil er her altfor fint og altfor koselegt til aa faa gjort noko. Eg skal liksom liggja aa njota Friluftslive no, ser du, test eg skal draga. Men jamen tek det i meg, naar eg tenkjer paa alle desse Smaaparadis, eg har rundt i kring her, og saa paa dei 18–20 Etages Murbygna burti Chicago og so Elektricitet og Damp og Helvitesmaskjiner kor ein snur seg aav – at det kan bu Folk med Nerver burti den “Vestens Dronning!” –

Men so kjem dei tvo Anner – ho med Augo og ho med Skallen, held Anne Nes og Anne Sveinson da [...] – dei kjem stundom hit til meg med ein Kaffekjel og ein Kokepose, og so slengjer dei meg paa ein Kant og “Urædden” min paa ein an Kant, og saa maa eg med ut paa Øyarne og drikka Kaffe og prate Snak, og so er det “Leben und Lieben” kan du veta.

I Gaar var eg uppigjennom og tok Avskje med – Høvringen[1], ha eg nær sagt; men det var Kivledalen, eg meinte. Eg var like uppi Enden og kleiv uppi eit Berg og laag og las ut “Vera Vorontzof”. Men i Dag fortalte Annerne meg, at eg ha vore fortidleg ute, for dei har tenkt ut ei Avskjedsutflugt til Gullnes; vi skulde reisa i Morgokveld og koma nedatt Sundagskveld. Det skal vel bli Krona paa Verket, det da. Du har alder vore paa Gullnes? Nei, men det er berre sovidt Bønneslia kan hamle upp med Gullnes, og so kan du sjøl veta.

Eg tenkte hellest, eg skulde faat meg ei kristeleg Rjukanferd, før eg reiser, men det blir ingor Tid til det.

Eg ventar aa høyra fraa deg enno ein Gong. Men send Brevet til “Lilletorvet 25.” Xania[2]. Derfraa reiser eg 28de held 30te. Eg ha ikkje høyrt fraa Filseth i det sidste; men eg vonar da, det blir, som Avtalen var, at han vilde ha dei fille Reisebrevi mine – dersom eg da fær til noko – og so fær du vel sjaa Kloa mi i Framg. av og til da, veit eg. – Ja da, eg skal leita etter Mushol. For no gjer eg ikkje tapt for eg fær meg ein “Heim”, um eg so skal sparka upp ei Hola midt utpaa Prærien. Og finn eg eit Hol stort nok til os baae tvo, so kjem du etter, so er vi tvo til aa kava.

– Her akslar eg mit Skjind atti Vika. Men eg lyt passa paa ei Uværsnot, naar Tora brakar og – “Stormen i Illska tjuter”[3] Venl[eg] Helsing til deg og alle dine. Farvel.

Kr. Prestgard.

Helsing ogsaa fraa Anne Nes.

Fotnoter

  1. Allusjon til diktet «Afskje mæ’ Høvringen» (skrive 1845, trykt 1849) av Imbert Hougen. Opptrykt i Digte (1891).
  2. Prestgard budde hjå kvamværen Ivar Knudsen der.
  3. Frå diktet "Mar-ridt" i Dikter (1884) av Ola Hansson.