Haualand (Sandnes gnr. 106)
Haualand er ein matrikkelgard i Sandnes kommune med gardsnummer 106. Tidlegare låg Haualand i Hetland kommune og hadde gardsnummer 42. Det var 4 bruk på Haualand i 1886.
Garden
Denne garden ligg i øvre bygda rett nord for Hogstad. Det meste av Haualand sitt område ligg oppe på bakken, men noko ligg også under bakkekanten, på flaten og
myrane attmed Merland. Gardstunet ligg på 120 meter over havet, med innmarka rundt. Utmarka strekker seg både vestover, opp i fjellskråninga, men også på austsida av tunet nede attmed Merland. Her nede heiter det Heiane og her var det i si tid ein husmannsplass. Haualand skiftar med Skjørestad og Bjelland i nord, Merland i aust og Hogstad i sør.
Gardsnamnet
av Inge Særheim. I nedarva riskamål vert dette namnet uttala Høualann /"høualan/. Dei eldste skriftformene er frå 1520-åra: Howeland i 1519 og Haghlandh i 1521. Mange gonger på 1600-talet vert det skrive Hougland, Hougeland og Hoffueland. I Norske Gaardnavne har ein gått ut frå at den nedarva uttale-måten er Håvlann, og føreleddet er der tolka til ordet hov n. 'gudehov', som fleire Hovland-namn i Rogaland. Av di denne tolkinga byggjer på feil grunnlag, og ikkje er i samsvar med nedarva uttalemåte og den eldste skrifttradisjonen, kan ho ikkje godtakast. Alt tyder på at Haugaland er samansett med ordet haug m., som namnet på nabogarden, Hogstad. Båe desse gardane ligg i kupert terreng, med bratte bakkar ned mot myrlendet ved Merland og ned mot Lutsivatnet.
Matrikkelgarden
Landskyld/Matrikkelskyld
Landskylda av Haualand var 3 vetter korn i 1617, det er 18 spann. Ei liste i lensrekneskapen frå 1644 har bare 1/2 pund korn på Haualand (=12 spann), mens ei
anna skatteliste frå seinare det same året har 3 vetter som oppføre. Matrikkelen i 1838 har 4 dalar, 0 ort, 16 skilling på Haualand. I 1889 står garden med 7 mark og 73 øre.
Skatteklasse
I gardsklassesystemet var Haualand øydegard eller kvartgard.
Nummer i eldre og nyare matriklar
1668 No 43 i Gand skipreide
1838 Matrikkel no 12 i Gands tinglag
1851 Matrikkel no 22 i Hetlands tinglag
1889 Gardsno 42 i Hetland herred
Nå Gardsnr 106 i Sandnes kommune.
Den eldste gardshistoria
I øvre bygda er Hogstad den største og eldste garden, og Haualand, Bjelland og Merland var til å begynna med teigar eller partar av opphavsgarden. I løpet av folkevandringstida (400 - 600 e.Kr.) blei dei tre landområda skilde ut som eigne gardar. Og dei som slo seg til her var vel utflyttarar frå Hogstad. Også i vikingtida budde det folk på Haualand. Nå i yngre jernalder var det mindre folk i bygda og ein del gardar låg folketome. Sidan Haualandsgarden var i drift, må det ha vore bedre jordbruksforhold her enn på andre av gardane frå folkevandringstida.
Me veit ikkje stort om Haualand utover i kristen mellomalder. Garden må ha vore i drift i høgmellomalderen, men etter Svartedauen, ca 1350, fylgde ei lang nedgangstid. Som så mange andre gardar i bygda, var også Haualand utan folk i ein del av denne tida. Kor lenge garden låg øyde i seinmellomalderen veit me ikkje,
men det kan i verste fall ha vore heile tida frå 1350 til omlag 1500, altså bortimot 150 år. I denne tida brukte nabogarden, Nordre Hogstad, området på Haualand. Det blir sagt i matrikkelen frå 1665: "Hofueland Har tilforn ligget der under". Det dyrka området på Haualand ligg så nært innmarka og gårdshusa på Nora Hogstad at Hogstadfolka kan ha spadd åkrane på garden og halde jorda i hevd. Noko som kan forklara at Haualand så snart kom i bruk igjen, lenge før dei andre øydegardane i bygda.
I øydetida kan ein del av den opphavlege utmarka til garden ha blitt lagt til Skjørestad. Skiftet mellom Haualand og Skjørestad er nå svært kroket, og noko meir av fjellsida i vest kan eigentleg ha høyrt til Haualand. Nedføre Haualand ligg Merland, den garden i bygda som låg lengst utan folk i seinmellomalderen. Etter at garden på Haualand var kommen i drift igjen, nytta bøndene der Merlandsområdet til slått og beite for husdyra. Då det flytta folk ned til Merland igjen utpå 1600-talet og garden blei skilt ifrå Haualand, blei likevel ein del av området der nede verande under Haualand. Det gjeld Heiane og myrane rundt Merlandstjødnå. I1665 kravde bonden på Merland å få dette lagt til sin gard då det låg så lagleg til for han ("Merllands bellelig tilliggend Myresllaate och fee bedde"). Skiftet mellom gardane blei likevel verande der det då var. Og Merlandsmannen måtte legga "en grensgard" i "marchschiffte" mellom Merland og Haualand. Nede i Hogstad-dal var det også sjau med naboane. I 1665 får me vita at bøndene på Haualand og Hogstad slo høy i felles mark der nede. Men dei andre meinte at han på Haualand brukte for stor del av marka, så dei kravde å få skifta området.
Gardsdrift
Åkerbruket
Om garden på Haualand heiter det i 1668 at han låg "noget til fields". Åkerjorda blei då vurdert som "hielpelig Koren Jord." Det vil seia at dei var hjelpte, men det
kunne vore bedre. I 1723 blei det sagt at garden var "Tungvunden". Det året sådde dei 4 tønner korn og hausta 27 tønner. Altså gav jorda 6,8 foll, og det er litt under
bygdegjennomsnittet. Listene over korntiende viser at dei fekk små kornavlingar på Haualand i fyrste halvdelen av 1600-talet. Og i 1668 sådde dei to bøndene 5 tønner korn tilsaman, i 1723 var det bare 4 tønner og i 1775 vel 4. Kornavlingane var i 1723 27 tønner og i 1775 26 tønner. Dette siste året hadde ein bonde i Riska i gjennomsnitt dobbelt så stor kornavling, det viser kor smått dei sat i det her på Haualand. Så smått kunne dei ikkje fortsetta med å ha det. Det blei rydda meir jord, og i 1802 hausta dei to bøndene på garden 40 tønner korn, i 1835 sådde dei det doble av det dei hadde gjort i 1775.
Nå blei det plass til fleire og frå 1801 til 1875 steig talet på familiar på garden frå to til fem. Samtidig fortsette nydyrkinga, og i 1875 sådde dei meir enn dobbelt så
mykje som i 1835. Kvar jordbrukar hadde dermed fått det mykje bedre. På Haualand dyrka dei lite poteter i 1835, men potetdyrkinga aukte utover i hun
dreåret og i 1875 sette Haualandsbøndene ein god del meir poteter enn det som var vanleg i bygda då.
