Helle (Kvinesdal gnr. 171)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Helle
IMG 20150214 0051.jpg
Alt. namn: Utt. Hedde
Sokn: Fjotland
Fylke: Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 171
Ant. bruksnr.: 26 (2018)

Helle, uttales Hedde, er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Han har gardsnummer 171, og hadde tidlegare gnr. 2 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 173 og hadde gamalt matrikkelnummer 260.


Geografi

Som spreidd utover – på ei slette på austsida av Kvina, mellom åskammar og knutar – ligg bruka på Helle. Vesterdalsvegen, rodevegen som blei anlagt gjennom Helle i 1899, må gjera ein sving her, rundt Hamaren, ein fjellformasjon som stikk opp midt på sletta.

Gardsgrensa mot vest følgjer Kvina frå Narvestad til Engedal, medan skiftet med Engedal går frå Lundalsfossen i Kvina over Stighommen og Årkleiva til Hommevatnet. Denne grensa blei gått opp i 1662.[1] Den opphavelege grensa gjekk så vidare frå Hommevatnet og sørover i heia til skiftet med Versland og Sinland og deretter rett vest til Narvestad ved Nonansheia.

Helle grensar til Narvestad, Sinland, Borhommen, Årstøl og Knibestøl i sør, til Homme og Åmland i aust, Nedre Kvinlog i vest og Engedal i nord.

Gardsnamnet

Helle tyder ei flat klippe eller eit flatt berg. Omkring garden Helle er det fleire kandidatar til opphavet til namnet. Hamaren som ligg rett bakom husa "Dør heima" (bruk 1), har ei slik flat form, men den har fått namnet Hamaren. Det som blir omtala som «Helleren» i gamle dokument som grensegangar og pantebøker, er klippeforma rett aust for innmarka på garden. Denne stig fram som eit landemerke lett synleg frå Vesterdalsvegen, og er nok den som har gjeve namn til garden. Den gamle vegen gjekk gjennom Grimedalen og over Helle, og at busetjinga der blei assosiert med dette landemerket, er ikkje vanskeleg å skjøna.

Gardar med namn etter landskapsformer er av dei eldste gardane vi har, og namnet peiker på at Helle kan ha vore rydda tilbake i bronsealderen eller tidlegare. Dei fleste arkeologiske funna frå bronsealder er gjorde på gardar med lokalitetsnamn, just som Helle. Desse usamansette landskapsnamna ligg jamt spreidde utover landet med få i kvar bygd, fleire ved kysten enn inne i landet, og fortel om ei tid med få gardar og mykje plass. Helle er elles eit vanleg gardsnamn i Noreg, særskilt på Vestlandet.

Mykje tyder på at Helle også har vore ein sentral gard i bygda som kan ha hatt funksjonar som tingstad, noko som også viser til kontinuitet tilbake i tid. Dette er dokumentert mellom anna i kongens jordebok frå 1617, der skyldhavarane i dagens Fjotland sokn er skrivne i «Helle mandtall». Då dei bygde kyrkje på Fjotland i 1670, flytta det organisatoriske tyngdepunktet seg dit.

Skrivemåten har vore diverse variantar av Helle/Hille. 1591: Hille, 1594: Hillde, 1723: Helde.

Da dobbelt-l blir uttalt dd på fjotlandsmålet, blir uttaleforma Hedde.

Gardsbeskrivingar/Livsgrunnlag

I matrikkelen frå 1661 blei Helle registrert med ei bekkekvern og skog til husbruk og brensel. Matrikkelen blei tatt opp på tinget på Feda og kvar gardbrukar gav opplysingar om sin gard, eller ein nabo kunne gje opplysningane om gardbrukaren sjølv ikkje var tilstades. Det var heller vanleg at bøndene underdreiv tilstanden på garden, og at dei fire år seinare tinga ny matrikkel. Denne gongen blei det oppretta ein kommisjon av lokale tillitspersonar som gjekk frå gard til gard og heldt ei såkalla «synsforretning». Frå kommisjonens side blei det stadfesta at Helle berre hadde skog til husbruk.

Jordbruk og husdyrhald

Kommisjonen talde også buskapen. Helle hadde i 1665 to hestar, 15 kyr og 24 «smale», altså sau. Dette talet er rimeleg stabilt fram til det neste året vi har tal ifrå, 1723. Derimot har utsåinga auka med 60 % i løpet av seksti år, så det er ikkje tvil om at det må ha skjedd ei nyrydding og foredling av jorda i denne perioden.

1665 1723 1865 1919
Korn 7 ½ t 12 t 23 3/5 t
Jordeple - - 30 t
Hestar 2 2 6
Storfe 15 18 34
Småfe 24 30 131

I tida omkring 1850 gjennomgjekk norsk landbruk noko som i ettertid har blitt kalla «det store hamskiftet». Det arbeidsekstensive jordbruket som hadde stått stille i mange hundreår, blei i løpet av få tiår erstatta med nye reiskapar, metodar og strukturar. I tillegg skaut dyrkinga av jordeple fart. Det er dette ein ser resultatet av i tala frå 1865. Garden dyrka no over 23 tønner korn og 30 tønner jordeple. Det nye jordbruket kravde også 6 hestar, og på garden kunne dei fø på eit tresifra tal småfe.

Ein del av det store hamskifte var også at mange gardar gjennomgjekk utskifting, men på Helle hadde dei ikkje ei tinglyst utskifting før i 1899.

Dør heima i 1960.
Foto: Inge Helle

Folketal

Det er verdt å merka seg at i perioden frå 1600-talet til slutten av 1800-talet var folketalet på Helle relativt stabilt.

Kor mange bebuarar (M: Berre vaksne menn)

1665 1769 1801 1865 1900 1920
7M 28 27 37

Kulturminne

Tradisjonen fortel om ei kyrkje på Hellestølen, plassen der garden Årland ligg i dag. Ei rekke små formasjonar i innmarka har blitt tolka som gravhaugar, men undersøkingar har ikkje gjeve resultat i anna enn stein og jord.[2] Jerstad peiker også på at namnet Øygardslia, som ein finn i sør for Årland, der vegen kjem ned frå Årstøl, fortel om tidlegare busetjing her, noko som ikkje er urimeleg. Staden låg rett ved vegen frå Helle og nordover i bygda og relativt sentralt.

Øydegarden på Årland blei rydda opp att såpass seint at den ikkje fekk status som gard i matrikkelsystemet, men sorterer som eit bruk under Helle. Paradoksalt nok har gardens støl, Årstøl, fått status som gard med eige gardsnummer.

At Årland har blitt nytta som støl av Hellefolket er sikkert, men i Grimedalen finst tufter etter nok ein Hellestøl. Om Grimedalstølen fortelles det at det var den eldste. Her har og vore ein sentralplass. Litt lenger sør i Grimedalen, mot Borhommen og grensa til Kvinesdal sokn, ligg det seks steinar i ein ringformasjon saman med fleire steinblokkar. Ifølgje lokale segn har det vore tingstad her, og det var dei seks dommarane som skulle sitta steinane.[3]

Ved sida av kulturminna som plasserer Helle som ein sentralgard, så er det registrert fleire restar etter regulær gardsdrift. Det er merke etter sager og kverner fleire stader. I Grimedalsbekken er det tufter etter tre kverner. I Sagefossen var det både kvern og sag. Kverna nedanfor Sagefossen blei nytta heilt til dei fekk elektrisitet.

