Homme (Kvinesdal gnr. 175)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Homme ytre (Kvinesdal gnr. 175)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Homme
Sokn: Fjotland
Fylke: Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 175
Ant. bruksnr.: 6 (2018)
Type: Matrikkelgard

Homme er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Han har i dag gardsnummer 175, og hadde tidlegare gnr. 6 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 177 og gamalt matrikkelnummer 386.

Geografi

Homme ligg sørvendt unna fjellet på nordsida av Hommevatnet. Garden ligg ved den gamle ridevegen og kyrkjevegen frå Vesterdalen og Helle til Fjotland. Vegen gjekk vidare over Saurfid, Åmland og Åsen og ned til Fjotlandvatnet og kyrkja.    

Utmarka til Homme er lik ein kile inn mellom Engedal og Åmlands gardsmarker. Bytet med Åmland går frå nord og sørover midt i Reinsdalen i nesten rett line ned til Nedre Åmlandsvatnet og langs med vestsida av vatnet og over innmarka. Bytet med Engedal går frå toppen av Migansheia og jamt med vasskilje ned til garden og Hommevatnet. Homme eig også eit stykke i lia aust for Årland under Helle.

Gardsnamnet

Homme kjem av det norønne «hvammr», som tyder liten dal eller avkrok omgitt av høge bakkar eller fjell. På Austlandet kjenner ein att det same opphavet i Hvam og Kvam.[1]

Namnet er vanskeleg å tidfesta med bakgrunn i namneforma. «Hom» har vore nytta i samansette gardsnamn fleire stader i Kvinesdal, både i bestemt og ubestemt form eintal – og i fleirtal.

Lokal uttale er «Hommå».

Under Homme finn ein Saurfid òg. Dette namnet er sett saman av to komponentar. «Saur» i meininga «myrete» eller «blautt». «Fid» tydar «eng» eller «frodig eng» ved vatn. Finnes att i til dømes Feda, Fidjan, Fitjar og Fetsund.[2] Samansett kan namnet tyda «Myrlendt eng» eller «blautt jorde».

Namn i innmark og utmark

Noko aust for hovudbølet i Homme finn ein namnet Tranland. I dag er denne plassen ein åker vendt austover mot Tjødne, men namnet kan tyda på at det i mellomalderen låg ein gard her som blei lagt øyde i ettertid, og som ikkje blei rydda att på 1600-talet. Elles kan det også vera slik at tuftene blei flytta til dit Homme i dag ligg ved oppattakinga. Det skulle tyda ulukke å byggja på den gamle plassen då ein rydda ein øydegard. At jorda ofte var utarma nær dei gamle tuftene kan ha vore vel så viktig.

Elles er garden omgjeven av knutar og småfjell; ein har Knuden, Hommeknuden og Stormyrknuden. Rokkedalsknuden over Årland ligg òg innanfor gardsgrensa.

Gardsbeskrivingar og livsgrunnlag

Med unntak for 1801 har talet på busette etter at garden kom inn i statistikkane, vore stabilt. Dei seks mennene som blei registrerte her i 1664 blei til 12 personar totalt i 1865, og det same i 1900. Tala fortel om ein gard som tidleg fann potensialet i inn- og utmark. I 1664 hadde dei fire kyr, medan i 1865 blei det registrert seks kyr på garden.

I 1723 blei det oppført at dei hadde ei flaumkvern og at dei hadde skog nok til brensle og anna heimebehov. Garden blei beskriven som ein tungdriven landgard i solli.

Kor mange busette (M: Berre vaksne menn)

1665 1801 1865 1900 1920
6M 4 12 12 3

Jordbruk og husdyrhald

1664 1723 1865 1939
Korn 1 ¼ t 3 t 3 13/24 t
Jordeple - - 8 ½ t
Hestar 1
Storfe 4 5 6
Småfe 6 10 20

Kulturminne

Ved utløpet av Tjødne nedanfor Nedre Åmlandsvatnet er det ein demning. I bekken nedanfor er det restar etter ei kvern og ei sag. Saga skal ha vore driven fram til 1960, men rasa saman i 1969.

Kyrkjevegen frå Helle over Åsen til Fjotland – som vart rusta opp i 1670 – går òg over Homme. Bakken opp mot Homme blei kalla Ryggjesbrode og mange historier er knytte til denne tunge bakken. Det er også bevart restar etter Ryggjesbrodbrauna som gjekk over bekken frå Stormyr.