Husdyrhaldet
Mesteparten av tida før 1800 var det to oppsittarar på Haualand. Dei hadde små besetningar, jamnt over låg det på 1 hest og 5-6 kyr hos kvar. Sau haldt dei ikkje på
1600-talet, det ser me både av kvegskatten og i skifta. I tida rundt 1700 brukte ein mann heile garden åleine, men han hadde ikkje så mykje større besetning for det.
Det var likevel ein forskjell, for nå var det komme sau til gards. I tillegg til hest og 6 kyr hadde han 12 sauer. Då det noko seinare blei to mann på garden igjen, hadde
kvar av dei like mykje dyr. På 1800-talet blei det dobbelt så mange bønder som skulle leva av garden, og i til legg ein husmann. Dei hadde alle svært små besetningar. I 1875 hadde ein bonde på Haualand 1 hest, 3-4 kyr og 20 sauer, mens husmannen sin besetning var på 2 kyr og 8-10 sauer.
Attåtnæringar
Sjølv om Haualand ligg i den øvre bygda, og "noget til fields" ifylgje matrikkelen i 1668, fiska likevel oppsittarane her ein del. I eit skifte på garden i 1717 blir det
nemnt både færing og naust. Me vil tru at naustet stod på grunn som høyrde Hommersåkgarden til, nede i Vågen, der så mange av gardane i bygda hadde naustrett. Ved to andre skifte frå 1779 og 1792 høyrer me om glip og sildegarn. Glip var eit redskap dei fiska mort med, og det fisket gjekk føre seg i fjordane her heime. Sild fiska dei denne tida helst ute ved Karmøy. Og i det nemnde skiftet frå 1779 får me vita at dei på Haualand eigde ein tenæring, det var eit stort fraktefartøy som dei brukte til fiskeværa. Truleg har dei to Haualandskarane og han på Merland eigd dette store fartøyet i lag.
Det siste hundreåret har fleire av oppsittarane på Haualand vore tømmermenn. Det var utskifting på dei fleste av gardane i bygda i 1870- og 1880-åra, og etter det
måtte mange av gårdshusa flyttast eller det blei bygt nye. Dermed blei det mykje byggearbeid her i bygda. Jens Hendrickson frå Haualand skreiv som gammal i det
amerikanske bladet "Visergutt" at han i slutten av 1870-åra "hjalp til med at bygge tre vaaningshuse i bygden". Håndverket hadde han lært av Hans Iversen. Seinare
bygde Jens fleire hus, blant anna eit på Jødestad sommaren 1880.
Eigarane i leiglendingstida
Dei eldste eigarane av Haualand høyrde til ei slekt som hadde forgreininger både her på Haualand, på Ådnøy i Høle og inne i Lyse i Forsand. Stamfaren Tarald tok
Ådnøynå opp or øyda midt på 1500-talet. Me får seinare vita at dette var kona, Malena Helgesdotter, sitt gods. På slutten av 1500-talet flytta dei inn til Lyse, der
ho budde som enkja i 1607. Ei kort tid blir ho også nemnt her på Haualand. Kan henda var ein av dei frå Haualand. Nå hevdar Engen i Forsandboka, bd. 1.2, s. 612
og 614 at Malena var frå Lyse. Då kan Tarald ha vore frå Haualand. Sigleif Engen skriv ellers i same boka, s. 589, at på Øygarden i Lyse har ein stad namnet "Haualandsbakkjen". Og så trur han at Haualand kan ha vore det opphav lege namnet på Øygarden. På s. 566 nemner han også "Haualandsbakkjen", men der legg han til at også på Lyse-garden var det ein åker som heitte "Haualandsågeren". Her tenkjer han seg at desse kan ha fått namna sine etter ein som hadde budd på Haualand i Riska.
I Forsandboka bd. 1.2, s 614 -615 viser Engen at den eine dottera til Tarald og Malena må ha arva 1/6-del i Haualand og 1/6-del i Ådnøy. Nå kjenner me til 3
søner og 2 døtre, men den eine sonen forbraut seg og har truleg måtte lata livet ennå mens foreldra levde. Igjen til å dela arven blei då 2 søner og 2 døtre. Dei har
då venteleg delt eigedomsretten til begge gardane mellom seg. Men i Tingbøker frå Ryfylke bd. I, s. 143 les me at den eine dottera hadde pantsett sin eigedomspart
i Ådnøy til syskena. Me må derfor rekna med at det opphavlege eigedomsforholdet mellom syskena har blitt noko forandra etter kvart. To av sønene til Tarald og Malena budde etter einannan på Haualand. Den yngste, Helge Taraldsen, er ført som eigar av heile garden i 1617, men i 1624 får me høyra at han eigde dette i lag med medeigarane sine. Tingboka for 1625 kan opplysa at det var halve garden Helge eigde sjølv (Tingbøker fra Ryfylke bd. 111, s. 123). Som nemnt må den eine systera til Helge ha arva 1/6-del i Haualand, det vil seia 3 spann korn. Hennar andre mann, Torstein Tørresen Nerabø i Lyse, eigde i 1624 1 1/2 spann. Barna i hennar fyrste ekteskap skulle då sitja med like mykje.
Helge Haualand sin brorson, Eilev Jensen Lyse, eigde i 1625 halve Haualand (ifylge Tingbøker fra Ryfylke bd. 111, s. 123). Seinare har han blitt eineeigar av garden. Og i tillegg eigde han også nabogarden Merland, som hadde lege øyde under Haualand fram til midten av 1600-talet. I odelsjordeboka 1661 står Eilev med 1 pund korn i Haualand, i 1665 er det 3 vetter korn i Haualand og 1 vett i Merland. Det same eigde han i 1675 (Kopparskatten). Eilev døydde ca 1680. Etterpå var det Thomes Jørgensen, ein handelsmann i Stavanger som eigde desse to gardane. Han selde dei i 1705 til oppsittaren Rasmus Olsen Haualand. Rasmus døydde utan barn i 1717 og eigedomane hans blei delt med 12 spann i Haualand til enkja Gunhild Larsdotter, dei andre 6 spanna i Haualand gjekk til Ola Andersen Skjørestad, son til Rasmus sin halvbror. Systersonen Ådne Nilsen arva Merland (også 6 spann). I 1722 døydde Gunhild. Erik Olsen i Ramsvik, som truleg var gift med ei syster av henne (kona hans heitte Ingeborg Larsdotter), let oppsittaren på garden få kjøpa dei 12 spann korn. Han heitte Torger Eilevsen og var gift med ei dotter til Ola Andersen Skjørestad. Ola let også sin arvepart over til svigersonen Torger, som frå 1723 dermed var sjølveigar på dei 18 spann på Haualand. Nå selde Torger halvdelen, 9 spann, til ein fjernare slektning, Anders Jonsen Eltarvåg, i 1732. Etter det blei garden også delt i to bruk. Etter Anders arva sonen Johannes Andersen, denne parten av Haualand i 1754. Då Johannes gifta seg i 1768, slo han seg til her på garden og brukte sjølv jordegodset sitt.