Matrikkel

1639 1661 1723 1802 1838 1886 1950 2019
Nr - - 23 260 173 2 2 171
Skyld 3 h 3 h 3 h (1/4) 3 h 3 h 6 d 8 ort 90 sk. -
Tal på bruk 5* 3* 3 3 16 26

*tal på oppsitjarar

Helle blei registrert i skatteklassa for fullgardar under skatteinnkrevjinga i 1594, men blei som mange gardar sett ned til halvgardsklassa frå 1639. 1639 var første gong dei utlikna skatten på landskylda, noko som i prinsippet skulle gje ei meir rettferdig fordeling av skattebyrda.

Eigedomsforhold

Helle var i bondeeige på byrjinga av 1600-tallet. I ei odelssak frå 1600 til 1620 blei Lars Kvinlaug, Øyu Omland, Olaf Ersdal og Olaf Bakke stevna av Stigen Røynestad, Ånen Røynestad, Hans Anderssøn på Gullestad og Gunder Sande. Dei førstnemnde hadde kjøpt Kvinlaug og det såkalla «Helles gods» (Helle, Omland og Engedal) av Staale Birkeland, Hoskuld Øydna og Osmund Leland.  Saka førte ikkje fram, men viser at desse gardane, som då for det meste framleis ikkje var tekne opp att, var ettertrakta i ei tid med mykje nyrydding.

I 1617 var to av desse framleis eigarar av Helle; Olaf Bakke og Øyu Omland. Den siste parten var eigd av Rolf og medeigarane hans. Rolf Sigbjørnsson Helle forvalta eigarpartar etter både far sin og svigerfar sin (Olaf Ersdal). I 1647 eigde dei fire brukarane eller «paasidderne» kvar sitt bruk.  

I 1661 var garden oppført med så mange som fem oppsitjarar, men om dei dreiv kvar sitt bruk er lite truleg. Soknepresten Peter Severinsen Godtzen var eigar av 1 1/8 hud i Helle (ikkje i 1672), og Sigbjørn Tormodsson eigde 3 engelsk, medan Knut Røyseland eigde 1 hud (1/2 hud i 1673). Garden blei delt i tre bruk kring 1670, eit brukstal som heldt seg fram til 1841. Det skjedde ei rekke endringar i eigarstruktur og delingar gjennom hundreåra, men fyrst i 1899 gjorde dei ei tinglyst utskifting på Helle. Då var dei seks bruk som skulle skifta om jorda.

Garden hadde to utsendingar – førnemnde Rolf og Salve – på tinget på Feda i 1591. Her gav dei fullmakt til Obmund på Haaland (Feda) til å reisa på tinglagets vegner til Akershus slott for å hylla Christian 4. som konge i Danmark-Noreg. Hyllinga var ein gamal norsk tradisjon som blei oppretthalden av monarkiet gjennom 15- og 1600-talet, og blei gjennomført 8. juni 1591.[4] At Helle hadde to utsendingar, kan tyda på at det var to gardpartar allereie på slutten av 1500-talet.  

I seinare tid har det vore både landhandel (1949-1962, filial av Kvinesdal handelslag) på Skoglund og posthus på Helle tidleg på 1900-tallet. Det var òg skysstasjon fram til vegen.

Bruk og eigedomar

bruksnr bruksnamn Adresse type eigedom utskild frå matrikulert løpenr. (før 1886) Skyld 1950 Eigar 1886 Eigar 1950
1 Dør heima Vesterdalsvegen 1915/1917 Gardseigedom 646a1 3 mark 16 øre Tønnes Sigbjørnsen Ole Bertin Helle
2 Helle Vesterdalsvegen 1932/1941 Gardseigedom bruk 1 1869 646a2a, 647a1, b1a 1 mark 82 øre Tobias Toresen Sigbjørn Andreassen Helle
3 Helle Helle 14/16 Gardseigedom bruk 2 m.fl. 1881 646a2b, 647a2, b1b 1 mark 63 øre Sigbjørn Toresen Olav Andreassen Helle
5 Helle Helle 15 Gardseigedom 647b2 0 mark 63 øre Ingeborg Torgrimsdatter Karen Helle
6 Helle Helle 4 Gardseigedom 648 1 mark 40 øre Gunnuv Didriksen Tor Lindefjeld
10 Hamarheim/Monen Vesterdalsvegen 1881 Gardseigedom bruk 1 1923 0 mark 80 øre Tønnes Johan Helle
11 Nyvold Vesterdalsvegen 1952 Gardseigedom bruk 6 1933 1 mark 69 øre Olav Lindefjeld Helle
12 Skoglund Vesterdalsvegen 1969 Bustadtomt bruk 1 1937 0 mark 02 øre Fredrik Omland
13 Årland Årstølvegen 1 Gardseigedom bruk 3 1939 0 mark 20 øre Sigbjørn H. Josdal
21 Vesterdalsvegen 1945 Bustadtomt bruk 2 1997
22 Nedre Kvinlogsvei 11 Bustadtomt bruk 1 1997
23 Helle 6 Bustadtomt bruk 2 1998
24 Nedre Kvinlogsvei 9 Bustadtomt bruk 1 2002
25 Helle 8 Bustadtomt bruk 6 2008

Folket på Helle

Dei to første me høyrer om på Helle er altså Rolf og Salve som var på tinget på Feda i 1591. Det er mogleg å konstruera ei eigarrekkje på to ulike bruk alt frå denne tida. Jerstad har kalla desse bruka Sigbjørnsgarden og Rolfsgarden. Her blir dei skrivne for Dør heima og Rolfsgarden. Brukshistorikken til Dør heima går i ei rett line fram til i dag, medan Rolfsgarden blei delt i mange mindre partar og består av fleire bruks- og løpenummer.

-

Dør heima

Bnr. 1/Lnr. 646

Dør heima ligg i dag sørvest for Hamaren, og består av to bustadhus og ulike driftsbygningar, post og skysstasjon. Første kjende brukar var:

Salve (n. 1591) Han figurerer som nemnd i ei oversikt over dei som møtte på tinget på Feda i 1591 for å gje fullmakt til kongehyllinga av Christian 4.  

Somund (n. 1594-n. 1602) Somund er nemnt i kjeldene i ei årrekkje på slutten av 1500-talet. Opphav eller tilknyting er ikkje kjend. Han kan ha vore den Somund som ein seinare finn på Midt-Røynestad, men det blir berre spekulasjonar.

Ståle (n.1643- n. 1650) Ståle er ukjend, men han kan og ha tilknyting til Røynestad. Både Salve, Somund og Ståle er slektsnamn der. I følgje ein rettssak frå 1600 til 1620 hevda Stigan Røynestad med søner odelsrettar i garden.  

Asbjørn Olsson Skibeli er nemnd i 1623, og son hans, Knud Asbjørnsson, er oppført som brukar og eigar i 1661. Knud var nok likevel berre eigar for han var brukar på Røyseland frå 1647 til 1682. Olav Bakke, som var ein av dei som kjøpte Helle gods omkring 1600, var far til Asbjørn.  

Det er òg ein Elling Sigbjørnsson Haughom i Sirdal som blei oppført som brukar og eigar i 1661*. Men han var nok òg berre eigar, noko som blir bekrefta i skattemanntalet. I følgje ei utsegn i ei rettssak frå 1658 var han i likskap med Asbjørn barnefødd i Bakke. Slektskapen mellom dei to er uklår.

