Eltarvåg (Sandnes gnr. 98)
| Eltarvåg | |
|---|---|
| Stad: | Riska |
| Fylke: | Rogaland |
| Kommune: | Sandnes |
| Gnr.: | 98 |
| Type: | matrikkelgard |
Eltarvåg er ein matrikkelgard (gnr. 98) i Sandnes kommune. Garden låg tidlegare i Hetland kommune, og var der gardsnummer 34. Det var i 1886 åtte bruksnummer på garden.
GARDEN
Eltarvåg ligg innforbi Lauvås og er den siste garden i Riska-bygda. Øverst i bakkane opp frå Søravatnet ligg det gamle gardstunet, 75 meter over havet. Det dyrka området her ligg fint vendt mot sør. Utmarka strekker seg mot nord og aust, mot Høgsfjorden og Høle. Her er det mykje drivverdig skog, både eik og furu.
Langs sjøen er det fleire småbruk - Stølsvigjå, Galtavigjå, Vier, Naustervigjå, Sletta - dei var i eldre tid husmannsplasser under Eltarvåg-garden.
Eltarvåg skiftar i vest med Lauvås, i sør Hetland og i aust Bersagel i Høle.
GARDSNAMNET
av Inge Særheim
Uttalen av dette namnet er Eltarvåg /"eltarvå:g/. Dei eldste skriftformene er frå 1560 --talet: Eltheruog og Eltheruaag.
Eit tilsvarande namn førekjem tre andre stader i landet. Frå nordsida av Rennesøyna finn ein same namneforma som i Riska: Eltarvåg.
Etterleddet i dette namnet er ordet våg med tyding 'bukt, vik'. Føreleddet er vel eit fuglenemne som i gammalnorsk hadde forma elptrf. Det tyder 'hosvane' , og stadnamnet skulle då ha tydinga 'svanevåg, våg der det ligg (ho)svaner' . Føreleddet i namna Oltedal og Oltesvik har liknande opphav.
Garden Eltarvåg ligg eit godt stykke opp frå sjøen, så namnet har vel bakgrunn i ein våg i eitt av dei to vatna som ligg ved garden, Nordravatnet eller (helst) Søravatnet. Namnet har truleg bakgrunn i førekomst av (ho)svaner. Men det kan ikkje utelukkast at slike namn har samanheng med forma på vågane, gjerne krumme og tronge vågar, forma som ein svanehals. Det høver om vågane både i Riska og på Rennesøyna. (Kommentar frå Eivind Smith: I Riska må det då ha vore Viervågen eller Lauvåsvågjen.)
MATRIKKELGARDEN
Landskyld/Matrikkelskyld
Den landskylda som gjekk av Eltarvåg-garden på 1500-talet, kjenner me frå lister over geistleg jordeigedom. Biskopen fekk i 1567 1 vett korn i landskyld av sin part, mens kapitelet sin part er sett til 9 spann korn i tida rundt 1590. Til saman blir det 15 spann som har vore skylda av garden då. I tida rundt 1600 blei landskylda av garden sett opp, for allerede i 1602/1603 var bispeparten på 9 spann eller 11/2 vett korn. Og domkapitelet fekk ca 1620 inn 2 1/2 vett =15 spann korn av sin part. Samanlagt blir det 24 spann eller 1 pund korn. Landskylda blei ikkje endra seinare.
I 1838 fekk garden på Eltarvåg ei ny matrikkel-skyld på 6 dalar, 1 ort og 12 skilling. Og i 1889 fekk alle gardsbruka og småbruka her ei samla ny skyld på 12 mark og 77 øre.
Skatteklasse
Då ein ut på 1600-talet i skattelistene tok til å føra gardane i klassar etter størrelsen, var grensene mellom klassane noko skiftande den fyrste tida. Etterkvart enda Eltarvåg blant halvgardane.
Nummer i eldre og nyare matriklar
- 1668 No 35 i Gand skipreide
- 1838 Matrikkel no 1 i Gands tinglag
- 1851 Matrikkel no 14 i Hetlands tinglag
- 1889 Gardsno 34 i Hetland herred
- Nå Gardsnr 98 i Sandnes kommune.
DEN ELDSTE GARDSHISTORIA
I grenseområdet mellom Riska og Høle er det mykje fjell og skog og fleire vatn. Frå dei eldste tider har folk jakta og sanka her. Desse folka sette og namn på fleire av plassene så det skulle vera lettare å orientera seg. Ved eit av vatna la dei kan henda merke til at det samla seg svaner, der kan dei ha kalt det Eltarvåg.
Det var fyrst i vikingtida folk busette seg her, og det gamle namnet på denne staden gjekk då over til å bli namn på garden. Dei som skulle rydda seg gard i indre bygda, fann mest jord her på Eltarvåg, i bakkane opp av Søravatnet. Dette er derfor den eldste garden her inne.
I løpet av mellomalderen kom Eltarvåg i geistleg eige. Det var domkapitlet og bispen som eigde kvar sin part av garden. Då må det altså ha budd folk her som dreiv garden, så dei geistlege kunne få leigeinntekt. Etter kvart som folketalet aukte utover i mellomalderen, blei det rydda meir jord. Lauvås var blitt skilt ut som eigen gard, og kan henda budde det folk i Vier og i denne tida. Eltarvåg-garden blei stykka opp, så det i alle fall var to gardsbruk her i mellomalderen. Det kan me vita fordi dei to eigarane seinare kunne leiga vekk kvar sin part i garden.
Men i sein-mellomalderen flytta folka vekk herifrå. Då budde det ikkje nokon, verken på Lauvås eller Eltarvåg, begge gardane låg øyde i denne tida. Sidan Eltarvåg var den største garden med best forhold for jordbruksdrift, skulle ein tru at her var folk lengst. I alle fall kom dei fyrst tilbake her då det igjen blei meir folk i bygda. Midt på 1500-talet flytta det folk inn på garden igjen. Då var det gått to hundre år sidan Svartedauen.
GARDSDRIFT
Åkerbruket
I matrikkelen frå 1668 står det at Eltarvåg var "en god Koren Jord", mens garden i 1723 blei kalt "Tungvunden". Det året sådde dei 6 tønner korn og hausta 40 tønner, noko som gir eit folltal på 6.7 - litt under gjennomsnittet for gardane i bygda.
Fyrste del av 1600-talet måtte bøndene på Eltarvåg ut med 3 til 3 1/2 spann i korntiende. Bortsett frå dei nyrydda øydegardane Lauvås og Maudland var det ikkje andre i bygda som hadde så små kornavlingar. I 1668 sådde dei to oppsittarane på Eltarvåg bare 7 tønner korn, og i 1723 og 1775 var det ikkje meir enn 6 tønner. Dei to sistnemnde åra var kornhausten på 40 tønner. I 1782 hausta oppsittaren Rasmus ikkje inn meir korn enn han måtte ha sjølv, mens den andre - Ivar - skulle ha fått i hus så pass at han hadde 3 tønner til overs. Han blei derfor pålagd å selja 1 tønne korn til dei trengande. Dette klagde han på, og i 1796 opplyste han at han ikkje hadde "Korn at sælge, og at han i de sidste 16 Aar intet Korn har solgt, men derimod maattet kiøbe".
Dei må nok ha utvida åkrane sine, for i 1793 får me opplyst at kvar av dei to oppsittarane sådde 5 tønner havre og bygg og hausta 30-36 tønner. I 1802 var kornavlinga på 64 tønner. I tillegg til dei to bøndene budde det nå også husmenn på Eltarvåg sitt om- råde. Den eldste plassen er Vier, der husmannen i 1723 hadde ein liten åker som han sådde 1/4 tønne korn og hausta 6 tønner på. Seinare kom det ein husmann på Tingholmen også og i 1775 sådde dei to husmennene til saman 2 tønner og hadde avlingar på 8 tønner. Nå utvida dei åkrane sine heile tida, og ifylgje taksasjonsforretningen i 1793 hausta dei 8-10 tønner havre kvar.
På 1800-talet skjedde det små forandringar med åkrane til dei to bøndene på Eltarvåg. Til gjengjeldblei det rydda fleire nye husmannsplasser i dette hundreåret og på dei gamle plassene blei det heile tida dyrka meir. Husmannen i Vier sådde i 1865 omtrent like mykje som kvar av dei to bøndene. På heile Eltarvåg sitt område blei det sådd nesten 20 tønner korn i 1875 og mindre enn halvdelen av dette var på dei to opphavlege gardsbruka, det meste finn ein på det som var eller hadde vore husmannsplasser.
I 1835 sette bøndene og husmennene her inne i underkant av 1.5 tønne poteter kvar, mens potetarealet pr brukar var dobla i 1875.
Husdyrhaldet
Gjennom den lange to-bruksperioden hadde dei to bøndene på garden omtrent like mange husdyr heile tida. Kvar av dei hadde 1-2 hestar, 6-8 kyr og omlag 30 sauer og geiter. Dreg me inn opplysningane frå arveskifta ser me at det også var ein heil del med ungdyr og kalvar, så talet på storfe var eigentleg ein del høgare. Det som likevel slår ein, er at husdyrtalet på dei to gardsbruka var såpass stabilt heilt frå den eldste kjelda (kvegskatten i 1657) og like til 1875 (jordbruksopplysningane i folketellinga). Og me legg og merke til at dei hadde så mykje småfe allerede på 1600-talet i 1657 skal dei to til saman ha hatt nesten 50 småfe, men sidan det talet er henta frå ei skatteliste kan det vera at det er i minste laget. I 1875 hadde dei to Eltarvåg-karane rundt 30 sauer kvar. Altså så godt som ikkje nokon auke, mens mange andre bønder i bygda dobla sauetalet i løpetav 1800-talet.
Husmannen i Vier hadde bare ei ku i 1723, mens besetningen hans i 1777 - ifylgje eit skifte - var 3 kyr og 6 småfe. I tida rundt 1800 var det blitt tre husmannsplasser "paa hvilke der fødes 9 kreaturer". Ellers hadde husmennene mellom 5 og 10 sauer kvar på den tida.
I 1865 var det 8 husmannsplasser her. Ingen av husmennene haldt hest, men dei hadde så mykje som 33 kyr til saman og heile 149 sauer. Ein gjennomsnitts-husmann på Eltarvåg hadde i andre halvdel av 1800-talet 3-5 kyr og 15-20 sauer. Den sosiale forskjellen i forhold til dei to bøndene er tydeleg: ikkje nokon hest og bare halve ku- og saueflokken. Men blant husmennene var det også stor forskjell. På den nyaste og minste plassen i Galtavigjå hadde dei i 1865 bare ei ku og 4 sauer, mens besetningen til husmannen i Vier det same året var på 6 kyr og 40 sauer - han var altså eigentleg komen opp på nivået til bøndene.
I løpet av 1800-åra var husdyrtalet på Eltarvåg blitt dobla. Men som me såg hadde dei to bøndene ikkje større besetningar nå enn før, heile auken kom med andre ord på husmannsplassene.
ATTÅTNÆRINGAR
Eltarvåg har ei lang kystlinje med fleire vikar og vågar. Bøndene her har derfor alltid fiska i tillegg til å driva garden. Allerede i 1660-åra blir det omtalt ein makrellvåg som høyrde til garden (av Landkommisjonen og i Matrikkelen). Og G. Vaagen skriv: "Fra gammel tid er Viervågen kjent som en god fiskeplass, en kasteplass."[1].
Det er skiftematerialet frå 1600-, 1700- og 1800-talet som gir oss flest opplysningar om fisket dei dreiv. Me får vita at dei fiska makrell, mort, sild og hå. Redskapen dei nytta var forskjellige nøter, garn og snøre. Nokre av nøtene må ha vore svært store, for i 1754 eigde den eine bonden her bare ein sjettepart i ei kastenot. På same tid hadde også ein bonde i Uskjo ein sjettepart i ei makrellnot, så truleg var dei to Eltarvåg-karane og dei fire i Uskjo eit notlag. Frå tida rundt siste hundreårsskifte, veit me at dei hadde landnot på Eltarvåg - Eltarvågsnota. Dei fiska brisling og makrell. Når dei skulle stenga inne ein stim, var dei ute med to båtar og mange folk var med for å hala i land. Dette var eit felles arbeid for dei på Eltarvåg, og kvinnfolka på garden var også med. Dei gamle Eltarvåg-bøndene hadde til vanleg fleire båtar. I eit skifte frå 1709 les me om færing, seksæring, notbåt og i tillegg ein stor båt. I 1805 hadde dei på Eltarvåg ein tenæring. Og nærmare vår tid hadde dei åttæring, ifylgje Kåre Eltervåg. Naust hadde dei i Lauvåsvågjen. Med dei store båtane kan dei ha reist på fiske noko lenger vekke. På slutten av 1600-talet var då også den eine bonden her i familie med folk ute i Sola og på Rott. I seinare tid var folk herfrå med på vårsildfiske. Dette tjente dei godt på.
Utanom bøndene på Eltarvåg, budde det også husmenn her. Den fyrste husmannen haldt til i Vier, der bøndene hadde kasteplassen sin. Me kan gå ut frå at det nettopp var fordi bøndene trong hjelp til fisket, at dei let husmenn få setta seg til der. Seinare kom det også ein husmann på Tingholmen. Og i eit skifte der i 1755, får me vita at husmannen hadde not og vengebåt. Det var ein større båt med overbygning, så dei kunne reisa lenger vekk på fiske. Denne husmannen hadde stor familie og mange søner, som nok var med faren på dette fisket. Så stor båt var det ikkje mange av i bygda den gongen, heller ikkje blant bønder. I husmannskontrakter frå slutten av det hundreåret, kan me lesa at husmennene ikkje måtte laga vanskar for bøndene sin fisking. Me forstår av det, at fisket var viktig som attåtnæring for dei som hadde gard her.
I løpet av 1800-talet blei det mange nye husmenn under garden. I slutten av hundreåret gjekk dei over til sjølveigande småbrukarar. I folketellingane frå andre del av 1800--talet, kallest fleire av dei som budde her inne for bonde og fiskar. Eller som G. Vaager skriv om ein av dei: "Bruket var et typiskfisker-småbruk hvor gardsdriften var en støtte til hovednæringen som var fisket."[2].
Nå er det likevel skogen som fyrst og fremst er særmerkt for Eltarvåg, og til den knytt det seg fleire attåtnæringar. Utmarka var felles mellom dei to gamle partane i garden, der hadde dei felles grunn og beite. Men skogen var delt i teigar. Her tok dei ut tømmer. På sørsida veks det ein heil del eik, og tidlegare leverte dei mykje til skipsmaterial. Det fortellest om Andreas Kristoffersen, som budde her midt på 1800-talet, at han ein gong selde eik for 400 dalar. Det var ein enorm sum, og han kunne kjøpt heile garden for dei pengane. Men nå var det ikkje kvart år dei kunne hogga så mykje eik.
Derimot hogde dei mykje furu. Stokkane fløta dei over Nordavatnet og nedetter bekken til Naustervigjå, der det var ei gammal sag. Det var stem i Nordavatnet og ein stor kar i bekken som dreiv saga. Her skar dei både til eige bruk og for salg. Ellers selde Sigve Eltervåg tidleg i vårt hundreår mykje furu til løematerial. Og det var heile stokkar.
