Kjeldearkiv:Tidsskrift for Valdres historielag 1935

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Jørn Hilme)
Hopp til navigering Hopp til søk

Artiklane er om spelemannen Jørn Hilme og sønene hans, og er henta frå Tidsskrift for Valdres historielag 1935, og er forfatta av Olav Moe og av Knut Hermundstad.

GAMLE SPELMENN II

JØRN HILME

av Olav Moe

På ein liten, fatigsleg heimstad i gamle Solabu, Ulnes, var han fødd og alen den merkelege mannen, som kom til å verka so sterkt inn på norsk musikkliv — ikkje berre i slåttespel, men som ogso skapte grunnto til våre største komponistar.

Og det er ikkje fyrste gong i norsk soga at gudegåva til noko stort i åndslivet vert skapt og skirsla i den fatige heimen. Jørn Hilme vart i Valdres og grannebygdene det som Myllarguten var for Telemark. Og som Myllarguten, var Hilmeguten ikkje berre ein god spelmann, men ogso ein stor slåttediktar.

Det var det store og det merkelege ved båe desse spelmenn, at dei var like store både som komponistar og som eksekutørar. Jørn Hilme braut tidleg med det gamle — dei stutte eintonige tvovikslåttane, som i grunnen var ein instrumental attergjeving av stev og folkevisor. Han skapte skule i slåttebygging: Lengere slåttar, ei sterkt utforma harmonisering i spelet, med fleire tonar som song saman (dobbeltgrip) og ei makelaus bogeføring med merkelege ristetak, triolar, som krev stor tone og teknisk hagleik.

Det kan med sanning seiast at Jørn Hilme er skaparen av den slåtteform som råder i Valdres, Hallingdal og i Sogn. Ja, tilmed i Telemark, Numedal og på Voss vil ein finne slåttar som anten beinveges er Hilmeslåttar, med litt stedleg tilmåting, eller som ber tydelege merke av Hilmeslåttane. Ein kan i fyrste rekkje nemna Hilmerengjone som alt tidleg vart nytta i Telemark m. a. av Luråsane. Og ein slått som i Telemark i våre dagar i spelmannskrinsar nemnest «Kåte Reiar», det er ein i Valdres gamal og velkjend Hilmeslått, med alle sermerke frå Jørn Hilme si slåttebyggingskunst. Ein av læresveinane til Jørn Hilme, Gullik Teigstol og likeins Ola Hamre, båe frå Vestre Slidre, dei kalla slåtten «Anne Vik».

Det er sagt av dr. O. M. Sandvik i boki hans um Gudbrandsdalsmusikken, og av konservator Rikard Berge i «Norges Musikkhistorie» at Jørn Hilme laga sine slåttar med emne frå andre bygder! Soleis seier Sandvik um ein av Jørn Hilme sine mest sermerkte og storfelte slåttar, «Jørnrengja» (Hilmerengja) at «Jørn Hilme har laget sammen sin leik av bestanddeler mangesteds frå, og resultatet er blitt upersonleg, om komposisjonen endå er teknisk godt gjort og passende for hardingfelen». Ja, han seier tilmed beintfram at for Hilmerengja «må originalene være å søke i Gudbrandsdalen». Denne tyding er so gal som ho kan verta. Og den einaste grunnen for at ein musikkautoritet som dr. Sandvik kan koma til eit slikt resultat, er den at han dømer ut frå ei forfuska form av den verkelege Hilmerengja som finst i Arne Bjørndal «Norske slåttar», nedskriven på Voss.

Me Valdresspelemenn som minnest dei gamle arvtakarane etter Jørn Hilme, me godkjenner slett ikkje denne nedskriving! av Bjørndal som Hilmerengja eller Jørnrengja. Hilmerengja er i uppbygging og instrumentalisering med ristetak og dobbeltgrip ein so ekte Jørnslått som nokon kann høvra. Men då må musikkautoritetane våre søkja originalen i Hilme si eigen bygd og ikkje leggja fram utskjemde sideformer frå andre bygder.

Det er elles ein annan ting eg samstundes vil setja fingeren på når eg no talar um våre musikklærde. Og det er: Rikard Berge seier i boki um Myllarguten at han var den fyrste som nytta dobbeltgrip i spelet sitt og gjer han soleis til skaparen av det fleirtonige slåttespelet. Når ein veit at Jørn Hilme var 25 år gamal og soleis fullt ferdig som spelmann, med sine sermerkte ristetak, og kanskje det mest sermerkte, hans rikdom av dobbeltgrip, då Myllarguten vart fødd, vil ein sikkert og snøgt finna ut kven som var den fyrste bondespelmann som skapte og nytta dobbeltgrip i spelet sitt.

Dermed vil eg ikkje ha sagt noko imot at både Myllarguten og LomsJakop på sitt vis var like gode spelmenn, med sine serdrag frå sine bygder som Jørn Hilme var i Valdres og grannebygdene. Dei var alle tre skapande spelmenn og suveræne i si kunst. Men eg vil strika under at Jørn Hilme var fullt so suveræn både i slåttedikting og i spelmåte som dei andre. Hans spel er likso ekte valdresk som Myllarspelet t. d. er ekte telemarkisk.

Um dei gamle spelmenn gjekk det fælslege segner um alle trollskapskunster dei nytta i kunsti si og som i grunnen gjorde dei større som spelmenn. Det var trui på dulde makter, som huldri og nykken og grimen, som fengde og fengsla folket når kunstnargiren fekk makt over spelmannen, livet i draum og dikt. Der hadde folkemusikken si vogga og si næring. Det var den greske mytefigur Orfeus, han som spela so fint at steinane laut gråta og villdyri vart venlege av seg, det var den same Orfeus som gjekk att i dei store flogvit av norske spelmenn på Jørn Hilme si tid. Denne løyndomsmakti måtte naturleg gjeva seg konkrete utslag. Og med ein fantasi so rik som den, vårt folk hev havt og enno hev, var det lett å finna konkrete prov på trolldomskunstene hjå dei gamle spelmenn.

Når spelmannen kom i godlag, og spelet steig over det vanlege, med utsyn som lyste av flogvit, då var det styggedomen som verka med til det, trudde folk. Og det var hjå dei vonde maktene dei lærde «kunstene» frå fyrst av. Sidan gjekk det frå mann til mann ettersom venskapet auka millom spelmennene.

Jørn Hilme var sjølvsagt so mykje meir åtgådd ogso som trolldomskunstnar som han var større spelmann enn dei andre i samtidi i sine heimetrakter. Og sjølvsagt visste ein når og korleis han lærde trollkunstene sine.