*I Fjotland Gards- og ættesoge (1979) er denne oppførd som sonen til Sigbjørn Tormodsson, men det kan ikkje stemme då Elling var i frå Sirdal.[5]

Frå 1651 er eigar og brukar:

-

  • Sigbjørn Tormodsson (1612-)
  • Ingeborg Torusdotter Gyland (-1692)
    • Tormod (1642-1735) Sjå nedanfor
    • Kidel Sigbjørnsson (1648-1737) g. m. Kari Knutsdotter Røyseland (n. 1675) Sjå bruk 2 (Rolfsgarden)
    • Johannes (n. 1692) g. m. Astrid Torjusdotter frå Nedre Førland/Åse (d. 1731). Sjå Åse
    • Toru (1662-1725) Sjå nedanfor
    • Anna (-1727) g. 1. g. m. Ståle Osmundsson Ytre Røynestad (-1679) g. 2. g. m. Tosten Halvorsson Lyding frå Lille Rafoss. Sjå Lille Rafoss
    • Birgitte/Birte (n. 1695) g. 1 g. m. Ståle Knutsson Røyseland (-1695) g. 2. g. m. Olav Ånensson frå Veggeland (-1704). Sjå Røyseland

Sigmund og Ingeborg kom til Helle i 1651. Før dette var dei i Risøya. Frå no av høyrer vi ikkje noko meir til Ståle i kjeldene, så det kan ha skjedd eit sal eller makeskifte. Ingeborg var dotter av Toru Gyland.

-

  • Tormod Sigbjørnsson (1642-1735) Ikkje gift
    • Ingen born

-

  • Toru Sigbjørnsson (1662-1725)
  • Anna Olsdotter Lindhom (n.1731)
    • Ingeborg (n. 1709- n. 1763) g. 1709 m. Tjøl Ånensson Steintland (1676-1742). Sjå Steintland
    • Sigbjørn (1694-1781) Sjå nedanfor
    • Gunvor (1697-n. 1763) g. 1714 m. Sigmund Gunleivsson Tveiten (1688-1765). Til Tveiten, Eiken
    • Olav d. e. (1703-) g. 1730 m. Anna Nilsdotter Gjemlestad. Sjå Gjemlestad
    • Johannes (1705-1764) g. 1. g. 1732 m. Asgjerd Tostensdotter Øvre Nerstøl, Eiken (-1751). g. 2. g. 1753 m. Kari Jonsdotter Eiken (1711-1776). Gastgjevar. Til Eiken
    • Olav d. y. (1708-n. 1725)
    • Anna (1711-1787) g. 1. g. 1730 m. Jørgen Osusson Eigenes Liknes (1705-1749) Sjå Liknes. g. 2. g. 1753 m. Eiel Persson Narvestad (1712-1798). Sjå Narvestad. Kalla «Anna i Neset»

Familien var først i Lindhommen, men kom til Helle omkring 1700. Toru overtok odelen frå Tormod.

-

  • Sigbjørn Torusson (1694-1781) g. 1712
  • Åsne Annbjørnsdotter Omland (1676-1763)
    • Lars (1713-1797) Sjå nedanfor
    • Anna (1715-1794) g. 1. g. 1730 m. Eivind Trondsson Spikkeland (-d. før 1731) g. 2. g. 1735 m. Søren Olsson Narvestad (1717-1763). Sjå Narvestad
    • Toru (1719-n. 1773) g. 1. g. 1745 m. Ingeborg Bjørnsdotter Bruli (1746-) Til Kristiansand. g. 2. g. 1773 i Kristiansand m. Ingeborg Børildsdotter Herefoss.
    • Såmund (d. før 1728)[6]
    • Ingeborg (1720-1808) g. 1763 m. Tore Sigbjørnsson Engedal (1730-1794). Sjå Engedal

Åsne var enkje etter Lars Torgrimsson på Stakkeland og dei budde der første tida. Les om den familien under Stakkeland. Dei tre eldste borna til Sigbjørn og Åsne blei fødd på Stakkeland. Dei flytta til Helle omkring 1720.

-

  • Lars Sigbjørnsson (1713-1797)  
  • g1. (gift første gang) 1746 med Torborg Sigmundsdotter Borhom (1717-1775)
    • Ingen born
  • g2. 1779 med Ingrid Sigbjørnsdotter Engedal (1742-1829)
    • Torborg (1780-1828) Sjå nedanfor
    • Åsne Malene (1784-1784)

-

  • Torborg Larsdotter (1780-1828)
  • Steinar Torsson Eiesland (1770-1853)
    • Lars (1798-1852) Sjå nedanfor
    • Tor (1801-1826) g. 1826 m. Mette Katrine Kristoffersdotter Rødland (1799-n. 1865). Drukna i Kvina.
    • Ingrid (1804-1880) g. 1822 m. Olav Hansson Eiesland (1793-1876). Sjå Fossland
    • Siri (1807-1859) g. 1828 m. Torgrim Salvesson Fjotland (1796-n. 1865). Til Borgevoll i Tveit
    • Nils (1810-)
    • Sigbjørn (1814-1814)
    • Sigbjørn (1815-1899) Sjå nedanfor
    • Ane Malene (1819-1901) g. 1838 m. Toru Torgrimsson Eikeland (1806-1889). Sjå Eikeland
    • Torborg (1822-1902) g. 1840 m. Torkild Persson Øvre Kvinlog (1817-1896). Sjå Øvre Kvinlog

Steinar gifta seg seinare med Ingrid Stålesdotter Engedal. Steinar var blant dei fire frå Fjotland sokn som skreiv under på adressa og fullmakta til riksforsamlinga i 1814.

-

  • Lars Steinarsson (1798-1852)
  • g1. 1819 med Mari Nilsdotter Eiesland (1802-1839)
    • Steinar (1820-1878) g. m. Anne Margrete frå Stavanger (1832-1872). Utskiftingsmann. Til Farsund
    • Nils (1823-1823)
    • Nils (1825-1848) Drukna i Kvina første juledagen 1848.
    • Tor (1827-d. f. 1910) g. 1860 m. Johanna Persdotter Kvinlog (1828-). Til Minnesota, USA. Sjå Engedal
    • Inger Tonette (1830-1910) g. 1848 m. Øyu Olsson Øvre Røynestad (1819-1886). Sjå Øvre Røynestad
    • Inger Marie (1833-1886) g. m. Tollei Sigbjørnsson Håland (1815-1878). Sjå Håland
    • Nils Tobias (1834-) g. 1. g. m. Berte Johanne Larsen (1838-), g. 2. g. 1889 m. Anne Cathrine Johnsen frå Holum. Han var sjømann og snikkar. Til Kristiansand og Mandal
    • Ingrid (1837-1906) g. 1869 m. Osmund Ivarsson Øvre Teigen/Jerdal (1823-1912). Til Jerdal og Vigmostad. Sjå Jerdal
  • g2. 1843 med Anne Sofie Ånensdotter Store Åse (1805-1845)
    • Anne Marie (1844-1924) g. 1868 m. Per Kristian Olsson Hamre (1825-1914). Sjå Hamre

Lars overtok i 1825, men måtte selja garden på tvangsauksjon i 1841. Johan Jerstad skriv at familien reiste austover og at Mari drukna i Topdalsfjorden utanfor Kristiansand, ho fall ut frå brygga. I 1843 gifta Lars seg på ny med Anne Sofie Ånensdotter Åse, som hadde vore gift med Reier Toresson Røyseland. Dei fikk ei dotter og flytte dit. Det gjekk ikkje likare enn at Anne Sofie døydde eit knapt år seinare og Lars flytte tilbake til Helle.

