Harald Ulrik Sverdrup (1813–1891)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Harald Ulrik Sverdrup)
Hopp til navigering Hopp til søk

Harald Ulrik Sverdrup (fødd 18. februar 1813 i Tønsberg, død 23. april 1891 i Balestrand) var prest og politikar. Han var var son til godsforvaltaren og landbrukslæraren Jacob Liv Borch Sverdrup. Blant brørne var statsminister Johan Sverdrup (1816-92) og landbrugsskolebestyrer Peter Jacob Sverdrup (1802-72), og han var far til Jakob Sverdrup (1845-98).

Den fyrste undervisninga fekk han heime hjå faren og etter kvart farsystera Elisabeth. I åra 1824-28 gjekk han Middelskolen i Larvik før han igjen fekk undervisning heime. Han vart student i 1831 og cand. theol. i mai 1837. Frå same haust og i seks år arbeidde han på universitetsbiblioteket i Christiania, samstundes som han var lærar på Nissens latin- og realskole frå opprettinga i 1843, og lærar for kvinnelege fangar på Kristiania tukthus.

Den 29. november 1845 vart han utnemnd til residerande kapellan i Leikanger i Sogn og Fjordane før han vart utnemnd til sokneprest i Balestrand då prestegjeldet vart utskilt frå Leikanger 1. mars 1849. Dette embetet hadde han heilt til 1883. Alt i 1853 fekk han seg ein helseknekk og heldt sidan personleg kapellan som tok seg av gudstenestene. Sjølv avgrensa han embetsgjerninga til sjelesørgjarverksemda og den administrative sida av embetet.

Sverdrup var svært sentral i politikk og samfunnsliv. Han var ordførar i Leikanger 1848-1849, og i den nyoppretta kommunen Balestrand 1849-79. Han stod bak opprettinga av Balestrand sparebank i 1847, der han var direktør til 1886. Som medlem i amtstinget var han sterkt medverkande til skipinga av Nordre Bergenhus Amts Dampskibe i 1858, og han var styremedlem i selskapet heilt til kring 1880. Han var elles forlikskommissær den lange perioden 1856-89. Det var truleg på hans initiativ at Balestrand lærerskole vart skipa i 1863, og han hadde ansvaret for lærarskulen til han vart nedlagd i 1880.

Sverdrup representerte Nordre Bergenhus amt på Stortinget frå 1851 til 1869, og 1874-76. Grunna sjukdom møtte han ikkje i 1858 og 1875. Han var formann i kyrkjekomiteen 1851, sidan medlem i same fram til 1860, deretter 1862-69 i kyrkjekomite nr 2, 1874-76 i kyrkjekomiteen att. Frå 1854 var han medlem av valkomiteen i alle seinare storting han var med på. Elles sekretær i adressekomiteen 1851, komiteen om representantfordelinga 1857, komiteen om statthaldarsaka 1859-60, 1864 om den dansk-tyske krig, 1874 av jarnbanekomiteen. I 1860 var han med i deputasjonen som Stortinget sende til kongekroninga i Stockholm. År 1853 var han medlem av ein kongeleg kommisjon om fattiglovgjevinga.

Han skreiv ei forklaring, Udtog af Dr. Erich Pontoppidans Forklaring til de Enfoldiges Nytte, som kom ut fyrste gongen i 1856 og sidan i mange opplag.

Sverdrup gifte seg 4. juli 1844 med Caroline Metella Suur (1816-1903), dotter til sokneprest i Borre Jakob Rosted og Margrethe Elisabeth Bøyesen. Dei fekk fem søner som alle vart teologar og tre døtrer som alle vart gifte med prestar.

Kjelder

Eksterne lenkjer