Eg hev fyrr fortalt fleire av desse tilhøve i ymse blad, og eg tek uppatt her eit par døme. Den fyrste: Korleis han lærde seg til å slå ut sine medtevlarar ved rett og slett å trolla av strengene for dei i kampstundene o. s. fr. Gjetordet gjekk at ein finne heitte Hjorte-Jo, og som budde saman med ei heks av ei kjerring i ei fillehytte øvst på Borgund i Lærdal - - like uppunder fjellet, han kunde nok «meir enn metta seg,» sa folk. Sjølv hadde han vore ein ovgod spelmann, men hadde lote lagt fela på hylla for husfreden si skuld. Kona hadde vorte «haugianer» og trudde — som andre haugianarar den ti di — at fela var djævelens reidskap. Jørn hadde vore på Lærdalsmarknaden, og no på heimturen vilde han, som ung, ihuga spelmann, freista å få han Hjorte-Jo ut med kunstene sine. Jørn laga seg so at han kom til Borgund seint ein kveld, spurde seg fram og kom inn til Jo og kona hans ved sengetid. Han bad um hus natti over. Men det var eit lite hus og berre eit rom med ei seng, og dei svara båe at dei diverre ikkje kunde hysa han.

Jørn tok det med ro og sa han kvidde seg for å draga på fjellet so seint. Dei fekk då gjera vel å lata han få hus over hovudet — han fekk heller hjelpa seg utan seng. Og når han ikkje sette større krav, so fekk han verta likevel, då. — Han tok inn reisetyet og nisteskreppa si med ei reiseflaska i, og som han hadde tenkt seg skulde opna for kunstene hans Jo. Det var godprat og ein dram — og meir prat og endå ein dram. Munntyet mjukna, og godlaget auka etterkvart. Jørn såg seg ikring og fekk til slutt augo på noko som fele skulde vera, uppe på eit skåptak.

«No,» sa han til Jo, «er du spelmann?» — Nei, Jo var ikkje det, no då, slett ikkje. «Elles er det no ikkje strenger på felebrotet heller no,» sa Jo. Å, meinte Jørn, var det ikkje anna i vegen, so kunde det vel verta ei råd med strenger. Han hadde fenge tilbod um «godt kjøp» og kom soleis til å kjøpa ei fela på marknaden på Lærdalsøyri og «i skrinet er det sakta strenger,» lagde han til.
«Du er no vel aldri spelmann!» kveste kjerringi i. Nei, Jørn var ikkje det akkurat; men han lika fager musikk og var interessert. — Det vart fleire drammer og meir godprat. Fela kom ned av skåptaket, og til slutt kom det so langt at det bar til å klunka på fela — og eit bogestrok so ender og då. Det dåra og drog.

Kjærringi sette i att: «Sanneleg meiner eg du er spelmann likevel!» Men so mykje han visste det — hennar mann skulde no ikkje taka i styggedomen! —Jo sjølv sa ikkje noko. Men han livna og klårna i augo ettersom Jørn klunka og strauk. Det var ikkje nokor vanleg klunking. Fela hans Jørn kom upp or skrinet, og drammane auka på. Kona kom seg i seng og dorme til. Men karane sat heile natti, prata, spela og kveikte på av reisebrennevinet. Jo gløymde å halda på løyndomen sin. Dei bytte det dei hadde.

Den natti lærde Jørn dei kunstene som seinare gjorde han til meisterspelmann. Han lærde slåttar, og han lærde å trolla av strengene for medtevlarane og mange andre kunster. Etter den tidi fekk han dei underlege felestille som gav spelet hans slik ein dårande, duld dåm — 21 — i alt, og etter den tidi hadde han dei trollske kast med bogen som ingen — ikkje ein gong Myllaren — kunde gjera han etter. «Jørn tok ristetaki aggarhendis,» sa dei gamle. D.v.s. han tok dei vrangaste triolvik med like villt flog både fram og attende.

Det er mest ikkje tal på alle dei segner som rådde og råder um Jørns hagleik som spelemann. Og her vert ikkje rom for å taka mykje med av det. Men ei liti hending som eg for ei 25 år sidan fekk vita av den 70-80-årige Svein Teigstol, son til Gullik Teigstol, og som han personleg hadde vore vitne til, det må eg nemna:

Gullik Teigstol og Knut Ringestad hadde lært å spela av Jørn. Då Jørn vart gamal, bad dei tvo læresveinane hans han til seg ei jolehelg. «Og det var slikt eit felelæte på Ringestad og Teigstol den jolehelgi at det høyrdest over heile Kvålsgrendi,» sa han Svein. «So var det ein kveld dei var samla på Teigstol. Etter maten var det pons. Og det var mykje ståk og spel. Men då det leid ut på kvelden, spela Jørn so alle tagna. Ingen sa noko på ævleg lang tid. Folk berre lydde og såg på einannan — det ljoma i veggene, det ringla og song i glasrutor og i glasi på bordet og elles i alt som i huset var. Det kom som ei fælske over alle. Då gjekk far (sa Svein) burt til Jørn, tok fela frå han og sa: «Du læt ikkje låttane anleis du enn me, Jørn; men faen hev gjeve deg bogen.» Dette syner berre den makt han som gamal mann hadde i spelet sitt, endåtil over gode spelmenn i si fulle mannskraft, som Teigstol og Ringestad.

Samstundes som eg her held fram at Jørn Hilme var ein stor skapar av folkemusikken i Valdres, finn eg det rett å nemna kva ein mann som hev teke doktorgraden i folkemusikk, Erik Eggen, seier um Valdres og Valdresmusikken i Valdresboki: «Sermerkt for Valdresmusikken er at samstundes som han ned mot våre dagar har vist ei uvanleg rik bløming, so inneheld han tydelege merke på å springe fram av uhorveleg gamle røter. Ein kan soleis gå ut frå at musikklivet alt frå dei eldste tidene og til idag har vore sers blømande, truleg framum dei fleste andre bygder i landet, kanskje med undantak av Telemark.» Og her legg han til: «Og den valdriske Tomasklokkelått er eit verdig sidestykke til dei telemarkiske Kivlemøyslåttar.»

Og vidare held han fram: «Ja, i kunstnerisk råma har dei (valdrestonane) vore vellika nummer i dei store europeiske konsertsalane. For å berre halda oss til våre tvo store komponistar frå siste halvpart av fyre hundradåret — Grieg og Svendsen — so hev dei ført valdriske folketonar vidt ut.» Og i mannskorsongen si blømingstid her i landet, seier Eggen, var det serleg Valdres som skaffa komponistane emne til umdikting og umskiping.

