Håland (Kvinesdal gnr. 192)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Håland
Sokn: Fjotland
Fylke: Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 192
Ant. bruksnr.: 9 (2018)
Type: Matrikkelgard

Håland er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Garden har i dag gardsnummer 192. Han hadde tidlegare gnr. 23 i Fjotland kommune og i 1838 matrikkelnummer 195.

Geografi

Håland er ein heiegard. Han ligg omlag 3 km aust for Netlandsnes på 500 meters høgde. Dei to bruka på garden ligg i nordenden av Heievatnet, og med Heiefjellet i bakgrunnen.

Garden skiftar med fleire andre gardar på heia. I søraust møtest tre gardar ved Holmetjødna: Solli, Moland og Håland. Her frå skiftar Håland i aust med Moland til Snøhomheia, så skiftar garden vidare med Netlandsnes over Rysefjellet til Sletafjellet. Her frå går grensa austover til dagens kommunegrense med Hægebostad (tidlegare Eiken). Over mot Eiken skiftar Håland med Farhommen. Etter å ha følgd kommunegrensa nokre kilometer sørover, snur grensa sørvestover og følger terrenget tilbake til Homstjødna. Langs med denne skiftar Håland med Eftestøl, Førlandsås, Eikeland og Solli.

Gardsvaldet er prega av mykje hei, men også mange dalar, myrar og små tjern.

Gardsnamnet

Namnet Håland er sett saman av to ledd; Første ledd er hå-, som er avleia av det norrøne adjektivet hár, som vi i dag kjenner som høg. Andre ledd, –land, finn vi mange stadar på Agder, og tyder eng, åker. Det er då ofte snakk om ein del av ein tidlegare gard som er skilt ut for seg. Ein reknar med at dei fleste –landgardane blei skilde ut og rydda under folkevandrings- og merovingertida (500-800 e. Kr.)

Gardsnamnet Håland finn ein igjen ei rekke stadar frå Agder til Sunnfjord. Sør i Kvinesdal, i gamle Feda kommune, ligg og eit Håland.

Bruken av namnet Håland er interessant. Så seint som i 1886 blei det skrive i matrikkelen at «De under dette Gaards-No. hørende Brug kaldes alm. Heien.» Garden blei altså kalla «Heien» (Heie) på folkemunne. I fleire skriftlege kjelder finn ein også namnet Udbjørsheia. Ein kan tenka seg at det opphavelege namnet på garden var Håland. I seinmellomalderen (1350-1550) blei garden liggande øyde og Udbjørsheia blei namnet då dei tok opp garden att på 1600-talet. Då hadde garden blitt nytta som støl og slåttemark ei tid. Ein finn namnet Udbjørsheia blant anna i ei rettskjelde frå 1682.

Håland blei likevel verande det offisielle namnet i matriklar og jordebøkar. Dette viser ein kontinuitet i forvaltninga av skattesystemet gjennom fleire hundre år tilbake til høgmellomalderen (1130-1350 evt.) Etter kvart som den skriftlege kulturen blei sterkare utover på 1900-talet, så kom namnet Håland tilbake og er no namnet som blir nytta om garden.

Jernslagg som er funne ved Heievatnet, kan også tyda på aktivitet tilbake til jernalderen.

Namn i innmark og utmark

Ein av slåttane sør for innmarka på Håland blir i fleire kjelder omtala som «Øygarden» eller «Ødegaarden», blant anna finn vi namnet i ei skyldsettingsforretning frå 1851. Ein øydegard tyder eigentleg eit gardsbruk som hadde blitt fråflytta og lagt aude. Ein kjenner til særs mange av desse etter svartedauden og krisetida i seinmellomalderen. Det var dei marginale gardane som først blei forlatne i krisetider, ofte låg dei høgt til fjells. Bygdefolket fortsette likevel å slå graset og nytta innmarka til drift av krøter, eller til støls- og seterdrift. «Øydegard» blei derfor også ei nemning på støl og seter, nokre gonger også på ein slått som hadde bygningar knytte til seg. Derfor kan ein finna gamle slåttemarkar kalla «øygarden» utan at det har vore eit regelrett gardsbruk der.[1]

Øygarden på Håland kan òg ha vore der garden stod i mellomalderen.