Oppstykking av garden
Haualandsgarden var lenge einbølt, men i slutten av 1630-åra blei han delt i to like store partar på 9 spann korn kvar. I 1690-åra flytta den eine oppsittaren vekk, og
garden blei på ny samla. Så brukte ein mann heile Haualand fram til 1732, då garden på ny blei delt i to partar på 9 spann korn kvar. Den fyrste bruksdelinga etterpå kom i 1832. Jens Henriksen var son til oppsittaren på den eine parten og gift med dottera til han på den andre. Nå fekk han skilt ut eit lite bruk på 2 spann, med eit spann frå kvar part. Dette nye bruket fekk løpenr 81 og 82, og blir kalt Henrikgarden etter son til Jens. Husa på dette gardsbruket blei sette opp sør for det gamle tunet, bort mot skiftet med Hogstad. Svigerfaren til Jens, Hans Johannesen sin part var etterpå 8 spann korn. Den delte to søner i 1836, og dei to nye bruka som begge var på 4 spann, fekk løpenr 83 og 84.
Frå løpenr 84, seinare kalt bruksnr 4, er det som ligg ned for bakken, ned mot Merland og Bjelland, seld i 1909. Det var ein oppsittar på Bjelland som kjøpte det
og lenge fylgde denne parsellen det bruket på Bjelland. I 1936 blei dette stykket (bruksnr 6) eit småbruk for seg. Den andre av dei to gamle partane i garden, som etter 1832 også var på 8 spann, fortsette som eitt gardsbruk til ut i vårt hundreår. Dette som var kalt løpenr 80, var då lenge det største gardsbruket på garden. I 1916 selde eigaren det meste av bruket, men heldt att det som ligg attmed Merland. Her nede i Heiane hadde det tidlegare vore ein husmannsplass. Nå beholdt denne delen av eigedomen det gamle bruksnummeret, bruksnr 1, mens det eigentlege gardsbruket som fekk ny eigar, blei bruksnr 7. Heiane har aldri seinare blitt drive som sjølvstendig gardsbruk.
I utmarka som bruksnr 7 hadde opp mot fjella i vest, kom det to bureisarar tidleg i 1920-åra. Denne gamle parten blei dermed delt i fire delar i alt.
Husmannsplass
Ca. 1847 blei det rydda ein husmannsplass i Heiane. Plassen låg under den eine parten av Haualands-garden (bruk 1). Husmannen levde til 1877, og etter at enkja hans døydde i 1880 og barna var flytta vekk, blei plassen nedlagt.
Folket
Sjur
Ved botsskatten i 1519 betalte Ssigard pa Howeland 4 lodd sølv, det var same verdi som fire kyr hadde. Han måtte vel ut med familien sitt arvegods av sølvskeier. To år seinare måtte Siwrdt pa Haghlandh ut med 1 mark i tiendepengeskatt. Det han eigde var då ti gonger så mykje, så han skulle altså ha vore god for 10 mark.
Ola
Han finn me i skattelista frå 1563.
Rasmus Taraldsen, fødd ca 1570, truleg død 1599. Son til Tarald på Stora Ådnøy/Lyse og kona Malena Helgesdtr. (sjå nedføre). Rasmus lovte som ung å vera dreng på Ims, men haldt ikkje avtalen. I staden tok han over garden på Haualand som slekta eigde. Her var han bonde kanskje frå ca 1590 til 1599. Men Rasmus stelte seg sånn at han blei arrestert og mysta truleg livet i 1599. Då familien hans hadde gode kontaktar og hadde fått dratt inn lagmannen som etterpå blei skylda for å ha misbrukt stillinga si, blei saka tatt opp for Herredagen, overklassen sitt rettssystem. Dermed får me greie på denne kjedeleg saka frå 1599:
Lensmannen Asbjørn på Ims kunne fortella at Rasmus haffuer loffuit hannum thienniste, och thet icke holdit haffuer. Me ser at det andre Asbjørn på Ims hadde å klaga på Rasmus var eit forhold som låg sju år tilbake i tida. Kan henda var det òg fleire år sidan Rasmus hadde lovt å vera dreng på Ims. I staden ser det ut til at Rasmus hadde tatt over garden på Haualand, som me sidan får vita var odelen til familien hans. I 1599 blir han omtalt som Raszmus Tharaldszenn paa Haulandt wdj vor frue sogenn. For thet anndit, fortalde lensmannen på Ims, adt forne Raszmus er bleffuenn hannum femb daller schyldiig och haffuer loffuit hannum it huus wdj betalning, huilcket huus vdj siuff aar haffuer ligget wforferdigett. Sidan hadde Rasmus lovt han eit anna hus, men heller ikkje det hadde han skaffa han. Så hadde Rasmus møtt opp på Ims hos faren til Asbjørn och der gaff baade hans fader och hannum mange vbequembs ordt, huorfore hans fader vdj hastighedt gaff hannum it slag paa
mundenn. Då truga Rasmus dei på livet och sagde, att der schall gale enn røed hane offuer dennum. Siidenn er hand kommenn till Frøelandt til Asbjørn sin svigerfar Salve och sagt till Salue - adt hand schulle handle medt for Aszbiørnn, som hans wærbroder Simonn giorde medt Joenn Hellisliidt, hand wschyldigen ihielszkød. Rasmus sa han wilde schiude dennum ihiell och brende deris gaarder aff. Etter dette frykta Asbjørn og svigerfaren for livet, og dei lot Guttorm Hetland og Torkell
Hommersåk ta med eit skriv til biskop Jørgen Erichsen at han måtte få futen Christen Trane til å setta fast Rasmus. Rasmus blei så ført som fange på rådstova i Stavanger og skulle stå til rette, men så er handt medt kongens jernn bortrømt. Sidan hadde han fare gjennom garden til Asbjørn på Ims met it spendt rør wdj hande och en spundtzbiile paa sit beltte. Wdj liige maade haffuer hand vdj got folckis paahørrelssze i Staffuanger mundtlig thilsagt Guttorm paa Hetlandt, adt hand wiilde szlaa hannum ihiell, och gaff bødelenn, som da var tilstede, 2 sk., adt hand wilde hugge hannum stadteligenn aff, naar hand kommer for hans haandt. Etter denne framferda, må me tru at Rasmus igjen har blitt sett fast og venteleg måtte han lata livet. (Norske Herredags-Dombøger 1. rk V. bd s 33-35. Sjå òg Rog. hist. 1923 s 85: "Ei liti soga frå Riskakvervo frå 1599" av Ola Aurenes).
Sigleif Engen ga ei god framstilling av familien til Tarald og Malena under Lysegarden (Sigleif Engen Forsand I.2 s 614-615). Dei hadde mykje jordegods og Engen rekna ut kva dei einskilde barna må ha arva i dei gardane foreldra eigde. Han kom der fram til 3 brør og 2 søstre, men "Ein av brørne (brorpartane) kan ikkje ha fått arv, av di denne broren må ha vore død før skiftet. Skiftet var nemleg halde i "den gamle lovs tid", då død arving ikkje fekk del i arven". Det er opplagt at denne broren var villmannen Rasmus.
Tore Olsen, født 1560/70, død etter 1607. Son av Ola Svihus i Høyland (Tingbøker fra Ryfylke IV s 161; Ola Aurenes Høyland s 401 nr 2). Han overtok truleg garden på Haualand då Rasmus blei fjerna herifrå i 1599, og er nemnt som oppsittar på Haualand frå dei årlege brukarlistene begynner i 1602 til 1606. Men Tore bygsla garden på Ådnøynå av svigerfaren i 1603 og hadde også flytta der til, men svigerfaren døydde rett etter. Og då fekk ikkje Tore sitta med garden på Ådnøy. Han blei driven derifrå av svigermora, som fekk lagmannen til å dømma Tore frå garden. Først etter ein Herredagsdom i 1607 kunne Tore flytta tilbake til Ådnøy.