Og når ein musikkautoritet kan tala so hugheilt og varmt um Valdresmusikken — ogso som fundament for song og musikklivet jamvel ute i den vide verdi, so hev det sikkert sin grunn i at her hev vore musikkmeistrar som hev makta å hevja folkemusikken og slåtteformene upp mot kunstneriske høgder. Og av dei alle var Jørn Hilme den største, den skapande krafti. Og når ein veit det, må ein med sorg sjå korleis spelmennene våre idag driv meir og meir burt frå det valdreske grunnto, Hilmesspelet, over til serdrag frå andre bygdelag. Jamvel i Vestre Slidre som var arnestaden for Hilme-slåttane etter Hilmen, jamvel der må ein no leita med ljos og lykte etter ein ekte Hilmeslått, burtsett frå eit par eldre. Ikkje ein av alle dei unge spelmenn som no gledeligvis dyrkar folkemusikken i vår dragspelutskjemde tid, — ikkje ein av dei held seg til Hilmesspelet. Det er telemarkspelet i forfuska utgåve som råder grunnen hjå mesteparten av dei unge. Det einaste ein kan merka att av valdresspel hjå dei unge spelmenn i Valdres no, er nokre levningar etter Jørgen Sagahaugen og Nils Beitohaugen i Øystre Slidre. Og deira spel skilde seg i mange måtar ut frå Hilmesspelet med ei småkrulling. Fint var det nok; men det vanta det storfelte og breidlagde i Hilme-spelet både med umsyn til dei merkelege ristetaki og det rike toneskiftet.

Den eintonige, monotone samklang som ein so jamt merkar hjå dei fleste hardingfelespelmenn, den hadde Jørn Hilme lite eller inkje av. Det var stor, rund tone i spelet hans, med klåre og greide toneskifte millom viki, ei naufin harmonisering, og med grunntonen som ein lysande komet i heile slåtten.

Det er mi von at enno vil Hilme-spelet koma i høgsætet att i Valdres som det ein gong var. Og da er det dei unge det stend på. Og dei bør aldri gløyma Erik Eggens ord. Og heller ikkje Grieg sine: «Den norske folkemusikk må haldast uppe rein og ekte, for den skal vera grunnlaget for all framtids tonedikting i Noreg.»

Og millom norske spelmenn var det ingen som Grieg sette høgare enn Jørn Hilmen. Difor nytta han ogso meir av Hilmeslåttane enn av mange andre til sine herlege tonedikt.

/ Olav Moe.


SOGA UM JØRN NILSON HILME OG SØNENE HANS

av Knut Hermundstad

  • ) Dei som er nemnde som kjeldor for ymse småsogor i denne artikkel, er og kjeldor for det meste av hitt i artikkelen og. K. H.

Valdres har vore ein heim for folketonar og folkemusikk, kanskje i rikare mun enn nokor bygd i landet. Og det er ikkje so underleg. Det er sagt at eingong Bjørnson siglde på Hardangerfjorden og såg den mektige natur ikring, ropa han djupt gripen: «Dette er notar som folket lyt danse etter!» Som naturi er, soleis er jamnast folket. Og utan å skrøyte kann ein vel seia at det er få bygdelag i landet som har ein slik skiftande og rik natur som Valdres. Her finn du alt, so nær som det flate og einslungne. Her er himmelhøge fjell og mjuke åslinor. Her er svagande barskogar og yndefulle bjørkelider. Her er syngjande fjellbekker og storsusande elvar. Her er lange fjordar, og småtjern overalt som blinkande trollaugo.

Det skiftande natursamspelet gjorde valdrisen glad i song og musikk. Det var noko av hans eige sjel. Sumarsbil har difor skog og fjell frå utgamal tid gjeve atterljom av song, lurlokk og bukkehornlæte. Og i raustestovone ljoma langhorpa og fløyta i lange vinterkveldar. Mest sjølvgjeve var det då at Valdres laut fostre felespelarar. Og rett nok, alle Valdresbygder har havt ei rad av dugande menn til å handsama fela.

Storkulten millom dei Hardangerfelespelarar som no er kjende, er Jørn Nilson Hilme, som Olav Moe har vore so hæv å skrive ein slik gild artikkel um. Det er og på tide at me valdrisar dreg dei store kulturskaparane våre fram i dagsljoset. Lenge nok har dei vore ute for burtgløyming, og miskjenning Her skal då verta teke fram det folketradisjonen og gamle arkiv har å fortelja um Jørn Hilme og sønene hans. Fødestad og heimeliv.

Av dei fagre Valdresbygder er det vel fåe som kann mæle seg med Ulnes i stordom og ynde. Utsynet frå Ivarshaug t. d har ikkje mange makar. Det var ikkje utan grunn at dei gamle kalla denne bygdi og nordover Solabu. Midt uppi solsida her ligg garden Hilme. Der, på ein plass som heiter Berge, levde storsfelespelaren Jørn Nilson Hilme.

Um Jørn Hilme og folket hans fortel arkivar Leif Midthaug dette frå Statsarkivet på Hamar:
«Ved Ulnes kyrkje vart 2. joledag 1754 konfirmera dåp for Nils Jørgensen, sonen åt Jørgen Torkildson Ringsaker og Guri Nilsdotter. Nils var døypt heime av Thore Amundsen Gudem, — Den 12. september 1751 vart konfirmera i kyrkja dåp for Ingebor Olsdotter, dotter åt Ole Knudson Hilmen og Marit Engebriktsdotter. Ho var døypt heime av enkja Karen Hilmen, Nils Jørgensen Ringsagereiet og Ingeborg Olsdatter Ulnes vart vigde i Ulnes kyrkje 5. november 1775. Vonleg har då Ingeborg vore i tenest på Ulnes.

Borna deira var: 1.Marthe, døypt 13. desbr. 1776. 2.Jørgen, døypt 12. august 1778. ( Fødedagen er ikkje innførd i kyrkjebøkene før etter 1808.) 3.Guri, døypt 26. desbr. 1797.
Ved dokument dagsett 9. juni, tinglese 23. okt. 1788, selde ein Tarald Larson plassen Hagen under Hilme til Nils Jørgenson. Hagen vart ved forretning halden 5. desember 1816 skyldsett for eitt skinn. Den 24. april 1821 selde Nils Jørgenson plassen Hilmens-Hagen til sonen Jørgen Nilson for 160 spdlr. (Skøyta tgl. 13/12 1824). Då Jørgen Nilson 1821 kjøpte plassen av far sin, laut han låne 100 spdlr. av Anders Erikson Kjørnes for å greida ut kjøpesummen.»

Låvebygningen som sto på Bergé

So til dagleg vart han kalla Jørn på Berge, truleg fordi husi låg uppå ei bergufs. I grannebygdene hadde han ofte namnet Hilmin eller Hilmisguten. Han var truleg fødd 1778.