Bjørka blei brukt til ved, men dei finaste stokkane arbeidde dei tresko av. Veden selde dei, og det var dette som til vanleg skaffa Eltarvåg-bøndene kontantar. Det dei gjorde om vintrane var fyrst og fremst å hogga ved. Om fredagane kjørte dei han ned til Lauvåsvågjen, og så reiste dei til byen på lørdagane. Eltarvåg-karane hadde åttæring, for dei drog så mykje med seg. Frå gammalt var det landingsplass ved Fiskapiren, og salget gjekk føre seg på det torget som var der. Dei selde to slags ved. Bjørkeveden var bunta saman i knippe, og vedaknippene bar dei bort på torget og selde der. I tillegg hadde dei stranglar i forskjellig lengde, det var mykje greiner av furutrea. Desse låg lause i båten, og bykonene brukte dei til å fyre i komfyrane med. Bøndene stod nede i båten og heiv stranglane opp på kaien til kjøparen. Dei talde dei når dei heiv dei opp, derfor fekk det namnet talved.
I vårt hundreår leverte bøndene på Eltarvåg ved til skulen, og også til dei to bakeria som var på Hommarsåk.
På Eltarvåg arbeidde dei mykje sopelimar i gamle dagar. Fyrst samla dei passeleg med bjørkeris, dei skar lima-ris som dei kalte det, og tok vidjer av bjørkerunningar. Om haustkveldane sat gardsfolket i buå og arbeidde, kona vevde og spann, mens mannfolka bann limar. Limane leverte dei til kolonialhandlarar i Stavanger.
I skogen skar dei også einer som dei bunta saman og selde i byen. Det blei brukt til å dekka blomstrar og bed med om vintrane. På kyrkjegardane brukte ein det mykje, derfor blei det kalt graveiner. Til å begynna med stod bøndene på Torgjå og selde det sjølv, seinare blei det meir organisert og dei leverte det mykje direkte til kyrkjegardane. Dei hogde også staur, og selde hesjestaur og gjerdepålar. Dette selde dei både her i bygda, og også utover med Stavanger og ute i Randaberg. Til staur hogde dei furu, og toppane fekk dei selja som julatre. Det var det god avsetning på, heilt frå tidleg i dette hundreåret. Lars Kristoffersen, som sat med eit bruk på Eltarvåg fram til 1916, hogde store mengder julatre ved Søravatnet og leverte dei til oppkjøparar. Han fekk 5 øre stykke. Utover i 1920- og 1930-åra tok ein til å spesialisera seg meir på julatre produksjon. Nå begynte ein å planta gran, og leverte både hogde tre og mindre tre med rot.
Det blei og drivejakt i skogen. I eit skifte frå 1804 blir det nemnt både børse og spyd, og ennå kan dei på Eltarvåg visa fram eit gammalt bjørnespyd. Tidlegare var her svært mykje tiur og orrfugl, og også ein heil del hare. Ein fangde dei i snarer i eldre tid, og fekk dei ein fin fugl, selde dei fangsten. Det var særleg ungdommane på garden som skaffa seg lommepengar på den måten.
Ungdommane henta også tytebær i skogen og selde på Torgjå i byen.
Fleire av bøndene og småbrukarane her inne dyrka frukt og bær for salg. Lars Sletta hadde mykje frukt, særleg pærer og plommer, men og ein del eple. Han stod på Torgjå og selde, både han og heile familien. Også dei i Naustervigjå og Vier og på Rese hadde frukt, dei hadde meir epler. Samuel Eltervåg dreiv og med plommer og eple. Sigval og Peder Eltervåg hadde meir bær. Det var rips, men spesielt mykje solbær. Dei stod og på Torgjå og selde, men dei leverte og mykje til oppkjøparar som eksporterte det til England. Oppsittarane her kunne og driva med anna arbeid utanom gardsdrifta. Her har vore to smedar. Den fyrste var Anders Jonsen som hadde gard på Eltarvåg midt på 1700-talet. I skiftet etter han i 1754 blir det nemt ein heil del smedutstyr. Og Hallvard Johannesen, som budde som husmann på Sletta i 1830- åra, var også smed. Ivar Larsen, som hadde stykket på Sletta i slutten av 1800-talet, var bonde og fiskar. Men i tillegg arbeidde han som tømmermann. Nils Mæland, som hadde gard på Eltarvåg nokre år tidleg i vårt hundreår, arbeidde på ein gardinfabrikk i Bergen og pendla att og fram. Kornelius Vier på Rese var bryggeriarbeidar, fyrst på Tau, sidan i Byen. Og broren, Laurits, som sat med eit lite gardsbruk på Eltarvåg frå tidleg i hundreåret, arbeidde i hermetikkindustrien i Stavanger nesten heile livet[3]. Også sonen, Lars Eltervåg, arbeidde ved hermetikkfabrikk i Stavanger. Martin Øglend, som budde på Hodl frå 1921, tok på seg dyrkingsarbeid for andre. Han dreiv med opptak og veitegraving[4].
Frå tidleg i hundreåret leigde byfolk seg inn i gårdshusa om somrane, det var byfolk i mest alle gårdshusa her då. Etterkvart begynte nokre å sjå seg uthyttetomter. Det begynte i Naustervigjå i 1920-åra, så kom det hytter i Vier og på Sletta og. På sjølve Eltarvåg kom dei fyrste hyttene i 1934/35. Veien som var blitt lagt fram til Vier og Naustervigjå hadde vore med å åpna heile dette området. Underkrigen blei det ein voldsom etterspørsel etter hyttetomter. Folk var redde å bu i byen og mange ville sikra seg og familien med å halda til i hytter her inne. Men også etter krigen er det blitt bygt ein god del hytter. For bøndene og småbrukarane her inne betydde byfolka og hyttebygginga svært mykje. Dei fekk for det fyrste betaling for tomta dei selde, og det kunne vera bra betalt, sjølv om dei bare selde uproduktiv jord. Men viktigare var likevel arbeidet og all småjobbinga det førte med seg. Det var alltid noko som skulle kjørast fram, både material og stein eller det var bruk for nokon til å bera. Mest arbeid var det med å mura grunnane, dette skjedde om våren, sommaren og hausten. Dei fleste her inne hadde så små gardsbruk at dei ikkje var fullt sysselsatt med jordbruket. I tillegg til grunnmurane var det arbeid med å grava veiter og å laga veger. Ein del av småbrukarane her inne hadde til sine tider bortimot full sysselsetting med alt arbeidet som hyttebygginga førte med seg.
I 1930 kjøpte Stavanger Kristelige Ungdomsforening (Ynglingen) halvdelen av eit gardsbruk i Vier og tok det i bruk til leirplass. Knud Vier såg då muligheten til å driva rutetrafikk herfrå og til Stavanger, og han begynte med den fyrste rutebåten i 1932. Etter kvart som hyttebygginga aukte på, blei trafikkgrunnlaget bedre, og ei stund hadde han to båtar i drift. Dette var til fordel for dei fastbuande og, og lenge hadde dei bedre rutetilbod her inne enn ute i dei sentrale delane av bygda. Etter krigen begynte brørne Olaus og Imanuel Sletten også med båtrute. Det var seld ganske mange hyttetomter på Sletta, og deira rute gjaldt fyrst og fremst dei ferierande. Slettarane gjekk derfor i rutetrafikk om somrane, mens dei ellers i året bare hadde turar med helgene. Rundt 1960 slutta dei av rutetrafikken sin, og etterpå var Knud Vier åleine om å driva rutebåt her inne.
EIGARANE I LEIGLENDINGSTIDA
Frå gammalt var det to eigarar av garden på Eltarvåg. Bispen i Stavanger eigde ein mindre del på 1 1/2 vetter korn = 9 spann. Dei andre 2 1/2 vetter korn (15 spann) sat domkapitelet med, det vil seia prestane ved domkyrkja i Stavanger. I den katolske tida var det nokså mange prestar ved dei større kyrkjene. Dei hadde plassen sin oppe i koret i kyrkja og blei kalt korsbrør eller kannikar. Sidan dei styrde verksemda ved domkyrkja fekk dei namnet hovudet, kapitelet. Ved Reformasjonen tok kongen over det geistlege jordegodset. I 1661 selde kongen fleire gardar til den danske adelsslekta de Gjedde, blant desse var også det tidlegare bispegodset i Eltarvåg, dei 9 spann korn (nemnt i 1668). Sidan har Peder Saxe i Stavanger fått hånd om denne parten, han sit med det i 1675. Etter det må kongen ha blitt eigar av desse 9 spanna igjen. Så har det blitt benefisert (allernådigst forunnt) til domkyrkja i Stavanger. I 1714 får me vita at dei 9 spanna "følger Stavanger Kirche".
Den andre eigarparten, dei 15 spann kapitelsgods, kom også under kongen ved Reformasjonen. Sidan blei det lagt til "Skolemesteren" i Stavanger som er ført med det ca 1620. Seinare blei bispesetet lagt til Kristiansand og då flytta katedralskulen med. Etterpå står då lektoratet i Kristiansand med desse 15 spann i Eltarvåg.
I 1830-åra fekk dei to leiglendingane på Eltarvåg kjøpa gardsbruka sine. Kristoffer Andersen på "Det ytre bruket" fekk i 1831 skjøte frå Kongen på 12 spann som hadde vore lektoratsgods. Mens Kristoffer Ivarsen på "Den indre parten" i 1832 fekk kongeleg skjøte på dei siste 3 spann lektoratsgods og dessutan dei 9 spann som Stavanger kyrkje hadde eigd.
OPPSTYKKINGA AV GARDEN
Då me høyrer om garden fyrste gong, i 1563, budde det to mann her. I 1602 var det også to på garden, ei enkja som ser ut til å ha hatt mest jord (ho måtte ut med 2 spann i korntiende), og Johannes, som betalte 1 spann til den same korntienden. Desse to partane som ser ut til å ha vore ulike, kan koma av at det var to eigarar av garden - domkapitlet med 15 spann (2 1/2 vett) og bispen med 9 spann (1 1/2 vett). Dei to eigarane rådde og over bygsla for kvar sin part. Kort etter 1602 må enkja ha slutta med gardsdrifta, for dei fylgjande åra var her bare ein oppsittar på garden.
Ein generasjon seinare, i 1635, blei garden på nytt delt i to. Men nå var dei to partane like, med 12 spann på kvar. Desse to partane blir kalt "Der oppe" og "Der nere", eller "Den indre parten" og "Den heimre parten".
Sjau mellom leiglendingane
I 1726 blei dei to leiglendingane forlikte om dei andelane kvar av dei skulle ha av den enga, skogen, mark og torvskur som var på garden. Ikkje så lenge etterpå blei det likevel sjau mellom dei. Årsaka var to engstykke som var lagde til Johannes sin part av garden. Nå ville Bjørn "tilegne sig" dette. Om dette blei det åstadssak på Eltarvåg i mai 1728. Til stade var sorenskrivaren, lensmannen, seks granskingsmenn og i tillegg ein representant for eigaren av garden. Det var nå på tale å dela garden i to skilde partar, men ein fann å ville halda på den fordelinga dei hadde kome fram til for to år sidan. Dei to stykka med eng: "..et lidet Støche kaldet Feden, liggendis ofvin for Stor Ågeren" og "det andetVed nam Spunset nedenfor, langs ved agerreenen" skulle fortsatt ligga til den parten Johannes brukte av garden. Til gjengjeld skulle Bjørn få ei myr som dei begge hadde skore torv i til då. Sidan denne myra låg i innmarka, fekk dei ikkje lov av jordeigaren å skjera torv der meir, det skulle dei gjera utangjerds. Denne myra kunne opparbeidast til eng, og då ho låg innan Bjørn sine "Skiel og merche", blei ho lagt til hans part av garden. I løpet av 1700- og 1800-talet fekk fleire husmenn rydda seg plasser under garden. Dei fekk kjøpa plassene sine i løpet av andre halvpart av 1800- talet. Husmannsplassen i Stølsvigjå hadde lege under begge partane. Ved skylddelinga i 1869 blei då dette nye småbruket skilt ut frå begge dei to gamle partane i garden.
Frå "Den indre parten" eller "Der oppe", blei vidare desse plassene skilde frå som nye småbruk: I 1869 Vier. Dette var den eldste og største husmannsplassen under Eltarvåg, og det blei òg det største av desse nye småbruka. I 1908 blei eit lite småbruk på Rese skilt frå Vier igjen. Og i 1928 blei Vier-garden delt i to. I 1874 fekk ein yngre son på "Den indre parten" skilt frå den tidlegare hus- mannsplassen på Sletta som nytt småbruk. Her har det til tider budd to familier. I 1878 kjøpte husmannssonen på Hodl den plassen faren hadde hatt. Og frå det ytste bruket eller "Der nere" ("Den heimre parten"), blei utanom Stølsvigjå desse plassene skilde frå: I 1874 Tingholmen. Det var son til husmannen som kjøpte denne plassen. Den nest eldste av husmannsplassene, og derfor eit av dei større av desse nye småbruka. I 1881 Galtavigjå. Dette var den yngste husmannsplassen og det blei og det minste småbruket. Den gamle gardbrukaren på "Den heimre parten", flytte i 1881 til den tidlegare husmannsplassen i Naustervigjå og budde der som folgemann. Etter at han var død, fekk enkja hans i 1891 skilt frå dette som eige småbruk. Det utgjorde då 1/4 av det som då var igjen av Den heimre parten.
Etter at husmannsplassene var skilde frå, blei det ytste bruket (Den heimre parten) ikkje delt i fleire bruk. Den indre parten blir derimot delt opp i fire småbruk etterpå. Fyrste delinga var i 1889 då Den indre parten blei delt i to like partar: Løpenr 56a og 56f. Løpenr 56a hadde det gamle gårdshuset, mens den andre halvdelen, løpenr 56f, fekk jorda si inne på Danmark, der det blei bygt nytt hus. Begge desse halvdelene blei så igjen delte i to. Ei mor og eldste sonen hennar delte i 1899 løpenr 56a i to bruk som ikkje var heilt jamnstore (bruksnr 1 og bruksnr 12). Dei delte og det gamle gårdshuset. Og i 1900 delte to svograr bruket inne på Danmark (løpenr 56f). Heller ikkje her blei dei to nye bruka like store.
HUSMANNSPLASSER
"Vige Husmands Sæde"
I matrikkelen frå 1668 kan me lesa at under garden Eltarvåg låg "Vige Husmands Sæde". Dette er den fyrste gongen me høyrerom nokon husmannsplass her i bygda. Og så tidleg er det ikkje mange husmannsplasser i nabobygdene heller. Kor låg då denne gamle husmannsplassen?
I boka "Våre Røtter i Lauvåsvågen - Lauvås-Eltervåg" (Flekkefjord 1983), s. 145, går Georg Vaagen utan vidare ut ifrå at "Vige Husmands Sæde" er det same som Naustervik. Det er rett nok at det har budd husmenn i Naustervigjå (på 1800-talet), og denne plassen blir kalt "Wiig" i 1838 og "Vig" i 1861. Orda "Vig" og "Vige" ser då også svært like ut. Men meir enn denne likskapen har ikkje Georg Vaagen hatt å bygga på.
Lat oss så sjå på kva identifiseringa av Naustervik (Vig) med "Vige" fører til for han. På side 145 les me: "Det har budd folk i Naustervik eller Vige Husmands Sæde på 1600-tallet eller kanskje ennå tidligere. Men vi vet intetom hvem som budde der. Husmennene var svært anonyme på denne tid." Han veit ikkje kven som budde her, før dei som flytta inn i 1838 (lenger nede på same side). Altså ein husmannsplass der me gjennom tohundre år (og "kanskje ennå" lenger) ikkje kjenner til folka som har budd der. Og på side 152 skriv han: "Det forekommer på 1700-tallet navn på husmenn under Eltervåg uten at det er mulig å identifisere disse husmennene til en bestemt husmannsplass." Her har me då det omvendte problemet, husmenn utan plass å bu på.