Somma av namna fortel også om gamle vegfar. Ein har Eptestølvegen til Eftestøl og Åsevegen, som gjekk til Førlandsås. Begge desse vegane gjekk sørover. Ein finn også Bubruna over Kvednebekken ved åsen Morgenlaue sør for Ytre Heievatnet.

Nordover frå garden går dalane Heiedalen, Timredalen og Hestedalen.

Fleire namn i utmarka fortel ei historie. I Hålands utmark finn ein Brudesprangbekken.

Kulturminne

Dei fleste registrerte kulturminna på Håland er knytte til stølsbruk i utmarka. Ved den nemnde myrslåtten Øygarden er det tufter etter stølshus. Lenger sør i same dalen har det òg vore støl ved nordenden av Langvatnet. Heilt i aust var det setrar ved Spannshommen og Litlårdalsvatnet, desse to har tidlegare lege under Eftestøl, men blei makeskifta til Håland i 1809.

I aust inn ved fjellet Geiteryggen er det fleire spor etter skjerping etter molybden. Desse forsøka blei gjorde omkring første verdskrigen (1914-1918) og var knytte til gruvedrifta og industrien som vaks fram i og rundt Knabengruvene.

Gardsbeskrivingar og livsgrunnlag

I dei offisielle matriklane gjennom 1600- og 1700-talet finn ein informasjon om at folka på Håland hadde skog nok til brennefang. Det er ikkje nemt støl, men ei flaumkvern. I 1803 blei det presisert at denne var til å dekka «husbehovet».

Same året, i 1803, har dei òg kome i gang med jordepledyrkinga. Dette året sette dei 1 ½ tønne jordeple. Jordeple kom som eit kjærkome tillegg til korndyrkinga mot slutten av 1700-talet. Spesielt på gardar der kornet ofte fraus, var dette ei årviss forsikring om at ein fikk noko utkome. Dei neste åra fekk dei stor fart på jordeplesettinga og i 1865 dyrka dei 8 tønner. Då var volumet i korndyrkinga og jordeplesettinga omtrent like stort. Talet på innbyggarar på Håland auka mykje i same perioden, og det blei også skilt ut eit nytt bruk.

Jordbruk og husdyrhald

1665 1723 1865 1939
Korn 5/4 t 2 1/2 t 8 1/2 t
Jordeple 8 t
Hestar 1 2
Storfe 4 5 22
Småfe 6 12 68

Matriklar og folketal

1639 1661 1723 1802 1838 1886 1950 2019
Nr - - 152 389 195 23 23 192
skyld 3 kalvskinn 1/2 h 6 engelsk 6 engelsk -
Tal på bruk 2 2 2 2 5 9

Folketal

I 1865 var det registrert 25 personar på Håland, i 1900 var dei 9. Auken i talet på menneske på Håland ved inngangen til andre halvdel av 1800-talet samsvarar med liknande utvikling mange stadar i Noreg på denne tida. Denne perioden kom etter at betre barselspleie og nye jorddyrkingsmetodar hadde ført til raskare folkeauke, men kom før utvandringa til Amerika og industrialiseringa, som førte til at folk flytta ut og busetnadsstrukturen endra seg i by og bygd.  

Kor mange bebuarar (M: Berre vaksne menn)

1665 1801 1865 1900 1920
3M 10 25 9 6

Eigedomsforhold

Dei fleste kjeldene tyder på at Håland har vore øydegard under Øvre Kvinlog fram til midten av 1600-talet. I ei rettssak frå 1682 er det nemnt at ein Kolbein frå Josdal i Tonstad kjøpte «Netland og Risnes, og dend støle Udbora i Øster fiellet» i 1508. Dette kunne tyda på at Håland, også kalla Udbjørsheia, var ein del av dette salet. Som nemnt ovanfor blei dei gamle øydegardane nytta som støler. Dette blei likevel avvist av retten, som stadfesta at Håland hadde kome frå Øvre Kvinlog, og at skyldfolket på Netland ikkje hadde retter i Håland.

Håland har vore bondeeige sidan den blei skild ut i frå Øvre Kvinlog. Første gong vi møter garden i dei skriftlege kjeldene er 1647.