Um giftarmålet hans Jørn Hilme har Midthaug funne dette: «Den 9. okt. 1803 vart Jørgen Nilson Hilmen og gjente Anne Toresdtr. Rognås vigde i Svennes kyrkje. Anne Thoresdtr. skulde vera fødd ikr. 1780; men kyrkjebøkene er nett dei åri ufullstendige, so eg kann ikkje finne dåpen hennar; men i folketeljingslista for 1801 er på Rognås uppførde desse:

Sigri Olsdtr. 69 år, enkje, nyt føderåd.
Anne Thoresdtr. 22 år, dotter hennar.»

Grunnmuren av stovone på Bergé (Erik Hagabroten står millom hustuftene)

Ho Anne hadde ingi lett uppgåve der på Berge. Plassen var liten og skrinn som plassar flest. Dei kunde vel føde ei ku og eit par geiter. Låvebygningen, som endå står, men er flutt ei 60 meter lenger ned, er eit tydeleg vitnemål um storleiken på plassen. Han er ikring sju meter lang og tre meter breid, med ein ørliten treskjelåve i midten og eit trev og ei løe på ei side og eit brøt på hi.

Tilliks med so mangt eit flogvit gjekk Jørn og heilt upp i kunsti si, felespelet. Fela var det fyrste og det siste for han, ja ofte alt dagane tilendes, sumar og vinter. Jamt og samt var han ute på ferd med fela. Serleg i Hallingdal, Numedal, Telemark og Sogn var han velkjend. Arbeidet på plassen med onning og anna vart sett tilsides. Det var difor mang ein gong smått med levemåten på Berge, og husværet var ringt. Det var tvo små raustestovor på plassen. Dørene snudde endå mot kvarandre. Grunnmurane står endå med ein liten kjellar i. Storleiken var fem gange fire meter. I kvart hus var det ein liten kleve med ei litt større stove. Låven stod rett ned for stovone. Og straks nordanfor stod det vesle fjøset. Det er flatt og fint der på Berge med ei storfeld utsyn over vestsida av dalen og nord gjenom Slidre, like nord i Jotunheimen. I den eine av stovone budde huslyden hans Jørn. Det skulde og vore smått med husbunaden, Til å sitja på var det reist upp slette steinar kring peisen, slik som dei brukte det på stølane.

Ho Anne, kona på Berge, ser ut til å ha vore ei gild kvinne. Ho freista løyne fatigdomen so godt ho kunde. Soleis er dei fortalt at uppå bordkruna, ei hylle under taket over bordet, hadde ho Anne rada upp mjølkekjeraldi sine. Når han Jørn vai heime, og fela ljoma, og ungtyet var samla, og kåte foteblad tok bordkruna, då kunde det hende kjeraldi ramla ned. Men då var dei mest alltid tome. — Um vinteren hende det ofte at Anne laut få slakta ein sau eller eit anna dyr so det kunde verta mat i huset når husbonden var ute på ferd. Men dyret hadde då fått bråmein, so dei var nøgde til avlive det. — Men når Jørn kom heim frå spelferdene, hadde han ofte tent so godt at det var herredagar i Berge — so lenge det vara. Ein gong han kom heim frå Hallingdal, vert det soleis fortalt at han hadde med seg heim tvo kvr. Når han hadde vore på Vestlandsferd hadde det hendt han hadde kjøpt med seg hest og kjerre og fullt lass med sild og fisk.

Vel han Jørn var komen heim, var det jamnast ikkje lenge før ungdomen samla seg i Berge. Ein av Jørn-sønene, han Tore, som var tambur, tok då gjerne trumma si og gjekk sør um låven og gav seg til å trumme. Det var eit avtala teikn på at no var han Jørn attkomen, og no hadde dei biskestelt seg, no var det tid å samlast på Berge. Den tid var det lovleg å brenne brennevin heime. Dans, drikk og slagsmål fylgde med. Og mest kvar sundag, og ofte i sykna med, var det spel og ståk på Berge med han Jørn var heime. Den som var sterkast, sprækast og likast til å drikke og danse og slå ifrå seg, var idealet av ein ungdom mest i alle bygder. Tidi var soleis i mange måtar vill, og folket utøymde. Som ei type på ein ungdom frå denne tidi kann nemnast Braute-Timann. Han var av stamgjestene på Berge.

Braute-Timan var av dei sterkaste og sprækaste karane i Valdres. Det er sagt at på Lærdalssmarknaden ein gong sette dei 14 tome sildetunnor etter kvarandre. Han Braute-Timann hoppa uppi ei og nedi hi alle 14! - Ein annan gong var på eit dansarhus på Øyr'n, vilde lærdølene innpå han. Då jaga han huset tomt. — Seinare — etter han var vorten gift — var han og på Øyr'n. Då var det nokre som kjende han og spurde: «Er du gokar endå, du då?» Då gjekk han litt i frå kjerra si, kasta seg over hovudet so ikkje noko tok nedi, og kom på føtene att so søla skvatt. «Like go!» sa han. Men den natti torde han ikkje liggja på Øyr'n. Han køyrde langt uppi Lærdal før han natta seg. Ei tid etter for han til Amerika.
(Fortalt av Engebret Hilmesplassen.)

Utsynet frå Bergé mot vestre Ulnes.

Dei som oftast var på Berge, var sjølvsagt ungdomen frå grannelaget. Og dei betalde nok moroi med mat av ymse slag. Det er sagt at når Opheims-gjentone skulde danse, sa ho Anne til han Jørn: «Du får gjera skilnad på låtto ner Uppheims- gjentudn è på gølve, du veit dei fyllè godt i mjølposen vår!»

Ofte kunde det bli litevore med ved og i Bergé når han Jørn var lenger burte enn vanleg. Då laut dei hogge upp stauren til ved. Når då han Jørn i skurdonni av og til laut stå upp i Hilmiseiga og hogge staur, hermer dei etter han: «Han è ven Bakkin (åkeren i Berge) i år! De bli før lite staur!» Han vilde og løyne armodsdomen.

Han Jørn hadde støl på Foroset. Um sumaren når han ikkje var ute på spelferder, låg han mykje der og fiska i Tindulvtjedne. Der hadde han båt og ein åborbrøte, og der like han seg. «Ein gong var det ein som skulde vera med han til Foroset og fiske,» fortalde Torleiv Bø. «Før dei for, skulde han ha sagt: «Ner mø koma te Foroset, so har e der min bestyrning!» Men då dei kom fram, skulde det nok ikkje ha vore stort korkje til bite eller slite.» — Det vesle selet som han Jørn hadde, skal stå på Foroset endå, er det sagt. Det burde stå på Valdresmuseet til eit lite minne um Jørn Hilme.