Eg vil foreslå at det må vera mykje meir logisk å la dei husmennene ein veit om, få bu på den plassen som ein jo veit fantest på den tida. Ein må ikkje la seg forvirra av at det var så mykje som åtte husmannsplasser under garden på 1800-talet. Dei fleste av desse plassene var nemleg nokså nye. Går ein eit hundre år eller så tilbake i tida, til 1700-talet, er her straks færre plasser å velja i når ein skal fordela husmennene. I 1668 var det bare ein husmanns-plass under Eltarvåggarden. Og i 1723 var her heller ikkje meir enn "1 Plads". Det ligg nær å tenkja seg at det er den same husmannsplassen me høyrer om i 1668 og i 1723. Kan me så firma ut kva plass det her er snakk om? I matrikkelen frå 1723 kan me lesa: "Huusmandspladset bruges af Thollach Thorjusen". Frå kyrkjebøkene har me desse personane: Ivar Persen under Eltarvåg har eit barn til dåpen den 20/4-1721 . Ein av fadrane var "Tollach Wjer". Den 1/3-1730 blei gravlagt "een gl. fattig mand Tollach i Wier". Og den 15/10-1730 hadde "Ivar Vie" eit barn til dåpen i Høle-kyrkja (kona blei etterpå introdusert i kyrkja i Stavanger). Og så har me den 11/1-1750 "Ragnhild Wiger" som fadder på eit barn av Rasmus Bjørnsen (som budde på Tingholmen då).
Me kan då setta opp fylgjande namnerekke:
- Vige - (1668)
- Wjer-(1721)
- Wier-(1730)
- Vie - (1730)
- Wiger-(1750)
Den uvanlege g'en må ein forstå ut frå dansk skrifttradisjon. På dansk blir g og j uttalt likt, og det førte til at danske skrivarar hadde problem med å vita om dei skulle skriva g eller j - for det høyrtest jo likt ut. I dansk skrift har det då utvikla seg ein tradisjon der dei skriv g i dei fleste tilfella der skrivaren var i tvil. Me har så fått skriftformer som selge, velge, ferge. Språkhistorikar kan fortelja oss at desse orda skulle vore skrive med j. For ein dansk skrivar var det jo hipp som happ, han høyrde ikkje forskjell. Namna Vige (i 1668) og Wiger (i 1750) må me då uttala sånn som den danske (eller i alle fall dansk påvirka) skrivaren hadde tenkt det, nemleg med j: Vije og Wijer.
Til slutt tek eg med eit utdrag frå 1906-matrikkelen. Det som før hadde vore husmannsplasser var nå gardsbruk/småbruk. Matrikkelskylda viser oss kor store, eller gode, desse bruka var i forhold til einannan. Det er heilt tydeleg at dei yngste bruka/plassene har lågast skyld.
Husmannsplasser under Eltarvåg-garden
Vier blir nemnt allerede i 1668 som sete, det vil seia tilhaldsstad for husmenn. Dette er då den eldste husmannsplassen i bygda. Det har nok ikkje budd husmenn her så svært lenge føre den tid. 1500-talet og fyrste halvdel av 1600-talet var ei sterk oppgangstid for bygdene våre, og folketalet aukte. Men overalt låg det folketome gardar og venta etter den fæle nedgangstida i seinmellomalderen. Og på dei gardane som var i drift, var det gjerne både eit og fleire bruk som låg øyde. Omlag 1650 kan ein rekna med at det var like mykje folk i landet igjen som det hadde vore føre Svartedauen. Etterkvart var også så godt som alle gardar og gardsbruk folkesette igjen. Men folkeauken fortsette. Dei som nå ikkje fekk seg nokon gard å driva, måtte sjå seg om etter ein annan leveveg. Frå siste del av 1600-talet og utigjennom 1700-åra voks det då i staden fram husmannsplasser rundt om i bygdene.
Når dei to leiglendingane på Eltarvåg ville ha ein husmann under garden, må dei ha hatt så mykje arbeid at dei kunne trengja ein vaksen arbeidskar. Til garden høyrde det skog, og me skulle tru at skogsarbeidet ville krevja folk. Det har nok også tald med når dei valde å få ein husmann til gards. Men leiglendingane måtte retta seg etter eigarane av garden, og kunne derfor ikkje hogga som dei ville. Eg trur det var fisket som gjorde utslaget. Både i 1661 og 1668 blir det nemnt at det var "Makreelvog" til garden. Og nettopp Viervågen er "kjent som en god fiskeplass, en kasteplass" (G. Vaagen, s 165). "Ivar Vie" er i 1727 i kyrkjeboka kalt for "Iver Pederssøn i Eltervaags Waagen".
Husmannsplassen i Vier låg i den felles utmarka. Til å begynna med låg denne plassen under begge dei to partane, eller bruka, i garden. Etter kvart kom det til fleire husmannsplasser, og ved utskiftinga i 1822 blei plassene delt mellom dei to bruka. Plassen i Vier låg etter det under Den indre parten. I 1833 blei plassen utvida med "et Stykke Jord, der ogsaa er indgjerdet og beliggende ved Siden af dette Huus mandsplads".
I 1869 fekk husmannen kjøpa plassen sin. Han budde her sidan som sjølveigande bonde.
Omlag 1730 blei det ein ny husmannsplass på Tingholmen. Som me har sett, var det ved matrikuleringa i 1723 ennå bare ein plass under garden (den i Vier). Den fyrste husmannen på Tingholmen hadde tidlegare budd i Stavanger og så ei tid inne i Forsand. Han hadde 11 barn, og ved å sjå kor dei blei døypte kan me fylgja han på flytteferda hans. Det nestsiste barnet kom til verda i Forsand i 1727. Bare yngstemann er fødd på Tingholmen, det var i 1730. (G. Vaagen let dei altså flytta til Tingholmen noko for tidleg, sjå "Våre røtter", s 153 og 154). Då den fyrste husmannen hadde fått rydda seg ein plass (i Vier), var det sannsynlegvis fordi bøndene på garden trong ein til å hjelpa dei med fiskinga. Nå kjem det ein husmann til (på Tingholmen). Han og blei buande ute ved sjøen, og attpåtil på ein holme. Det må me kunne ta som ei stadfesting på at det var fisket dei hadde bruk for folk til. I dei eldste tinglyste husmannskontraktane frå Eltarvåg ser me og at leiglendingane vurderer fisket høgt. Til husmannsplassen på Tingholmen høyrde og Brattholmen og Galtavigjå inne på fastlandet. Sånn var det i alle fall på 1800-talet (nemnt i festeseddel frå 1832).
Denne husmannsplassen låg og i utmarka, og den fyrste tida høyrde plassen under begge dei to gamle gardsbruka på Eltarvåg. Men etter utskrifting på garden i 1822, låg Tingholmen bare under det ytre bruket på garden. Tingholmen var husmannsplass fram til 1874. Då fekk ein son til den siste husmannen kjøpa plassen. Så fortsette dette som sjølvstendig gardsbruk ut resten av 1800-talet. Ved århundreskiftet blei Tingholmen og Galtavigjå slegne saman til eitt gardsbruk og folka flytta inn til fastlandet.
I 1780-åra slo det seg til ein husmann på Teistholmane. (G. Vaagen lar han koma noko for tidleg til Teistholmane, sjå "Våre røtter", s 178 - 181). Han som flytta der ut hadde fyrst budd i Lauvåsvågjen og der var han ennå i 1780. I 1788 tok så den gamle gardbrukaren på Lauvås over Lauvåsvågjen som folgestykke, så husmannen må då ha flytta derifrå. Fyrste gong me høyrer om familien på Teistholmen er i 1792. Ein son til husmannen hadde funne seg kone frå Vågjen under Hommarsåk. Ved skifte etter svigermora si den 12/7-1792 blir han kalt: "Aadne Thorkildsen Teistholm". Kona til husmannen døydde i 1799. Ved begravelsen er ho omtalt som "Thorchild Jacobsen Teistholmens hustru". Året før hadde ein svigerson tatt over plassen. Festeseddelen frå 1798 gjeld "Husmands Pladset Stølsvig medWargevigen og begge Tejstholmene". Den nyehusmannen slo seg ned inne på fastlandet, i Stølsvigjå. Sidan budde alle husmennene på denne plassen i Stølsvigjå, men Teistholmane fylgde fortsett med (ein festeseddel frå 1837: "Stølsvig med dets beliggende Holmer heder Teistholmerne"). Ved besiktigelsen og takseringsforretningen på Eltarvåg i 1793 høyrer me ikkje noko om denne plassen, bare Vier og Tingholmen blir omtalt. Husmannsplassen på Teistholmen (med Stølsvigjå) skulle vera der då, men plassen må ha vore ganske nyoppretta då. Dessutan låg han svært avsides, så han kan vera gløymt av den grunn. Ved utskiftinga på Eltarvåg i 1822 blei dei to gamle og store husmannsplassene Vier og Tingholmen lagt under kvart sitt av dei to bruka på garden. Stølsvigjå skulle fortsatt ligga under begge bruka. I 1869 fekk husmannen kjøpa plassen. Etterpå har det vore eige gardsbruk.
I løpet av 1800-talet kom det til fem nye husmannsplasser. Den fyrste var plassen på Sletta der det budde folk i 1835. Til plassen høyrde Grunnsund- holmen (nemnt i 1839 og 1842) og utmarkstykket Flådå (nemnt 1842). Husmanns- plassen låg i utmarka og høyrde til Den indre parten (bruk I). I 1874 fekk ein yngre son på garden skilt ut den tidlegare husmannsplassen som eit småbruk for seg.
I 1837 blei det ein husmannsplass i innmarka til det ytre bruket på garden. I festeseddelen er det kalt "et Stykke Vold, Husmandspladset heder Hameren". Plassen låg med Søravatnet der det var stem for kvednhusa i Kvednhusbekkjen. I panteboka har plassen derfor namnet Stemmen. Det same heiter han ved folketellinga i 1865. Soknepresten kaller derimot plassen for "Myren" i si liste over husmennene i bygda i 1853. Og Myra er det namnet som folk på Eltarvåg idag bruker om denne plassen. Husmannen døydde i 1875 og enkja flytta til dottera som var blitt gift med bonden på garden. Plassen blei nedlagt. Under det ytre bruketblei det i 1838 endå ein ny husmannsplass. I feste- seddelen kanmelesa athusmannenfekkleiga eit ''Jordstykke, somherefter skal bruges afFæsteren som Huusmandsplads og kaldes Wiig". Det vanlege namnet på denne plassen er Naustervigjå. Det går klart fram av festeseddelen frå 1838 at det er snakk om å oppretta ein heiltny husmannsplass i Naustervigjå. Herhadde det altså ikkjebuddfolk før. Plassen låg i utmarka. I 1861 blei det lagt til "et.. ..Stykke udyrket Mark paa den nordvestlige Side af det gamle Plads". Etter at den siste husmannen døydde i 1880 og familien hans flytta vekk, tok den gamle gardbrukaren på det ytre bruket på Eltarvåg (som denne plassen låg under) over plassen som folgestykke frå 1881. Stykket blei skylddelt i 1891 . I 1842 kom det til endå ein husmannsplass under den indre parten. Bonden uttrykker seg sånn i festeseddelen frå 1844: "et Stykke eller Huusmandsplads indengjærds paa min Bøe, Ægreholen kaldet". Blant bygdefolk heiter plassen bare Hodl. Folketellinga for 1865 bruker og bare "Holen", mens tellinga i 1875 har "Egreholen". Sonen til husmannen kjøpte plassen i 1878, og sidan har dette vore eit eige gardsbruk. Ved skylddelinga blei namnet skrive "Ægreholmen". Og det namnet har kome inn i pantebøkene og grunnboka som namn på dette bruket (i våre dagar er det fornorska til "Ekreholmen").
Den siste husmannsplassen under Eltarvåggarden blei oppretta så seint som ca 1865. Plassen låg i utmarka og høyrde til det ytre bruket på garden. Husmannen hadde ikkje nokon festeseddel på denne plassen. Han var frå Tingholmen, og etter at han gifta seg blei han buande hos foreldra sine på Tingholmen med familien sin. Både han og faren kallest for husmenn. Til plassen på Tingholmen høyrde og Galtavigjå, og sonen flytta inn der omlag 1865. Han busette seg eit stykke opp i frå sjøen, den nedre delen av Galtavigjå fylgde fortsett plassen på Tingholmen. 11881 kjøpte han plassen sin. Stykket hans blir då kalt Øvre Galtavigjå.
Folket
DEI ELDSTE BRUKARANE
1. "Berulff"
Han og "Staphenn" budde på garden i 1563. "Berulff kan vera Bergulv, eit namn som er lite brukt her hos oss, men som er meir vanleg leng er aust, i Setesdalen og Telemark. Dei få gong ene me finn namnet her var det helst blant folk som kom austanfrå. Hos oss fekk det forma Børel. Men nå er det så pass mange personar i Rogaland som heiter "Berulff i skattelista frå 1563, så det er slått frampå om det heller er meint eit vanlegare namn på -B-, f.eks. Bjørn. Eltar våggarden var nå nettopp tatt i bruk igjen, så det virker litt rart med så mykje som to mann på gar den allerede. Men kanskje var det midt i eit gene rasjonsskifte.
2. "Staphenn"
Han er også nemnt som brukar på Eltarvåg i 1563. Namnet hans er svært fremmed. Det må vera Stefan, eller Steffen som dei sa her før i tida. Kan henda var han utlending. Me veit at det kom hollendarar til bygda vår tidlegare på 1500-talet for då bytta riskafolk til seg "Deventer", det var eit tøy som folk hadde i metervis (eller rettare i alen) og som dei brukte til å laga seg finklær av. I 1620-åra var det ein dreng på Riskagarden som heitte Steffen.
3. Lars
Lars hadde garden på Eltarvåg i 1591, men var død før 1602 for då er enkja hans nemnt. Sigleif Engen har funne bumerket hans, men han har vore i tvil om kva bokstav faren sitt namn begynte på. Lars på Eltarvåg hadde den same figuren i bumerket som Johannes på Hetland. Også i Høle brukte dei det merket, både Ivar Torsteinsen Høle og lens mannsætta på Ims. Og på Søra Sunde i Madla blei det same merket brukt i fleire generasjonar, og både der og på Ims finn me namnet Asbjørn (sjå Madla g.o.æ. s 304, 307, 286).
4. Johannes Omundsen, død ca 1606. Han bygsla garden i 1602, men budde her bare nokre få år. Siste gong han blir nemnt er i 1606 og rett etter døydde han. Den neste som hadde garden var nemleg gift med enkja hans. Johannesvatnet mellom Eltarvåg og Stølsvigjå skal ha fått namn etter ein kar som drukna der, forteller folk i indre bygda. Johannes etterlot seg ein liten gutt og formyndar for han var Lars Håland i Varhaug (sjå Tingbøker fra Jæren og Dalane bind 11, s 121). Lars må ha vore ein nær slektning av gutten og det kan tyda på at det var eit familieforhold mellom Johannes og den eldre Lars som hadde garden før han.
Barn:
Johannes, han var blitt myndig i 1627 og stefaren hans kravde då at formyndaren skulle betala ut farsarven til han. Det var så mykje som 64 dalar.
