Christian August Thorne

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian August Thorne. Fra Drammen 1811–1911.

Christian August Thorne (fødd 26. juli 1810 på Bragernes, død 14. juni 1886 i Moss) var ein hermetikkfabrikant, som i følge folketeljinga 1885 dreiv med «Conservation af Lannetsmidler, hermetik, og Nedlegning af Anschones». Han vigde med Eline Henriette Holst (f 4. april 1813 i Drammen, død 17. mars 1881) 25. desember 1833 i Drammen, og dei fekk borna Hjalmar Erling Anton (1837–1884) og Eline Henriette Caroline (f 1841)

Foreldra til Christian August var kjøpmannen Amund Thorne på Bragernes ved Drammen og kona Fredrikke Wilhelmine Schwencke, og han var den nest yngste av deira ti born. Han og tre av brørne fekk på folkemunne kallenamn, Christian August vart kalla «Hermeten», Johan Fr. som skreiv vers og songar til selskap var «Poeten», presten Søren «Profeten» og den tunghøyrde postmestaren Amund som nytta høyrerør var «Trompeten».

I 1865 bodde han saman med kona, sonen Hjalmar (f 1837 i Drammen) og pleiedattera Johanne Sørensen (f 1838 i Lier prestegjeld) i Storgata i Moss kjøbstad. I huset budde og ein arbeidar ved fabrikken hans, ein «viserdreng», to husholdersker, ei stuepike og ei kokkepike.

Den neste folketeljinga fortel at huset i Storgata har nummer 34 (seinare vert adressa forandra til Henr. Gerners gate 2), at barna har flytt ut at han tilhøyrer den evangelisk-lutherske kyrkja. Den vesle familien har fått ei «selskabsdame», Isabella Elise Storm (f 1853 i Drammen) i staben, som har øka til fem: no er det to husholdersker, ei stuepike, ei kokkepike og en tjenestedreng. På vitjing er og den framtidige mannen til Isabella, den ugifte grossereren og senere konsulen frå «Ytterøen pr. Trondheim» Henrik Christopher Dons, og cand. theol Christopher Herforth Mangor frå Øyestad ved Arendal. Huslyden bur i «Underste Etage i Hovedbygningen».

Den siste gongen me finn C.A. Thorne i ei folketeljing er i den frå 1885. Han er enkjemann, kona døydde i 1881 og sonen Hjalmar i 1884. Hjå honom bur no dotter til Hjalmar, Menny Doden (f 1873) som står skriven som «Adoptivdatter hos Thorne», og Eline Thorne som kan vere ei av to yngre Eliner i familien. Det kan vere dotter til C.A. eller den yngste dottera til Hjalmar. Huset krev framleis ein stab, han hev husholderske, kokkepike, stuepike og ein gardsdreng – og Cathinka Andersen frå Drammen (f 1863) som har fått den mystiske tittelen «Sild?? Dame».

Born

  • Hjalmar Erling Anton (1837–1884) vigde med Johanne Sørensen (f 1839) 20. oktober 1860
    • Ellen Anna (f 1868) vigde med Ole Christian Semb Jonassen (f 1865)
    • Menny Doden (f 1873)
    • Johanne (f 1877)
    • Eline (Lilly) Henriette Holst (f 1882)
  • Eline Henriette Caroline (f 1841) vigde med Carl Thorne (1832–1902) 5. desember 1861

Kjelder

Primærkjelder