Han Jørn Hilme skulde ha vore ein svært hendig snikkar, fortalde Tore Ulnes. Av og til, når fela fekk kvile, dreiv han i den tome raustestova med snikkering saman med sønene sine, då dei vart so mæte. Han laga felor, er det sagt. Og husbunad! Det finst endå att fine framskåp, som dei veit at Jørn Hilme har laga. Men Jørn var nok ingen trottug snikkar, endå um han hadde handelaget. Musikken var alt for han. Men dei fire sønene hans, Tore, Nils, Trond og Ola, ervde handelaget åt faren. Dei vart, som seinare skal forteljast, flinke, nevenyttige karar, ja av dei beste i bygdi — reine fløytor ( Floyte: ein som er floyt, snogg, til å arbeide.) - kvar i sitt yrke. Dertil var dei — menneskeleg tala — ordensfolk, snilde og umgjengelege, ei pryd for bygdi si.

Faren var og snild, hjelpsam og godmodig, ein kravlaus og fredeleg mann, som levde for dagen og var nøgd med det slik han hadde det. Men dei sterke kjensler og drifter han hadde, rende ofte av med han, so heimen vart forsømd. Ho Anne, kona, hadde det difor ikkje alltid godt. Men ho bar alt med tolugt mod. Ein høyrer aldri um at det er rivningar millom dei. Ein gong skulde ho Anne ha late vonbrotet skine gjenom på ein finsleg måte, fortalde Torleiv Bø:

«Ho Anne fortalde um ein draum ho hadde havt då ho var ung gjente. Ho hadde gått i so fin ein bærbakke og plukka bær i forklædet sitt; men etterkvart ho plukka, vart bæri burte. Og so la ho til: «E fekk nokk fint røyne draumen min, é. Spelepengadn hass Jørn vart ryre!» — Det ser ut til at det var sant som ein sa: «Te lenger han Jørn spelte, te smèrrè vart de me 'o!»

Anne Thoresdtr. Hilmen døydde 12. jan. 1834, 54 år gamal. Etter det eg har funne, hadde Anne og Jørgen desse tre born saman:
1. Ingebjørg, døypt 22. juni 1804; ho vart 8/12 1828 g. m. Amund Svendsen Månum. 2. Tore, døypt 9. november 1806. 3. Nils, fødd 10/2 1809.

Då ho Anne var dø 1834, gifte Jørgen Hilme seg uppatt same året den 19. okt. med Sigrid Tronsdtr. Berger. — Han hadde — etter det Midthaug i Statsarkivet fortel — tvo søner med henne: Trond og Ola. Sigrid døydde 14. april 1852, 75 år gamal.»
Då ho Sigrid vart gamal og tunghøyrd, skulde ho ha sagt: «De é trumméleven o felélæte so ha gjort me dauv!»

Musikkskaparen

Jørn Hilme var ikkje berre ein kunstnar av dei sjeldne i å handsama fela, men han var eit musikkflogvet, som laga ei mengd nye slåttar og umlaga gamle. Urmakar Andreas Hauge, som sjølv er musikkar, og som har ervt utruleg mykje musikktradisjon frå ætte si, skal no få ordet: «Han Jørn Hilme var liten, sa mor mi som hadde set han, då ho var smågjente. Men han hadde eit skarptlagt andlet. Han gjekk mest stødt i stutt-trøye, knebrok og raudrutut vest med sylvknappar. Han var litt vindøygd. I Hallingdal, Numedal og Telemark var han velkjend. I den gamle tidi var det vanleg at folk fekk tilnamn. Og namnet hans Jørn vart då Skjegle-Jørn). Endå går det segner frå desse stader um Skjegle-Jørn og slåttane hans. Det var tå Jørn Hilme at Myllarguten (fødd i Sauherad 1801) fekk det beste av det fine han hadde i spelet sitt. Men han hadde og lært Hilme-spel gjenom Telemarkspelemenner t. d. Luråsane og Håvard Gibøen, som hadde lært Valdres-spel av Jørn Hilme.
Jørn skulde havt ein bror som og var litt skeivsynt. Han kalla dei Skjegla-Nils. Han skulde og vore spelmann. Etter det som står i kyrkjebøkene, er denne Skjegle-Nils truleg far hans Nils og ikkje bror hans.

Spelet hans Jørn Hilme var framifrå rikt og fint, so Valdres har ikkje ått nokon betre spelmann, det me veit av. Ei mengd w slåttane hans lever i Valdres endå. Dei fremste var Rengjudn. So var det Veksaradn, Krullapéradn og Grålysingadn, umframt ei mengd med lydaslåttar og brudeslåttar. Meisterstykket hans var Spelmannsprøva og Rengja og so «Syste åt Rengjun». Um denne siste går det ei gamal segn:

Det var ein gong ein Valdres-gut som kom tå stølen med ei kløv. Han vart brått so trøytt at han totte han laut leggja seg til å sova. Det var ei hulder som var vorte glad i han. Og det var ho som hadde kasta svevn på han, difor vart han so trøytt. Han tok då kløvi, slepte øyken på ein grasfet, la seg overende og sov som ein stein med ein gong. Huldri kom so med langeleiken sin og spelte og song um kjenslone sine åt guten. Då guten vakna, kunde han slåtten og tonen han hadde høyrt av huldri i svevnen. Og andre lærde tonane av guten.
Denne segni og tonen hadde diktaren Edvard Storm høyrt tå valdrisar som hadde vore burtpå Vågåstølane. Og det han høyrde, vart emne til folkevisa hans. «Guten var trøytt». (dette er fortalt av fleire i Valdres) Men det finaste ved tonen vart burte i Gudbrandsdalsvisa. Av denne tonen laga Jørn Hilme slåtten «Systé åt Rengjun».

Av andre slåttar som Jørn Hilme spelte og hadde laga eller laga um, kann nemnast: «Per-i-Garen» og «Kjednbal'n». Dette er hallingsnamn; men det var godkarar i Hallingdal som kansa seg ut slåttar når dei høyrde han Jørn let. Og so fekk slåttane namn etter desse godkarane. So var det Systeslåttadn med tekst til:

«Hei so leika gjenta mi me sylvspente sko på føto si, blomuté trøye, blomuté skjørt, blomuté fereklæ utapå snørt.» Hin Systeslåtten hadde denne tekst:

«Hei før ei kjerring e no ha fått, Ikkje kann ho spinne, ikkje har ho rokk! Ikkje kann ho binde moske på ein sokk! Alt so ho koka, jamen é de rått!»

Andre av Hilmes-slåttane var «Fere går e, ette dalla du.» Ein annan var:

«Stundo é mi kjerring gol Stundo é ho so o so! Stundo får e lite te mat! Stundo får e alder de slag!» So langt Andreas Hauge.