Bruk og eigedomar

Bnr. Bruksnamn Type eigedom Utskild frå Matrikulert Løpenr. (før 1886) Skyld 1950 Eigar 1886 Eigar 1950 Notat
1 Håland Gardseigedom 702 1 mark 26 øre Kolbein Pedersen Peder K. Håland og Tor K. Håland
2 Håland Gardseigedom 703a 0 mark 40 øre Ole Rolvsen Tor K. Håland Husa benyttes som fritidsbustad
3 bruk 2 1838-1851 703b Mads Iversen
4 Håland bruk 2 1851 703c 0 mark 11 øre Sigbjørn Svendsen Svend Osmundsen Mæland
5 Håland bruk 2 1851 703d 0 mark 02 øre Kolbein Pedersen Kolbein Pedersen
6 bruk 2
9 Fjellheim bruk 2 1937 0 mark 40 øre Peder K. Håland

Folket på Håland

Den udelte garden

  • Torje Olsson Øvre Kvinlog (1614-1679)

Torje var truleg rydningsmann på Håland. Han var frå Øvre Kvinlog, som Håland er skild ut frå. I 1649 makeskifta han Håland mot søsteras to engelsk i Øvre Kvinlog og drog dit nokre år seinare. Sjå meir om han og hans familie der. Torje fekk også 13 6/7 riksdalar og 13 skilling for ryddingsarbeidet av søstera Siri.[2]

-

  • Siri Olsdotter Øvre Kvinlog (n. 1649)
  • Tollei Ulfsson Frikstad, Iveland (1594-ca. 1670)
    • Atlak (1624-1702) Sjå nedanfor
    • Ulf (1640-n. 1712) g. m. Marit Asbjørnsdotter Skibeli, Bakke (Sjå Sirdal 4, s. 111) til Bakke
    • Asgerd (n. 1687) g. m. Gullik Iversson Risnes (n. 1687) Sjå Risnes
    • NN (kvinne), g. m. Ommund Voilås (1632- n. 1664) frå Gyland

Siri kom frå Øvre Kvinlog og var søster av Torje. Tollei var son av Ulf Øvre Frikstad i Iveland.[3] Eldste son overtok.

-

  • Atlak Tolleisson (1624-1702)
  • g1. med Asgerd Toresdotter Øvre Kvinlog (d. 1669)
    • Tollei (n. 1669) Sjå lnr. 703
    • Tore (1662-1742) Sjå lnr. 702
    • Siri (n. 1669-1695) g. m. Torgrim Ormsson Solli (1648-1716). Sjå Solli
    • Jorunn (n. 1669-d. 1713) g. m. Ola Sjursson Orte i Eiken (d. før 1709)[4]
    • Asgerd (n. 1669-1702) g. 1679 m. Olav Bjørnsson Netlandsnes (-1698). Sjå Netlandsnes
  • g2. med Åsne Olsdotter Netlandsnes (f. før 1679)
    • Ingen born

I skiftet etter Asgerd var det blant dei vanlege tekstil- og husgerådsakene mellom anna bøker for 20 riksdaler. Her får vi også vite at Atlak hadde kjøpt gardpartar av søskena sine og hadde som mål å kjøpa heile garden. I 1668 bygsla han halve garden av Olav Ramsli, medan faren hadde andre halvparten. Då han døydde, hadde han samla heile garden og delt han igjen mellom dei to sønene sine.

Då dottera Asgerd blei enke etter Olav Bjørnsson, flytta ho og dei små borna tilbake heim til Håland, og Atlak sørgde for at garden på Netlandsnes gjekk rundt. Desse to familiane var tette. Atlak gifte seg andre gong med ei dotter Olav hadde frå eit tidlegare ekteskap, Åsne. Åsne gifta seg seinare, i 1717, med Olav Ommundsson Netland.

Atlak var nok ein karakter på fleire måtar. Han blei blant anna stemna i 1700 for å ha drive ulovleg sag. I 1688 hadde det blitt innført strenge restriksjonar på sagbruk, men på heia kunne ein nok ta sjansen på å driva litt på kanten av lova. Atlak var likevel ein svært mykje nytta lagrettemann og vitne i tingsakar. Noko som var plikt for alle, men som regel blei bøndene med høg sosial rang mest nytta.

