Eltarvåg (Sandnes gnr. 98/1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Eltarvåg
Sted: Riska
Fylke: Rogaland
Kommune: Sandnes
Gnr.: 98
Bnr: 1
Type: gardsbruk

Eltarvåg (gnr. 98, bnr. 1) er ein gard i Riska bydel i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 34/1. Gammalt matrikkelnr. 14 og løpenr. 56a. Areal i 1886 i mark-øre 2-60.

Brukarar

Kristoffer Larsen

Kristoffer Larsen, fødd 1841, døyde 1882 [1]. Son til Lars Kristoffersen Eltarvåg (nr 13). Kristoffer kallest for "Gaardbruger" på Eltarvåg heilt frå 1864, så han dreiv vel garden i lag med faren. Men det var fyrst i 1874 han fekk skjøte frå faren på gardsbruket.

G.m. 1865 Kristina Knutsdtr., f. 1842, d. 1933, dotter til Knut Øyuvsen, husmann i Vier (nr 35).

Ho blei tidleg enkja og ho fortsatte å driva garden til 1900. Men ho stykka garden opp. I 1889 selde ho halvdelen til ein som var gift med ei slektning av henne, og i 1899 delte ho resten i to og lot den eldste sonen få den eine delen. Den siste delen, fjerdeparten, selde ho til ein fremmed i 1900. Noko seinare gifta ho seg med enkje mannen Eivind Tøge frå Strand. Dei budde i Uskjo (Folk i bygda-269).

Barn:

  1. Kristina, f. 1864, g.m. 1886 Ola Andreasen Usken, småbrukar i Kastevigjå (Uskjo-97)
  2. Inger, f. 1866, g.m. 1) 1886 Jakob Jakobsen, husmann i Uskakalven (d. 1888) (Uskjo-51), 2) 1889 Kristian Jakobsen, husmann i Uskakalven (Uskjo-52)
  3. Lars, f. 1868, bonde på Eltarvåg (nr 66), g.m. 1) 1890 Marta Larsdtr. (d. 1915), 2) 1916 enkja Karen Østensdtr. Eltarvåg
  4. Karen, f. 1871 , g.m. 1893 Ola Pedersen Usken, bonde i Uskjo
  5. Kristoffer, f. 1873, fyrst bonde på Hidle i Strand, sidan budde han i Stavanger og dreiv snekkarverkstad (dei lagde buss-karosseri), g.m. 1901 Eleonora Røberg (frå idle)
  6. Ivar Martin f. 1877, han hadde dette gardsbruket ei kort stund (sjå nedanfor)
  7. Inga Karina, f. 1879, g.m. Reinert Øglend, bonde på Saurnes i Sola.

Tomas Jakobsen

Tomas Jakobsen, fødd 1858, døyde 1914 [2]. Son til Jakob Torsen Kvalvåg i Strand.

Tomas budde fyrst på Kvalvåg nokre år, men omlag 1889 drog han til Hetland prestegjeld ein stad. Han hadde dette gardsbruket på Eltarvåg frå 1900 til 1902. Tomas var gardbrukar og dagarbeidar. Familien bodde i 1891[3] på Madla gnr. 38/21 "Birkeli". De hadde eit fosterbarn: Inger Jakobine Nilsdatter født 1882. I 1910[4] bodde dei i Vindmøllebakken 12. Han døde i 1914 i Avalsnesgata 61.

G.m. 1882 Tine Torsteinsdtr., f. 1861, ho var frå Byrkjedal i Forsand (nå i Gjesdal kommune).

Ivar Kristoffersen Eltervaag

Ivar Kristoffersen Eltervaag, fødd 1877, døyde 1933 [5]. Son til Kristoffer Larsen Eltarvåg (sjå ovanfor).

Han kjøpte dette gardsbruket som mora hadde hatt, men hadde det bare ei kort tid, 1902-1905. Så var han bonde på Hidle, og etterpå reiste han til Stavanger. Der var han vognmakar.

G.m. Teodora Jakobsdtr. , f. 1884, dotter til Jakob Varaberg[6], Vestre Åmøy. Mens dei budde her fekk dei sonen:

  1. Kristoffer, f. 1904.

Rasmus Pedersen

Ramus Pedersen, fødd 1863, døyde 1943 . Son til Peder Helgesen Verlo, Innvik i Nordfjord, Sogn og Fjordane.

Til å begynna med budde Rasmus i Espedalen der kona var ifrå. Han var anleggsarbeidar og arbeidde i vegvesenet i Stavanger. Dette gardsbruket på Eltarvåg kjøpte han i 1905 og hadde det til sonen overtok i 1930.

G.m. Marie Bjørnsdtr., f. 1870, d. 1956, ho var frå Øvre Espedalen i Forsand.

Barn:

  1. Alma
  2. Borghild, f. ca 1904, d. 1926
  3. Peder, f. 1907, bonde på Eltarvåg (sjå nedanfor)
  4. Ragnvald Marselius, f. 1910, d. 1913.

Peder Eltervåg

Peder Eltervåg, fødd 1907, døyde 1982 f. 1907, d. 1982. Son til Rasmus Pedersen, bonde på Eltarvåg (sjå ovanfor).

Peder overtok gardsbruket etter faren i 1930. Han var og anleggsarbeidar.

G.m. Margit Johnsen, f. 1913, ho er frå Stavanger.

Barn:

  1. Anne Lise, f. 1944.

Utskild frå denne matrikkeleining etter 1886

Skylddeling tinglest 11. januar 1890, hvorved avgår til Jakob Andreasen gnr. 98/9 "Ekeli" med skyld 1 mark 30 øre[7].

Litteratur og kjelder

Referansar

  1. Kristoffer Larsen Eltervaag i Historisk befolkningsregister
  2. Alsvik, Jan. Folk i Strand. Utg. Hafrsfjord forl.. Hafrsfjord. 1995. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Tomas Kristian Jakobsen i folketeljinga 1891 for Håland Herred frå Digitalarkivet
  4. Tomas Jakobsen i folketeljinga 1910 for Stavanger frå Digitalarkivet
  5. Ivar Martin Eltervaag i Historisk befolkningsregister
  6. Lindanger, Birger. Rennesøy. Utg. Rennesøy kommune. Rennesøy. 1993. Digital versjonNettbiblioteket.
  7. Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41BF/L0010: Pantebok nr. 17, 1888-1890, s. 834-835 i Digitalarkivet