Dei som kjøpte bruket på tvangsauksjon, var bror til Mari, Gunnuf Nilsson Eiesland og svogeren hennar Tallak Åsen. Då var allereie garden delt i to bruk (seinare bnr. 1 og 4). Det som var bnr. 1 ei tid blei selt til Dirik Helle i 1854 (sjå bruk 6). Han selde vidare til Kristian Hansson Fedde, som neppe busette seg her. I 1869 kjøpte Tore Tronsson (sjå «Dør uppe») og broren til Lars, Sigbjørn, garden og delte den mellom seg. Då hadde Sigbjørn allereie kjøpt bruk 4 frå Gunnuf og Tallak. Tore la sin part til sitt bruk som han sidan delte mellom sønene sine.

-

  • Sigbjørn Steinarsson Helle (1815-1899)
  • g. 1840 med Anne Sofie Tronsdotter Veggeland (1819-1877)
    • Steinar (1841-1863)
    • Torborg (1844-1872) g. 1866 m. Andreas Berntsson Spillebrok (1836-1913). Sjå Spillebrok
    • Gunnhild Ida (1847-1848)
    • Gunnhild Ida (1849-1917) g. 1869 m. Jakob Elias Gunnusson Eiesland (1844-1917)
    • Tønnes (1852-1933) Sjå nedanfor
    • Elise Tomine (1856-1917) g. 1878 m. Andreas Berntsson Spillebrok (1836-1913). Sjå Spillebrok (sjå også over)
    • Ingrid (1859-1861)
    • Inger Sofie (1863-1891)

Sigbjørn var engasjert i styre og stell i bygda og i amtet. Han satt i heradstyret, i matrikkelkommisjonar og var ordførar. Han satt og to periodar på Stortinget for Lister amt.

Sigbjørn overførde begge gardpartane til sonen. Den første delen «Dør ude» (bnr. 4) i 1878, den andre i 1898.

-

  • Tønnes Sigbjørnsson (1852-1933)  
  • g1. 1878 med Ingeborg Olsdotter Lindefjeld (1852-1885)
    • Sigbjørn (1879-1943) Sjå bruk 10
    • Anne Sofia (1880-1936) g. 1909 m. Sigbjørn Jakobsson Eiesland (1877-1966). Sjå Eiesland
    • Anne Tonette (1881-1930) Lærerinne ved skulane i Fjotland. Ho blei beskrive som ei godlynt og roleg kvinne.
    • Torborg (1883-1943) g. m. Malcolm Kavahara. Var ei tid i USA.[7]
    • Olav (1884-1899)
    • Dødfødt barn (1885)
  • g2. 1892 med Ingerid Pedersdotter Stakkeland (1867-1940)
    • Peder Johan (1894-1932) Til USA. Døydde på veg heim frå USA.
    • Ingeborg (1895-1920) g. 1918 m. Johannes Nilsson Seland (1887-1975). Sjå Lindhom
    • Steinar (1896-1917)
    • Inga (1898-1947) g. 1925 m. Sigbjørn Andreasson Spillebrok (1879-1968). Sjå Spillebrok
    • Ola (1900-1953) Sjå nedanfor
    • Inger Sofie (1902-) g. m. Reidar «Ralph» Karlsen. Hadde eit barn fødd på Helle: Ingolf (1928- 2005) og Shirley (1931-1996) fødd i Brooklyn. Til USA
    • Teoline (1904-1950)
    • Tønnes Johan (1906-1977) g. 1933 m. Gunhild Sofie Engedal (1911-1997). Sjå bruk 10
    • Ida Tonette (1908-1918)

Etter Tønnes blei garden delt mellom brørne Sigbjørn og Ola. Sigbjørn fekk bruk 10, Hamarheim. Ola blei på Dør heima.

-

  • Ola Tønnesson Helle (1900-1953) g. 1923
  • Ingrid Engedal (1900-1967)
  • Tønnes (tvilling) (1924-2003) g. 1949 m. Tora Haddeland (1925-2020). Til Vågsbygd
  • Ingrid (tvilling) (1924-2010) g. 1949 m. Olav Benestvedt (1922-2005). Til Lyngdal
  • Gunhild (1925-2019) g. m. Jakob Røyland frå Harbakk (1925-1992). Sjå Harbakk
  • Signe (tvilling) (1928-1928)
  • Ida (tvilling) (1928-2006) g. 1967 m. Arvid Amundsen frå Kvinesdal. Til Kristiansand
  • Signe (1932-1942)
  • Ole Bertin (1935-) Sjå nedanfor

-

  • Ole Bertin Helle (1935)
  • g. 1958 med Kari Risnes (1936)
    • Tre born

Ole Bertin sat to periodar i kommunestyret, og ein periode i skulestyret. Han har og innehatt fleire andre verv i bygda.

-

Rolfsgarden

Bnr. 2/3/6 Lnr. 647/648

  • Sigbjørn Rolfsson (n. 1608-n. 1610)
  • NN (Anna?)
    • Rolf (Sjå nedanfor)
    • Eigbrand[8] Han er nemnd på Helle fram til 1658.

Sigbjørn hadde ein bror på Nedre Kvinlaug, Lars (n. 1610).  

-

  • Rolf Sigbjørnsson Helle (n. 1591- d. ca. 1639)
  • Siri Olsdotter Ersdal (n. 1645- d. ca. 1648)
    • Sigbjørn (1614-1670) Sjå nedanfor
    • Olav (1618- n. 1668) g. 1645 m. Joren Persdotter Høydal (d. 1668). Olav kom til Høydal i 1645. I 1658 var dei tilbake på Helle. Sjå elles Høydal
    • Anna (n. 1677) g. m.  Jon Ivarson Moland (1634-1677) Dei var truleg på Helle til 1651, då dei flytte til Moland. Om lag 1660 for dei til Gunsteinsli. Sjå elles Gunsteinsli

Rolf er nemnd første gong i 1591, då han var utsending på tinget på Feda (sjå over). Han var og stadig i klammeri med svogeren sin Hoskuld Olsson på Nedre Kvinlog. I 1607 måtte Rolf betala ein riksdaler for han hadde skore Hoskuld i handa med ein kniv. Faren Sigbjørn måtte også bøta for å ha forulempa Hoskuld. Sigbjørn var heime hos Hoskuld og gav han eit knivstikk i 1608, og i 1610 skaut Rolf Hoskuld i låret.

Siri var dotter av Olav Ersdal i Bakke sokn, og med det var ho òg søster til Hoskuld Olsson på Nedre Kvinlog.

-

  • Sigbjørn Rolfsson (1614-1670)
  • Adlaug Atlaksdotter Veggeland
    • Bjørn (1640- n. 1670) Sjå nedanfor
    • Rolf (1646- n. 1670) Sjå nedanfor
    • Atlak (n. 1668-1670)
    • Barbro (n. 1668-1672) fekk barn med Tron Hoskuldsson Nedre Kvinlog i 1672.[9]
    • Birgitte (n. 1668-1670)
    • Helga (n. 1668-1670)
    • Guri (n. 1668-1670)
    • Åsa (n. 1668-1670)
    • Adlaug (n. 1668-1670)

-

  • Bjørn Sigbjørnsson (1640-n. 1670)
  • Todne Torjesdotter (n. 1666)
    • NN (n. 1666)
    • NN (n. 1666)

Todne Torjesdotter (n. 1666) blei i 1666 dømt til piskestraff, eller til å «miste sin hud», fordi ho ei natt hadde snike seg inn i fehagen til Kidel Helle og mjølka buskapen hans. Ho blei dømt etter Christian den fjerdes norske lov av 1604, som eigentleg var ei dansk omsetjing av Landslova frå 1274, der mange av straffemetodane var mellomalderske. Simpelt tjuveri blei sett på som veldig alvorleg, sidan tillit mellom folk var avgjerande for at samfunnet kunne fungera. Samtidig levde mange på eksistensminimum, slik at ting og ressursar hadde høg verdi. Pisking, eller kakstryking, blei vidareført som straffemetode for «ringe tyveri» i Christian den femtes lov av 1687.