Eigedomsforhold

Første gong ein finn Homme i dei skriftlege kjeldene er i 1643. Då blei garden ført opp i lensrekneskapen som skattytar med ei skuld på 1/3 hud. Det var mange nyryddingar og oppattaking av gamle gardar i perioden fram mot ca. 1650. Då fekk ein omlag den same gardsstrukturen som ein kjenner i dag. Gardane og plassane som blei etablerte eller reetablerte i denne perioden, fekk stort sett eigne gardsnummer i matrikkelen. Plassane som kom til etter dette, blei lagde under ein større gard og fekk etter kvart bruksnummer under ein større gard. Myndigheitene var redde for stor oppdeling og for små einingar, noko som kunne føra til lågare skatteevne.

1639 1661 1723 1802 1838 1886 1950 2019
Nr - - 148 386 177 6 6 175
Skuld 4 ksk ½ h 6 eng 6 eng 5 ort 70 sk. -
Tal på bruk 2 1 1 5 5 8

*tal på oppsitjarar

Ved matrikuleringa i 1665 blei skulda til Homme auka til seks engelsk – eller ei halv hud.

Delingar og utskiftingar

Delingshistoria til Homme er prega av at det nok ikkje var meir enn eit bruk som var drivverdig på garden. Gjentekne forsøk på å skilja ut gardpartar førte berre til at partane blei slegne saman etter få år.

I 1723 blei det registrert to oppsitjarar i Homme; Tron Olsson og Jon Øyusson. Dei hadde truleg halve garden kvar. Omlag 1800 kjøpte Jesper Ingvorsson begge halvpartane, men selde att i 1811 til Atlak Torgrimsson. To år seinare selde Atlak vidare til Markus Didriksson, men heldt tilbake løpenr. 654b det som seinare skulle bli bruksnr. 5; Saurfid. I 1839 fekk Markus òg hand om Jespers part, og garden blei nok ein gong samla, med unntak for Saurfid. I 1877 gjorde dei ei ny deling og ny eigar kom inn på stykket som fekk løpenr. 654a2, seinare bnr. 2. Eit stykke utmark – Åseheia – blei også selt same året (lnr. 654a3, bnr. 4) til Øyu Olsson Åsen. Men dei to gardpartane bnr. 1 og 2 blei fort samla att. Dei fekk same eigar att i 1878. No hadde rett nok Martin Børelsson halde av ein part til far sin (lnr. 654a1b, bnr. 3). Denne gardparten bestod for seg sjølv fram til 1914, då han på nytt blei føydd saman med dei resterande gardpartane bnr. 1 og 2. I seinare tid har bnr. 1 og 2 blitt slegne saman i 1997. I 2007 blei den gamle hovudbygningen skild ut som eige bruksnummer (bnr. 8) og ny bustad oppført på sørsida av Hommebekkjen.

Bruk og eigedomar

Bnr. Bruksnamn Type eigedom Utskild frå Matrikulert Løpenr. (før 1886) Skyld 1950 Eigar 1886 Eigar 1950
1 Homme Ytre 654a1a 0 mark 64 øre Fredrik Tjølsen Peder T. Homme
2 Homme Ytre bruk 1 1877 654a2 0 mark 83 øre Fredrik Tjølsen Peder T. Homme
5 Saurfid Fritid bruk 1 1856 654b 0 mark 14 øre Sigbjørn Larsen Theodor Røstøl
8 bruk 1 2007

Folket i Homme

Den udelte garden

  • Helga Ormsdotter (n. 1669)
  • Jo Knutsson (1608-n. 1669)
    • Øyu (1634-n. 1664) Sjå nedanfor
    • Orm (1614*-n. 1664) Sjå nedanfor
    • Roddu (1644-n. 1664) Sjuk i 1664

*Fødselsåret, som er henta frå manntalet i 1664, er anten feil eller det kan vera tale om ein annan Orm.

Helga var dotterdotter av Øyu Åmland, som er nemnd som ein av dei som kjøpte «Helles gods» på slutten av 1500-talet. Sjå meir om han under Åmland. Det er usikkert kor Jo Knutsson kom i frå. Det kan sjå ut til at garden blei delt mellom dei to eldste sønene til Helga og Jo; Øyu og Orm. Orm var oppført som einaste eigar i 1700, men me har kjelder som fortel at etterkommarar av Øyu satt med halve garden frå 1720-åra.