Tvo andre Hilmessslåttar var Sevaldhauglåttadn. Korleis dei vart til, fortel denne segni:

Ein gong hadde Jørn Hilme vore i eit brudlaup i Hallingdal og låte att. Han var no på heimvegen og var komen på Sevaldhaugen. Denne haugen er flat uppå og er på skap som ei likkiste, er det sagt. Han ligg eit stykke aust for stølslaget Brattåsen. Jørn vart trøytt og sette seg. Med han sat (sume seier søv), fekk han høyre det spelte so fint inni haugen, fyrst ein slått og so ein til. Det var greidt at Jørn lærde båe slåttane. Dei var so fine at ingen hadde høyrt maken.

Ola T. Svenes fortalde um dette: «Han Jørns-Trond var so ofte hjå oss og spelte. Han stillte då stundom fela si på ein annan måte. Og so sette han ein liten passar over stallen på fela, og når han hadde låte litt, sa han: «Slik hørdé han far de let i Sevaldhaug, o slik lærde han far me lått'n.»

Det vert og hevda — og det kann høve med tidi — at det var Jørn Hilme som har dikta slåtten «Kjørstaddrepen», slåtten som vart låten då dråpet på Dale hende i 1823. Denne slåtten skal elles vera ein mindre godt bygd slått.

Av andre Hilmis-slåttar med tekst til nemnde Erik Hagabroten desse:

«Ei gamal kjerring i ein hare vår
svelte på ei bikkje i ein tvo-tre år,
Noko smale leggji,
endå smalar lår!
O endå hadde ho live!»

Ein annan var: «E o du p gjentudn våre».(På Vestlandet heiter denne «Nordfjordingen», men han har tydeleg merke av upphaveleg å vera ein Hilmesslått,» seier Olav Moe.)

Han Jørns» Trond likte so godt desse, serleg den fyrste. «Dè è lått, dé!» sa 'n. — So er det ein slått som er knytt til denne soga: Det var ei annandag jol det var jolegjestebod nedi Ulneshaga. Det var både andre hus og andre folk der då enn det er no. So var han Jørn der og let. Men det vart smått med gjeving i fela, og det vart gløymt at spelemannen trong mat og drikke. Og so dikta Jørn slåtten «Skal e sita her på sveltekur anndag jul.»

- So langt Hagebroten.

Jørn Hilme var sjølvsagt ein ovmeister i alt hullalæte. Ein av hullaslåttåne som han let mykje, og som Trond, sonen hans, var so glad i, hadde denne tekst:

«E kann ikkji hullè, men dei truge me te!
Ho Bufri ho mjølka o spentè sjøl ne.»

Dette er elles ein Vangs-slått, Gridhamaren. Men det er truleg at Jørn Hilme har umdikta han noko. Det er elles ei mengd andre Hilmis-slåttar; men dette får vera nok.

På Vestlands-ferd.

Som dei fleste andre Valdres-spelmenn med noko tak i, var Jørn Hilme på Lærdal — på Øyremarknaden — ofte til kvar haust og let. Ola E. Ulneshagen fortalde at vestlendingane sette Jørn ovhøgt. Dei skulde ha sagt: «De é uvandt å prilla so godt so han Jørn Hilme; men den vonde ha gjeve han bogen!» — Det er sagt at han kunde 18 bogetak!

Det var ei stor folkemengd som um hausten samla seg på Lærdalsøyri til marknad. Når bøndene um hausten var ferdige med onni, bar det på marknaden etter salt, sild og fisk. Der møttest eldre og yngre frå Voss, Sogn og Fjordane, frå Hallingdal, Numedal og Valdres. Der handla dei krøter. Der drakk og slost dei. Der kappast dei i godkarstykke, dans og felespel. Sume fann seg endå til ektemake. Marknaden var ein bytestad for varor, krøter og — folk, for lærdom i godt og vondt.

På ei av desse marknads-ferdene var det at Jørn var hjå Hjorte-Jo, som Olav Moe har fortalt so levande um. Denne hendingi må det vera noko i, for ho går i alle Valdres-bygder — merkeleg likt. Her skal no takast fram sumt nytt.

Gamle Henrik Før på Leira fortalde um dette:
«Slikt spel hadde han Jørn aldri høyrt. «Ner du spela, ska du leta bøgin bufsa, men slepp ikkji strengjo!» skulde mannen ha sagt. Men denne kunsti kunde vel Jørn før.»

Andreas Hauge fortel at då Jørn Hilme og Hjorte-Jo hadde spelt ril fram på morgonsida, tok Hjorte-Jo fram nokre felestrenger og gav han Jørn og sa: «Ner du set i fela desse strengjidn, so spela ingin bere enn du!»

Anders Sten fortalde: «Då Jørn spurde Hjorte-Jo um hus svara han: «De ska du få um du kann svara me på tre spørsmål: Ko eite bjøllesauen min? Ko eite bjøllekjyre åt preste?» Og so var det eitt til. Dette hadde visst han Jørn greidt, for hus fekk han. Då det leid på, fekk han Jørn talt Hjorte-Jo til å låte; men i fyrsten let han berre med tvo vedtre, slik at kjerringi hans tilslutt for ut gjenom veggen millom stokkane! Sidan hadde han visst teke rette fela si fram.»

Ein annan fortalde at Hjorte-Jo hadde berre eitt auga. Då Jørn spurde han um han vilde lære han spela so godt som han sjølv, svara Hjorte-Jo: «Ja, de ska e gjera; men då lyt du misse eine auga!» Det gjekk Jørn med på. Frå den tid var han skjeglin på eine auga. Og han såg visst ikkje på det. No var det at folk tok til å kalla han Skjegle-Jørn.

Det er og sagt at Jørn i unge år skulde ha vore hjå ein stor felespelar som budde på Bergji i Vang i Valdres. Han skulde ha spelt slik åt Jørn at kjerringi hans, som var i fjøset, kom sendande ut gjenom møsjamoti i fjøsveggen!

Hilmeguten får hjelp av ei finnekjerring.

Ola K. Rudibroten (Øystre Slidre) og Hans Broten på Øvre Ulnesplassen kunde fortelja at Jørn Hilme hadde fått hjelp på ein annan måte og til å bli ein slik ovspelmann:

«Jørn Hilme skulde til Hallingdal; men då han kom ned åt fjorden her, var det slik storm at han kom ikkje over. So la han seg på Ulnessvangen til å sova. Kanskje vinden vilde leggje seg. Då han vakna um ei stund, kom det til han ei finnekjerring, som det såg ut til. Ho var grim å sjå til. Tvo av tennene i overmunnen stod langt ut um lepane, ei på kvar side. «Vil du ro me over fjor'n?» sa ho. — «Ja, e me vil over ner de stillna,» svara Jørn til. Då vart det stillt med ein gong. — So bar det i båten med båe, og snart tok båten land ved Steinde-landet. Då spurde Jørn Hilme: «Kor ska du hen?» - «Te Semlè» svara ho. «É du tjåk (Tjåk skulde vera det same som spelmann.), du?» la ho til då Jørn tok feleskrinet sitt. «Ja,» svara Jørn. Dermed tok ho upp eit strengenysta og gav han og sa: «Ner du har slète ut dette, è dè ikkji stort att tå de heldan.» Dermed skildast dei.

