Samtale:Anne Olsdotter Hyrve

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Eg har i omtalen av Anne Olsdotter, ektemannen Syver Sylfestsen, og sonen Ole Sivertsen gjennomført etternamnet Hyrve. Sjølve skreiv dei skiftesvis Hørve og Hørven, når dei i det heile teke brukte gardsnamnet i namnetrekket. Hyrve er den lokale uttalen og nåtidige skrivemåten av gardsnamnet, og etterkomarar av dei nemnde personane i nyare tid skriv seg nettopp for Hyrve. At Hyrve også var datidas uttale, har vi eit vitnemål om frå Ole Sivertsens minnenedteikningar frå 1884. Der omtalar han spøkefullt og i hermeteikn faren sin for [Fattiggutten] «Sjugurd Hyrve fraa Noraberget».

Førenamna og patronyma til far og son er heller ikkje uproblematiske. Lokal samtidig uttale av farens namn var altså venteleg «Sjugurd». I dåpsinnførsla 3.5.1778 er han skriven som «Syver», og faren som «Sylfest Syversen Hørve».[1] På to bevarte namnetrekk frå hans eiga hand har vi formene «Siver Sylfæstsen» og «Syver Hørve». Når namnet nemnest av andre, finn vi både Syver, Siver og Sivert, og fleire etterkomarar heiter Sigurd etter Syver Sylfestsen.

Eldste sonen til Syver og Anne var iflg. kyrkjeboka døypt «Sylfæst» 10.8.1809, og foreldra namngjevne som «Syver Sylfæstsen og Anne Olsdt. Hyrve». [2] Han latiniserte førenamnet sitt til Sylvester og patronymet til Sivertson (altså med fornorska ending). Hans bror Ole (i Ættebok for Skjåk og kanskje i samtidig uttale «Ola») skreiv seg nokså konsekvent for Ole Sivertsen. I kyrkjeboka under dåpsdatoen 30.4.1814 er han innskriven som «Ole» og foreldra er namngjevne nøyaktig som ved dåpen av broren. [3]

Kyrkjeboka gjev altså heimel for dei standardiserte formene Syver, Sylfestsen og Hyrve, trass i mange varierande førekomster i ettertidige kjelder.--Hans P. Hosar 1. okt 2009 kl. 10:26 (CEST)

Begynn en diskusjon om siden «Anne Olsdotter Hyrve»

Start en diskusjon