-

Lnr. 702/Bruk 1

  • Tore Atlaksson (1662-1742)
  • g. 1687[5] med Gunvor Torkelsson Sindland
    • Atlak (-1758) Sjå nedanfor
    • Torkel (1704-) g. 1733 m. Anna Kristoffersdotter Jerdal. Sjå Biktjørn
    • Asgerd g. 1718 m. Lars Torgrimsson Moland. Sjå Lindhommen
    • Siri (-1758) g. 1726 m. Torgrim Torgrimsson Skaret i Gyland (-1758). Til Gyland

Eldste sonen Atlak tok over.

-

  • Atlak Toresson (-1758)
  • g. 1725 med Mari Torgrimsdotter Solli
    • Gunvor (1726-1816) Sjå nedanfor
    • Tore (1729-1730)
    • Tore (1731-1732)
    • Torborg (1733-1821) g. 1751 m. Jo Persson Lindeland (1726-1805) Sjå Lindeland
    • Asgerd (1736-1759) g. 1758 m. Tosten Olsson Lindhommen (1729-1802) Sjå Lindhommen
    • Mari (1738-1811) g. 1760 m. Jesper Persson Stakkeland (1733-1788) Sjå Stakkeland
    • Tore (1743-1744)
    • Åsne (1746-1746)

Fire jenter vaks opp, medan tre gutar og ei jente døydde medan dei var born. Eldste dottera Gunvor tok over.

-

  • Gunvor Atlaksdotter (1726-1816)
  • g. 1749 med Kolben Olsson Knaben (1714-1789)  
    • Olav (1750-1773)
    • Marte (1753-1837) g. 1771 m. Per Guttormsson Eftestøl (1749-1842) Sjå Eftestøl
    • Mari (1758-1844) g1. 1776 m. Per Josson Lindeland (1752-1789), g2. 1791 m. Lars Stålesson Knaben (1751-1800) Sjå Eftestøl og Knaben
    • Atlak (1761-1844) Sjå nedanfor
    • Siri (1764-) g. 1791 m. Tollak Kolbensson Finsnes i Sirdal (1756-1818) Til Sirdal
    • Åsne (1767-) g1. 1789 m. Salve Torgrimsson Fjotland (1760-1800), g2. 1802 m. Jakob Vrålsson Førlandsås (1749-1811) Sjå Fjotland

Dei var først i Knaben, før dei fekk eit bruk på Lindeland i Sirdal. Seinare kom dei til Håland etter at dei hadde makeskifta til seg eit bruk i Eftestøl.[6]

-

  • Atlak Kolbensson (1761-1844)
  • g. 1782 med Siri Stålesdotter Knaben (1765-1850)
    • Kolben (1786-1852) Sjå nedanfor
    • Ståle (1789-1844) g. 1820 m. Guri Svensdotter Lien (1802-1870) Sjå Eftestøl
    • Gunvor (1792-1851) g. 1814 m. Tollei Torjesson Knaben (1783-1841) Sjå Knaben
    • Olav (1796-1798)
    • Asgerd (1800-1880) g. 1818 m. Asbjørn Karlsson Liland i Sirdal (1799-1874) Til Sirdal
    • Siri (1805-1835) g. 1831 m. Per Persson Ousdal i Sirdal (1794-1850) Sjå Eftestøl

Kolben fekk bruket familien hadde i Eftestøl, medan Ståle fekk Håland. I 1832 bytta dei gardar. Les meir om Ståle under Eftestøl.

-

  • Kolben Atlaksson (1786-1852)
  • g. 1810 med Gunvor Persdotter Eftestøl (1785-1875)
    • Siri (1811-1855) g. 1833 m. Alv Torgrimsson Eikeland (1804-1853) Sjå Eikeland
    • Atlak (1812-1812)
    • Atlak (1814-1831)
    • Per (1816-1896) Sjå nedanfor
    • Marte (1820-1820)
    • Olav (1821-1821)
    • Marte (1822-1822)
    • Marte (1823-1823)
    • Olav (1827-1828)
    • Asgerd (1829-1829)
    • Atlak (1832-1903) Budde heime fram til mora døydde. I 1875 var han gardsarbeidar på Førlandsås, og det står om han i folketeljinga: «Sindsvag (Tulling)». Han døydde på Øvre Kvinlog.

Berre tre av dei elleve borna blei vaksne. Sonen Per overtok garden i 1853 mot ei folgekontrakt.