Dei to borna blei beskrivne som «smaa børn» i 1666.

Bjørn selde sine gardpartar til Kidel Sigbjørnsson Helle i 1680. Kidel var den fornærma i rettssaka nemnd ovanfor.

-

  • Rolf Sigbjørnsson (1646-n. 1670)
  • Kari Olsdotter Narvestad (d. ca. 1695)
    • Astrid (n. 1699) g. m. Ståle Torsson Øvre Røynestad, Sjå Øvre Røynestad
    • Sigbjørn (d. før 1699)

Kari gifte seg på nytt med Ivar Osusson (d. ca. 1695), og dei hadde dottera Anna (n. 1717).

Astrid og Anna selde sine eigedelar i Helle til: Kidel Sigbjørnsson

-

  • Kidel Sigbjørnsson (1648-1737)
  • Kari Knutsdotter Røyseland (n. 1675)
    • Barbro (n. 1718-1737) sjå løpenr. 647
    • Guri sjå løpenr.748/bnr. 6

Barn med Asgerd Larsdotter (tenestejente, ikkje gift):

  • Anna (n. 1733- d. 1762) g. m. Olav Hoskuldsson Mygland (1707-). Sjå Mygland

Han blei kalla «Store-Kidel».[10] Kidel kom frå nabobruket på Helle i 1690. Han var nest eldste son der, utan odel. Kari, som hadde ei mor som hadde vore gift med Knut Asbjørnsson Skibeli i andre ekteskap, hadde med seg ein liten part av det opphavelege godset som blei kjøpt i 1600 (sjå ovanfor, Knut Asbjørnsson var barnebarn av Olaf Bakke. Frå 1680 kjøpte dei seg likevel gradvis opp i dette bruket.[11]

Kidel delte bruket i to og gav ein part til kvar av døtrene frå ekteskapet sitt.

-

Dør uppe

Løpenr. 647

  • Barbro Kidelsdotter (n. 1718-n. 1737)
  • g1. med Vermund Trondsson Engedal (n. 1677-1711)
    • Sigbjørn (1698-1763) g. 1718 m. Mali Toresdotter Øvre Kvinlog (1704-1790). Sjå Engedal
    • Tron (1704-1744) sjå nedanfor
    • Knut (1711-1750)
    • Gunvor (n. 1732-n.1755) g. 1. g. 1732 m. Øyu Bergesson Bergesli (1697-1753). Sjå Bergesli, g. 2. g. 1755 m. Tomas Olsson Røynebu (1717-1792)
    • Kari (n. 1733) g. 1733 m. Hans Bergesson Bergesli (n. 1734-1747) Sjå nedanfor og Risøy
  • g. 2. 1718 med Ole Torjussson Biktjørn (1688-1755).  
    • Ingen born

Døtrene til Barbro gifta seg med kvar sin bror Bergesli. Kanskje ikkje så overraskande. Mor til Vermund hadde vore gift med Tollak Osmundsson på Bergesli, og i skiftet etter henne blei det delt ei halv hud i Bergesli. Gunvor og Kari kunne altså venta seg arvepartar i Bergesli i skiftet etter faren.  

Barbro og Ole skifta i 1737 og garden gjekk vidare til son Tron Vermundsson og kona Asgerd.

-

  • Tron Vermundsson (1704-1744)
  • g. 1734 med Asgerd Toresdotter Øvre Kvinlog (1710-n. 1744)
    • Vermund (1734- d. før 1750)
    • Tore (1736- d. før 1741)
    • Ingrid (1738-d. før 1744)
    • Tore (1741-1815) Sjå nedanfor

Tron og Asgerd var på Øvre Kvinlog då dei gifte seg og Vermund er fødd der. Deretter var dei ei kort tid på Spikkeland, der Tore ble fødd før dei kom til Helle omkring 1738.

-

Kari Vermundsdotter (n. 1733) g. 1733 m. Hans Bergesson Bergesli (n. 1734-1747) kom hit i 1751. Før det var dei i Risøya. Sjå meir om dei der.

-

  • Tore Tronsson (1741-1815)  
  • g1. 1767 med Torborg Eilivsdotter Rafoss (1730-d. før 1775)
    • Hans (1769-1797) Drukna
    • Asgerd (1771-1839) g. 1. g. 1798 m. Lars Olsson Solberg (1771-1808), g. 2. g. 1812 m. Lars Salvesson Skjekkeland (1766-1844)  
  • g2. 1775 med Siri Annbjørnsdotter Ytre Åsen (1737-n. 1803)
    • Torborg (1776-) g. 1802 m. Atlak Osmundsson Mygland (1778-1847). Sjå Krågeland og Homme
    • Gro (1778-1858) g. 1812 m. Ommund Toresson Vordal (1778-1850). Sjå Høyland i Feda
    • Tron (1781-1842) Sjå nedanfor

Torborg hadde vore gift med Hans Hansson Hamre (1709-1763). Sjå meir om den familien på Hamre. Det brann på Helle 17. mai 1772 og dei miste heile garden. Familien flytta inn under ein eller to hellerar medan dei bygde nye hus. Det er framleis busetnadsspor under hellerane på Helle.

-

  • Tron Toresson (1781-1842)
  • g1. 1803 med Kari Tormundsdotter Nedre Stakkeland (1784-1805)
    • Tore (1804-1805)
  • g2. 1806 med Karen Torkelsdotter Seland (1779-1856)
    • Kari (1809-1839) g. 1829 m. Gabriel Knutsson Årstøl (1806-1839). Sjå Årstøl
    • Nils Tobias (1812-1848) g. 1836 m. Ingeborg Torgrimsdotter Røyseland (1811-1898). Sjå bruk 5
    • Tore (1815-1818)
    • Torkel (1817-1817)
    • Tore (1819-1883). Sjå nedanfor
    • Anna Serine (1821-1866) g. 1846 m. Karl Ingvorsson Nedre Kvinlog (1823-1898). Sjå Eikeland

Tron hadde nokre strie år frå 1803 til 1806. På dei åra rakk han å gifta seg, få barn, mista eit barn, mista ei kone og gifta seg på nytt. Han overlevde fire av sine sju born, noko som ikkje var uvanleg. Dei to sonene som vaks opp delte garden etter Tron og Kari. Kari var òg ung enke og hadde mista eit born sjølv. Ho hadde vore gift på Eiesland med Nils Torsson tidlegare. Nils Tobias fekk det som skulle bli Dør nere (bruk 5), medan dette bruket gjekk til sonen Tore.

-

  • Tore Tronsson (1819-1883)
  • g. 1846 med Karen Gurine Sigbjørnsdotter Engedal (1822-1906)
    • Tobias (1847-1887) Sjå nedanfor/bruk 2  
    • Sigbjørn (1852-1893) Sjå bruk 3
    • Nils (1855-1874) Drukna i Nedre Åmlandsvatnet 22. november 1874. Han og Tønnes Helle skeisa rett i ei råk på veg til kyrkja. Familien til Nils fekk høyra om dødsfallet frå preikestolen.

Tore kjøpte partar i bruka rundt og då dei skulle skifte etter han, blei det nok til ein part til kvar son. Tobias fekk bruk 2 og Sigbjørn bruk 3.