Tore var gift med Anna Taraldsdtr., dotter til Tarald Lyse/Ådnøy og Malena Helgesdatter. (Sjå om Anna i Tingbøker frå Ryfylke bind I s 143-144, og bind III,s 121-124 og 129-130).
Barn:
- Johannes, født ca 1600, dreiv garden på Ådnøy så lenge mora levde, seinare fekk han seg gard på Svihus (Ola Aurens Høyland s 402 nr 5). Ei kort tid innimellom kan han ha budd på Nordre Hogstad der fastera hans, som var enke, sat med ein stor part, Johannes var gift med Sigrid Høle
- son, nemnt 1626 (odelsjordebok)
- son, nemnt 1626 (odelsjordebok)
- Anna, ho fekk eit barn med Tollak Monsen som var dreng på Ådnøy 1618/19 (Stavanger lensrekneskap 6.5; Tingbøker frå Ryfylke I s 116-117; Stav. Domkap. Protokol s 343).
Malena Helgesdtr., født 1530/40, død1606/10, dotter til Helge i Lyse. Gift med Tarald Stora Ådnøy/Lyse, død ca 1603. (Sigleif Engen Forsand I.2 s 612 og 614-615).
Først budde Tarald og Malene på Store Ådnøy i Høle. Det var Malena sin odel og det var Tarald som tok den garden opp or øyda igjen (Tingbøker fra Ryfylke III s 123). Der er dei nemnde i 1563. Seinare flytta dei inn til Lyse og tok over den parten i Lyse som faren hennar hadde hatt. Tarald døydde ca 1603 og Malena er nemnt som enke i Lyse i 1603 (Sigleif Engen Forsand I.2 s 612 og 614 nr 3). Så ville ho flytta derifrå og ut til Ådnøy igjen, sjølv om Tarald hadde bygsla garden der vekk til svigersonen Tore rett før han døydde. Likevel kravde ho at han skulle vika plassen for henne og ville sjølv overta overta garden på Store Ådnøy (hendis egen gaard). Ho hevda at ho måtte flytta frå Lyse og var "busliten". Då han ikkje ville flytta, fekk ho lagmannen til å dømma Tore frå Ådnøy då ho burde jndkome paa sitt egit.
Som nemnt oppføre måtte Tore i første omgang flytta frå Ådnøy og tilbake til Haualand, men Tore gav seg ikkje så lett. Det kom nemleg fram at svigermora hadde latt seg kjøpa frå garden i Lyse, og at det var for pengar som var blitt lovt henne ho ville trenga han frå Ådnøy og leiga den garden vekk til ein annan. Herredagen i Stavanger i 1607, der sjølvaste kong Kristian 4. var tilstade, gjorde om lagmannsdommen og Tore kunne flytta tilbake til Ådnøy (Norske Herredags-Dombøger rk 2
bd I s 81-82). Denne saka var ein av grunnane til at lagmannen måtte gå frå stillinga si (Marius Skadsem Lagmenn i Rogaland s 21 og 23). Dermed enda denne familiekrangelen med at det var Malena som flytta til Haualand. I 1606 er det nemnt ei Magdalena hofflandt her. Her budde ho til ho døydde 1606/10.
Barn:
- Jens, født 1560/70, då han gifta seg tok han kanskje over garden på Ådnøy mens foreldra flytta inn til Lyse, og så tok han og kona over garden i Lyse då faren døydde, han er nemnt der 1606/07, gift ca 1580 med Anna (Sigleif Engen Forsand I.2 s 614 og 615). Den eldste sonen deira, Eilev Jensen Lyse, eigde sidan gardane på Haualand og Merland
- Rasmus, bonde på Haualand i 1599
- Helge, tok etter kvart over garden på Haualand
- Anna, gift med Tore Olsen, som først budde på Haualand og så på Store Ådnøy i Høle
- dotter, gift med 1) Sigmund Nerabø i Lyse, 2) Torstein Tørresen Nerabø (Sigleif Engen Forsand I.2 s 565-567).
Helge Taraldsen, død 1634/35. Son til Tarald Stora Ådnøy/Lyse. Helge budde i Lyse i 1603 og hjelpte vel mora med gardsdrifta då ho blei enke. På Haualand blir Helge nemnt første gong i 1610, og her budde han sidan til han døydde 1634/35. Helge Haualand hadde fått utlevert gevær, står det i 1617. I 1624 klagde Helge på kona til naboen Erik Nordre Hogstad fordi ho hadde mjølka kyrne hans. Men ho unnskyldte seg med at ho hadde vore sjuk og ikkje visste kva ho gjorde, og det stadfesta andre òg (Tingbøker frå Jæren og Dalane I s 218).
Helge Taraldsen hadde brukt heile garden på Haualand aleine, men 1625 les me i tingboka at han (truleg for ei tid sidan) haffuer Bortfest thill Endrj Nielsen den halffue part I forne hougeland (Tingbøker fra Ryfylke III s 123). Denne Endre Nilsen blir ikkje nemnt i skattelistene i lensrekneskapen, og kan derfor ikkje ha budd særleg lenge her på Haualand (sjå nedføre). Seinare brukte Helge heile garden som før. Helge døydde 1634/35. Gift med ukjent kvinne, ho kan ha vore dotter til Elling Li. I skatteåret 1635/36 er det Encken Hougland som skattar av garden, likeså i 1636/37. Ho og Helge hadde ein son som heitte Elling og ein soneson deira, Eilev Taraldsen, ville i 1669 bygsla den eine parten på Li.
Barn:
- Tarald, født ca 1610. Han tok Merland opp or øyda og budde der ei tid føre han flytta til Lutsi i Høyland (Merland)
- Trond. I tingboka for 1626 les me om ein familiekrangel på Hogstad. Då blei nokre naboar innstemnde til bygdetinget for å gjera greie for korleis dette hadde gått til, og Trond Helliesen la då ut om kva han hadde høyrt og sett på Hogstad nogett effter Pindtz daug (Tingbøker fra Jæren og Dalane II s 95). Frå omlag 1635 budde det ein Trond på Auglend i Lyse, altså i det området der Helge budde i ungdommen og foreldra hans før han, og der ei grein av ætta ennå haldt til. Denne Trond Auglend eigde ein part i Ådneram i Sirdalen og Lyse-ætta sat og med partar i Sirdalsgardar. Ein av Trond Auglend sine sønner budde sidan på Riskagarden, han heitte Helge (Sigleif Engen Forsand I.2 s 681-682)
- Elling, hadde den eine parten av garden etter at faren var død
- Ingebret, født ca 1615, bonde på Bjelland gift med Anna Hallvardsdatter. Ingebret Bjelland stemnde paa Sit broder børns Vegene i 1665 Rasmus Haualand, som hadde gifta seg med enka etter Elling Helgesen. Rasmus hadde innført seg Vdj hans Sallig Broders boe førend du hollt it louglig Arffueschiffte (Amtmannen i Stavanger pk 26 a rekke I no 48 (1665), Stevninger)
- Malena, gift med Tore Larsen, bonde på den eine halvparten av Haualand
- dotter, gift med Eivind Mikalsen, han brukte den eine parten ei tid (nr 11).