-

  • Per Kolbensson (1816-1896)
  • g. 1843 med Kari Tonetta Torgrimsdotter Eikeland (1821-1879)
    • Gunvor (1844-1922) g. 1866 m. Tosten Olsson Førlandsås (1834-1908) Sjå Eftestøl. Gunvor fekk òg Gurine (1861-1909) med Guttorm Torjesson Fjotland. Les meir om Gurine under Førlandsås
    • Kolben (1848-1848)
    • Kolben (1849-1896) Sjå nedanfor
    • Lise Tobine (1853-1934) g. 1876 m. Mass Ivarsson Netland (1845-1928) Sjå Netland
    • Anne Sofie (1856-1941) g. 1880 m. Torgrim Jakobsson Knaben (1854-1923) Sjå Knaben
    • Inger Marie (1859-1936) g. 1880 m. Jakob Jakobsson Knaben (1850-1893) Sjå Knaben
    • Anne Martine (1861-1862)
    • Torgrim (1864-) Til USA

Lise Tobine og Mass budde ei tid her etter at dei gifta seg. Les meir om dei under Netland. Kolben overtok garden i 1877.

-

  • Kolben Persson (1849-1896)
  • g. 1881 med Torborg Torsdotter Eiesland (1855-1931)
    • Karen Tonetta (1882-1972) g. 1915 m. Guttorm Øyusson Bergesli (1873-1927) Sjå Bergesli
    • Torborg (1884-1978) g. 1915 m. Ivar Torkelsson Risnes (1883-1964) Sjå Risnes
    • Per (1887-1968) Sjå nedanfor
    • Tor (1890-1970) Sjå nedanfor
    • Anne Martine (1893-1983) g. 1922 m. Isak Tollefsson Netland (1896-1985) Sjå Netlandsnes
    • Ingeborg (1895-1977) g. 1914 m. Jørgen Martin Persson Ousdal i Sirdal (1891-) Til Sirdal

Kolben drukna i Åsevatnet på veg heim frå kyrkja i slutten av april 1896. Isen som han hadde gått over om morgonen hadde veikna og bar ikkje på heimvegen. Torborg let då over garden til Tor.  

Brørne Per Håland (1887-1968) og Tor Håland (1890-1970) dreiv begge bruka saman og var dei siste som budde på Håland. I 1972 blei det halden ein stor auksjon i buet etter brørne. Det blei mellom anna seld ein gamal bibel og armbrøst. Sjølve garden blei også lagt ut på auksjon, men kommunen kunne ikkje gje konsesjon til kjøparen frå Jæren med det høgaste bodet på 201 000,- kr.

Seinare eigde søstera Torborg bruket, og delte det mellom sine søner.

-

Lnr. 703/Bruk 2 og 3

  • Tollei Atlaksson (n. 1669-1753)
  • g1. med Karen Hansdotter (d. 1709), frå Danmark.
    • Asgerd (n. 1709- død før 1753)
    • Berte (1704-1784) g. m. Torgrim Olsson Mjåvatn (1704-1780). Sjå Mjåvatn
  • g2. 1715 med Anna Olsdotter Lindefjell  
    • Atlak (1716-1786) Sjå nedanfor
    • Karen (1718- d. før 1753)
    • Olav (1720-1796) g. 1746 m. Ingeborg Ohnsdotter Ousdal (d. 1789)
    • Alv (1724-d. før 1753)

Tollei var i København i 1698. Han skal ha vore i kongens teneste i 18 år før han kom heim til Håland med dansk kone.

-

  • Atlak Tolleisson (1716-1786)
  • g. 1738  med Anna Ormsdotter Solli (1719-1808)
    • Anna (1739-1810) g. 1776 m. Osmund Reiersson Mygland (1720-1800). Sjå Mygland
    • Tollei (1743-1818) Sjå nedanfor
    • Orm (1745-)
    • Anna (1747-1833) g. m. Kolben Olsson Mjåvatn (1738-1811). Sjå Mjåvatn
    • Tore (1750-) i København i 1787
    • Atlak (1753-1809) g. m. Alette Eielsdotter Lindeland (1754-1831). Sjå Haddeland
    • Guttorm (1755-1786)
    • Asgerd (1760-1837) Sjå nedanfor

Atlak var i konflikt med søskenbarnet Atlak Toresson på nabobruket om fordelinga av utmarka etter at fedrene hadde delt garden.[7] Etter Atlak og Anna gjekk bruket til sonen Tollei

-

  • Tollei Atlakson (1743-1818)

Tollei blei ikkje gift. I 1809 skreiv han derfor bruket over til søstera Asgerd og dottera hennar Kristina, mot at han skulle ha folge.