5. Rasmus Håvardsen
Rasmus gifta seg med enkja etter Johannes og i 1607/08 bygsla han garden. Han hadde dyr her på Eltarvåg ennå i 1641 (sjå Tingbøker fra Jæren og Dalane bind IV, s 223-224), men rett etter må han ha slutta av. I 1635 overlot Rasmus halve garden til ein svigerson, og i 1645 sit ein ny kar med Rasmus sin part av garden. På sine gamle dagar budde han kanskje i Stavanger for det var ein Rasmus Eltarvåg der i 1650 (sjå Saml. Stav. hist. bind IV, s 248). I det gamle huset på Eltarvåg er det skore inn ei lang innskrift med årstalet 1617. Og på loftet i den påbygde delen av huset er det ein bjelke der det er skore inn bokstavar på akkurat same måten (med dei karakteristiske tre prikkane som ordskille). Denne bjelken må i si tid ha stått saman med den andre innskrifta.
På loftet står det:
R:H:S A DOMMI 1617
Dette er Rasmus sine bokstavar, og det viser at huset stod på Eltarvåg den gongen.
G.m. 1607/08 enkja etter Johannes Omundsen Eltarvåg (sjå ovanfor).
Barn:
- Johannes, nemnt 1641
- Siri, f. ca 1609, g.m. 1) Ivar Sevrinsen, som hadde den eine parten av garden (død i 1650-åra) (nr 14), 2) Torbjørn Olsen (nr 15).
I Den indre parten
(nå bruksnr 1, 3, 5, 9, 4, 5, 9, 12, 13, 14, 22, og halvdelen av bruksnr 2)
6. Rasmus Olsen,
f. 1612/14.
Han brukte den eine parten av garden. Her blir han nemnt fyrste gong i 1645, og ennå i 1673 sat han med garden. I 1654 reiste Rasmus til lag tinget som nemdarmann så då var han ny som lagrettemann (sjå Tingbøker fra Jæren og Dalane bind VI, s 16).
G.m. dotter til Torbjørn Bjørnsen Bersagel i Høle, ho døydde i 1693 og skulle då ha vore 89 år gammal. Torbjørn Bersagel si enkja eigde i 1624 mellom anna 2 1/2 spann korn i Øksnavad i Klepp, og i 1663 eigde Rasmus Eltarvåg 2 spann i Øksnavad.
Barn:
- Torbjørn, f. ca 1640, bonde på Eltarvåg (nr 7).
7. Torbjørn Rasmusen,
f. ca 1640, d. 1702. Son til Rasmus Olsen Eltarvåg (nr 6).
Torbjørn var dreng på Riska i 1664. Så kom han heim til Eltarvåg og var medbrukar hos faren i 1666 og 1673. Sidan overtok han heile parten åleme, og han brukte han til han døydde i 1702. Ved begravelsen hans blei det halde "Ligprædigen i Kirken".
G.m. 1671 Maren Kristensdtr., f. ca 1654, d. 1699, dotter til Kristen Robertsen Meling i Sola (sjå Sola g.o.æ. s 279, bruk 3, huslyd 4).
Barn:
- Kristen, f. 1675, bonde på Store Auglend i Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, s 81), g.m. enkja Siri Jensdtr. Store Auglend
- Rasmus, f. 1678, han var i Holland i 1701, og var "ude i kongens Tieniste" i 1711, sidan bud de han i Stavanger og hadde hus i Østervåg, g.m. 1709 Elen Kristensdtr. Om henne heiter det i 1711: "nærer sig af Spinderochen" (sjå Saml. Stav. hist. bind 111, s 329 og bind IV, s 318, 328)
- Bjørn, f. 1682, bonde på Eltarvåg etter faren (nr 8)
- Torbjørn, f. 1689, fyrst bonde på Store Auglend i Høle, sidan husmann i Liå under Ims, g.m. 1722 Marit Olsdtr. Store Auglend.
Bjørn Torbjørnsen,
f. 1682, d. 1732. Son til Torbjørn Rasmusen Eltarvåg (nr 7).
Bonde på Eltarvåg etter faren. Han hadde denne parten frå faren døydde i 1702 og til han sjølv døydde i 1732. Ved skiftet etter den fyrste kona i 1723 blei buet deira gjort opp med ein brutto formue på nesten 118 dalar. Det var ikkje så langt ifrå det doble av kva som var vanleg då på ein god gard som Riska. Bare i rede pengar hadde dei over 11 dalar. Ellers hadde dei ei sylvskål og fem sylvskeier, her var tre fat og fire tallerknar av tinn og så hadde dei både kopparkjel og ein messingstake.
G.m. 1) 1705 Karen Trondsdtr., død 1723, dotter til Trond Larsen Myklabost i Høyland (sjå Høyland g.o.æ. s 297, nr 10). Ho voks opp på Hommarsåk der stefaren Kristen Torsteinsen hadde gard (Garden Hommarsåk-7).
2) 1724 Kirsti Svensdtr., død 1732, dotter til Sven Ivarsen (Gunnbjørnsen?) Brathetland i Høle.
Fyrste ekteskap:
- Omund, f. 1707, nemnt i 1723
- Anna, f. 1710, d. 1732
- Torbjørn, f. 1713, overtok denne parten (nr 9)
- Johannes, f. 1715, bonde på Maudland Maudland-7), g.m. Gunhild Eriksdtr. Riska
- Maren, f. 1718
- Bjørn, f. 1722
- Rasmus, f. 1722 (tvilling), d. 1722
i andre ekteskap:
- Karen, f. 1727
- Rasmus, f. 1728, han tjente på Tunge i Randaberg i 1754 og blei då kalt udyktig (sidan det er eit militært manntal, meinte dei vel udyktig til militærtjeneste).
9. Torbjørn Bjørnsen,
f. 1713, d. 1737. Son til Bjørn Torbjørnsen Eltarvåg (nr 8).
Torbjørn overtok denne parten etter at faren var død i 1732. Då han sjølv døydde, var det verdi ar for vel 72 dalar i buet. Mellom anna hadde dei tre sylvskeier og tre tinnfat, ein messingstake og ein kopparkjel. Ellers var her to eikekister og eit kråskap. Av rede pengar hadde dei bare to dalar.
G.m. 1732 Anna Håvardsdtr., f. 1712, d. 1737, dotter til Håvard Rasmusen Hammar i Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, s 98).
Barn:
- Bjørn, f. 1733, d. 1733
- Karen, f. 1734, kan henda var ho "Torger Eltervaags barn" som døydde i 1738
- Anna, f. 1737, eller var det heller ho som døydde i 1738 ?
10. Kristoffer Ivarsen,
f. 1703, d. 1766. Son til
Ivar Josefsen Byrkjeland i Forsand (sjå Forsandboka bind 111, s 284). Dei fyrste åra etter han gifta seg budde Kristoffer i Forsand. Til å begynna med var han husmann under Levik, så hadde han gard på Nordland (sjå Forsandboka bind I, del 1, s 286). Omkring 1740 kom han til Eltarvåg og bygsla den indre parten som då var ledig, og her var han gardbrukar fram til 1760. Då overtok sonen. Ved skiftet etter Kristoffer i 1766 blei det han etterlot seg vurdert til vel 50 dalar, i tillegg kom verdien av ein liten eigarpart i garden Nordland. Av meir verdifulle ting blant innbuet var det ei sylvkanne og to kopparkjelar.
G.m. 1731 Gjøa Olsdtr., f. 1703, ho levde ennå i 1767, dotter til Ola Olsen Nordland i Forsand (sjå Forsandboka bind I, del 1, s 74).
Barn:
- Kristoffer, f. 1731, død liten
- eit barn, f. 1733
- Ivar, f. 1 735, bonde på Eltarvåg etter faren (nr 11 )
- Ingeborg, f. 1739, g.m. 1763 Ivar Jakobsen Stokkaland i Høyland (sjå Høyland g.o.æ. s 399, nr 15)
- Ragnhild, f. 1741 på Eltarvåg, g.m. 1763 Per Persen Jødestad (II) (Jødestad- 15)
- Gjøa, f. 1744, g.m. 1766 Håvard Håvardsen Lura i Høyland (sjå Høyland g.o.æ. s 274, nr 28)
- Ola, f. 1747, d. 1747.
11. Ivar Kristoffersen,
f. 1735, d. 1805. Son til Kristoffer Ivarsen Eltarvåg (nr 10).
Ivar bygsla denne parten av garden i 1761, og sidan sat han med han til han døydde. Han og kona hadde fått seg fleire kostbare ting. I skiftet etter han blir det nemnt eit sylvbeger som var for gyldt og ei kanne av sylv. Dei hadde også ein heil del tinnsaker, både fat og tallerknar og lysesta ke. Vidare var her to store kopparkjelar.
G.m. 1766 Siri Pålsdtr., f. 1750, d. 1838, dotter til Pål Mortensen Idse i Strand. Ho fortsatte med å bruka denne parten etter at mannen var død. Ved ei utskiftning på garden i 1822 blir ho kalt "beboerske", men i folketellinga frå 1825 er ho folgekone. I futen sine kassabøker blir ho ført som brukar til og med året 1836.
Barn:
- Anna, f. 1771, g.m. 1796 Ådne Tormodsen Selvik i Høle
- Gjøa, f. 1773, g.m. 1) 1800 Jens Torbjørnsen, husmann på Tingholmen (d. 1810) (nr 40), 2) 1811 Ingebret Svensen, overtok husmannsplassen (nr 41)
- Kristoffer, f. 1775, bonde på Eltarvåg etter mora (nr 12)
- Pål, f. 1779, bonde på Hinna i Hetland, g.m. 1801 enkja Maren Monsdtr. Hinna
- Ola, f. 1782, d. 1782
- Ola, f. 1783, nemnt i 1805
- Siri, f. 1787, g.m. 1) 1809 Rasmus Torsen Skjørestad (Skjørestad-31) (d. 1816), 2) 1816 Endre Ivarsen Skjørestad (Skjørestad-32)
- Ivar, f. 1791, bonde på Sviland i Høyland (sjå Høyland g.o.æ. s 408, nr 22), g.m. 1)1813 enkja Berta Endresdtr. Sviland (d. 1837), 2) 1840 Anna Jonsdtr. Mork
- Anders, f. 1793, bonde på Levik i Forsand (sjå Forsandboka bind I, del 1, s 276), g.m. 1824 Eli Jensdtr. Nedre Espedal (sjå Forsandboka bind 111, s. 422).
12. Kristoffer Ivarsen,
f. 1775, d. 1848. Son til Ivar Kristoffersen Eltarvåg (nr 11).
Kristoffer gifta seg i 1804 og etterpå budde han med familien sin her på Eltarvåg. Mora hans var enkja og det var ho som brukte denne gardpar ten, men Kristoffer var nok med i gardsdrifta. Hanblirkaltfor"Landeværn"i 1811, meni 1814 var han "Gaardmand". Ved folketellingane i 1825 og 1835 er det han som er ført som gard brukar, mens mora då var folgekone. I futen sine kassabøker står likevel mora som brukar heile denne tida, fyrst frå 1837 kjem Kristoffer inn. I 1832 fekk Kristoffer kongeleg skjøte på denne parten av garden, og han brukte han sidan som sjølveigar til 1840.
G.m. 1804 Ranveig Larsdtr., f. 1779, d. 1853, dotter til Lars Monsen Åse i Høyland (sjå Høyland g.o.æ. s 469, nr 35.8).
Barn:
- Serina, f. 1804, g.m. 1832 enkjemann Per Gabrielsen Jødestad (Jødestad- 18)
- Ingeborg, f. 1807, g.m. 1828 Mons Kjelsen Lauvås (Lauvås-32)
- Rakel, f. 1808, d. 1811
- Ivar, f. 1811, d. 1848
- Ola, f. 1814, d. 1836
- Lars, f. 1817, bonde på Eltarvåg etter faren (nr 13)
- Kristoffer, f. 1819, budde fyrste tida på Eltarvåg (Folk i bygda-327), sidan husmann i Kvervå under Hølegarden (sjå Høle gjennom hundreåra, s 61), g.m. 1849 Marta Maria Olsdtr. Svihus
- Rasmus, f. 1822, d. 1844
- Rakel Guria, f. 1825, d. 1826 (ho blei bare eitt år). I Gard og Ætt i Madla, s 184, har Sigurd Refheim skrive at ho blei gift i 1852 med Sivert Gudmundsen, som fyrst hadde gard på Reveim og sidan var farmar i Illinois i USA.
13. Lars Kristoffersen,
f. 1817, d. 1891. Son til Kristoffer Ivarsen Eltarvåg (nr 12).
Lars fekk skjøte frå faren i 1840, og han sat med denne parten til 1874.
G.m. 1839 Ingeborg Ådnesdtr., f. 1810, d. 1876, dotter til Ådne Olsen Hammar i Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, s 99).
Barn:
- Rakel, f. 1839, g.m. 1860 Kristian Larsen Riska (Riska- 108)
- Kristoffer, f. 1841, bonde på Eltarvåg etter faren (nr 61), g.m. 1865 Kristina Knutsdtr. Vier
- Berta Serina, f. 1842, g.m. 1864 Kristoffer Persen Jødestad, dei var syskenbarn (Jødestad -28)
- Ane, f. 1845, g.m. 1865 Knud Knudsen Vier (nr 36 og 83)
- Inger Laurense, f. 1847, g.m. 1872 Aadne Guttormsen Riska, dei var syskenbarn (Riska -93)
- Ivar, f. 1849, småbrukar på Sletta (nr 80), g.m. 1874 Maren Olsdtr. Svihus
- Olaus, f. 1851, budde i Stavanger. Han var fyrst styrmann, så handelsmann, sidan dreiv han vognmannsforretning. G.m. 1) 1878 Rakel Olsdtr. Svihus, 2) Ingeborg Helene Olsdtr., 3) Anna Gunnarsdtr. frå Hagjen under Songesand i Forsand (sjå Forsandboka bind I, del 1, s 394 og 397).
II Den ytre parten
(nå bruksnr 6, 7, 8, 10, og halvdelen av bruksnr 2)
14. Ivar Sevrinsen,
død i 1650-åra. Son til Sevrin Hetland (Hetland-5).
Ivar brukte den ytre halvparten av garden frå 1635, og her budde han til han døydde. Odelsretten sin til garden på Hetland selde han til den yngre broren Lars Sevrinsen (sjå Stavanger Lagdømme, Tingbok no 2, fol 47 b).
G.m. Siri Rasmusdtr., f. ca 1609, d. 1689, dotter til Rasmus Håvardsen Eltarvåg (nr 5). Ho gifta seg andre gong med Torbjørn Olsen, som hadde denne parten etterpå (nr 15).
Barn:
- Sevrin, f. 1640, bonde på denne parten seinare (nr 16).
15. Torbjørn Olsen,
f. 1612 eller 1624, d. ca 1670. Son til Ola Gunnarsen Riska (Riska-8).
Alderen på Torbjørn er oppgitt svært forskjellig av presten og futen som begge sette opp manntal i 1660-åra. Men sidan sonen til Torbjørn ikkje er fødd før omlag 1660, så er vel det yngste års talet rettast. Torbjørn gifta seg med enkja etter Ivar Sevrinsen (sjå Stavanger Lagdømme, Tingbok no 5, fol 9b - 10a). Fyrste gong Torbjørn blir nemnt som brukar på Eltarvåg er i 1661, og siste gong i 1668. I 1666 var Torbjørn med og viste kor skiftet gjekk mellom Riska og Hommarsåk (sjå Tingbok no 23, Jæren og Dalane, fol 76a).