-

Øyu Josson etterkommarars bruk

Fråskilt omlag 1660

  • Olav Knutsson Risøya (f. før 1666 - d. før 1722)
  • Ingeborg Tronsdotter Nedre Kvinlog (n. 1738)
    • Tron (1696-1738) Sjå nedanfor
    • Knut (1705-) g. m. Steinvor Nilsdotter Haugland.[3] På Lista i 1741.
    • Asgerd, g. m Lars Annbjørnsson Herestøl*
    • Dorte (d. 1762), g. 1752 m. Tosten Eilefsson Indre Revøy (1694-1758) Til Lyngdal[4]

*Asgerd og Lars er nemnde i Gards- og ættesoge : Fjotland, men finst ikkje i andre kjelder.[5]

Olav var son av Knut Øyusson Homme i Risøya, som var son av før nemnde Øyu Ormsson Homme att. Olav var truleg fødd i Risøya.

-

  • Tron Olsson (1696-1738)
  • Anna Josdotter i Lien, Eiken.
    • Olav (1722-1790) g. 1748 m. Abel Helene Stenersdotter Birkeland i Lyngdal (1713-1792). Kalla «Olav Lens». Var i Drammen i 1741. Kom til Markøy under Kjepsøy i Lyngdal.[6]
    • Berte Margrete (1728- d. f. 1738)

Buet etter Tron var fallitt i 1738. Fyrst hadde Olav, far til Tron, pantsett bruket. Tron klarte aldri å løysa inn pantet, og då buet skulle gjerast opp satt Annbjørn Jespersson Omland med dei tre engelskane. Det var ingenting å fordela til arvingane. Etter Tron og Anna kom:

-

  • Olav Oddsson Farhommen i Eiken (1714-1788)
  • g. 1739 med Anna Andresdotter frå Spikkeland og Borhommen (1711-1787)

Dei var i Homme frå 1739-1751 før dei flytta til Risøya, sjå meir om familien der. Så kom:

-

  • Osmund Reidarsson Nedre Kvinlog (1720-1800) g1. 1749 m. Åsa Kidelsdotter Farhommen (1732-1775), g. 2. g. 1776 m. Anna Atlaksdotter Håland (1739-1810)

Anna og Osmund kom frå Farhommen der Osmund hadde vore gift tidlegare. Dei var ei stund i Homme før dei kjøpte eit bruk på Mygland. Sjå meir om familien der. Son deira, Atlak, kom seinare til Saurfid.

-

Begge dei to sist nemnde para må ha vore leiglendingar fordi bruket følgde arvingane etter Jesper Annbjørnsson Åmland. Fyrst overtok sonen, Annbjørn Annbjørnsson, som pantsette til broren Ingvor Annbjørnsson Åmland. I 1783 gjorde dei om pantet til kjøp. Familien til Ingvor er nemnd på Åmland. Sonen Jesper på det andre bruket tok over, noko som samla dei to bruka. Sjå Orm Jonssons bruk.

-

Orm Jonssons bruk

Skilt ut omlag 1660

  • Orm Jonsson (1614-n. 1664)
  • [ukjent]
    • Øyu (1670-n. 1718) Sjå nedanfor

Me veit ikkje kven kona til Orm var. Ein Orm fødd i 1614 er nemnd i Homme i 1664, fødeåret er anten feil eller det kan vera tale om ein annan Orm. Sambandet mellom Orm og sonen kan heller ikkje stadfestast sikkert i kjeldene, men ein kontinuitet i personnamna og at dei begge var eigarar av same bruket, gjer samanhengen svært sannsynleg.