-

  • Asgerd Atlaksdotter (1760-1837) fekk barn med Olav Ommundsson Netland (1763-1852)
    • Kristina (1792-1855) Sjå nedanfor

-

  • Kristina Olsdotter (1792-1855)
  • g. 1814 med Sigbjørn Svendsson Listøl i Sirdal (1782-1831)
    • Tollei (1815-1878). Sjå nedanfor
    • Svend (1817-1828)
    • Tore (1819-1874) g. 1845 m. Marthe Torjesdotter Austdal (1823-1880). Til Bjerkreim
    • Helena (1821-1858) g. 1850 m. Torje Tolleivsson Knaben (1815-1870). Sjå Knaben  
    • Torkel (1824-1854)
    • Anna (1826-1912) g. 1855 m. Knut Larsson Brattebø (1833-1919). Til Bjerkreim
    • Serine (1829-1860) Sjå nedanfor

Sigbjørn blei fødd på Listøl i Sirdal, men familien flytta til Moland då Sigbjørn var ung. Kristina skifta i 1841 og gav bruket vidare til sonen Tollei.

-

  • Tollei Sigbjørnsson (1815-1878)
  • g. 1857 med Inger Marie Larsdotter Helle (1833-)  
    • Karen Sofia (1858-1949) g. 1885 m. Hoskuld Hoskuldsson Ousdal (1845-1893) Til Ousdal og Risnes
    • Sigbjørn (1862-)

I 1853 skilde Tollei ut ein part som han selde til Toru Torgrimsson Eikeland, som blei bruk 3. Denne parten blei bruk 2.

-

Bruk 2

  • Serine Sigbjørnsdotter Håland (1829-1860)
  • g. 1855 med Rolf Olsson frå Tjaldal i Åseral (1826-1916)
    • Olav (1855-1933)  
    • Gunvor Tobine (1859-1928)

Serine og Rolf leigde ei tid i Åvesland i Eiken. Serine døydde der. Rolf og borna flytta først til Knaben, og kom seinare til Håland.[8] I folketeljinga i 1891 var det sonen Olav som ble ført som «husfader». Dei kjøpte opp nabobruket (bruk 3). Olav og søstera Gunvor Tobine budde saman her ut tida si. Per Håland på nabobruket kjøpte buet i 1935. Sjå bruk 1.

-

Bruk 3

Dette bruket blei skilt ut frå bruk 2 i 1852. Toru Torgrimsson Eikeland og Anna Malena Steinarsdotter Helle budde her til 1870. Les om familien deira under Eikeland. Sonen Tobias overtok bruket, men selde garden vidare i 1890. Han kan ein òg lesa om under Eikeland.

-

Folk som ikkje kan knytast til eit bruk

  • Jon Håland, nemnd 1692
  • Salve Jonsson Håland, nemnd 1682
  • Gisle Gislesson (1704-), dreng i 1718

-

1037 Kvinesdal komm.png Håland (Kvinesdal gnr. 192) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.

 


Litteratur og kjelder

Referansar

  1. Hagemann, Torfinn Heieliv i Hekkfjeddet 1989
  2. Per Seland «slektskretsen rundt Øvre Kvinlog i Fjotland på 1600-tallet» i Agder historielags årsskrift 1969, s. 69
  3. Sjå Iveland, s. 746
  4. Jerstad, Johan & Veggeland, Tor: Gards- og ættesoge : Fjotland, Hegland trykkeri, Flekkefjord, 1979, Digital versjonNettbiblioteket, s. 642
  5. Jerstad, Johan & Veggeland, Tor: Gards- og ættesoge : Fjotland, Hegland trykkeri, Flekkefjord, 1979, Digital versjonNettbiblioteket, side 646
  6. Seland, Per: Sirdal gard og ætt b.1. Utg. Kommunen. Tonstad. 1980. Digital versjonNettbiblioteket, s. 762
  7. Jerstad, Johan & Veggeland, Tor: Gards- og ættesoge : Fjotland, Hegland trykkeri, Flekkefjord, 1979, Digital versjonNettbiblioteket, side 644
  8. Eiken 4, s. 83