Endre Nilsen. Kan ha døydd tidleg. Kanskje son av Nils Endresen Fløysvik i Høle, han hadde ein son Endre som døydde før 1624 (Tingbøker fra Ryfylke II s 273). Ein gong før 1625 hadde Endre Nilsen leigd den eine halvparten av Haualand av Helge Taraldsen. For dette betalte Endre til Helge 7 Rix daler Och for den Otinde haffde hand It Aaklede till pant. Dette blei opplyst på eit målstemne på Ådnøy i 1625 (Tingbøker fra Ryfylke III s 121 ff).
Den eine parten av garden
Tore Larsen, født ca 1612, død 1677. Alderen hans er oppgitt svært forskjellig i manntala frå 1660-åra. Ifølge futen var han født 1584, men det virkar vel gammalt. Etter presten sine oppgaver skal han ha vore født 1612, og det er meir rimeleg. Han var den eine av dei to oppsittarane på garden etter at svigerfaren var død og svigermora hadde hatt garden eit eller to år. Tore blir nemnt første gong i 1637/38 og siste gong han er nemnt som brukar er i det militære manntalet frå 1673. Tore var gift med Malena Helgesdtr., ho levde ennå i 1677, dotter til Helge Taraldsen Haualand.
Barn:
- Helge, født ca 1635, tok over denne parten
- Lars, var i kongens tieneste i 1677 (militære)
- Sven, født truleg 1630/40,var i kongens tieneste i 1677 (militære), seinare husmann på Oddevald under Brualand i Høyland. (Alderen hans er 50 år i manntalet 1701, det er truleg for høgt. I skiftet etter faren er Isak den yngste, alderen hans får me vita både i 1701 og 1706 og den er derfor meir påliteleg.)
- Isak, født ca 1640, hadde denne parten i garden etter broren.
Helge Torsen, født ca 1635, død før 1677. Son til Tore Larsen Haualand. Helge var heime i 1664 og 1666, då var han knekt. Han må ha tatt over garden etter faren ein gong i 1670-åra, men døydde før 1677. Kanskje gift med Berit Olsdatter. Haualand som var fadder i 1691 på ei dotter til Isak, broren til Helge.
Barn: I skiftet etter farfaren Tore i 1677 får me vita at Helge hadde latt etter seg barn, men det står ikkje kva dei heitte og heller ikkje kor mange dei var.
Isak Torsen, født ca 1640. Son til Tore Larsen Haualand. Isak tok over denne parten av garden etter at den eldste broren fall frå. Truleg var det ikkje så svært lenge før faren døydde, for ved skiftet etter faren i 1677 var Isak ennå ikkje gift. Han budde på Haualand ennå i 1691, men flytta herifrå før hundreårsskiftet. Seinare var han husmann på Ullsnes under Hommersåk. Der er han nemnt i 1701 Isak var gift ca. 1680 med Anna Olsdatter. Ein av fadrane i 1691 heitte Ola Nilsen Sørhus, det kan ha vore hennar far. Kanskje er Sørhus ein skrivefeil for Svihus. På Svihus i Høyland budde det ein Ola i 1691 (Ola Aurenes Høyland s 402 nr 8).
Barn:
- son, født 1683, dødt 1695
- Karen, født ca 1683, gift med 1714 Torkell Olsen, husmann i Vågen under Hommersåk
- Ola, født 1686/87
- Elen, født 1689
- Anna, født 1691
Den andre parten av garden
Eivind Mikalsen, født 1610/15, kanskje død 1638/45. Kanskje bror til Ola Mikalsen på Riska. Ola sin son budde på Bjelland. Tore Larsen og Eivind Mikalsen delte garden på Haualand då enka etter Helge Taraldsen slutta av gardsdrifta. Truleg var dei begge to svigersønner av den gamle enka. Eivind er nemnt med den eine parten av garden i 1638. Men allerede 1645 hadde ein son på garden tatt over denne parten. Eivind var gift med dotter av Helge Taraldsen. Det er uvisst kor Eivind og kona blei av. Flytta dei vekk, eller kan det ha vore sjukdom eller kanskje ulykke? Eivind omtales i tingboka for 1664, men det gjeld noko som hende mange år tidlegare, mens Eivind budde på Haualand. Naboen Johannes Trondsen gjer der greie for korleis han hadde kjøpt seg inn på garden på Merland. Då skulle han betala 46 dalar for bruksretten til Merland. Av dette betalte han omlag halvdelen til rydningsmannen Tarald Helgesen, og vidare 22 riksdalar til Eivind Mikalsen. Til slutt fekk Tarald sin son eit lite restbeløp (Tingbok no 21 Jæren og Dalane fol 84 a, 6/12-1664).
Elling Helgesen, død 1661/64. Son til Helge Taraldsen Haualand . Elling tok over denne parten av garden. Han er nemnt første gong i 1645 og siste gong i 1661. Elling var gift med Gunhild Andersdatter, født ca 1607, død 1696. Ho blei etterpå gift med Rasmus Olsen, som budde her seinare .
Barn:
- Jens, født ca 1640, bonde på Bersagel i Høle, degn og gift ca 1677 med enka Berit Gunnarsdotter., dotter til Gunnar Olsen Nordland i Forsand (Sigleif Engen Forsand I.1 s 69-72 nr 5), enke etter Torbjørn Svensen Bersagel.
Heile garden samla igjen
Rasmus Olsen, født ca 1630, død 1717. Son til Ola Asbjørnsen Skjørestad. Rasmus gifta seg til Haualand ein gong tidleg i 1660-åra. Her er han nemnt første gong i 1664. Til å begynna med brukte han den eine parten i garden som den tidlegare mannen til kona hans hadde gjort, men i løpet av 1690-åra flytta den andre oppsittaren vekk og Rasmus brukte etterpå heile garden aleine. I 1715 overlot han gardsdrifta til ein yngre slektning frå Skjørestad. 1705 fekk han kjøpa garden sin, 18 spann korn i Haualand, av Thomas Jørgensen, og likeså nabogarden Merland på 6 spann. Ved skiftet etter Rasmus blir det nemnt to tinnfat, ein lysestake og ein kjel. Ellers var det over 36 dalar i rede pengar i buet. Gift med 1) i 1660-åra enka Gunhild Andersdtr., født ca 1607, død 1696. Ho hadde før vore gift med Elling Helgesen Haualand, 2) 1697 Gunhild Larsdotter., død 1722, dotter til Lars Johannesen Frøyland. Rasmus etterlot seg ikkje barn.
Tore Olsen, født 1688, død 1734. Son til Ola Andersen Skjørestad. Då Tore gifta seg i 1715 tok han over garden på Haualand etter den gamle barnlause Rasmus Olsen, faren sin farbror. Her budde Tore til 1721, då han bytte gard med svogeren sin, Torgjer Eilevsen. Sidan dreiv Tore odelsgarden sin på Skjørestad. Tore vart gift i 1715 med Ingeborg Ivarsdotter., født 1692, død 1759, dotter til Ivar Torbjørnsen Eltarvåg.