-

  • Øyu Ormson (1670-n. 1718)
  • Mari Tostensdotter Eikeland (f. før 1668)
    • Jo (1702-1763) Sjå nedanfor
    • Tosten g. 1732 m. Torgerd Tollaksdotter Bjåstøl. Sjå Bjåstøl

Mari hadde òg sonen Olav Jonsson (1695-1773) frå fyrste ekteskap med Jon Olsson, sjå Eikeland. Siste gongen me høyrer om Øyu, er i 1718. I 1723 var det sonen som stod som eigar

-

  • Jo Øyusson (1702-1763)
  • g1. med Gjøa Annbjørnsdotter Omland (1673-)
    • Ingen born
  • g2. 1742 med Åsa Torgrimsdotter Fjotland
    • Øyu (1744-d. f. 1760)
    • Jo (1746-) Sjå nedanfor
  • g3. 1761 med Joren Olsdotter Netlandsnes (1717-)
    • Ingen born

Jo var 18 år og Gjøa var 47 år då dei gifte seg. Det kan vera utsiktene til å ta over på Åmland som kan ha vore motivasjonen for Jon til å gifta seg med ei så mykje eldre kvinne utan stor von om å få etterkomarar. Brørne til Gjøa var gifte til andre gardar eller døde. Men i 1723 var storebror hennar, Jesper, tilbake på Åmland, og Jo og Gjøa var i Homme. Jo overlevde Gjøa, gifta seg på nytt med Åsa Torgrimsdotter Fjotland og fekk minst to born. Han gifta seg tredje gong med Joren Olsdotter Netlandsnes. Dei fikk ikkje born saman, men Jo og Åsa sin son Jo gifta seg med Joren sin Anna og dei tok over Homme.

-

  • Jo (1746-)
  • g. 1764 med Anna Torjesdotter Netlandsnes (1739-1815)
    • Åsa (1765-)
    • Joren (1767-) Var hjå foreldra på Flatebø i 1801.
    • Mari (1769-)
    • Ingeborg (1772-)
    • Jon (1775-) g. 1805 m. Gunhild Olsdotter Ramsland i Spangereid. Han var soldat i 1801 og tok over bruket på Flatebø i Spangereid.
    • Tønnes (1778-) Sjømann i 1801
    • Olav (1780-1792)
    • Øyu (1783-) Matros i 1801

Jo selde garden i 1783, og kom først til Knibestøl der Øyu blei fødd. Dei kom til Flatebø i Spangereid ein gong før 1792. Her var dei leiglendingar og Jon arbeidde for dagløn i 1801. Jo selte til Jesper Ingvorsson.

-

  • Jesper Ingvorsson Åmland (1743-1829)
  • Ingeborg Kidelsdotter d. y. Helle (1746-1828)
    • Ingvor (1785-1785)
    • Joren (1786-1881) g. 1806 m. Jo Tormundsson Stakkeland (1780-1851) Sjå Nedre Stakkeland
    • Per (1790-1791)
    • Per (1793-1793)

Jesper sin søster, Gunhild, budde hjå dei i 1801. Sjå under Frydenlund. Ved ei teljing i 1808 hadde dei 9 kyr og 30 får og geiter. Jesper fekk først hand om begge gardpartane før han selde garden vidare stykkevis. Først selde han ein part til Didrik Larsson Åmland, og deretter ein part til Atlak Osmundsson på Krågeland. Atlak skilde ut bruket Saurfid (sjå bnr. 5), ein part til Gunhild (Sjå Frydenlund) og selde resten til Markus Didriksson, sjå nedanfor, som for sin del sat med heile bruket etter at han arva faren, Didrik, sin part.

-

Markus Didriksson (1787-1858) g. m. Jorunn Børelsdotter (1799-1875). Sjå meir om familien på Helle. Nest eldste sonen overtok i 1852

-

  • Børel Markusson (1824-1881)
  • g. 1851 med Abel Toresdotter Nedre Kvinlog (1827-1899)
    • Martin (1852-1898) g. 1884 m. Tarjer Ånensdotter Grostøl i Eiken (1855-1901) Til Åmli og Eiken
    • Ida Tobine (1854-) I teneste på Drange i Herad i 1891. Husstell på Åmot i 1900 og på Stausland i Søgne i 1910.
    • Ane (1856-1887) Ugift. Til Årstøl
    • Børel (1856-)[7]
    • Tore (1857-1928) g. 1908 m. Teoline Hansdotter Stakkeland (1879-1961) Sjå bruk 3
    • Johan (1859-1859)
    • Johan (1861-1901) g. 1892 m. Jette Marie Josdotter Krågeland (1853-1918) Sjå Saurfid
    • Andreas (1863-1864)
    • Inger Maria (1865-) g. 1885 m. Hans Olsson Øi. Til Åmli
    • Andrea (1868-) I teneste på Holmestrand i Dypvåg i Tvedestrand i 1900. Budde hjå broren Tore i 1910, som fattigunderstøtta.
    • Anne Bertine (1871-1887) Døydde av tuberkulose.