-

Dør framme

Bnr. 2

Vesterdalsvegen 1932/1941

Fråskilt fleire bruk 1869

  • Tobias Toresson (1847-1887)
  • g. 1874 med Anne Lovise Asbjørnsdotter Mygland (1849-1884)
    • Karen Gurine (1875-1956) Sjå nedanfor
    • Inger Maria (1877-1891)
    • Torborg (1880-1884)

-

  • Karen Gurine Tobiasdotter (1875-1956)
  • Andreas Jakobsson Haugland (1866-1929)
    • Anne Lovise (1893-1966) Sjå bruk 3
    • Anne Tonette (Antonetta) (1894-1966) Sjå bruk 3
    • Tobias (1896-1967) g. m. Amanda Tostensdotter Røinebo (1896-1967). Sjå Røynebu
    • Jakob (1898-1984) g. 1929 m. Fredrikke Kvinlog (1912-1998). Sjå Røynebu
    • Sigbjørn (1901-1983). Sjå nedanfor
    • Torborg (1902-1932) g. 1929 m. Politikonstabel Martin Andreasen Ødegård. Husbestyrerinne i Ullevål hageby i 1929. Til Oslo
    • Inger Marie (1904-1944) g. m. Olav Buset (1893-1978). Sjå Spikkeland
    • Olava (1906-1946) g. 1932 m. Trygve Eftestøl (1901-1993). Sjå Risnes
    • Alma Kristine (1908-1942) g. 1934 m. Alv Risnes (1899-1974). Sjå Risnes
    • Olav (1911-2003). Sjå bruk 3
    • Andreas (1914-1997) Sjømann og krigsseglar under andre verdskrig, les meir om han på krigsseilerregisteret. Budde på Helle når han var heime.

Andreas J. var lærar i folkeskolen i 1920. Utdanna agronom.

-

  • Sigbjørn Helle (1901-1983)
  • g. 1933 med Gunhild Mygland (1911-1997)
    • Andreas (1934-1961). Sjømann
    • Kari Gudlaug (1936-1990) g. 1958 m. Finn Skretteberg (1935-1995). Husmor. Til Kristiansand
    • Jenny (1938) g. 1962 m. Trygve Gullichsen, Drammen (1928-2011). Sjukepleiar. Til Drammen
    • Ingeborg (1939) g. m. Sigurd Lien, Eiken (1940). Til Rossevatn i Eiken
    • Knut (1942-1995) g. 1. g. m Eli Bø frå Rørvik, g. 2. g. m. Mette Torjusen (1963). Diplomingeniør. Til Stavanger
    • Arild Magne (1944) g. 1970 m. Solveig Marie Staddeland, Faret i Kvinesdal (1951). Sjå bruk 3
    • Torbjørn Helle (1947) Sjå nedanfor

Sigbjørn var i USA i 20-åra og kom heim omkring 1930 og kjøpte dette bruket av mor si. Han var bonde resten av livet. Gunhild blei kalla «Gunhild i svingen».

-

Dør uppe/Karen Gurine-garden

Bnr. 3

Helle 14/16

Fråskild fleire bruk 1881

Då dette bruket blei fråskilt i 1881 følgde det gamle våningshuset med garden. Huset blei reist etter brannen i 1772. Då huset brann ned i 1979 var det det eldste huset med bebuarar i Fjotland. Bruket blei kalla både Dør uppe og Dør framme.

  • Sigbjørn Toresson Helle (1852-1893) ugift
    • Ingen born.  

Etter Sigbjørns død gjekk bruket til brordottera Karen Gurine (sjå bruk 2). Ho skilde ut ein parsell i 1939, Årland (bruk 13), medan bnr. 3 i 1945 gjekk vidare til sonen Olav.

-

  • Olav Andreasson Helle (1911-2003) ugift
    • Ingen born.

Søstrene Anne Lovise og Antonetta budde saman med broren Olav her.

-

Dør nere

Bnr. 5

Helle 15

Fråskild bnr. 2 i 1842

I skifte etter Tron Toresson i 1842 delte sønene garden (Dør uppe) og eldstemann fekk denne parten.

  • Nils Tobias Tronsson (1812-1848)
  • g. 1836 med Ingeborg Torgrimsdotter Røyseland (1811-1898)
    • Anne Karine (1837-1878) g. 1861 m. Peder Larsson Røyseland (1832-1919). Til Harmony, Minnesota, USA
    • Tobine (1844-1913) g. 1868 m. Torkjell Ånensson Øvre Egeland (1842-1929) Sjå Øvre Egeland
    • Karen (1844-1911) Sjå nedanfor
    • Nils Tobias (1848-1927) g. m. Ingeborg  «Emma» Larsson frå Milwaukee (1855-1940) Emma var dotter av Olav Andreas Larsson Røyseland og Anne Malene Andreasdotter Øvre Øye. Nils Tobias var i Havsøy Egersund i 1865. Til Greenfield og Harmony, Minnesota, USA  

Ingeborg var av kvekarslekt frå Røyseland. Nils Tobias drukna i Kvina første juledag 1848. Etter det gjekk garden over på sonen med same namn, som berre var eit par år då skiftet stod. Han for til Amerika i 1871.[12] I 1875 var Ingeborg oppført som sjølveigar og gardbrukar. Ho budde då i lag med dottera Karen og tenestejenta Anna Lovise Kolbentsdotter. Karen overtok garden for 160 kr og folge for mora Ingeborg.

-

  • Karen Nilsdotter (1844-1911)
  • g. 1885 med Martin Jakobsson Øvre Kvinlog (1864-1950)
    • Nils Tobias (1885-1885)

Martin tente på nabogarden på Helle då han møtte Karen. Ho var tjue år eldre enn han. Då Karen døydde, overtok han garden og gifta seg på nytt. Denne gongen var det han som var eldst. Dei let oppføra ny hovudbygning i 1897.

-

  • Martin Jakobsson(1864-1950)
  • g2. 1912 med Ingeri Torsdotter Bjørkeli (1880-1938) frå Fossdal på Fjotland
    • Karen (1913-2012) Sjå nedanfor
    • Jakob (1915-1935)

I 1944 gjekk garden over på dottera

-

  • Karen (1913-2012) g. 1943
  • Hilmar Hansson Træland (1915-1995)
    • Helge (1943) g. m. Gunn Evy Jacobsen (1944) frå Dønna. Til Stavanger
    • Ingrid Marie (1946) g. m. Gunnar Brottveit. Dreiv butikk i Valle i Setesdal.

Karen døydde hjå dottera på Valle bygdeheim.

Sonen Helge har vore misjonslege i Etiopia og har arbeidd ved Stavanger Universitetssjukehus i 29 år. Gunn Evy er jordmor. Helge er i 2020 eigar av barndomsheimen sin.

-

Dør borte

Lnr. 648/ Bnr. 6

Helle 4

Fråskilt Dør uppe omkring 1700

Dette bruket blei skipa ved at den såkalla «Store-Kidel» (Sjå bruk 2) delte garden sin mellom sine to «ekte» døtrer. Denne gardparten gjekk til dottera Guri.

