Flatdalsbyen (veg)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Parti frå Flatdalsbyen.
Foto: Roy Olsen (2019).

Flatdalsbyen (veg) i Flatbygdi, Flatdal i Seljord kommune går vestover frå Flatdalsvegen og deler seg i ein nordleg og ein sørleg grein. Kring vegen ligg mange gardstun som dannar ein landsby.

I Noreg er det heilt uvanleg at hus og tun er samla i ein landsby, og det som på folkemunne blir kalla «bygdi» i Flatdal, er ein av svært få autentiske norske landsbyar. Her er 10–12 gardar, litt ettersom korleis ein reknar, samla i ein tett huskrull medan jorda som høyrer til gardane ligg spreidd utover den nesten 3000 dekar store flata mot Flatsjå. Forklaringa på dette uvanlege busetnadsmønsteret er at den flate dalbotnen frå gamalt av har vore sterkt utsett for flaum. Frå landsbyen til Flatsjå, ein strekning på fem km, fell terrenget berre med ni meter. Husa blei derfor lagt der det var høgast.

For å stå imot dei øydeleggande naturkreftene, har flatdølane i tre omgangar mellom 1870 og 1942 senka utløpet av Flatsjå. Det er og bygd mur langs elva. I 1969–70 vart Sundsbarmvatnet regulert, og faren for oversvømmelsar er nesten borte.

Kor gamal busetnaden i landsbyen er veit ein ikkje sikkert, men det finst dokumentasjon på at somme av gardane var der i mellomalderen.

Kjelder


Koordinater: 59.56476° N 8.57318° Ø