Børel fekk skilt ut eit bruk (bruk 3) til seg sjølv og Abel, og etter kvart sonen Tore. Resten blei seld til Olav Andreas Olsson Øyusåsen, som satt med garden frå 1870 til 1874. Deretter overtok eldste sonen Martin denne garden att, men han flytta etter kvart til Grostøl i Eiken. Då hadde han i 1878 selt til:

-

  • Fredrik Tjølsson Røyland (1831-1902)
  • g. 1861 med Ida Tobine Toresdotter Nedre Kvinlog (1845-1886)
    • Tore (1863-1867)
    • Gurine (1866-1876)
    • Tore (1869-1939) g. m. Gunvor Tellefsdotter Aas (1864-1937) Til Iveland, der Tore blei ordførar og sagbruksstyrar.[8]
    • Tønnes Andreas (1871-1961) Sjå nedanfor
    • Lars Andreas (1874-1916) Lastehandlar. Budde hjå søstera på Øvre Kvinlog i 1910
    • Gurine (1876-1881)
    • Anna (1879-1951) g. 1904 m. Tønnes Person Øvre Kvinlog (1877-1946) Sjå Øvre Kvinlog
    • Gurine (1883-1883) tvilling
    • Andreas (1883-1883) tvilling
    • Guri (1884) g. 1915 m. Tønnes Andreas Tobiasson Egeland (1881-1968) Til Canada

Familien kom frå Nedre Kvinlog der Ida Tobine var frå. Sjølv var Fredrik fødd på Eiesland.

-

  • Tønnes Andreas Fredriksson (1871-1961)
  • Ingeborg Pedersdotter Stakkeland (1870-1919)
    • Ida Tobine (1894-1920)
    • Fredrik (1896-1915)
    • Ingeborg (1897-1930) g. 1922 m. Tønnes Andreas Ommundsen Galdal (1879-1971) Sjå Åmland
    • Peder (1899-1963) Sjå nedanfor
    • Tore (1901-1901)
    • Tore (1903-1914)

Sonen Fredrik kjøpte bnr. 3 (Øvre Homme) av Tore Børelsson og med det blei garden samla i same familie, med unntak for Saurfid (sjå nedanfor). Fredrik døydde i 1915 og i 1949 blei skøyte på alle bruka overført til broren Peder

-

  • Peder Tønnesson Homme (1899-1963)
  • g. 1930 med Inger Elisabeth Pedersdotter Galdal (1907-2001)
    • Ingebjørg (1932-) g. 1955 m. Jørgen Sindland (1922-2008) Til Skjekkeland
    • Tora (1934-) g. m. Fritjof Røynestad (1934-) Til USA og Ytre Røynestad
    • Tordis (1937-) g. m. Jørgen Versland (1923-2012) Til Versland
    • Palma (1939-) g. m. Alf Georg Træland (1942-) Til Kvinesdal
    • Irene (1941-) g. m. Enok Dugan (1934-) Til USA og Gjemlestad
    • Per Inge (1948-) Sjå nedanfor

-

Bnr 3

Skilt ut frå bruk 1 i 1878

Børel Markussen fekk delt frå dette bruket, og han og sonen Tore kom hit

-

  • Tore Børelsson (1857-1928)
  • g. 1908 med Teoline Hansdotter frå Hagen under Stakkeland (1879-1962)
    • Anna (1909-1929) g. 1928 m. Hans Peder Severinsen Omland i Kvinesdal. Ho døydde året etter bryllaupet av blindtarmbetennelse. Sjå Skjekkeland
    • Dina (1911-1999) g. 1934 m. Torvald Torsen Ellenes (1902-) Dei var syskenbarn. Til Ellenes på Lista.[9]
    • Anne Bertine (1915-1995) g. 1935 m. Karl Martin Jørgensen Espetveit (1907-1978) Kom først til Espetveit i Bakke, Sirdal, så til Hagen.[10] Sjå Hagen under Stakkeland. Seinare til Mydland i Gyland.

Tore var i Homme saman med faren Børel fram til 1914 då han selde til Fredrik T. Homme frå bruk 1-2. Dette samla garden att. Tore og Theoline flytta til Sandvig, Kleivan (Solheim, bruk 26) under Øvre Kvinlog og Saurfid. Theoline døydde på Lista i 1962.