Barn:
- Rasmus, født 1715
- Ivar, født 1718
- Berta, født 1721
det blei født fleire barn på Skjørestad, sjå vidare der (Skjørestad 10) Torgjer Eilevsen, født 1677, død 1756. Son til Eilev Eilevsen Indre Lima i Gjestal (Søren Arneson Gjestal s 132 nr 12). Torgjer hadde den første tida eit gardsbruk på Skjørestad der kona hans var frå. Men i 1721 bytte han gard med svogeren Tore og seinare budde Torgjer her på Haualand. Til å begynna med brukte Torgjer heile garden, men i 1732 overlot han halvdelen til ein svoger. Gift med 1715 Kari Olsdotter, født 1693, død 1756, dotter til Ola Andersen Skjørestad
Torgjer Eilevsen, født 1677, død 1756. Son til Eilev Eilevsen Indre Lima i Gjestal (Søren Arneson Gjestal s 132 nr 12). Torgjer hadde den første tida eit gardsbruk på Skjørestad der kona hans var frå. Men i 1721 bytte han gard med svogeren Tore og seinare budde Torgjer her på Haualand. Til å begynna med brukte Torgjer heile garden, men i 1732 overlot han halvdelen til ein svoger. Gift med 1715 Kari Olsdotter, født 1693, død 1756, dotter til Ola Andersen Skjørestad
I
Halvparten av garden (9 spann korn) nå bruksnr 17, 10 og 12, 11 og halve bruksnr 2
Torgjer Eilevsen, født 1677, død 1756. Son til Eilev Eilevsen Indre Lima i Gjestal (Søren Arneson Gjestal s 132 nr 12). Torgjer brukte heile garden på Haualand frå 1721. Først som leiglending, men i 1723 fekk han skjøte på garden sin. I 1732 selde han halvdelen og då blei garden også delt i to partar igjen. Torgjer brukte sin part fram til 1751. Gift 1715 med Kari Olsdotter., født 1693, d ød1756, dotter til Ola Andersen Skjørestad.
Barn:
- Berit, født 1716 (enten ho eller Inger døydde i 1722)
- Marta, f. 1719, gift med Jan Knutsen Bjelland i 1747
- Inger, f. 1722 (enten ho eller Berit døydde i 1722)
- Ola, født 1724, bonde på Haualand etter faren
- Eilev, født 1727, død 1733
- Kari, født 1731, død 1741.
Ola Torgjersen, født 1724, død 1773. Son til Torgjer Eilevsen Haualand. Ola tok over faren sin part av Haualandsgarden i 1751 og brukte han til 1769. Ola Torgjersen og Malena Jeremiasdtr.blir nemnde begge to på Haualand i manntalet til ekstraskatten i 1764 og i futen sine kassabøker for åra 1768 til 1772. Gift 1750 med Malena Jeremiasdotter, født. 1716, død 1786, dotter til Jeremias Njellsen Myklabost/ Ur-Eikeland i Høyland (Ola Aurenes Høyland s 297 nr 18 og s 119 nr 15). [1]
Barn:
- Berta, født 1750, ho var svak i 1764, gift 1769 med Per Knutsen som tok over gardsbruket
- Kari, født. 1753, død 1753
- Kari, født 1754, død 1756 eller 1758
- Gjøa, født 1756, død 1756 eller 1758
Per Knutsen, født 1744, død 1791. Son til Knut Persen, husmann i Gøysavik under Gøysa i Forsand (Sigleif Engen Forsand II s 301 nr 4). Han fekk skjøte på denne parten frå svigerfaren i 1769, etter futen sine kassabøker tok han over som brukar ein gong mellom 1772 og 1778. Per sat med garden til han døydde. Ved skiftet etter Per nemnes tre sølvskeier og 24 sølvknappar. Ellers var her eit par tinnfat og fleire tinntallerknar. Per hadde også ei børse. Gift med 1) 1769 Berta Olsdotter., født 1750, død 1779, dotter til Ola Torgjersen Haualand, 2) 1780 Ingeborg Rasmusdotter., født 1752, død 1829, dotter til Rasmus Rasmusen Auglend i Høyland (Ola Aurenes Høyland s 79 nr 4). Ho tjente på Li i 1801. Dei siste åra ho levde, budde ho i Stavanger, der ho fekk månedlege bidrag frå fattigvesenet.
Barn i første ekteskap:
- Siri, født 1771, død 1772
- Siri Malena, født 1772, nemnt i skiftet etter faren i 1792
- Knut, født 1776. 1 1793 fekk han skjøte på denne parten i Haualand frå dei andre arvingane etter faren. Han selde igjen allerede året etter til Per Belestsen Sæbø).
- i andre ekteskap:
- Berta, født 1781, død 1781
- Berta Olena, født 1782, gift 1805 med Ommund Olsen Hindal, tømmermann i Stavanger
- Rasmus, født 1784, død 1784
- Rasmus, født 1786, død 1803, tjente på Auglend i Hetland
- Per, født 1788, arbeidsmann, budde på Pedersgjerdet i Stavanger, gift med Marta Magnusdotter
- Erik, født 1790, skomakar, budde på Jåttå, gift 1826 med Kirsti Gabrielsdotter Auglend
- Ola, født 1792 (etter at faren var død), død 1815, matros.
Jon Jensen, født 1765. Son til Jens Jonsen, Øvre Eide på Fogn (Halvard Bjørkvik Finnøy 3 s 142 nr A.5, s 199 nr A7). Jon hadde eit gardsbruk på Øvre Eide frå før han gifta seg til ca 1795. Dei flytta så frå Fogn og leigde denne parten på Haualand. Her budde dei ca 1795-1800. Då ville jordeigaren driva jorda her sjølv. Så flytta dei tilbake til Øvre Eide og budde der 1800-1829. Seinare flytta dei frå Fogn endå ein gong og kjøpte eit gardsbruk på Jåsund i Sola (Halvard Bjørkvik Finnøy 3 s 199 nr A.8). Gift 1791med Anna Knutsdotter., født 1762, dotter til Knut Tormodsen Vestbø på Finnøy (Halvard Bjørkvik Finnøy 2 s 53 nr B9)..
Barn, dei hadde seks barn, men bare det tredje og fjerde var fødde her:
- Jens, født 1792
- Torborg, født 1794
- Anna Bergitta, født 1796
- Marta, født 1800
- Knut, født 1803
- Jon, født 1807.
Per Belestsen, født 1775, død 1828. Son til Belest Persen Sæbø på Fogn (Halvard Bjørkvik Finnøy 3 s 77 nr A7). Per Belestsen kjøpte denne parten av Haualand i 1794. Dei første åra leigde han vekk gardsbruket, men i 1800 tok han sjølv over gardsdrifta. I 1806 bytte han gard med svogeren Henrik, og budde seinare på Nedre Mjølsnes på Finnøy (Halvard Bjørkvik Finnøy 2 s 147 nr B9). Per hadde seld gardsbruket til Henrik i 1806, men 1811 kjøpte han det tilbake. Så sjølv om Henrik fortsatte å bruka parten var det Per som eigde han. Per vart i 1800 gift med Dorte Eriksdotter, født 1770, død etter 1833, dotter til Erik Larsen Nedre Mjølsnes på Finnøy (Halvard Bjørkvik Finnøy 2 s 146 B7). Ho var søster til Ingeborg nedføre.
