Hans Dahl (1849–1937)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Dahl i atelieret.

Hans Dahl (fødd 19.02.1849 i Granvin, død 27.07.1937 i Balestrand) var kunstmålar. Han var son av infanterikaptein Hans Andreas Dahl og Eline Jacobine Wallendahl, gift med Helene Bewer (1862-1827) i Bergen i 1888. Born Hans Andreas Dahl og Eline, gift med Ludwig Wiese.

Hans Dahl gjekk i faren sine fotefar og vart eksaminert offiser i 1871. Studietida ved Krigsskolen kombinerte han med målaropplæring hjå Johan Fredrik Eckersberg og Knud Bergslien, samt hjå Julius Middeltun ved Den kongelige Tegneskole. Deretter avanserte han med kurs ved Kunstakademiet i Karlsruhe under Eduardo von Gebhardt og Wilhelm Sohn (1872-73), før Kunstakademiet i Düsseldorf under Wilhelm L. F. Riefstahl og Hans Gude (1873-76). Her tok han avgjerda om å satse på kunsten. Han avslutta sitt engasjement ved Den Bergenske Brigade i 1874.

Dahl vart buande i Düsseldorf. Den fyrste utstillinga hans var der i 1876 samt at han deltok på verdsutstillinga i Philadelphia same år. I løpet av kunstnarlivet deltok han på ein del utstillingar, ma. også på verdsutstillingane i Paris i 1878 og i 1889. I 1902 mottok han St. Olavs Orden og i 1910 fekk han utnemninga kongeleg Prøyssisk professor.

Familien flytte til Berlin i 1888. Dahl vart antakeleg kjend med Adelsteen Normann i Düsseldorf, men dei budde òg samstundes i Berlin. Det var gjennom denne kontakten at Dahl fann vegen til Balestrand, der han sette opp ein drakestilsvilla i 1893. Villaen var kjøpt som ferdighus frå firmaet Jacob Digre i Trondheim, den fekk namnet Villa Strandheim der den spegla seg i Sognefjorden. Familien pendla mellom Berlin og Balestrand fram til 1919, etter det var dei fastbuande i bygda. Fram til då hadde han til liks med Normann reist attende til Noreg kvar sommar, det var her han hadde funne ein motivkrins som han seinare heldt seg til. I det store atelieret tok han imot interesserte kjøparar. Keisar Wilhelm II vart ein god ven og ein god kunde. Dahl sine romantisk biletuttrykk hadde ein trufast kundekrets, og sjølv om nye stilartar hadde etablert seg i kunstverda, selde han godt. Landskapsmåleria, ofte med bunadskledde jenter var mykje omtykte i utlandet.

I løpet av Balestrand-tida engasjerte Dahl seg sterkt i ulike emne, både som forfattar og føredragshaldar. Han skreiv fleire polemiske skrifter, ma. mot samtidas kunst, men i hovudsak var han sterkt oppteken av «Sundhet og Arbeidskraft», og sverja difor til bruk av ullklede, noko han doserte om ved føredrag i Oslo i 1928. Det vart fortalt at det ikkje var uvanleg at han vinterstid låg ute på verandaen, og at skjegget kunne vere rimlagt om morgonen. Han hadde «ull på hjernen» og var truleg til fulle kledd.

Dahl er gravlagd ved Tjugum kyrkje i Balestrand.

Galleri

Bibliografi

Kjelder

  • Melkild, Arne: Kunstnarliv. Utg. Skald. 1993. Digital versjonNettbiblioteket
  • Red. Nasjonalgalleriet 1982. Norsk kunstnerleksikon. Bind I. Oslo: Universitetsforlaget                          
  • Urtegaard, Gunnar. 1991 Balestrand Gards- og ættesoge Bind II.