-

Bnr. 5/Saurfid

Delt frå i 1839

Matrikulert 1878

Saurfid kom til då Atlak Osmundsson frå Farhommen i Eiken, busett på Krågeland, kjøpte eit av bruka Jesper Ingvorsson sat med. Han selde vidare til Markus Didriksson (sjå bruk 1-2), men reserverte eit stykkje, Saurfid med Åseheia, til seg sjølv ut levetida si. Sonen Andreas kjøpte stykket i 1856, etter farens død, av Børel Markusson, son til Markus Didriksson. Saurfid fekk etter kvart eige bruksnr. i matrikkelen. Nå blei det på nytt att to buplassar i Homme. Det er ikkje utenkeleg at Saurfid kan ha vore ein av plassane som var busett tidlegare.

-

  • Atlak Osmundsson (1778-1847)
  • g. 1802 med Torborg Toresdotter Helle (1776-1868)
    • Osmund (1803-)
    • Anne Serena (1805-1812)
    • Tore (1807-) Sjå nedanfor
    • Hans (1810-1852) g. m. Olena Olsdotter Steintlandsfjell (1813-1890) Hans drukna i Ribbeskvitle under fløyting av tømmer.[11] Sjå elles Helle
    • Atlak (1813-1886) g. 1842 m. Asborg Staalesdotter Bjelland (1819-1883) Til Vestre Moland som husmannsfolk under Storemyr
    • Andreas (1816-1865) Sjå nedanfor
    • Samuel (1819-1887) g. 1849 m. Åshild Tellefsdotter Grostøl (1821-) Gråsteinsmurar. Til Kristiansand

Torborg og Atlak budde mange plassar i Fjotland, mellom anna på Krågeland. Då dei kom til Saurfid blei dei buande her i det minste ut tida til Atlak. Torborg budde hjå sønene som tok over. Men båe sønene Tore og Andreas, døydde i 1865. Me finn Torborg på Årstøl som legdslem i 1865, og ho døydde i Fossdal under Fjotland i 1868. Atlak kom frå Mygland, men hadde budd i Homme i barndomen. Sonen tok over.

-

  • Tore Atlaksson (1807-1865)
  • g. 1836 med Ingerid Torusdotter Eiesland (1816-1881)
    • Atlak (1836-1921) g1. 1876 m. Sofia Larsdotter Røyland (1838-1881), g2. 1881 m. Anne Lovise Andreasdotter Eigeland (1849-1900), g3. 1902 m. Jetta Marie Josdotter Krågeland (1853-1918). I 1865 var Atlak daglønar i Tveit, Kristiansand. Sjå Røyland, Kvæven og nedanfor
    • Anne Tonetta (1840-) Ho fekk i 1868 ein son med Lars Didriksson Åmland. Sonen fekk namnet Lars. Lars Larson Åmland blei konfirmert i Fjotland i 1882 med karakteren «Nesten meget godt». Kva som seinare skjedde med Lars Larsson, er ukjent. Seinare fekk ho ei dotter med Alf Jørgensson Omdal i Hægland, Ane Alfsdotter (1876-). Var hos broren Tobias i Valdro i 1875, leigde på Kvæven i 1880.
    • Tobias (1844-) Var i Valdro i 1875. Daglønar i 1880
    • Anna (1848-) g. m. Ole Kristian Olsen frå Stathelle i Telemark og busette seg på Dahl i Dypvåg i Tvedestrand. Det kan vera ho som var tenestejente på Homme i 1865.
    • Olav (1852-) g. 1877 m. Ingeborg Larsdotter Røyland (1853-) Han reiste til Amerika i 1882
    • Hans Tobias (1855-) Innsett i Kristiania botsfengsel i 1880 for å ha gjort innbrot i ein landhandel. Han blei avslørt av spor i snøen. I avhøyret kan me lesa om ei omflakkande tilvære. Han hadde søkt etter arbeide i Fjotland, Nissedal, Åmli, Froland, Mykland, Tovdal og Kristiansand. Han hadde vore mindre enn to år på kvar stad og arbeidd mest med murstein og vedhogst.[12]
    • Lars Andreas (1859-1949) g1. m. Antonette Torjesdotter Steinberg (1854-1898), g2. m. Ingeborg Andreasdotter Høydal (1857-1935). Til USA og Herad

Ingerid var fødd i Bjelland Prestegjeld, der mor hennar kom frå. Tore og Ingerid måtte selja Saurfid i 1856 til broren til Tore, Andreas. Dei kom etter det først til Fossdal under Fjotland. Tore døydde på Kvæven under Fjotland i 1865. Ingerid kom til Valdro med sonen Tobias, der ho døydde i 1881.