G.m. i 1650-åra enkja Siri Rasmusdtr., f. ca 1609, d. 1689, dotter til Rasmus Håvardsen Eltarvåg (nr 5). Ho hadde tidlegare vore gift med Ivar Sevrinsen Eltarvåg (nr 14). Siri Rasmusdtr. på Eltarvåg hadde pengar til gode då det i 1680 blei halde skifte etter Lars Olsen Riska i Stavanger (sjå Rog. Hist. 1944, s 47). Han må ha vore bror til den siste mannen hennar.
Barn:
- Magel, ho døydde i 1695 og skulle då ha vore 50 år. Etter det skulle ho ha vore fødd ca 1645, men det rette er vel at ho var bortimot ti år yngre. G.m. 1693 Mikal Trulsen Bjelland (Bjelland-17)
- Ivar, f. ca 1660, han hadde denne parten etter halvbroren Sevrin (nr 17).
16. Sevrin Ivarsen,
f. 1640. Son til Ivar Sevrinsen Eltarvåg (nr 14).
I 1662 selde han åseteretten han hadde til den eine parten av Hetlandsgarden til Knut Gardsen. Tre år seinare måtte han purra på Knut for å få det han var lovt i betaling (sjå Amtmannen i Stavanger, pk A 26 a, 2. rekke, no 40, Tingbok no 22, Jæren og Dalane, fol 61 b-63 a og Tingbok no 23, Jæren og Dalane, fol 30 a-30 b). Sevrin var dreng på Li midt i 1660-åra, men så tok han til å kjøpa jordegods i Hetland av dei mange onklane sine (sjå Tingbok no 22, Jæren og Dalane, fol 63a og Tingbok no 23, Jæren og Dalane, fol 30a). Då stefaren fall ifrå, overtok Sevrin parten i garden på Eltarvåg. Han blir nemnt som brukar i eit militært manntal frå 1673, og då hadde han ennå ikkje vore soldat. Det viser at han var ein heller ung mann.
Barn:
- Torbjørn, som var soldat i 1700
- Anna, død 1729.
17. Ivar Torbjørnsen,
f. ca 1660, d. 1709. Son til Torbjørn Olsen Eltarvåg (nr 15).
Ivar var soldat i 1681 . Han overtok denne parten av Eltarvåggarden etter den eldre halvbroren, og det var sannsynlegvis ein gong i 1680-åra sidan han var gift og fekk barn då. Sidan hadde han garden til han døydde. Ved skiftet etter han blei buet hans vurdert til snautt 100 dalar. Han had de ikkje noka særleg kostbare ting, det blir nemnt eit par lysestakar og tre gamle kister.
G.m. 1) Ingeborg Helgesdtr., død mellom 1685 og 1689, dotter til Helge Trondsen Riska (Riska-7).
2) Elen Jensdtr., død 1732, dotter til Jens Tørresen Nora Hogstad (Hogstad-20). Ho gifta seg etterpå med Johannes Johannesen som fekk garden med henne (nr 18).
Barn, fyrste ekteskap:
- Torbjørn, f. 1685, reiste utanlands i 1704
i andre ekteskap:
- Sevrin, f. 1688, bonde på Søra Hogstad (Hogstad-71), g.m. 1723 Inger Eriksdtr. Søra Hogstad
- Jens, f. 1690, d. 1690
- Ingeborg, f. 1692, g.m. 1715 Tore Olsen Skjørestad (Skjørestad-10)
- Berit, f. 1696, g.m. 1) 1719 enkjemann Reidar Omundsen Uskjo (d. 1725) (Uskjo-33), 2) 1726 Ola Mikalsen Uskjo (Uskjo-34).
18. Johannes Johannesen,
f. 1680, d. 1732. Son til Johannes Helgesen Hetland (Hetland-35).
Til å begynna med hadde Johannes eit gardsbruk på Hetland som han hadde overtatt etter svigerfaren. Men kona hans døydde ganske ung (sml Hetland -17). Så gifta han seg med enkja etter Ivar Torbjørnsen og overtok parten hans i Eltarvåggarden. Johannes og Elen forlova seg i 1709 og same året bygsla han denne garden. Her var han gardbrukar fram til 1731, så overtok svigersonen.
G.m. 1) 1706 Marit Einarsdtr., død 1708, dotter til Einar Rasmusen Hetland (Hetland- 16),
2) 17 10 enkja Elen Jensdtr., død 1732, dotter til Jens Tørresen Nora Hogstad (Hogstad-20). Ho var enkja etter Ivar Torbjørnsen Eltarvåg (nr 17).
Barn,
i fyrste ekteskap:
- Ranveig, f. 1707, g.m. 1733 Anders Jonsen, som overtok denne parten i garden (nr 19).
19. Anders Jonsen,
f. 1703, d. 1772. Son til Jon Børelsen Forenes i Høyland (sjå Høyland g.o.æ. s 143, nr 6).
Anders bygsla denne parten i 1732 og hadde han til 1754, då gav han garden frå seg til svigersonen. Utanom å driva garden var Anders smed. Han had de belg og esse, tong og eit par tynslehamrar. Dessutan hadde han jernklubbe og to jernkilar til å sprenga stein med. Då han gav frå seg garden, skifta Anders og kona med barna sine. Det var verdiar for over 90 dalar i buet, og i tillegg eigde dei halve garden på Haualand. Dei hadde sylvskei, tinnfat, tinnkanne, messingstake og ein gammal kopparkjel. Ellers hadde dei huspostill. Etterpåvar dei folgefolk her på Eltarvåg. I 1764 var han vanfør og låg til sengs, og Ranveig var gammal og helselaus. Då svigersonen reiste frå garden, skulle Anders ha "Opsætning" av den neste brukaren.
G.m. 1732 Ranveig Johannesdtr., f. 1707, d. 1766, dotter til Johannes Johannesen Eltarvåg (nr 18).
Barn:
- Marta, f. 1733, d. 1733
- Berta, f. 1735, g.m. 1755 Ivar Bjørnsen, som overtok gardsbruket (nr 20)
- Johannes, f. 1737, bonde på Haualand (Haualand-27), g.m. 1768 Ingeborg Hansdtr. Bjelland
- Marit, f. 1739, g.m. 1) 1767 Hallvard Hallvardsen, budde i Stavanger, 2) Ola Jonsen Søra Sunde
- Valborg, f. 1746, g.m. 1779 Gitle Larsen Rimestad, budde i Stavanger, arbeidar og kyrkjetjenar (sjå Hå g.o.æ. bind I Nærbø, s 11-12). Gitle budde i Hospitalsgata, ikkje så langt frå ei bru over Skolebekken. Han blei kalt "Gitle me' Grinnå".
20. Ivar Bjørnsen,
f. 1727,d. 1795. Son til Bjørn Olsen, husmann på Tingholmen (nr 37).
Ivar blei forlova med dotter til Anders og fekk bygsla parten hans i garden i 1754. Her budde han til 1768, men så bytta han gard med Rasmus Rasmusen og flytta til Kalvøynå. Der budde han sidan.
G.m. 1) 1755 Berta Andersdtr., f. 1735, d. 1777, dotter til Anders Jonsen Eltarvåg (nr 19),
2) 1777 Jorunn Jakobsdtr., f. ca 1728, d. 1811.
Barn,
i fyrste ekteskap:
- Anders, f. 1755, budde på Kalvøynå
- Bjørn, f. 1758, d. 1759
- Bjørn, f. 1760, d. 1784, g.m. 1783 Inger Olsdtr.
- Ola, f. 1762, budde til å begynna med på Lindøynå, sidan i Stavanger der han var småhandlar og fiskehandlar. Kjøpmannen "Ola i Berje" var ein av dei større sildespekulantar i begynnelsen av forrige århundre. G.m. 1783 Berta Rasmusdtr. Skjørestad (sml Skjørestad-1l.k) (sjå Stavanger Borgerbog, s 219 og Saml. Stav. hist. bind IV, s 476, 522, 532)
- Ivar, f. 1764, budde på Lindøynå (?)
- Einar, f. 1766, husmann i Vågjen under Hommarsåk (Garden Hommarsåk-20), som gammal budde han på Kalvøynå, g.m. 1788 Åse Nilsdtr.
- Bernt, f. 1768, fiskar, budde i Stavanger (sjå Saml. Stav. hist. bind IV, s 472, 514), g.m. 1795 Marta Ellingsdtr. Austbø
- Jon, f. 1771, budde på Kalvøynå, g.m. 1793 Siri Olsdtr. Hetland (sml Hetland-20.f)
- Helga, f. 1773, g.m. 1799 Bjørn Hallvardsen Søra Sunde, tollbetjent i Stavanger (sjå Madla g.o.æ. s 292-293)
- Ranveig, f. 1775, d. 1776
- Beitel, f. 1777, d. 1777.
21. Rasmus Rasmusen,
f, 1729, d. 1816. Son til Rasmus Ivarsen Gjestaland i Høle (sjå Høle gjennom hudreåra, s 62).
Rasmus budde til å begynna med på Kalvøynå, til han og oppsittaren på Eltarvåg bytta gardar. I 1768 bygsla så Rasmus denne halvparten av Eltarvåg, som han brukte fram til 1 796. Ved skif tet etter den fyrste kona i 1780 får me vita at dei hadde fem tinnfat og to tallerknar av tinn, og så var her to kopparkjelar. Dessutan hadde dei to huspostillar, ein av Miiller og ein av Brochmann. Dei hadde også bibel, salmebok og endå ei gam mal bok. Heile innbuet deira blei taksert til 123 dalar.
G.m. 1) 1761 Karen Eriksdtr., f. 1734, d. 1779, dotter til Erik Torsen Gjestaland i Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, s 62).
Barn,
i fyrste ekteskap:
- Rasmus, f. 1764, d. 1765
- Marta, f. 1766, d. 1766
- Rasmus, f. ca 1766, d. 1779, den same som neste ?
- Rasmus, f. 1767, d. 1780, den same som han oppføre ?
- Marta, f. 1770, d. 1779
- Juditte, f. 1775, d. 1775
- Juditte, f. 1776, g.m. 1) 1797 Anders Kristoffersen, som overtok gardsbruket (d. 1811 ) (nr 22), 2) 1813 Erik Eriksen, som hadde garden etter Anders (nr 23).
22. Anders Kristoffersen,
f. 1773, d. 181 1. Son til Kristoffer Gunnarsen Nordland i Forsand (sjå Forsandboka bind I, del 1, s 78).
Anders bygsla denne parten i 1796. Han døydde tidleg, og ved skiftet etter han i 1812 blir det nemnt ei sylvskei og eit par spennarav sylv, vida re eit tinnfat, åtte tallerknar av tinn og seks sta kar av messing.
G.m. 1797 Juditte Rasmusdtr., f. 1776, d. 1834, dotter til Rasmus Rasmusen Eltarvåg (nr 21). Ho gifta seg på nytt med Erik Eriksen som hadde denne parten etterpå (nr 23).
Barn:
- Karen, f. 1798, g.m. 1819 KnutØyuvsen, hus mann i Vier (nr 35)
- Kristoffer, f. 1801, bonde på Eltarvåg (nr 24)
- Rasmus, f. 1803, budde på Idse i Strand, g.m. 1826 Inger Torsdtr. Bratteli (sjå Forsandboka bind I, del 1, s 353-354)
- Andreas, f. 1806, bonde på Løland i Forsand (sjå Forsandboka bind 111, s 375), g.m. 1828 Kristi Torsteinsdtr. Øvre Espedal
- Guri, f. 1809, g.m. Torkell Tormodsen, husmann på Myrland under Store Auglend i Høle (sml Forsandboka bind I, del 1, s 373 og 375 f). Dei blei sidan skilde, og ho budde i 1875 som legdslem hos husmannsenkja i Naustervigjå
- Gunnar, f. 1811, d. 1834
- Paul, f. 1811 (tvilling), husmann i Slåttebakkjen under Lauvås (Lauvås- 29), g.m. 1838 Ingeborg Trulsdtr.
23. Erik Eriksen,
f. ca 1789, d. 1821. Son til Erik Ådnesen Bersagel i Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, s 95).
Erik overtok denne parten av garden då han gif ta seg med enkja her i 1813. G.m. 1813 enkja Juditte Rasmusdtr., f. 1776, d. 1834, dotter til Rasmus Rasmusen Eltarvåg (nr 21). Ho hadde før vore gift med Anders Kristoffersen Eltarvåg (nr 22). Etter at også den andre mannen hennar var død, fortsatte Juditte å bruka garden fram til sonen overtok i 1826. Ho og Erik hadde ikkje barn.
24. Kristoffer Andersen,
f. 1801, d. 1876. Son til Anders Kristoffersen Eltarvåg (nr 22).
Etter at Kristoffer gifta seg blei han buande på Eltarvåg med familien sin. Mora var nåblitt enkja for andre gong, og Kristoffer var med og hjelp te henne med gardsdrifta. I folketellinga for 1825 blir han kalt dreng. Han overtok gardsbruket etter mora i 1826, og i 1831 fekk han skjøte frå kon gen på sin part av garden. Etterpå dreiv han gardsbruket som sjølveigar fram til 1849. Det gamle huset på garden hadde i 1790-åra bare ei stove, men sidan er det blitt bygt på ei stove til. I den ne nye delen finn me desse bokstavane malt på veggen:
G.m. 1822 Karen Torsdtr., f. 1801, d. 1860, dotter til Tore Torsen Idsal i Strand.
Barn:
- Andreas, f. 1823, bonde på Eltarvåg etter faren (nr 25).
25. Andreas Kristoffersen,
f. 1823, d. 1885. Son til Kristoffer Andersen Eltarvåg (nr 24).
Andreas hadde denne parten frå 1849 til 1881. Så overlot han den gamle garden til sonen, mens han sjølv flytta til Naustervigjå og budde der dei siste åra han levde (sjå nr 101).
G.m. 1) 1851 Gunhild Trulsdtr., f. 1820, d. 1865, dotter til Truls Nilsen Dale (Dale-24),
2) 1871 KarinaEndresdtr.J. 1844, d. 1923, dotter til Endre Torbjørnsen, husmann i Myra (nr 55).
Barn,
i fyrste ekteskap:
- Kristoffer, f. 1851, overtok gardsbruket på Eltarvåg etter faren (nr 98), g.m. 1882 Maria Olsdtr.
- Tomas, f. 1852, sjømann, reiste til Amerika
- Karen Taletta, f. 1856, g.m. 1892 enkjemann Adolf Malmin, arbeidsformann ved Stavanger Støperi & Dokk. Som gammal budde han på Malmeim og reiste som predikant (sjå Høyland g.o.æ. s 293, nr 90.A)
- Gabriel, f. 1859, tømmermann, reiste til sjøs i andre ekteskap.
- Ane, f. 1872, d. 1902
- Edvard, f. 1877, småbrukar i Naustervigjå (nr 102), g.m. 1908 Ane Knudsdtr. Vier
- Ivar Kornelius, f. 1884, reiste til Nord-Norge, død ung, ikkje gift.
HUSMENNENE
1 Vier
26. Jon
Han budde ein stad på Eltarvåg i 1707, då var han fadder på sonen til den eine oppsittaren på garden. Me veit ikkje kor Jon budde, men sidan det var ein husmannsplass i Vier då, kan det jo ha vore der.
