Samtale:Meinstad skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Eg undrast på om ikkje denne artikkelen burde bli dela i to. Ein om garden Meinstad fram til 1867, og ein om skulen som kom til i 1869. Så som han står no, er han ei blanding som eg har litt vondt for å vere heilt sikker på at er den rette. Kva tykkjer andre om dette? Mvh Siri Johannessen (Siri J) 13. mai 2011 kl. 13:22 (CEST)

Hei. Eg er samd med deg at her trengst det redigering. Skal artikkelen heite Meinstad skule, må skulehistoria meir fram i teksten. Ei løysing kan vere ein eigen artikkel om garden Meinstad, slik du tek til orde for.Trond Nygård (Kallrustad) 13. mai 2011 kl. 13:43 (CEST)
Hei! Meinstad er ingen gard. Det er eit stykke skrinn innmark på 15 stenger eller 90 alen i kvadrat, knapt stort nok til husa til kapteinen, han bygde eit på naboen sin grunn, og tok seg elles til rette på mange vis. Kapteinen sine hus, kapteinshusa, vart erstatta av skulegarden, det vil sei skulehuset/bustadhuset som står no, stabburet som er no, og eit uthus som er burte. Jord er det ikkje snakk om, og ingen skog.Olav Momrak-Haugan 13. mai 2011 kl. 18:45 (CEST)

Hei! Har disponera innhaldet litt, men her ligg ingen føringar, hugs det! Beste helsing frå Olav. Olav Momrak-Haugan 15. mai 2011 kl. 09:34 (CEST)

Hei, nå blanda jeg meg borti artikkelen også. Håper du synes det ser OK ut, Olav! Ida Tolgensbakk 19. mai 2011 kl. 13:12 (CEST)

Nei, no vart det korkje det eine eller det andre så no tok eg endeleg konsekvensen av det som har vore nemnd før og laga eigen artikkel om Meinstad som gard slik at Meinstad skule står som berre skule. Bileta er det fint om dykk ordnar opp i slik dykk meiner det bør vere, dei kan vel ikkje no stå slik dei gjorde i tidlegare artkkel? Takk for oppmuntring til å kome vidare, Ida, det er så godt å ha dykk til all slag hjelp!Olav Momrak-Haugan 20. mai 2011 kl. 09:14 (CEST)

Dette synes jeg ble bra, Olav! Gleder meg alltid til å lese når det kommer noe nytt fra deg. Beste hilsen Ida Tolgensbakk 20. mai 2011 kl. 10:17 (CEST)

Begynn en diskusjon om siden «Meinstad skule»

Start en diskusjon