-

  • Andreas Atlaksson (1816-1865)
  • g. 1847 med Guri Larsdotter Omland (1818-1891)
    • Ole Andreas (1849-1928), g1. 1877 m. Omine Ovidia Veisdal (1854-1882), g2. 1888 m. Ida Marie Fredriksdotter Solberg i Kvinesdal (1856-1935) Skomakar. Til Kristiansand og Fevik.
    • Lars Tobias (1856-1937) Lauskar og smedlærling og buande heime i Homme i 1875. Reiste til Amerika i 1889. Truleg til Minnesota og Canada. Det blir fortalt at han blei verande i Amerika, aldri gifta seg, og gjekk under namnet «Old Louie the Blacksmith».[13]
    • Anne (1861-1861)
    • Andreas (1862-1863)

I 1871 gjekk Saurfid på auksjon, og Tor Larsson Engedal kjøpte garden. Han drog til Amerika og i 1875 var det nye husfolk på garden. Guri og sonen Lars Tobias budde framleis her, då som «logerende».

-

  • Sigbjørn Larsson (1815-1888)
  • g1. 1838 med Ingerid Tostensdotter d. e. Øvre Kvinlog (1799-1851)  
    • Ingen born
  • g2. 1854 med Inger Marie Olsdotter Seljord i Gyland(1818-1873)
    • Juliane (1859-) g1. m. Andreas Jakobsson Skaret i Gyland (1847-1898), g2. m. Bernt Andreas Berntsson Skaret (1879-1960). Bernt Andreas var frå Breimoen i Kvinesdal. Til Gyland. Juliane fekk to born før ho gifta seg og flytta til Gyland. Med Salve Andreas Josson Spikkeland fekk ho Inger Sofia Salvesdotter (1884-), og med ein «reisande» Andreas fekk ho Anna Andreasdotter (1887-).

Sigbjørn var først på Omland, der slekta hans var frå. Då han gifta seg andre gong kom han til Mygland. Kona Inger Marie var fødd på Seljord i Gyland, men far hennar var i frå Mygland. Etter at Sigbjørn blei enkemann andre gong kom han til Saurfid og budde her til han døydde i 1888. I hans tid blei det oppført nye bygningar her, eit bustadhus og fjøs og låve. Alt i lafta tømmer.

-

  • Børel Jakobsson (1859-1939) og Anne Bertine Ivarsdotter (1855-1919) var her nokre år før dei flytta til Nedre Kvinlog i 1894. Sjå meir om familien der. Tor Engedal var ennå eigar og selde i 1896 til Børel Markussons son Johan og kona Jette Marie.

-

  • Johan Børelsson (1861-1901)
  • g. 1892 med Jette Marie Josdotter Krågeland (1853-1918)
    • Bernt (1893-1981) g. 1919 m. Ingeborg Tønnesdotter Kvinlaug (1896-1981) Sjå Lindeland
    • Johannes (1895-1895)
    • Jette Marie (1897-1901)

Johan var sjølv frå Homme og fødd på nabogarden.  

Jette Marie gifta seg opp att med Atlak Toresson (1836-1921) som var fødd på Saurfid. Han hadde vore gift på Røyland og budd på Kvæven før han kom attende til Saurfid. Han hadde ingen levande born og dei to fekk ingen born saman. Dei enda sine dagar saman på Saurfid. Jette Maries einaste levande son, Bernt, arva dei begge.