-

  • Guri Kidelsdotter (n. 1731)
  • Jesper Annbjørnsson (1670-1730) frå Åmland
    • Knut (1695-1746) g. m. Inger Olsdotter (n. 1756) Sjå Åmland
    • Lars (1697-1769) g. 1. g. 1739 m. Asgerd Persdotter Lindeland (1717-1743) g. 2. g. 1745 m. Anna Stålesdotter Heggland i Gyland. Sjå Åmland
    • Kidel (1700-) Sjå nedanfor
    • Annbjørn (1711-1779) g. 1737 m. Gro Gunnusdotter Eiesland (1717-1781). Sjå Ytre Åsen
    • Ingvor (1715-1800) g. m. Joren Persdotter Lindeland (1714-1794) Sjå Åmland
    • Dorte () g. 1 g. 1719 m. Markus Reidarson Nedre Kvinlog (1686-1728) g. 2. g. 1729 m. Erik Guttormsson Øyusåsen (1703-1773)

Guri og Jesper flytta tidleg til Helle og alle borna er fødde der. Frå 1723 var familien på Åmland. Då var garden skrive over på Kidel Jespersson

-

  • Kidel Jespersson (1700-)  
  • g1. 1719 med Ingeborg Tronsdotter Spikkeland (-1728)
    • Guri (1723-) g. m. Lars Torgrimsson Nedre Stakkeland (1733-1816) Til Røyland
    • Tollak (1726-1763) g. 1758 m. Alette Ellingsdotter Urdal i Gyland (1728-1801). Sjå Nedre Kvinlog
    • Kari (1728-1795)  
  • g2. 1731 med Jorunn Ellingsdotter Urdal i Gyland (-1753)
    • Ingeborg (1733-)
    • Jesper (1735- død før 1753)
    • Berte (1737-1821) g. 1766 m. Torjus Clausson Solbjørum (1735-1800). Sjå Solbjørum (Rullen)
    • Dorte (1741-1823) g. 1772 m. Olav Persson Dyrli (1744-1790). Sjå Dyrli
    • Jesper (1744-1813) Sjå nedanfor
    • Ingeborg (1746-1828) g. m. Jesper Ingvorsson Omland (1743-1829). Sjå Homme
    • Anna (1750-1805) g. 1786 m. Salomon Olsson Hunsbedt (1751-1828). Sjå Hunsbedt

Kidel blei kalla «Litle-Kidel». Sonen Jesper frå andre ekteskap overtok omkring 1770

-

  • Jesper Kidelsson (1744-1813)
  • g. 1771 med Anna Torgrimsdotter Solbjørum (1745-1816)
    • Kidel (1775-1775)
    • Karen Elisabeth (1776-1861) Sjå nedanfor
    • Kidel (1780-1781)
    • Anna (1787-1857) g1. 1806 m. Ånen Nilsson Eiesland (1779-1826) Sjå Vatland, g. 2. g. 1839 m. Per Håversson Vestre Sandvatn i Kvinesdal (1789-1842)

Garden brann i 1772, og dei mista alt. Jesper og Anna fekk skattefritak i to år. Myndigheitene kunne gi skattefritak i slike tilfelle for at folk skulle kome på beina etter krisar.

-

  • Karen Elisabeth Jespersdotter (1776-1861)
  • g. 1796 med Børel Torusson Helle (1770-1836)
    • Toru (1797-1798)
    • Joren (1799-1875) Sjå nedanfor
    • Gura (1803-1805)
    • Anna (1805-1888) g. 1827 m. Per Tostensson Øvre Kvinlog (1802-1867). Sjå Øvre Kvinlog
    • Gura (1808-1870) g. 1829 m. Sigbjørn Olsson Ytre Røynestad (1784-1875) Sjå Ytre Røynestad
    • Karen (1812-1836)
    • Ingeborg (1816-) g. 1836 m. Jørgen Tostensson Øvre Kvinlog (1812-). Sjå Omland. Flytta etter kvart til Kristiansand, der begge var i live i 1875.
    • Ingrid (1820-1863) g. 1840 m. Ivar Persson Øvre Kvinlog (1809-1877)

Børel og kona gav opp garden i 1828, og dottera Joren og versonen Markus overtok halve bruket. Då Børel døydde i 1836, sette Ingeborg seg i folge hjå Markus og Joren.

-

  • Joren Børelsdotter (1799-1875)
  • Markus Didriksson Homme (1787-1858)
    • Didrik (1817-1817)
    • Didrik (1819-1879) Sjå nedanfor
    • Karen Dorthea (1821-1827)
    • Børel (1824-1881) g. 1851 m. Abel Toresdotter Kvinlog (1827-1899). Sjå Homme
    • Karen Dorthea (1827-1890) g. m. Didrik Larsson Omland (1812-1896) Sjå Omland
    • Anna (1830-omkring 1871) g. 1859 m. Paul Torgrimsson Fjotland (1837-) Til Kristiansand og Tveit.
    • Anne Mathea (1833-1916) g. 1869 m. Eiliv Andreas Johannesson Dugan (1846-1929). Sjå Dugan
    • Inger Maria (1836-1837)
    • Mathias (1839-) g. m. Marthe Gurine Olsdotter frå Bakke (1849-). Til Kristiansand, der Mathias arbeidde som verftsarbeidar og sagbruksarbeidar. Mathias var i Wisconsin i 1891.
    • Jakob (1842-1842) Han blei fødd tre månader for tidleg og blei heimedøypt av foreldra. Levde berre nokre få timar.
    • Johan (1843-1846)

Fire av dei fem fyrste borna er fødde på Homme, der ekteparet budde ei tid før dei tok over på Helle i 1828. Markus var lensmann, som faren òg hadde vore. Markus var òg ein av dei fire frå Fjotland sokn som skreiv under på adressa med fullmakt som blei sendt inn til riksforsamlinga i 1814.

-

  • Didrik Markusson (1819-1879)
  • g. 1845 med Inger Marie Gunnusdotter Eiesland (1828-1900)
    • Martin Johan (1848-1898) g. m. Bertine Martinsdotter. Til Kristiansand. Forpaktar på Oddernes prestegard i 1875.
    • Gunnu (1850-1850)
    • Gunnu (1852-) Sjå nedanfor
    • Johan Didrik (1854-1893) g. m. Inger Marie Hansdotter frå Høvåg. Til Fjære.  
    • Tønnes Andreas (1857-) Gjekk i smedlære i Kristiansand 1875. Reiste til Minnesota, USA i 1888.

Didrik og Inger Marie budde først på bnr. 1 frå 1845 før dei kom hit i 1859. Didrik var lensmann, som faren og bestefaren hadde vore. Inger Marie døydde i Faret hjå sonen i 1900.

-

  • Kristian Hansson Feda (Sjå Feda) hadde garden frå 1874-1880. Då kjøpte Gunnu Didriksson

-

  • Gunnu Didriksson (1852-1935)
  • g1. 1881 med Ida Marie Hansdotter Egeland (1847-1901)
  • g2. 1901 med Anne Oline Eliasdotter Våskeland (1860-1944)

Gunnu og Ida Marie hadde ingen born. Dei flytte til Faret i 1894. Sjå meir om familien der. Dei selde i 1892 til Olav Andreas Lindefjeld.

-

  • Olav Andreas Lindefjeld (1861-1922)
  • g. 1886 med Elen Sofia Torsdotter Eiesland (1861-1942)
    • Anne Tonette (1887-1971) g. 1908 m. Tollak Nilsson Eiesland (1879-1930). Sjå Eiesland
    • Torborg (1890-1966) g. m. Tomas Francis O’Leary (1892-1970). Sonen Olaf Andreas O’Leary (1919-1919) blei fødd og døydde på Lindefjell. Til USA
    • Ingeborg (1892-1951) g. 1916 m. Seval Olsson Åmot (1893-1979). Sjå Åmot
    • Oktavia (1895-1973) g. 1917 m. Ivar Børildsson Øvre Kvinlog (1887-1968). Sjå Nedre Kvinlog
    • Olav (1899-1982) g. 1926 m. Kristine Martinsdotter Harbakk (1899-1965). Sjå bruk 11
    • Tor (1902-1996) Sjå nedanfor
    • Sigurd Lindefjeld (1905-1926) Til Brooklyn, USA

Olav Andreas bygde husa på garden i 1906. Bruk 11 blei skilt ut til sonen Olav i 1933. Andre halvparten gjekk til Tor.