27. Hallvard
Ved skiftet etter Anna Einarsdtr. Nora Hogstad i 1709 får me vita at mellom anna Hallvard Eltarvåg hadde ein liten pengesum til gode (2 ort). Anna var i slekt med Gådeset-folka der dei brukte Hallvard-namnet, så Hallvard Eltarvåg høyrde vel og til dei på ein eller annan måte. Han kan og ha budd i Vier.
28. Tore
Tore Eltarvåg hadde til gode for 1/2 tønne malt, blir det opplyst då det blei halde skifte etter Herborg Helgesdtr. Uskjo i 1719. Til dekning for dette fekk han lagd ut av buet ei tønne korn, ei kjerne og to bøtter. Sidan han ser ut til å ha hatt litt å rutta med, må han ha vore noko meir enn ein dreng eller ein heimeverande son på garden. Og utanom gardsbruka var det bare i Vier det budde folk den gong, så han haldt kanskje til der.
29. Tollak Torjusen,
f. ca 1639, d. 1730. Han var frå Sirdalen. Tollak hadde gard på Liland i Sirdalen i slutten av 1600-talet. Sidan kom han til Riska og var fyrst dreng på Hetland, så over tok han husmannsplassen i Lauvåsvågjen (Lauvås-14). Til slutt var han husmann i Vier. Her blir han nemnt fyrste gong i 1721, og her budde han til han døydde i 1730 ("gl. fattig mand Tollach i Vier").
G.m. Åsa Johannesdtr., ho var fadder på barn til oppsittaren Anders Jonsen, som stamma frå Sirdalen. Det var i 1735 og 1739, så Åsa må ha blitt sittande med plassen etter at mannen var død.
Barn:
- Jakob, f. ca 1686, nemnt i 1706
- Gunnar, f. ca 1691, tjente på Austbø i 1706
- kan henda: Berit Tollaksdtr., g.m. Ola Johannesen Uskjo, som døydde allerede i 1700 (Uskjo-23). I 1732 døydde ei Berit Lauvås som blei kalt "en fattig kvinne". Det kan ha vore Berit Tollaksdtr.
30. Ivar Persen,
f. 1687, d. 1732. Son til Per Torsen, husmann i Breivik under Bersagel i Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, s 95).
Ivar var halt ifylgje det sjømilitære manntalet frå 1706. Då budde han heime i Breivik. Sidan var han husmann under Eltarvåg. Her budde han i 1721 og fram til han døydde, og i 1730 blir han kalt "Ivar Vie".
G.m. 1716 Karen Vermundsdtr., død 1732. Dei blei vigde i Strand, så kan henda var ho derifrå.
Barn:
- Hallvard, f. 1721
- Vermund, f. 1727
- Vermund, f. 1728
- Mari, f. 1730.
31. Johannes Aslaksen,
f. 1700, d. 1758. Son til Aslak Persen Øyestøl i Sirdalen (sjå Sirdal g.o.æ. bind I, s 492- 493).
Johannes hadde fyrst gard på Øyestøl, men han flytta derifrå i 1736 (sjå Sirdal g.o.æ. bind I, s 493). Så budde han i Høle sokn (nemnt i 1740), det kan ha vore i Forsand-delen. Etter det brukte han den eine parten av Svihus i Høyland, der var han i 1743 og 1745 (sjå Høyland g.o.æ. s 401, nr 14). Til slutt var han husmann i Vier. Her til må dei vera komne før 1750, for det året var kona hans fadder ("Ragnhild Wiger"). Johannes er nemnt her i eit manntal som lensmannen sette opp i 1754, og her døydde han.
G.m. 1) 1724 Liva Olsdtr., død 1743, dotter til Ola Persen Ausdal i Sirdalen (sjå Sirdal g.o.æ. bind I, s 537),
2) Ragnhild Johannesdtr., nemnt i 1750.
Barn,
i fyrste ekteskap:
- Ola f. 1726
- Aslak, f. 1727, husmann i Bergsvik under Berge i Kålabygda, Forsand (sjå Forsandboka bind I, del 1,557),g.m. 1) 1752 Gunvor Knutsdtr. Bergsvik, 2) 1760 Ingeborg Knutsdtr.
- Aslak, f. 1728, budde på Tjørhom i Sirdalen i 1758
- Jørgen, f. ca 1729, bonde på Lutsi i Høyland (sjå Høyland g.o.æ. s 284, nr 13), g.m. 1) 1756 enkja Marit Andersdtr. Lutsi (d. 1774), 2) 1775 Marta Torkellsdtr. Haga
- Gunhild, f. ca 1729, ikkje gift i 1758
- Ola, f. 1731, han var fyrst bonde i Eikeskog, sidan på Øygarden, begge i Forsand (sjå Forsandboka bind I, del 2, s 595), g.m. 1756 enkja Ingeborg Persdtr. Eikeskog
- Ingeborg, f. 1734
- Torger, f. 1736, tjente på Eltarvåg i 1754, nemnt 1758
- Kari, ikkje gift i 1758
- Helga, g.m. Jon Torkellsen Berge.
32. Rasmus Bjørnsen,
f. 1717, d. 1788. Son til Bjørn Olsen, husmann på Tingholmen (nr 37).
Dei fyrste åra etter han gifta seg budde Rasmus med familien sin på Tingholmen hos foreldra hans. Der budde dei ennå i 1753. Frå 1754 budde han som husmann i Vier. Til å begynna med var det to husmenn her, men etter at Johannes Aslaksen døydde hadde Rasmus heile plassen åleine. Sidan brukte han denne plassen så lenge han levde. Då kona døydde får me vita at dei hadde "een nye Stue som ike er færdig opsat". Denne må Rasmus ha fått gjort ferdig, for ved skiftet etter han var her "1 Stue Bygning".
G.m. ca 1743 Anna Bjørnsdtr., f. 1718, d. 1777, dotter til Bjørn Rasmusen Horve i Høle. Rasmus og Anna var syskenbarn.
Barn:
- Anna Helena, f. 1744, ho budde i 1764 som innarst i Vier
- Helga, f. 1747, g.m. 1785 Tore Torsen Fotland, "mæster skomager" i Stavanger (sjå Stavanger Borgerbog s 192, og Saml. Stav. hist. bind IV, s460)
- Tora, f. 1750, g.m. 1788 Øyuv Knutsen, husmann i Vier etter svigerfaren (nr 33)
- Bjørn, f. 1753, død føre 1777
- Rasmus, f. 1757, død føre 1777.
33. Øyuv Knutsen,
f. 1764, d. 1819. Son til Knut Tolleivsen, husmann på Forsandlandet (sjå Forsandboka bind 11, s 382).
Når det gjeld namnet hans, sjå de Fine, Stavanger Amptes udførlige Beskrivelse, ved Per Thorsen (1952), s 271. Øyuv fekk bygsla plassen i 1788 mot å gi den gamle svigerfaren "Livs ophold og Opvartning". Han skulle betala 32 skilling i året for plassen og arbeida 18 dagar for leiglendingane på garden, eller om han heller ville gjera opp med pengar så skulle han ut med 8 skilling for kvar arbeidsdag. Og han kunne ikkje ha meir enn 4 kyr og 12 sauer på beite i utmarka. Øyuv skulle og passa "Gaardens Skifte" og sjå til at ikkje nokon fremmed hogde i skogen. Han måtte "ikke i nogen Maade" befatta seg "med Skov hugst i Gaarden Eltervaags mark". Og han måtte heller ikkje fiska sånn at han var i vegen for oppsittarane på garden når dei skulle fiska. Til slutt måtte han ikkje skjera "meere Torv end til hans Husfornødenhed behøver". Øyuv sat med plassen så lenge han levde.
G.m. 1788 Tora Rasmusdtr., f. 1750, d. 1824, dotter til Rasmus Bjørnsen, husmann i Vier (nr 32).
Barn:
- Rasmus, f. 1789, nemnt i 1801
- Gunhild, f. 1791, g.m. 1816 Jakob Torsen, budde ei tid på plassen til svigerfaren (nr 34)
- Knut, f. 1794, husmann i Vier (nr 35).
34. Jakob Torsen,
f. 1790, d. 1859. Son til Tore Torsen Sporaland i Høyland (sjå Høyland g.o.æ. s 378, nr 12).
Etter dei gifta seg budde Jakob og Gunhild den fyrste tida her i Vier hos foreldra hennar. Då dei hadde barnedåp i 1819, blei han kalt husmann. Sidan budde dei på Sporaland (sjå Høyland g.o.æ. s 378, nr 16).
G.m. 1816 Gunhild Øyuvsdtr., f. 1791, d. 1878, dotter til Øyuv Knutsen, husmann i Vier (nr 33).
Barn fødde mens dei budde her:
- Tore, f. 1816
- Tobia,f. 1819.
35.Knut Øyuvsen,
f. 1794, d. 1868. Son til Øyuv Knutsen, husmann i Vier (nr 33).
Etter at faren døydde gifta Knut seg og overtok plassen. Han blir kalt for husmann i Vier allerede 1820, men tinglyst festeseddel fekk han fyrst i 1833. Ifylge husmannskontrakten sin skulle Knut betale 5 speciedalar i året og arbeida seks dagar kvart år for bonden på den indre parten, når han forlangde det. Om bonden heller ville ha pengar, skulle Knut ut med 6 speciedalar i staden for dei seks arbeidsdagane. Knut skulle få lov til å utvida plassen med eit jordstykke som låg attmed, og han kunne ha så mykje kyr og sauer som han klarte å skaffa for til på plassen. Vidare hadde han "fri Veedbrænde og Torvskuur" til det han trong sjølv, og han kunne og skjera torv i "Uhrvigmyhren" til å selja. I 1853 sette soknepresten opp ei liste over husmennene i bygda. Der les me at Knut levde i "gode Omstendigheder". Han hadde plassen sin til han døydde.
G.m. 1819 Karen Andersdtr., f. 1798, d. 1874, dotter til Anders Kristoffersen Eltarvåg (nr 22) (på det ytre bruket).
Barn:
- Tobia, f. 1820, ikkje gift i 1865
- Juditte, f. 1822, g.m. 1855 Ola Danielsen Feggestad
- Østen, f. 1 823, bonde i Lauvåsvågjen (Lauvås-49), g.m. 1) 1866 enkja Serina Jespsdtr. Lauvåsvågjen (d. 1899), 2) 1899 enkja Ingeborg Tjerandsdtr. Lauvås
- Andreas, f. 1826, budde på Idse (?)
- Rasmus, f. 1827, bonde på Hana-øygarden i Høyland (sjå Høyland g.o.æ. s 175, nr 62), g.m. 1854 Ane Kristine Torsteinsdtr. Hana
- Karina, f. 1830, g.m. 1858 Ola Jakobsen, sjøfarande, budde ei tid til leige her (Folk i bygda-328), så i Stavanger. Kjøpte eit stykke på Lauvås ca 1873 (Lauvås-95)
- Kristina, f. 1832, d. 1835
- Enok,f. 1834
- Knud, f. 1835, budde i Vier (nr 36)
- Gunnar, f. 1838, budde fyrst her i Vier, sidan tømmermann og bonde på Skjørestad i Høyland (sjå Høyland g.o.æ. s 360, nr 22), g.m. 1860 Maria Jespsdtr. Nordland
- Elen Maria, f. 1840, d. 1840
- Inger Kristina, f. 1842, g.m. 1) 1860 Kristoffer Larsen Eltarvåg (nr 61) (d. 1882), 2) Eivind Tøge, budde i Uskjo (Folk i bygda-269)
- Enok,f. 1844.
36. Knud Knudsen,
f. 1835, d. 1925. Son til Knut Øyuvsen, husmann i Vier (nr 36).
Knud gifta seg i 1865 og budde etterpå med familien sin her i Vier hos foreldra sine. Han hjelpte vel med drifta av plassen, for i 1866 blei han og kalt husmann. Han hadde blitt gift med dottera på den parten av garden som plassen låg under, og i 1869 fekk Knud kjøpa plassen av svigerfaren sin (sjå vidare nr 83).
G.m. 1865 Ane Larsdtr., f. 1845, d. 1901, dotter til Lars Kristoffersen Eltarvåg (nr 13) (på den indre parten).
Barn fødde mens dei ennå var husmannsfolk:
- Kornelius, f. 1866
- Laurits, f. 1867
- Karl, f. 1869.
2 Tingholmen
37. Bjørn Olsen,
f. ca 1677, død etter 1755.
Det er sett fram fleire forslag om kven som var faren hans. Etter A. Ellingsen skulle det ha vore Ola Motland i Forsand, mens Jakob Jåthun meinte han var fødd i Gøysavik. Frå dei gifta seg og fram til 1715 budde Bjørn og Helga i Stavanger. Kan henda det var han som blei kalt "En fattig veddrager" i 1711 (sjå Saml. Stav. hist. bind IV, s 323). Så flytta dei inn til Forsand og han var hus mann i Gøysavik under Gøysa (sjå Forsandboka bind 11, s 304-305). Der budde dei ennå i 1727. Omlag 1730 fekk dei slå seg ned på Tingholmen og her rydda dei seg ein ny husmannsplass. I 1755 fødde dei så mykje som tre kyr her. Det var like vel ikkje jorda som var det viktigaste. Ved skiftet etter kona i 1755 får me vita at Bjørn hadde not, naust og ein vengebåt. Det var ein større båt med overbygning bak, så dei må ha drive ganske mykje fiske. Buet deira blei då vurdert til godt og vel 43 dalar, og legg ein til verdien av husa på plassen kjem ein opp i nesten 90 dalar. Det var det doble av det husmannen i Lauvåsvågen hadde av verdiar ti år tidlegare.
G.m. 1708 Helga Oldsdtr., f. ca 1685, d. 1755.
Barn:
- Asgjerd,f. 1708, g.m. 1736 Ivar Berntsen, bonde på Heng i Strand. Ho blei tidleg enkja og kom tilbake til Tingholmen. I 1754 var ho vanfør og hadde hos seg ei dotter som var fødd i Strand. Dottera Signe Ivarsdtr. blei sidan gift på Hetland (Hetland-39)
- Ola, f. 1712, d. 1717
- Rasmus, f. 1714, d. 1717
- Rasmus, f. 1717, budde fyrst her på Tingholmen i lag med foreldra, sidan husmann i Vier (nr 32), g.m. ca 1743 Anna Bjørnsdtr. Horve (dei var syskenbarn)
- Inger, f. 1719, ho var ugift i 1755
- Ola, f. 1720, truleg død liten
- Ola, f. 1722, han budde også her på Tingholmen hos foreldra sine etter han gifta seg (nr 109), men så overlot svogeren Ivar Berntsen halve garden på Heng til han, g.m. 1744 Astrid Berntsdtr. Heng
- Bjørn, f. 1723, husmann på Tingholmen (nr 38)
- Jorunn, f. 1725, g.m. 1746 Per Asgautsen Gjeitaskjer i Strand
- Ivar, f. 1727, bonde på Eltarvåg (nr 20), sidan på Kalvøynå, g.m. 1) 1755 Berta Andersdtr. Eltarvåg (d. 1777), 2) 1777 Jorunn Jakobsdtr.
- Elling, f. 1730 på Tingholmen. Han budde fyrst hos broren i Vier (nr 110), sidan i Stavanger, g.m. 1756 enkja Gjertrud Jakobsdtr. Ho hadde før vore gift med Hallvard Rasmusen (sjå Saml. Stav. hist. bind IV, s 353).
38. Bjørn Bjørnsen,
f. 1723. Son til Bjørn Olsen, husmann på Tingholmen (nr 37).