Barn:
- Belest, født 1801
- Erik, født 1804, han blei eigar av denne parten etter at faren var død. I 1832 tok han også over som brukar
- Per, født 1807, bonde på Nedre Tasta i 1833, gift 1833 med enka Maria Olsdotter Nedre Tasta.
- Jon, født 1811
- Sevrin, født. 1815
Henrik Jensen, født 1775, død 1828. Son til Jens Henriksen Nedre Landa på Finnøy (Halvard Bjørkvik Finnøy 2 s 127 nr B7). Etter dei gifta seg budde Henrik og Ingeborg eitt års tid på Nedre Mjølsnes, men i 1806 overtok dei denne parten på Haualand etter svogeren Per Belestsen. Henrik fekk skjøte på gardsbruket i 1806, men i 1811 selde han det til Per og bygsla etterpå garden av han.Gift 1805 med Ingeborg Eriksdotter., født 1774, død 1843, dotter til Erik Larsen Nedre Mjølsnes på Finnøy (Halvard Bjørkvik Finnøy 2 s 127 nr B7). Ho var søster til Dorte oppføre. Etter at Henrik var død blei enka sittande med parten til 1832. Etterpå budde ho i folge hos søstersonen Erik Persen her på Haualand.
Barn:
- Jens, født 1805, etter at han gifta seg dreiv han dette gardsbruket for mora eit par år
- Erik, født 1809, bonde på Frøyland, gift 1843 med Anna Maria Endresdotter Skjørestad
- Anna Serina, født 1813, gift 1833 med enkemann Erik Persen Haualand, dei var søskenbarn.
Jens Henriksen, født 1805, død 1876. Son til Henrik Jensen Haualand. Etter at Jens hadde gifta seg budde han her hos mora og hjelpte henne med gardsdrifta i eit par år. Men i 1832 tok søskenbarnet Erik Persen over parten, som han då hadde eigd nokre år allerede. Jens hadde seinare eit stykke på Haualand som blei skilt ut av dei to gamle partane i garden. Gift med 1) 1830 Gunhild Gunnarsdtr., født 1800, død 1831, dotter til Gunnar Gunnarsen Nordre Hogstad.
II
Halvparten av garden (9 spann korn), nå bruksnr 3, 4, 6 og halve bruksnr 2
Ola Eliasen, født 1690, død. 1760. Son til Elias Mikalsen Jødestad. Ola var først bonde på farsgarden på Jødestad, men kom så til Haualand då garden her blei delt. Her er han nemnt i 1734 og 1736. Men så flytta han på nytt, og seinare var han husmann i Ramsvik under Hetland prestegard.
Gift med 1) 1713 Dorte Olsdotter., født. 1689, død 1744, dotter til Ola Andersen Skjørestad 2) 1746 Kirsti Ådnesdotter, født 1710, død 1780, dotter til Ådne Ellingsen Vikesdal i Bjerkreim (Lisabet Risa Bjerkreim 2 s 948 nr 24). Ho voks opp hos stefaren Kjetil Johansen, som hadde ein part på Frøyland.
Barn:
Det første ekteskapet til Ola Eliasen var barnlaust. I det andre var det tre barn som var fødde i Ramsvik.
Ola Ådnesen, født 1716, død 1756. Son til Ådne Ellingsen Vikesdal i Bjerkreim (Lisabet Risa Bjerkreim 2 s 1098 nr 55A). Enka til Ådne gifta seg etterpå med Kjetil Johansen som fekk seg gard på Frøyland. Ola budde tidlegare på Gådeset i Hetland, men kom her til Haualand då Ola Eliasen reiste til Ramsvik. Ola Ådnesen var på Haualand alt i 1741 og budde her til 1746 då ein svoger tok over denne partent. Seinare budde dei i Stavanger. Gift med 1) 1739 Elen Rasmusdotter., født 1720, død 1752, dotter til Rasmus Larsen Harestad i Randaberg. Rasmus budde ei tid som husmann under Dale, 2) 1752 Udbjørg Olsdotter., ho var sannsynlegvis dotter til Ola Olsen (d.y.) Frøyland frå Idse
Barn, i første ekteskap:
- Barbro, født 1744, ho er ikkje nemnt i skiftet etter ein farbror i 1776
- Åseline, født 1745, gift 1777 med enkemann Henrik Olsen Meling (på Åmøy)
- Ådne, født. 1748, jordlaus husmann under Skadberg i Sola, nyder Almisse (nemnt 1776 og i folketellinga 1801), gift med Barbro Larsdotter
Elling Gudleiksen, født 1700, død 1759. Son til Gudleik Ørjensen Ognedal i Bjerkreim (Lisabet Risa Bjerkreim 3 s 1948 nr 32C). Elling hadde først eit gardsbruk på Slettabø i Bjerkreim (Lisabet Risa Bjerkreim 3 s 1716-1717 nr 54B). Dei kom så til Haualand og overtok den parten som Elling sin svoger Ola Ådnesen hadde hatt. I futen sine kassabøker er Ola brukar til 1746, mens Elling tar over frå 1747. Siste året Erling sit med denne parten er i 1753, så tar eine sonen over året etter. Gift 1729 med enka Anna Ådnesdotter. (den eldre), født ca. 1705, død 1785, dotter til Ådne Ellingsen Vikesdal i Bjerkreim. Mora hennar blei andre gong gift med Kjetil Johansen Frøyland. Tidlegare hadde Anna vore gift med Gudleik Olsen Slettabø i Bjerkreim (Lisabet Risa Bjerkreim 3 s 1716-1717 nr 54A). Etter at Elling var død, budde ho som enke i Stavanger, der er ho nemnt 1776.
Barn:
- Gudleik, født 1729, tok over denne parten av Haualandsgarden etter faren
- Ådne, født 1731, budde på Vigdel i Sola, gift 1754 med Guri Sjursdotter. Vigdel (sjå Sola g.o.æ. s 618 nr 6)
- Ingeborg, født 1734
- Inger, født 1737 (tvilling)
- Barbro, født 1737 (tvilling)
- Guri, født 1740
- Elling, født 1743, bonde på Solagarden, gift med 1) 1772 enka Ingeborg Enoksdotter. Sola (død 1795), 2) 1797 Marta Svensdotter Sør-Kolnes (Sigurd Refheim Sola s 439-440 nr 11)
- Anders, født 1745, dreng hos den eldste broren på Haualand i 1764, seinare soldat, budde etterpå i Stavanger, daglønner (nemnt 1801, 1803: Foregives at være Afskediget Soldat), gift 1798 med enka Karen Larsdotter
Gudleik Ellingsen, født 1729, død 1795. Son til Elling Gudleiksen Haualand. Gudleik tok i 1754 over den parten som faren hadde hatt. Han var leiglending på gardsbruket sitt og måtte i 1767 vika plassen for jordeigaren. Gudleik fekk seg så gard på Frøyland der han seinare budde.
Gift i 1754 med Anna Svensdotter., født 1733, død 1805, dotter til Sven Nilsen Jåttå i Hetland.
Barn:
- Sven, født 1754
- dotter, nemnt i 1754, truleg død lita
- Elisabet, født 1757
- Anna, født 1761, død 1771
- Ingeborg, født 1763
- Barbro, født 1765
- Anna, født 1768, død 1768
- Anna, født 1770, død 1771
- Elling, født 1773.