Då Jørn fekk stannfing.

Knut Odden, Leira fortalde at Jørn Hilme skulde ha havt ein stannfing. Den skulde han ha fått soleis:
«Jørn hadde vore på Lærdalssøyri og spelt. No var han som vanleg i sumarhalvåret komen fjell-leides heim. Det leid endå so langt på hausten at isen hadde lagt seg ut over Strandafjorden. Det var seint på han Jørn denne gongen. Og då han kom åt Ulnessbrui, var han so trøytt, at han fann på setja seg under eit brukar til å kvila, før han tok på bakkane heim. Med han sat der, sovna han. Då det leid på, vakna han ved at eit brudefylgje reid framum nede på isen. Spelmannen reid føre og let so fin ei brudlaupsmarsj. Då kann det hende Jørn fort vart ålvaken. Han kneip fela si og skulde låte upp att den fine marsji. Med han heldt på med det, kom det burt til han eit kvinnfolk og sa: «Du prilla 'kji sjile gødt me desse finge!» Og so tok ho burt på eine veslefingen hans. Og sidan var denne fingeren stamn. Men han prilla heller betre med denne fingeren etter denne tidi.»

Jørn spelar av strengene for medtevlarane sine.

Det var mange spelmenn som kunde den kunsti å låte av strenger. Men ingen var slik meister til det som Jørn Hilme. Det går mest tallause sogor um det. Her kjem nokre. Fyrst ei som Per Øyråker fortalde:

«Han Nils i Beljis-Øygare i Ulnes var felemakar og spelmann. Svær spelmann var han! So råkte det seg so at det var ein auksjon på Granei. Det var slik den tidi at på alle auksjonar var det dans, drikk og vilt liv. Fy og fy då! Kor tidi har gått fram! No var han Nils og komen dit med fela. Alle visste at han var flink til å låte, og so masa dei han til. Då han hadde halde på litt, kom han Jørn Hilme, storspelaren, der. Ja, det gjorde han! Men då var det heller ikkje lenge før strengene på fela hans Nils rauk. Nils hadde råkt overmannen sin. Han skyna vel at det var Jørn som volde det. Han Nils la difor frå seg fela, og dei fekk han ikkje til å låte meir. —

Endå til han Nils, sonen hans Jørn, fekk ikkje ha strengene sine i fred for han. Um dette fortalde Ola Olsen Skogen frå Leira:
«Ho mor fortalde at eingong let han Jørn Hilme og han Nils, sonen hans, i eit brudlaup i Haga på Åbjør. Då var det ikkje fritt anna enn fela hans Nils let noko betre enn faren si, kva det no kom av. Men best det var, rauk alle strengene på fele hans Nils. Då sa Nils: «Dette skulde du 'kji ha gjort, far, de løne se 'kji før de!» Då strengene var sett på att, og Nils tok til å låte pånytt, der rauk strengene i fela hans Jørn med.» —

Hallingspelemennene fekk og vita av at han Jørn kunde noko. Um dette fortalde Knut I. Hovrud:

«Jørn Hilme var ofte i Hallingdal og let. So var det ein gong han var der att. Det skulde vera brudlaup på ein gard der. Brudi vilde endeleg ha ein bygdespelmann; men brudgomen hadde høyrt gjete Jørn Hilme og vilde helst ha han. Brudi laut få råde. Men brudgomen sende i all løynd bod på Jørn Hilme og. Ja, han Jørn kom åt brudlaupsgarden som ein vanleg gjest. Og ingen av brudlaupsfolket kjende han. Han hadde sett att fela si ute. Då han var komen inn, og det leid litt ut i brudlaupet, sette han seg burt til spelmannen, som skulde vera av dei likaste i Hallingdal. Karene tok snart til å talast ved, og spelmannen skyna snart at Jørn og var spelmann, og det vart då til det at han og skulde hente fela. Men då dei skulde til å spela ihop, var dei ikkje lenge bide før kvar strengen rauk for hallingen. «Du kan noko, du,» sa 'n. — Men då vart det med slikt felespel på Jørn at ingen hadde høyrt maken.»

Knut Odden fortalde um ei onnor speling i Hallingdal: «Jørn Hilme var i Hallingdal og let i eit brudlaup saman med ein annan halling. Jørn let på låven, og hallingen inne. Denne skulde vera beste spelmannen i Hallingdal. Best det var rauk det ein streng for Jørn. «A è du slek, du!» sa 'n. So sette han strengen atti. Men då heldt det ikkje ein einaste streng for hallingen, anna enn han laut slutte.» Det hende soleis at Jørn og var ute for folk som trolla av strengene for han. Men Jørn visste råd, so dei rauk ikkje meir enn ein gong. Um dette fortalde Ivar Brattstølen ei soge:

«Han Trond, sonen hans Jørn Hilme, fortalde meg dette: «Han far og ein meisterpelmann or Vestre Slidre sat saman og let. Brått sprang eine felestrengen hans far. Han vart nok litt flat med det same. Men han sa ikkje noko, berre knytte strengen att og sputta på knuten. So tok han til å spela på same slåtten. Men um litt sprang ein annan streng. Han Jørn knytte at1 og sputta på knuten. Dette tok seg uppatt med fleire strenger; men når han Jørn hadde sputta på, so heldt dei.»

Jørn skulde og ha lært frå seg denne kunsti å trolle av strenger til læresveinane sine, er det sagt. Stundom kunde han få svida sjølv for dette. Ola E. Ulneshagen fortalde soleis:

«Gamle Hoggseten hadde lært felespel hjå Jørn Hilme. Ein gong var han og Jørn i Hallingdal og let i kvar si stove. Då tok det til å ryke strenger for Hoggseten. Men han reis upp og gjekk burt i stova der han Jørn sat. Då var det ikkje lenge før det tok til å smelle sundt strenger for Jørn med. Då skulde han ha sagt: «Meina du 'kji e lærde fillègute vel mykjy!» — Ja, eg har no høyrt det slik, eg!»

Langeleikspelarane kunde og få svida for kunstene hans Jørn. Gamle Arne Revling i Vestringsbygdi fortalde ei snodig soga um peki hans: «Det for mykje over bygdene her ei Ali-Sigrid, ein slik meister-leike-spelar. Ho møtte ofte upp der det samla seg mykje folk. No hadde det vore messe ved Aurdalsskyrkja. Nær kyrkja var det nokre stovor dei kalla Lunds- stovone. Der brukte folk som hadde vore med kyrkja, å ta inn. Dit gjekk og Ali-Sigrid og stelte seg til å spela. Då ho hadde spelt litt, sprang det ein streng for henne. Då ho vel hadde gjort att den, sprang det ein til. So heldt ho upp og sa: «E han Jørn Hilme her?» Det vart svara til at han var det. Då sa ho Ali-Sigrid: «Ja, vil no du, Jørn, halde upp, skal e gjera de e me.»