Då det blei halde skifte etter mora i 1755 var han ennå ugift. Sidan gifta han seg og to-tre år dreiv han vel plassen for den gamle faren. I 1760 kallest den yngre Bjørn for husmann. Allerede same året fekk ein ny mann festeseddel på denne plassen, så då var nok faren til Bjørn død. Dei unge folka flytta vekk, utan at me veit kor det blei av dei.
Kona hans veit me ikkje namnet på, men ho kan ha vore den Guri Monsdtr. som var fadder på eit barn frå Lauvåsvågjen i 1761.
Barn:
- Bjørn, f. 1760.
39. Torbjørn Jensen,
f. 1719, d. 1800. Son til Jens Jensen Bersagel i Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, s 95).
Torbjørn og kona hadde til å begynna med budd på Bersagel og så på husmannsplassen Hagjen under Eskjeland i Høle (sjå Høle gjennom hun dreåra, s 92). Sommaren 1760 fekk han bygsla husmannsplassen på Tingholmen. Han skulle betala 2 mark i grunnleige til jordeigaren kvart år og arbeida 24 dagar i året for leiglendingane på Eltarvåg. Denne plassen brukte Torbjørn sidan så lenge han levde.
G.m. 1) 1749 Kari Olsdtr., f. 1710, d. 1763, dotter til Ola Rasmusen, husmann i Hagjen under Eskjeland (sjå Høle gjennom hundreåra, s 91),
2) 1763 Ingeborg Torsdtr., f. 1741, d. 1809, dotter til Tore Andersen Lerang i Forsand (sjå Forsandboka bind I, del 1, s 167-168).
Barn,
i fyrste ekteskap:
- Guri, f. 1749, g.m. Velum Håvardsen, som hadde ein husmannsplass under Hommarsåk ei stund (Garden Hommarsåk-27)
- Rasmus, f. 1754
- Kirsti, f. 1755, g.m. 1782 Omund Hallvardsen (frå Fosse i Time, sjå Time g.o.æ. s 309, nr 62c). Dei budde fyrst i Stavanger, så på Hindal, Hinna, ei tid på Bersagel og så på plassen Tjødnabakkjen under Brathetland i Høle. Til slutt budde dei i eit hus som høyrde til under garden Njæreim i Nærbø (sjå Hå g.o.æ. bind I, Nærbø, s 96, nr 86)
- Torbjørn, f. 1756, truleg død liten
- Berit, f. 1758, truleg død lita
- Ola, f. 1759, budde i København i 1804
- Berit, f. 1760, d. 1772
i andre ekteskap:
- Jens, f. 1764, overtok plassen på Tingholmen etter faren (nr 40)
- Torbjørn, f. 1767, d. 1804. Han var nasjonal soldat i 1801 og ugift. Då han døydde etterlot han seg verdiar for over 158 dalar. Det meste av dette var pengar, mellom anna hadde han lånt 49 dalar til andre. Han hadde børse og ei kiste med lås og jernbeslag. Vidare hadde han både halsknapp og eit par armknappar av gull og to par skospennar av sylv. Så hadde han ei trøye med 16 sylvknappar i, eit silkeskjørt og eit bomullstørklede
- Tore, f. 1769, i 1801 var han uttjent soldat og arbeidde som dreng i Uskjo. Då broren Torbjørn døydde nokre år etter budde Tore heime på Tingholmen. I 1825 var han dagarbeidar og budde i Vier, og i 1835 var han innarst i Uskjo. Han var ikkje gift (Eltarv)g-l11, Uskjo-100)
- dotter, f. 1773, d. 1773
- Karen, f. 1774, nemnt i 1804, gift til Spillerhaug
- Anna, f. 1779, g.m. 1842 enkjemann Tore Torsen, husmann i Kåsahagjen under Nordland i Forsand (sjå Forsandboka bind I, del 1, s. 85).
40. Jens Torbjørnsen,
f. 1764, d. 1810. Son til Torbjørn Jensen, husmann på Tingholmen (nr 39).
Han overtok plassen etter faren. Jens blir kalt husmann allerede i 1799, og då faren døydde året etter fekk Jens tinglyst festeseddel. Han skulle betala 2 mark i grunnleige til latinskulen i Kristiansand og to riksdalar til leiglendingane på garden kvart år. Og han fekk beskjed om at han ikkje måtte hindra leiglendingane i fisket deira. Jens døydde allerede i 1810 og me får då vita at han hadde to vestar og ei trøye med sylvknappar i. Vidare hadde dei tinnfat og lysestake av messing.
G.m. 1800 Gjøa Ivarsdtr., f. 1773, d. 1846, dotter til Ivar Kristoffersen Eltarvåg (nr 11) (på den indre parten). Ho hadde bare eitt auga. Etter at Jens var død, gifta ho seg med Ingebret Svensen som overtok plassen (nr 41).
Barn:
- Torbjørn, f. 1801, husmann på Tingholmen etter stefaren (nr 42)
- Ivar, f. 1802, husmann i Stølsvigjå (nr 47), g.m. 1838 enkja Malena Torsdtr.
- Ingeborg, f. 1805, d. 1805
- Ingeborg, f. 1806, nemnt i 1825
- Jens, f. 1810, han budde ei tid i Songesand, i 1891 var han legdslem på Tingholmen, og året etter døydde han på Bergsholmen (sjå Forsand boka bind 11, s 260). Ikkje gift.
41. Ingebret Svensen,
f. 1768, d. 1838. Son til Sven Ingebretsen, husmann i Pannevigjå under
Nedre Eiane i Forsand (sjå Forsandboka bind I, del 2, s 850).
Han var fyrst gift med ei enke med gard på Storå Ådnøy i Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, s 101). Men etter at ho var død reiste han derifrå. I 1811 gifta han seg med enka her på Tingholmen og så var han husmann her fram til 1832. Etterpå budde han her som folgemann.
G.m. 1) 1800 enka Gunhild Olsdtr., f. 1759, d. 1809, dotter til Ola Rasmusen Storå Ådnøy (sjå Høle gjennom hundreåra, s 101). Ho var enkja etter Endre Lydiksen Storå Ådnøy.
2) 1811 enka Gjla Ivarsdtr., f. 1773, d. 1846, dotter til Ivar Kristoffersen Eltarvåg (nr 11). Ho hadde før vore gift med Jens Torbjønsen, hus mann på Tingholmen (nr 40).
Barn,
i andre ekteskap:
- Sven, f. 1813, husmann i Slåttebakkjen under Lauvås (Lauvås-28), g.m. 1835 Kristina Persdtr.
42. Torbjørn Jensen,
f. 1801, d. 1875. Son til Jens Torbjørnsen, husmann på Tingholmen (nr 40).
Han festa husmannsplassen i 1832. Dei fyrste åra, når han hadde mora og stefaren i folge, skulle han ut med 5 speciedalar og åtte dagars arbeid i året. "Men naar de Gamle er døde, da skal han svare 6 speciedalar og 6 Dages Arbeide". Arbeidsdagane var ikkje bundne til nokre av onnene, han måtte arbeida for oppsittaren når han forlangde det. Ellers hadde Torbjørn "fri Brændsel af Veed" og "hele Jubemyhren, som han alene maa bruge". Dessutan fekk han "Ret til at indgjerde paa alle sider afGaltemyhren saamegen Jord som han selv vil". Torbjørn var også fiskar. Ifylgje soknepresten si liste over husmennene i bygda, levde han i "mindre gode Omstendigheder" i 1853.
G.m. Siri Andersdtr., f. 1815, d. 1903, dotter til Anders Torsteinsen Uskjo (Uskjo-31).
Barn:
- Ingeborg Serina, f. 1833, ho var ikkje gift, dreiv med spinning
- Jonas, f. 1834, budde ei tid på husmannsplassen til faren (nr 43), sidan rydda han seg ein ny plass eit stykke oppe i Galtavigjå (nr 60), g.m. 1857 enkja Ester Sigbjørnsdtr.
- Marta Maria, f. 1836, d. 1836
- Andreas, f. 1837, han kjøpte Tingholmen i 1874 og budde her etterpå som sjølveigande bonde (nr 107)
- Tomas, f. 1839, d. 1839
- Grete, f. 1840, d. 1841
- Tobias, f. 1842, skomakar, budde i Stavanger, g.m. Tobia (frå Espedalen)
- Enok Emil, f. 1844, byggmeister i Stavanger, på sine gamle dager hadde han eit stykke på Riska (Riska-85), g.m. Elen Enoksdtr. Utsola
- Sivert, f. 1846, bonde på Soma i Høyland (sjå Høyland g.o.æ. s 374, nr 95), g.m. 1882 Berta Marie Torsteinsdtr. Soma (dei var syskenbarn)
- Marta Guria, f. 1848
- Grete Maria, f. 1851, d. 1915, ikkje gift
- Ivar, f. 1854, d. 1857
- Ivar, f. 1859, nemnt i 1875.
43. Jonas Torbjørnsen,
f. 1834, d. 1922. Son til Torbjørn Jensen, husmann i Tingholmen (nr 42). Etter han gifta seg blir Jonas kalt arbeidsmann (i 1857). Han budde på Tingholmen då. Han må ha vore med i drifta av plassen i lag med faren for i 1864 blir han kalt husmann på Tingholmen. Sidan flytta han inn til fastlandet og fekk seg ein eigen husmannsplass oppe i Galtavigjå (nr 60).
G.m. 1857 enka Ester Sigbjørnsdtr., f. 1816, d. 1907, dotter til Sigbjørn Tolleivsen, husmann på Egrå under Dale (Dale-30). Ho hadde før vore gift med Kjel Kjelsen Lauvås som døydde i 1845 (Lauv}s-65).
Barn:
- Elen Jorina, f. 1857
- Thomas, f. 1861
- Severine, f. 1864.
3 Teistholmane - Stølsvigjå
44. Torkell Jakobsen,
f. 1725, d. 1803. Son til Jakob Torkellsen Ravndal i Gjestal (sjå Gjestal g.o.æ. s 196, nr 25).
Han hadde tidlegare vore husmann i Lauvåsvågjen (Lauvås-20), men reiste derifrå i 1780-åra. Torkell og familien flytta ut til Teistholmane og rydda seg ein ny husmannsplass der. Her budde dei i 1792 og 1799. Utanom dei to holmane, høyrde det til denne husmannsplas sen også eit stykke inne på fastlandet, i Stølsvigjå og Vargavigjå. Svigersonen, som overtok plas sen i 1798, flytta inn til Stølsvigjå. Etter at kona var død budde Torkell som innarst i Stølsvigjå. Der er han nemnt i 1801 . Han døydde hos sonen i Lauvåsvågjen.
G.m. 1750 Malena Ådnesdtr.,f.ca 1724, d. 1799, dotter til Ådne Monsen Kråkedal i Høyland (sjå Høyland g.o.æ. s 240, nr 8). Ho låg til sengs dei to siste åra ho levde.
Barn:
- Jakob, f. 1751
- Ådne, f. 1753
- Ådne, f. 1754, husmann i Lauvåsvågjen (Lauvås-22), g.m. 1) 1777 Marta Rodleivsdtr. Eikeland (d. 1821), 2) 1823 Ragnhild Svensdtr. frå Pannevigjå under Nedre Eiane i Forsand
- Iver, f. 6.7.1755[5] på Berland i Gjesdal. Gift 1885 med Inger Jensdatter Sunde. De bodde i 1801 i Øvre Strandgate (sjå også Ætt og heim. Stavanger. 1997. Digital versjon på Nettbiblioteket).
- Jakob, f. 1758, budde i Stavanger, gift
- Ådne, f. 1761, husmann i Tangjen under Skadberg i Sola (sjå Sola g.o.æ. s 418, plass 2, huslyd 2). G.m. 1) 1786 Marta Nilsdtr. frå Vågjen under Hommarsåk (sml Garden Hommarsåk 19.c) (d. 1794), 2) 1795 Sissel Olsdtr.
- Ane, f. 1764, g.m. 1799 Tore Svensen, overtok plassen (nr 45)
- Torkell, f. 1770, d. 1770.
45. Tore Svensen,
f. 1763, d. 1822. Son til Sven Svensen Nedre Fjelle i Strand.
Tore bygsla i 1798 "Huusmands Pladset Stølsvig med Wargevigen og begge Teistholmene...hvilke Plads Thorchild Jacobsen...for ham har afstaaet". Han skulle gi dei gamle "frit Huus Værelse" og så lenge dei levde skulle han ut med 3 ort i året for plassen. Sidan skulle dette vera 1 riksdalar. Og så skulle Kristiansand skule, som jordeigar, ha 24 skilling kvart år. Tore hadde lov til å slå "Høe...i udmarken", og i marka kunne han og skjera den torv han hadde bruk for. "Efter Muelighed" skulle han og sjå etter at ikkje folk eller krettur frå andre gardar gjorde skade. Han hadde plassen så lenge han levde og etterpå var kona hans husmannsenkja her til ho døydde.
G.m. 1799 Ane Torkellsdtr., f. 1764, d. 1836, dotter til Torkell Jakobsen, som hadde denne plassen før (nr 44).
Barn:
- Sven, f. 1799, husmann i Stølsvigjå etter dei to svograne (nr 48)
- Jakob, f. 1802, budde i Stavanger, g.m. Berta Torsdtr.
- Malena, f. 1804, g.m. 1) 1827 Andreas Kjelsen, husmann her i lag med svigermora (d. 1836) (nr 46), 2) 1838 Ivar Jensen, overtok plassen (nr 47)
- Torkell, f. 1811, husmann i Hammaren under Lauvås (Lauvås-31), g.m. 1850 enkja Karina Kjelsdtr.
46. Andreas Kjelsen,
f. 1804, d. 1836. Son til Kjel Monsen Lauvås (Lauvås- 12).
Andreas blir kalt husmann i Stølsvigjå ved barne dåp i 1828, men i folketellinga for 1835 er det svi germora som står med plassen. Andreas budde då hos henne med familien sin og han var "Fatige". Då han døydde året etter var han fattiglem.
G.m. 1827 Malena Torsdtr., f. 1804,d. 1861, dotter til Tore Svensen, husmann i Stølsvigjå (nr 45). Ho gifta seg etterpå med Ivar Jensen som bygsla plassen etter at svigermora var død (nr 47).
Barn:
- Kjel, f. 1828, han brukte husmannsplassen nokre år etter stefaren (nr 49)
- Tore, f. 1831, husmann i Stølsvigjå etter broren (nr 50)
- Andreas, f. 1834, budde ei kort tid i Stølsvigjå (Folk i bygda-329), g.m. 1861 Karen Knutsdtr. Nordland.
47. Ivar Jensen,
f. 1802, truleg død i 1840-åra. Son til Jens Torbjørnsen, husmann på Tingholmen (nr 40).
I 1837 bygsla Ivar "plassen Stølsvik med dets beliggende holme Teistholmen". Han fekk og lov til "at indhegnc.den udskorne Torvmyr som lig ger østenfor". Ivar måtte betala 6 speciedalar i årleg avgift for plassen. Han kunne "nyde det for nødne Brænde" (då tenkte dei vel på torv), og han fekk og lov til å skoga "Brændeved" for ein speciedalar årleg av kvar oppsittar. Han er nemnt siste gong i 1843. Det står ikkje noko i kyrkje boka at han blei gravlagt, så han kom kanskje vekk på sjøen. I 1853 budde enkja hans her.