-

Bernt Johansson Homme (1893-1981) hadde garden 1915-1921, men alt i 1920 var familien på Kleivan (Solheim, bruk 26) under Øvre Kvinlog. Seinare kom dei til Lindeland (Sjå meir om dei der). Så kom Tore Børelsson og Theoline Hansdotter som er nemnde ovanfor. Det var dei som hadde hatt huset under Kleivan og hadde gjort eit makeskifte med Bernt. Tore døydde i 1928. Theoline heldt auksjon over reiskapen same året og garden blei seld i 1932 til Theodor Rostøl.[14]

-

  • Theodor Rostøl frå Sirdal (1895-1987)
  • g. 1919 med Martha Rostøl (1898-1963)
    • Samuel (1920-1984) g. m. Ingrid Tjøtta (1937-2002) Sjå Hamrebakkane  
    • Thor (1922-1945) Mista livet i ei bilulukke
    • Martin (1924-1972) g. 1953 m. Solveig Galdal (1934-) Sjå Galdal
    • Amanda Oline (1927-2006) g. m. Jørgen Hornberg (1918-1981) Sjå Øvre Egeland
    • Trygve (1930-2009) g. 1956 m. Marta Galdal (1937-) Sjå Voran under Gjemlestad
    • Martine (1933-2013) g1. m. Johan Hornberg (1930-) g2. 1971 m. Rolf Konrad Bråtelund (1922-2008) Til Gjerstad
    • Peder (1936-1986) g. m. Tordis Tjøtta (1940-) Til Søgne
    • Alv (1942-) g. m. Aslaug Omland (1943-) Til Søgne

Theodor var gruvearbeidar. Han var ein av fleire brør frå Rosstøl i Sirdal som fekk seg arbeid ved gruveverksemda på Knaben. Dei var dei siste som budde i Saurfid.

-

Frydenlund

Umatrikulert (avtale av 1813)

  • Gunhild Ingvorsdotter (1757-n. 1813)

Gunhild budde saman med bror sin Jesper Ingvorssson Åmland som tenestejente i 1801. I 1813 kjøpte ho retten til å bruka Bubakken, Knuden og øya Frydenlund resten av tida si for 200 rd. Her kunne ho ha ei ku og sju «smaakreaturer», og i tillegg til ved frå nedfalne tre, torvmyr og lyng.

-

Ikkje plasserte

  • Tron Person (n. 1664) Han er nemnd som tenestegut i Homme i 1664
  • Torgrim Jakobsson (n. 1664) er nemnd som husmann i 1664
  • Anne Toresdotter (1843-) tenestejente i 1865. Ho kan vera dotter av Tore Atlaksson og Ingeborg Torusdotter
  • Osu n. 1750, nemnd på garden dette året

-

1037 Kvinesdal komm.png Homme (Kvinesdal gnr. 175) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.

 


Litteratur og kjelder

Referansar

  1. Norsk stadnamnleksikon; Hom-.
  2. Norsk stadnamnleksikon; Saur- og Fit-
  3. Jerstad, Johan & Veggeland, Tor, Gards- og ættesoge : Fjotland, 1979, Digital versjonNettbiblioteket, s. 358
  4. Lian, Oddleif: Lyngdal 5-6. Utg. Lyngdal kommune. 1994. Digital versjonNettbiblioteket, s. 41
  5. Jerstad, Johan & Veggeland, Tor, Gards- og ættesoge : Fjotland, 1979, Digital versjonNettbiblioteket, s. 358
  6. Lian, Oddleif: Lyngdal 5-6. Utg. Lyngdal kommune. 1994. Digital versjonNettbiblioteket, s. 183
  7. Jerstad, Johan & Veggeland, Tor: Gards- og ættesoge: Fjotland. Utg. [s. n.]. Kvinesdal. 1979. Digital versjonNettbiblioteket, s. 355
  8. Jerstad, Johan: Fjotland : lesebok. Utg. Kvinesdal herad. Kvinesdal. 1964. Digital versjonNettbiblioteket, s. 392
  9. Rudjord, Kåre: Listaboka I : Gard og folk. Utg. Farsund kommune. Farsund. 1980. Digital versjonNettbiblioteket, s. 326
  10. Seland, Per: Sirdal 5. Utg. Kommunen. Tonstad. 1992. Digital versjonNettbiblioteket, s. 394-395
  11. Jerstad, Johan & Veggeland, Tor: Gards- og ættesoge : Fjotland. Utg. [s. n.]. Kvinesdal. 1979. Digital versjonNettbiblioteket, s. 320
  12. RA, Botsfengslet, D/Db/Dbb/L0019: 606f - 897f, 1880-1881, s. 112
  13. Ancestry.com; Lars Homme
  14. Spillebrok, Sigbjørn (29. februar 1928) "Auksjon, Avisen agder", Avisen Agder, Digital versjonNettbiblioteket, s. 3