-

  • Tor Lindefjell (1902-1996)
  • g. 1923 med Ingeborg «Emma» f. Kvinlaug (1898-1983)
    • Olav Andreas (1925-1980). Sjå nedanfor
    • Per (1929-2020) g. 1955 m. Jorunn Stiland (1936). Sjå Slettevegen, Faret
    • Ellen (1931-2001) g. m. Knut Kvist. Til Lilla Edet, Sverige

I 1962 overtok eldste sonen Olav Andreas.

-

  • Olav Andreas Lindefjeld (1925-1980)
  • g. 1949 med Torbjørg Konstanse Netland (1927)
    • To born

-

Brn 10/Monen

Vesterdalsvegen

Fråskilt bruk 1 i 1923

Sigbjørn (1879-1943) frå bruk 1 fikk skilt ut dette bruket i 1923. Ved ei opprekning i 1938 hadde han tre mjølkekyr, fem ungfe, seks sauer og fem høns. Han hadde innlagt vatn, men ikkje straum. I matrikkelen er bruket kalla Hamarheim.

Sigbjørn hadde ingen born, og bruket blei først ført over på søstera Torborg (sjå bruk 1), som igjen testamenterte bruket over på søstersonen Jakob Eiesland. Tønnes Johan Helle oppretta odelssak og garden blei delt mellom han og Jakob.[13] Jakob fekk utskilt nytt bruksnr. 15.  

-

  • Tønnes Johan Helle(1906-1977)
  • g. 1933 med Gunhild Sofie Engedal (1911-1997)
    • Ingfrid (1934-2015) g. m. Leif Skoie (1931-2009). Til Mandal
    • Tellef  (1937-2018) Sjå nedanfor
    • Gudrun Sofie (1946-) g. 1968 m. Odd Nygaard. Til Brooklyn og Mandal

Gunhild og Tønnes Helle budde i Brooklyn, New York, og leigde ut husvære til sambygdingane sine. Dei budde òg ei tid på Netlandsnes. I 1973 blei bruket overført til sonen Tellef.

-

  • Tellef Helle (1937-2018)  
  • g1. med Turid J. Høyland frå Øye (1940-1991)
    • To born
  • g2. 1992 med Asbjørg Narvestad (1937). Ho var tidlegare gift med Sigurd Homme (1936-1968). Dei budde på Åmot.

-

Bnr. 11/ Nyvold/Dugan

Vesterdalsvegen 1952

Fråskilt bruk 6 i 1933

Bruket blei skilt ut i 1933, medan husa blei sette opp i 1936.

  • Olav Lindefjeld (1899-1982)
  • g. 1926 med Kristine Harbakk (1899-1965)
    • Sigurd (1927-2013) Sjå nedanfor

-

  • Sigurd Lindefjeld (1927-2013)
  • g. 1956 med Signy Eftestøl (1932)
    • Fem born

-

Bnr. 12 /Skoglund

Vesterdalsvegen 1969

Fråskilt bruk 1 i 1937

Bustadhuset blei laga i Sandnes i 1938 og frakta frå Eigersund til Helle. Huset blei bygt på i 2015. Første eigarar og brukarar var Anton Mygland.

-

  • Anton Mygland (1905-1996)
  • g. 1930 med Jenny Knaben (1910-2009)
    • Åtte born

Anton var lærar på Helle. Dei selde, og familien flytta til Stange i Hedmark i 1948.

-

  • Fredrik Omland (1924-1982) frå Basskår
  • g. 1949 med Asbjørg Eftestøl frå Sandvik (Åmland) (1924-2008)
    • Fem born

-

Bnr. 13/ Årland

Årstølvegen 1

Fråskilt bruk 3 i 1939

Dette bruket ligg der den gamle Hellestølen låg. Gardsnamnet og namn omkring kan tyda på at det låg en gard her som blei fråflytta i seinmellomalderen. Det var Karen Gurine på bruk nr. 2 som skilde ut parsellen til sonen

-

  • Tobias (1896-1967)
  • Amanda Røynebu (1910-1998)

Dei flytta til Røynebu (sjå meir om dei der) og selde i 1951 til Sigbjørn Hansen Josdal

  • Sigbjørn Hansen Josdal (1907-1956) frå Sirdal
  • Alma Otelia Martinsdotter f. Sandvik (1914-2001) frå Sandvik i Fjotland
    • Seks born

Då dei flytta hit i 1951, kom Alma nære barndomsheimen Sandvik. Sigbjørn døydde etter få år og familien flytta til Kristiansand. Alma selde i 1964 til Erling Sandve.

-

  • Erling Sandve (1908-1968)
  • Tobine Sofie Tobiasdotter Espetveit i Sirdal (1890-1962)

Erling døydde også etter fem år, og arvingane selde bruket til

-

  • Gurine Galdal f. Lien (1911-1992)
  • Oskar Andreas Galdal (1906-1991) Sjå Galdal

Dei kom frå Galdal og familien er nemnd der. Yngste sonen overtok bruket

-

  • Jan Galdal (1947-2017)

-

Bnr. 16 Helle skule

Bygningen blei oppført i 1949. Den gamle skulen blei nytta som bedehus fram til 1957 og er nå riven.

-

Ikkje plasserte

  • Bjørn (d. 1755) er nemnd i Jerstad s. 355, men finst ikkje i andre kjelder.  

-

1037 Kvinesdal komm.png Helle (Kvinesdal gnr. 171) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.

 

Litteratur og kjelder

Referansar

  1. Jerstad, Johan, Fjotland : sogebok, Fjotland,1949, Digital versjonNettbiblioteket, s. 105
  2. www.kulturminnesok.no. Søkeord: Heddestølen
  3. www.kulturminnesok.no Søkeord: Helle
  4. Hansen, Knut Ingar: Biografien om Christian 4., Gyldendal: Oslo, 1999, Digital versjonNettbiblioteket, s. 34f
  5. Seland, Per: Sirdal : gard og ætt bind IV, Sirdal kommune, 1988, Digital versjonNettbiblioteket, s. 148
  6. Jerstad, Johan & Veggeland, Tor, Gards- og ættesoge : Fjotland, Kvinesdal, 1979, Digital versjonNettbiblioteket, s. 317
  7. Jerstad, Johan & Veggeland, Tor: Gards- og ættesoge : Fjotland, Hegland trykkeri, Flekkefjord, 1979, Digital versjonNettbiblioteket, side 318
  8. Jerstad, Johan & Veggeland, Tor: Gards- og ættesoge : Fjotland, Hegland trykkeri, Flekkefjord, 1979, Digital versjonNettbiblioteket, side 301
  9. Jerstad, Johan & Veggeland, Tor: Gards- og ættesoge : Fjotland, Hegland trykkeri, Flekkefjord, 1979, Digital versjonNettbiblioteket, side 302
  10. Jerstad, Johan & Veggeland, Tor: Gards- og ættesoge : Fjotland, Hegland trykkeri, Flekkefjord, 1979, Digital versjonNettbiblioteket, side 303
  11. Seland, Per: Sirdal : gard og ætt bind IV, Sirdal kommune, 1988, Digital versjonNettbiblioteket, s. 110-111
  12. Jerstad, Johan & Veggeland, Tor: Gards- og ættesoge : Fjotland, Hegland trykkeri, Flekkefjord, 1979, Digital versjonNettbiblioteket, side 308
  13. Jerstad, Johan & Veggeland, Tor: Gards og ættesoge : Fjotland, Hegland trykkeri, Flekkefjord, 1979, Digital versjonNettbiblioteket, side 319-320