G.m. 1838 enkja Malena Torsdtr., f. 1804, d. 1861, dotter til Tore Svensen, husmann i Stølsvigjå (nr 45). Hennar fyrste mann var Andreas Kjelsen som også hadde budd her (nr 46). I 1853 sat ho som enkja, for andre gong, med plassen og levde då ifylgje soknepresten i "mindre gode Omstendigheder".
Barn:
- Ingebret, f. 1838, tømmermann, g.m. 1868 Kari Eriksdtr. Munkhus
- Jens, f. 1841, fiskar i 1865
- Johanna Maria, f. 1843, g.m. 1868 Ola Annasen Høle (faren hans hadde gard på Lauvås, sml Lauvås-53.b).
48. Sven Torsen,
f. 1799, d. 1848. Son til Tore Svensen, husmann i Stølsvigjå (nr 45).
Sven budde heime i Stølsvigjå heile tida (nemnt her i 1825 og 1835). Då sat mora med plassen som enkja, og Sven har vel hjelpt henne med drifta. Me kan lura på korfor Sven ikkje overtok plassen etter mora, men han kan jo ha vore sjukeleg. Då svogeren Ivar kom vekk i 1840-åra var det likevel Sven som måtte ta over i Stølsvigjå. Han døydde allerede i 1848 og er då ført inn i kyrkjeboka som "Huusmand".
49. Kjel Andreasen,
f. 1828. Son til Andreas Kjelsen, husmann i Stølsvigjå (nr 46).
Kjel brukte denne plassen då mora var blitt gammal, og han blir kalt husmann her i 1858. Kort tid etter flytta han til Lauvås, der var han arbeidsmann. Nemnt der i 1860 (Folk i bygda-283).
G.m. Guri Persdtr., f. 1838, dotter til Per Ellingsen Hovda i Fister.
Barn fødd her:
- Andreas Kristian, f. 1858.
50. Tore Andreasen,
f. 1831. Son til Andreas Kjelsen, husmann i Stølsvigjå (nr 46).
Tore overtok plassen etter at mora døydde i 1861 . Han fekk kjøpa stykket i 1869 og sidan var han småbrukar her (sjå nr 90).
G.m. Marta Elisabet Olsdtr., f. 1833, dotter til Ola Torgersen Eskjeland i Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, s 92).
Barn fødde mens dei ennå var husmannsfolk:
- Albert, f. 1861
- Ola, f. 1863
- Marselius, f. 1865
- Elen Maria, f. 1867.
4 Slettå
51. Hallvard Johannesen,
f. 1803. Son til Johannes Berge i Hægebostad, Vest-Agder.
Hallvard budde fyrst på ein plass under prestegarden i Rennesøy, og der var han ennå i 1833. Så kom han her til og fekk rydda ein ny plass på Sletta. Dei er nemnde her i 1835 og budde her fram til 1838. Han fekk tinglyst festeseddel i 1836. Ifylgje den hadde han betalt 45 speciedalar i "indfæstning" og i årleg avgift skulle han ut med 3 speciedalar. Hallvard hadde lov å ta "Brændsel af tørre Træer og Toppe af Gaardens Skov", og han hadde rett til "Torvskuur i Stor hammermyhren". I denne myra kunne han og skjera til salg. Dei budde sidan i Stavanger (nemnde der i 1842).
G.m. 1826 Ingeborg Tjerandsdtr., f. 1804, dotter til Tjerand Ariansen, husmann under Helland i Rennesøy (sjå Rennesøy g.o.æ. s 223-224, nr 83).
Barn:
- Johan, f. 1827
- Marta Olena, f. 1830, d. 1832
- Marta Olena, f. 1833
- Ingeborg Helena, f. 1835
- Karina, f. 1838.
52. Per Ivarsen,
f. 1817. Son til Ivar Persen, husmann i Gryde under Haukali i Forsand (sjå Forsandboka bind 11, s 510).
Per bygsla plassen i 1839. Ifylgje festeseddelen hadde Per "frit Brænde af Veed i Gaardens Skov, men maa ei hugge til Brænde saadanne Træer som kan benyttes til andre Ting". "Torv til Brænde skal han skjære i store Hammermyhr og maa han tillige skjære saameget at han deraf kan sælge noget". Han kunne og "hugge Ringveed...i Gaardens Skov.. ..til et 10 Alens Ladehuus". Og så kunne han benytta "al den Slaat som findes i Udmarken". Nå blei han likevel ikkje så lenge her, dei er bare nemnde i 1839 og i 1840. Kan henda var det då kona døydde han slutta av og reiste til Stavanger. Der blei han gift omigjen i 1845.
G.m. 1) 1838 Berta Tørrine Tørresdtr., f. 1809, d. 1842, dotter til Tørres Bjørnsen, husmann på Øygarden under Ims i Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, s 89).
Barn:
- Tørres, f. 1840.
53. Jon Tormodsen,
f. 1814, d. 1857. Son til Tormod Jonsen Nordland i Strand.
Då han gifta seg var han husmann med opphaldsstad Oaland i Forsand. I 1842 fekk han festeseddel på husmannsplassen på Sletta og han fekk også med "Udmarksstykket Flaaden uden for Storehammer". Dessutan fylgde Grunnasundholmen med. Her levde han i "gode Omstendigheder" i 1853 etter soknepresten si vurdering.
Georg Vaagen skriv at ein mann frå husmannsplassen Sletta var rosemalar og dekorerte den nye stova som oppsittaren på det ytre bruket på Eltarvåg bygde på huset sitt (sjå Georg Vaagen, Våre røtter, s 97). I denne veggdekorasjonen finn me årstalet 1845, så då har det vore Jon som var denne kunstnaren.
G.m. 1841 enkja Anna Rasmusdtr., f. 1807, d. 1889, dotter til Rasmus Sjursen Rettedal i Forsand (sjå Forsandboka bindll, s 559-560). Ho hadde før vore gift med Torkell Eriksen Oaland i Forsand (sjå Forsandbokabind 11, s. 534). I 1885 var ho husmannsenkja på Sletta.
Barn:
- Rasmus, f. 1844, g.m. 1879 Taletta Endresdtr. Fjelle
- Tormod, f. 1847, d. 1849, han blei bare 2 1/2 år, "bortkommen paa søen, ikke gjenfunnet"
- Tormod, f. ca 1846, han var 19 år i 1865.
54. Jonas Jonasen
Han var frå Eskjeland i Høle. Dei budde på Sletta i 1867 og 1869.
G.m. Rakel Maria Olsdtr.
Barn:
Rakel, f. 1867
Jonas, f. 1869.
5 Myra (eller Stemmen)
55. Endre Torbjørnsen,
f. 1808, d. 1875. Son til Torbjørn Nilsen Øvre Fjelle i Strand.
Til å begynna med budde han på Solbakk i Strand. I 1837 fekk han bygsla "et stykke Vold" under den ytre parten av Eltarvåggarden. For dette skulle han ut med fem speciedalar i årleg avgift, "de første 2 Spd. betales med Arbeid". I festeseddelen har bonden tatt med at "hans Creature skal følge mine Creature og han skal vogte alle Creature 1 Uge". Endre budde her sidan så lenge han levde. Då soknepresten samla inn opplysningar om husmennene i bygda i 1853, skreiv han at Endre levde i "Ringe Omstendigheder".
G.m. 1834 Kristina Rasmusdtr., f. 1804, d. 1894, dotter til Rasmus Andersen Botnehagjen i Strand. Ho budde i folge hos dottera på Eltarvåg i 1876, og døydde hos henne i Naustervigjå.
Barn:
- Tormod, f. 1834, overtok huset etter faren (nr 56)
- Torbjørn, f. 1838, arbeidsmann, budde i Lervik, Stavanger, g.m. 1871 Ingeborg Danielsdtr. Frøyland (sml Frøyland-89.d)
- Inger Kristina, f. 1841, var heime i 1865
- Karina, f. 1844, g.m. 1871 enkjemann Andreas Kristoffersen Eltarvåg (nr 25 og 101).
56. Tormod Endresen,
f. 1834. Son til Endre Torbjørnsen, husmann i Myra (nr 55).
Til å begynna med forpakta han eit gardsbruk på Sør-Tjemsland i Varhaug (sjå Hå g.o.æ. bind II Varhaug-Vigrestad, s 258, nr 43). Etterpå kom dei her til bygda, og fyrst budde dei på Lauvås. Der er dei nemnde i 1871 og han var då arbeidsmann (Folk i bygda-287). Frå 1872 budde dei på Eltarvåg. Ved folketellinga i 1875 var han "Huseier og Dagarbeider". Han var altså ikkje husmann med plass sånn som faren, for Tormod hadde "blot Husgrund". Men han hadde nå like vel eit ungkrettur og to småfe. Dei flytta herifrå rett etter det, og i 1876 budde dei på Sandnes.
G.m. 1867 Olena Olsdtr., f. 1835, dotter til Ola Gregoriusen Odland i Varhaug (sjå Hå g.o.æ. bind II Varhaug-Vigrestad, s 185-186, nr 43 e).
Barn:
- Kristina, f. 1867
- Endre, f. 1871, d. 1872
- Elen, f. 1873.
6 Naustervigjå
57. Erik Knutsen,
f. 1807, d. 1874. Son til Knut Eriksen, husmann i Breivik under Bersagel i Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, s 96).
I 1838 bygsla Erik "et Jordstykke" der han rydda seg ein husmannsplass. For dette stykket skulle han kvart år ut med 3 speciedalar i avgift til bonden på det ytre bruket på Eltarvåg. Ifylgje soknepresten levde Erik i "gode Omstendigheder" i 1853. Sonen overtok plassen i 1861, men så reiste han til Amerika og Erik fortsatte som husmann her til han døydde. G.m. 1840 Guri Jespsdtr., f. 1816, d. 1879, dotter til Jesp Jespsen Nordland i Høyland (sjå Høyland g.o.æ. s 303, nr 13). Jesp er ei kortform av namnet Jøsep, det vil seia Josef (sjå de Fine, Stavanger Amptes udførlige Beskrivelse, ved Per Thorson, 1952, s 267 og 269).
Barn:
- Knut, f. 1841, overtok plassen (nr 58)
- Jesp, f. 1848, d. 1849
- Maren Serina, f. 1851, g.m. 1878 Tobias Paulsen, bonde i Slåttebakkjen, Lauvås (Lauvås-98).
58. Knut Eriksen,
f. 1840, d. 1880. Son til Erik Knutsen, husmann i Naustervigjå (nr 57).
Knut bygsla i 1861 plassen "samt et tillagt Stykke udyrket Mark paa den nordvestlige Side". For dette betalte han 90 speciedalar i festepengar og kvart år skulle han ut med 4 speciedalar i avgift. Så reiste han til Amerika i 1871 med kona og tre barn, men kona døydde der borte og etter det kom han tilbake igjen. Faren hans var og død nå, og Knut tok over plassen på nytt. Det var i 1877, men allerede tre år etter døydde han av tæring.
G.m. 1) 1864 Inger Isaksdtr., f. 1846, d. 1876, dotter til Isak Knutsen, husmann i Breivik under Bersagel i Høle. Knut og Inger var syskenbarn.
2) 1879 Gunhild Karina Paulsdtr., f. 1849, dot ter til Paul Andersen, husmann i Slåttebakkjen under Lauvås (Lauvås-29).
Barn,
i fyrste ekteskap:
- Gurina, f. 1865, d. 1882, ikkje gift. Dei siste par åra budde ho i Vier og der døydde ho
- Edvard, f. 1868, d. 1880
- Isak, f. 1870
i andre ekteskap:
- Johan, f. 1879, d. 1880.
7 Hodl
59. Kristian Mauritsen,
f. 1818, d. 1901. Son til Maurits Persen, husmann i Likstø under Selvik i Høle.
Han var husmann på Hodl frå 1842. I festeseddelen som han fekk to år seinare står det at han hadde bygsla "et Stykke... indengjærds...Ægreholen kaldet". For dette skulle han kvart år betala 3 speciedalar og arbeida ein dag "naar dette forlanges, hvad Tid, som paakræves". Ellers kan me lesa der at krettura hans skulle fylgja bonden sine, "og derfor svarer Fæsteren I 1/2 Dages Røgtning". Han levde i "Ringe Omstendigheder" etter det soknepresten skreiv i 1853. Kristian hadde plassen til 1878, då kjøpte sonen dette stykket og han budde her som bonde. Etterpå var Kristian folgemann og som gammal blei han "kvalt ved røg". Det var kom me glo i torvkassen i kammerset og han blei røyk forgifta.
G.m. 1842 Serina Jørgensdtr., f. 1819, d. 1892, dotter til Jørgen Larsen, husmann på Moen under Longaland i Strand (sml Forsandboka bind I, del l,s 319-320).
Barn:
- Rakel, f. 1842, budde på Eltarvåg (Folk i bygda-336)
- Serina, f. 1842 (tvilling), d. 1930, tjente i Uskjo
- Mikal, f. 1845, d. 1878, sjømann. Han "Faldt over Bord i Østersøen og druknede"
- Jonas, f. 1849, var fyrst til sjøs, sidan kjøpte han dette stykket (nr 76), g.m. 1) Serina Nilsdtr. f. 1888), 2) 1889 Serina Olsdtr. Lauvås
- Ane Kristina, f. 1853, g.m. 1884 Jonas Olsen as i Høle, sjømann
- Sivert Kristian, f. 1861, budde i Dale i Sunnfjord, Sogn og Fjordane.
8 Galtavigjå
Jonas Torbjørnsen,
f. 1834, d. 1922. Son til Torbjørn Jensen, husmann på Tingholmen (nr 1).
Jonas var fyrst husmann på Tingholmen i lag med faren (nr 43), men omlag 1865 fekk han seg sin eigen plass litt opp i Galtavigjå. Han var også fiskar. I 1881 kjøpte han plassen og sidan budde han som småbrukar her (nr 104).
(G.m. 1857 enkja Ester Sigbjørnsdtr., f. 1816, d. 1907, dotter til Sigbjørn Tolleivsen, husmann på Egrå under Dale (Dale-30). Hennar fyrste mann var Kjel Kjelsen Lauvås. Han døydde allerede i 1845 (Lauvås-65).
Barn:
- Elen Jorina, f. 1857
- Thomas, f. 1861
- Severine, f. 1864.
Litteratur og kilder
- Smith, Eivind. Riska. Utg. Sandnes kommune. Sandnes. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Matrikkel 1886 for gnr. 34 i Hetland https://rhd.uit.no/matrikkel/mtliste.aspx?knr=1126&gnr=34
- Vaagen, Georg. Våre røtter i Lauvåsvågen - Lauvås - Eltervåg. Utg. [G. Vaagen]. Vanse. 1983. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Bergsåker, Jon. Høle gjennom hundreåra. Utg. (Ingvald Dahle). Sandnes. 1964. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Engen, Sigleif. Forsandboka B. 1 D. 1 Gards- og ættesoge. Utg. Kommunen. Forsand. 1981. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Engen, Sigleif. Forsandboka B. 1 D. 2 Gards- og ættesoge. Utg. Kommunen. Forsand. 1981. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Engen, Sigleif. Forsandboka B. 2 Gards- og ættesoge. Utg. Kommunen. Forsand. 1985. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Engen, Sigleif. Forsandboka B. 3 Gards- og ættesoge. Utg. Kommunen. Forsand. 1989. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Referanser
- ↑ "Våre røtter", s 165
- ↑ "Våre røtter", s 163
- ↑ G. Vaagen, "Våre røtter", s 131
- ↑ G. Vaagen, s 142
- ↑ Iver Torkellsen i Historisk befolkningsregister