Diskusjon:Peter Mathias Bretanus Røwde

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Spørsmålet er: Skal ein blande seg ? Grunnen til spørsmålet er to ting. Eit bilete i mor sin album og at P. M. Røvde var grueleg sjøsjuk. Biletet tok eg med til Erling Bjørkedal (1930 - 2013) då han truleg kunne vite noko om det. Biletet er frå 1938 der P. M samla Sunnmørsslekta frå Rovde, Bjørkedalen, Bjørneset og Austefjorden. Erling B sit fremst på biletet og er 6 år gamal. Han er i slekt med P. M. Kor nær slekt hugsar eg ikkje. Om ein skal laste denne informasjonen i stykket under Liv og virke som andre avsnitt kan eg og laste bilete med tekst frå ei stor samling.

Erling Bjørkedal (1930 - 2013): På Sunnmøre (kanskje resten av landet og) vart Peder Mathias Røvde med sine Røwde-hjul ein så kjend skikkelse at sa nokon P. M. så visste alle kven ein meinte.

Då P. M. «hadde fått prestehanda på seg»/var konfirmert var det bestemt at han skulle reise til ein slektning i Amerika som og hadde skaffa arbeid til han. Han kom seg berre til Ålesund i fyrste omgang. Sjøverken hadde på nytt teke overhand. Kystbåten sørover kysten, og demed Amerikabåten, var tapt for denne gong.

Sjøsjuka var ikkje noko nytt. Han var ille plaga. Av denne grunn var han heller ikkje med på fiske som sine jamaldringar. Men guten hadde handelstalent og hadde drive kjøp og sal sidan han var temmeleg ung.

P. M. stod i Ålesund og såg seg rundt. Han hadde friskna til att med fast grunn under føtene og trong hus og mat. Han opna døra til ein tilsynelatande liten butikk på eit gatehjørne og sa at han trengde arbeid og at han kunne litt om handel frå før. Eigaren av butikken var på gråten og kunne fortelje at han var nesten konkurs og ikkje kunne tilsetje nokon. Det kom ingen kundar lenger. P. M. spør om her fleire varer eller om alt er i butikken. Eigaren svarar ikkje, berre opnar døra til eit stort lager med mange varer. No held P. M. ei kort utgreiding om synlege og ikkje synlege varer. Så byd han seg til å gjere varene synlege mot ei grei godtgjersle. Han får motvilleg løyve av eigaren, kastar jakka og set i gong. Alt areal til butikk, alle varer synlege, vindaugsutstilling og fortausutstilling. Så ut i gatene og «sjaue» litt (gjere seg synleg). Dette var nytt (80 -90 år før kjøpesentera). Kundane kom, varelageret gjekk unna, eigaren slapp konkursen han venta. Og P. M. Han drog vidare med ein pen slant i lomma.

Amerikaturen vart det ikkje noko av grunna sjøverken. Han tok vegen mot hovedstaden.

Biletet og litt til: P. M. var stolt av sitt opphav på Sunnmøre og var mange gonger «heime». Etter han vart produsent av gummisko brukte han å ha med seg kasser med sko som han sette inn på skulane for utdeling til ungane. Ikkje berre sine slektningar, men bygdeungane. På Rovde, men og på Bjørkedalen og Bjørneset. Det omtala biletet, der Erling Bjørkedal sit fremst og er tidsvitne 6 år gamal (åltså i 1936), er teke frå taket på stova i Jakopsgarden. P. M. hadde lenge hatt lyst å samle mest mogeleg av slekta frå Bjørkedal, Bjørneset, Rovde og Austefjorden. Han har lukkast, ein sommardag med fint ver, masse folk.

Så ei anna sak som gjer at mannen vart allemannseige som P. M. Ein revolusjon som knapt er nemnd i offentlege opplysingar. '''Trille- stille-revolusjonen'''. Likevel landskjend i si tid, omlag 1920- 1960. Askim Gummivarefabrikk under P. M. sin leiing laga Viking bildekk. Det var «høghastigheits-dekka». Truleg ein like stor produksjon hadde «lavhastigheits-dekket» «Røvde»-hjulet i det som vart til «trille-stille». Pakkeløysing heiter det truleg i 2017. Aksel, lagring. nav, felg, slange og dekk. Med og utan bremser. Trillebåre-, handkjerre-, reiskaps-, tilhengar-, spesialmaskin-, landbruks- og anleggs-dekk og akselar. Tenk kor mange jernskodde hjul som vart skifta ut i tillegg til at størrelsen på reiskapen auka monaleg i landbriks-, anleggs- og skogsdrift. Røvde. 80 % av marknaden ei periode. Og det er lite kjent.

Røvde-hjulet er under store deler av norsk reiskapsproduksjon som trillar på hjul.

Informanten her var gardbrukar og anleggsentrepenør og fekk med seg heile omlegginga frå øyken og jernhjulet til datateknikken gjorde sitt inntog i maskinene.--Oddvar Høydalsvik (diskusjon) 9. des. 2017 kl. 23:03 (CET)