Denne familien blir nærare omtalt på Frøyland. Johannes Andersen, født 1737, død 1812. Son til Anders Jonsen Eltarvåg. Johannes arva i 1754 9 spann korn i Haualand (det er halve garden) etter foreldra sine. Så lenge han var ung, leigde han det vekk til andre. Då han gifta seg i 1768, tok han sjølv over som gardbrukar på denne parten. Han sat med parten til sonen tok over i 1801. Gift 1768 med Ingeborg Hansdotter, født 1738, død 1823, dotter til Hans Trondsen Bjelland.
Johannes Andersen, født 1737, død 1812. Son til Anders Jonsen Eltarvåg. Johannes arva i 1754 9 spann korn i Haualand (det er halve garden) etter foreldra sine. Så lenge han var ung, leigde han det vekk til andre. Då han gifta seg i 1768, tok han sjølv over som gardbrukar på denne parten. Han sat med parten til sonen tok over i 1801. Gift 1768 med Ingeborg Hansdotter, født 1738, død 1823, dotter til Hans Trondsen Bjelland.
Barn:
- son død 1768
- Anders, født 1769
- dotter, født ca. 1770, død 1772
- Ranveig, født 1772, gift 1804 med enkemann Ola Samuelsen Ur-Eikeland i Høyland (Ola Aurenes Høyland s 119-120 nr 21)
- Hans Andreas, født 1774, død 1777
- Hans Andreas, født 1777, bonde på Haualand etter faren
- Johannes, født 1782, død 1790.
Hans Johannesen, født 1777, død 1836. Son til Johannes Andersen Haualand. Bonde på farsgarden på Haualand frå 1801 og fram til 1835. Gift 1802 med Berta Ivarsdotter, født 1783, død 1871, dotter til Ivar Ivarsen Skjørestad. Ho blei gift på nytt i 1840 med enkemannen Kornelius Olsen Jødestad, og han budde så ei tid som Opsætsmand på Haualand hos henne. Seinare skilde dei lag og han flytta til Jødestad igjen. Der budde han i 1865 hos dottera si og svigersonen, mens Berta i 1865 budde i folge hos sonen Ivar her på Haualand.
Hans Johannesen, født 1777, død 1836. Son til Johannes Andersen Haualand. Bonde på farsgarden på Haualand frå 1801 og fram til 1835. Gift 1802 med Berta Ivarsdotter, født 1783, død 1871, dotter til Ivar Ivarsen Skjørestad. Ho blei gift på nytt i 1840 med enkemannen Kornelius Olsen Jødestad, og han budde så ei tid som Opsætsmand på Haualand hos henne. Seinare skilde dei lag og han flytta til Jødestad igjen. Der budde han i 1865 hos dottera si og svigersonen, mens Berta i 1865 budde i folge hos sonen Ivar her på Haualand.
Barn:
- Ingeborg Johanna, født 1805, gift 1832 med enkemann Jens Henriksen Haualand
- Johannes, født 1807, bonde på Nordre Hogstad, seinare på Auestad i Høyland (Ola Aurenes Høyland s 76 nr 40). Johannes døydde som enkemann på Soma 1893. Han eigde ei tid halvparten av denne parten, men overlot det til den yngre broren Andreas. Gift med. 1) 1825 enka Malena Einarsdotter Nordre Hogstad (død 1862), 2) 1864 Karen Jonsdotter Trones
- Ivar, født 1809, bonde på ein halvdel av denne parten, gift 1837 med Marta Gunnarsdotter Nordre Hogstad
- Andreas, født 1811, hadde den andre halvdelen av faren sin part, gift 1838 med Kristina Ivarsdotter Botne (frå Frafjord)
- Ane, født 1813, gift 1833 med Erik Persen Haualand
- Hans, født 1815, husmann i Bakken under Merland, gift 1836 med Olena Svensdotter.
- Lars, født 1817, bonde på Riska gift 1842 med Karen Jonsdotter Riska
- Rakel, født 1819, gift 1845 med Isak Johannesen (frå Tjøtta i Klepp), bakarmeister, budde på Blåsenborg ved Stavanger
- Bendik, født 1821, død 1822
- Bendik, født 1823, reiste til Amerika, falt i den amerikanske borgarkrigen i 1864
- Maria, født 1826, gift 1856 med Rasmus Mathiasen Høie, kyrkjesongar og lærar i Strand (Jan Alsvik Strand 2 s 567-568).
HUSMANN I HEIANE
Ein husmannsplass i innmarka under den eine parten på Haualand (bruk I). Det var bare éin husmann her, og då han var død og enka døydde rett etter, blei plassen lagt ned. På 1900-talet blei huset erstatta av eit toetasjes hus og det har vore fleire leigebuarar her. (Folk i bygda). Jorda blei fortsatt brukt, men dette har aldri vore eit sjølvstendig gardsbruk.
Per Persen (Per i Heiane), født 1813, død 1877. Son til Per Gunnarsen Bjelland. Med det same han gifta seg budde han med familien sin heime på faren sin part av garden på Bjelland og hjelpe til med gardsdrifta. Så fekk han ein husmannsplass nede i Heiane. Her er han nemnt første gong i 1847. I festeseddelen hans frå 1849 står det at han skulle yta 4 Dages Arbeide, 2 i Torvskur, 2 i Græsslaat. Til plassen høyrde det også eit stykke torvmyr og bonden skulle hjelpa han med å få selja nogle Læs Myretorv til Gjødsel fra dit Plads. Gift 1845 med Berta Gunnarsdotter, født 1824, død 1880, dotter til Gunnar Gunnarsen Nordre Hogstad. Berta og Per var søskenbarn.
Barn:
- Gunhild, født 1845, død 1850
- Per, født 1847, kjøpte eit gardsbruk oppe på Haualand i 1883 gift 1881 med Marta Samuelsdotter Kjosavik
- Gunnar, født 1850, Haandværkssergant i armeen, skomakar, budde i Stavanger, gift med Anna Elisabet Pedersen (frå Kristiansand)
- Olena, født 1853, død 1861
- Johanna Maria, født 1855, gift 1883 med Endre Rasmusen, frå Nordre Hogstad, sjømann, budde ei tid til leige her i Heiane, seinare reiste dei til Amerika og budde i lowa
- Tønnes, født 1857, tømmermann, var nokre år i New York der den eldste sonen er fødd, kom heim og arbeidde for trelastforretning og budde i Stavanger, gift med Laura Elisabet Bøe (Birger Lindanger Randaberg 1 s 423-425 nr 8)
- Bertinius, født 1859, død 1878, Søfarende. Faldt i Søen ved Arkangel og druknede
- Olena, født 1862, gift 1885 med Ludvig Eriksen Hogstad, bonde i Steinane, Søre Hogstad
[1] Både Ola Aurenes og Sigurd Refheim blandar saman dette ekteparet, Ola Torgjersen og Malena Jeremiasdotter, med eit anna par med dei same namna. Dei andre budde først på Hove i Høyland og seinare ute i Sola (Ola Aurenes Høyland s 201 nr 21, og Sigurd Refheim Sola s 605, 349 og 62).
Kilder og litteratur
- Teksten er henta frå Eivind Smith: Riska Gardar og Tettstad, utgjeven av Sandnes kommune 1993.