Det var ein husmannen hans far, Andres Mellum, Mellumen, storspelemann det med vart, som fortalde meg dette.

Jørn læt so drammeglasi dansar.

Ei av kunstene hans Jørn var at han let so brennevinsglasi dansa bordsendane i millom. Arne Revling fortel um dette etter same Mellumen: «Han Jørn Hilme sat ein gong på Onstad ved eine bordsenden og let slikt fint lydalæte. Dermed kom det inn til han ein vrangpeis dei kalla Kjegle-smeden. Han tok til eglast ved Jørn og sa: «Låt no lått'n so eite ette den vonde!» Soleis heldt han på terga han til. Det stod eit glas ved hin bordsenden. Då han Jørn no tok til å låte, tok glasset til å karre til han. «Då,» sa Mellumen, «vart Kjegle-smeden so redd at han tok til å gråte.»

Stundom fekk han Jørn endå til ølbollane til å fara etter bordi.

Han ser huldrafolket leika seg i takt med spelet sitt.

Kann ein mann verka sterkt nok på folkefantasien, svara folket i gamal tid med å gjera mannen til ein eventyrprins, meir og meir mystisk di større mannen var. Ingen valdris har eventyret vakse so rikt ikring som Jørn Hilme. Han var då og ein eventyrprins, som la mykje av Noreg for foten sin. Det var ikkje nok med at dei vanlege folk vart dåra av hans vidunderlege spel. Dei usynlege laut leike seg i takt med spelet hans på dei mest ulaglege stader.
— Andreas Hauge fortel soleis etter mor si:
«Ein gong hadde han Jørn Hilme vore på Øyri etter eit lass for ein på hi sida av fjorden. Det var seint på kveld då han kom åt Ulnes, men måneskin. Som vanleg hadde Jørn fela med. No sat han på lasset og let. Då han kom på Ulnessbrui, tverrstana hesten midt på brui. I det fine måneskinet blinka det so vent nedi vatnet. Med ein gong vart han Jørn forstird der han sat og let. Nedi vatnet såg han par i par leika seg i takt etter slåtten hans. Det var kar og kvinnfolk um kvarandre. Han Jørn let ei stund og såg på dette. Men då han slutta å låte, vart det ende på leiken og.»

Ein underleg mann gjestar Berge.

Men ikkje nok med dette. Ein slik ovspelmann laut stå i samband med hinmannen. Hans Broten fortalde soleis:
«Ein jolaftan sat Jørn på Berge og let heile kvelden. Til slutt sa han til kjerringi: «Du kann gå stad leggji de, du!» Ho so gjorde. Men Jørn let! Endeleg laut han då roe seg han og. Vel han var i sengi, kom det inn ein gråklædd spelmann og sette seg i sætet hans Jørn, og so bar det til å spela. Og det var rugg som kunde! Det vart (sjølvsagt) ein slått so mektig at Jørn ikkje hadde høyrt noko slikt før. Då han var ferdig, slatt han utatt. Då såg Jørn at han hadde bjørnelabbar med lange klør. Men Jørn vart ikkje det minste redd. Han reis upp, treiv fela og let slåtten uppatt, endå han aldri hadde høyrt han før. Det var visst ei tå rengjo han lærde då. Det skulde vera sju tå dei. Men det sjuande var det berre Jørn som kunde låte.»

Læresveinane hans.

Det er greidt at eit slikt musikkflogvet som Jørn Hilme, fekk mange sveinar som vilde lære kunsti av han. Fyrst og fremst lærde han upp sønene sine, han Trond og Nils. Serleg han Nils skulde ha låte uvanleg fint. Han Jørn lærde — som før umskrive — upp Hoggseten. So var han ein god læremeister for Krøsshaugen, Knut Oldre (Nordlanden), Knut Rengjistad og Bendik i Nø'n. Um den siste sa Henrik Før at «han Bendik i Nø'n o'n Jørns-Nils sat i peise på Jørns-Bergé o steikte kantøffel o let på fele.» Sjåheimen, Tor Kollen (oftast nemnd Køll`n), tå ein plass undan Stavenjord, Per i Hogset, ofte kalla Per i Holken, og so «gamle skreddaren» m. fl. hadde kunsti si, anten frå Jørn sjølv eller sønene hans. (Sjå stykket åt Moe). — Ogso utanbygds spelmenn gjekk i lære hjå Jørn Hilme. Før er nemnt sjølve storspelaren i Telemark, Myllarguten. I «Norges musikkhistorie» s. 153 skriv Rikard Berge um ein annan av læresveinane hans, Nils Gjerde frå Voss: «Han (Jørn Hilme) tok spelemannslærdomen med alvor og tukt; han visste at meisterskapen kom ikkje utan strev. Eit godt døme på kva han la i kultivering og upptemjing, fortalde Nils Gjerde, læreguten hans. Nils hadde eit ulag medan han spela; han lyfte den eine oksli so mykje. Då sette læraren eit band over armen hans. Og til å høyre koss fela hans Nils let, bruka han gjerne å ganga ut i eit anna rom. Ristetaki vilde Jørn endeleg at Nils skulde få i bogen sin, og «eg måtte lære dobbeltristen og tao 'an Jørn, dao du,» sa Gjerde-guten.»

På Vestlandet fekk Ola Mosafinn, Voss, mykje uppkast til det vene spelet sitt frå Jørn Hilme, gjenom sonen hans, han Jørn- Nils. (Um dette sjå seinare!).

Fela hans Jørn.

Jørn hadde fleire felor; men den siste og beste han hadde, var Garli-Stuten. Korleis han fekk tak i denne, fortalde Ola E. Ulneshagen dette: «Det var ein mann i Garli som hadde ei fele, som han Jørn likte so ut i frå godt. I lang tid hadde han Jørn stridt og skulde fått tak i ho. Men mannen som åtte ho, vilde ikkje lata ho i frå seg. Den tid levde Kristenson på Røgne i Øystre Slidre. Ola heitte han, ein svær godkar. Ein gong Kristenson og Jørn var saman, kom dei tiltals um Garlisfela. Då seier Kristenson: «Vil du låte åt me ner e vil, skal e gå sta ta fela.» Ja, Kristenson gjorde som sagt var, han tok fela og gav Jørn.»

Korleis det meir gjekk med dette, fortalde Hans Broten, Ulnesplassen:
«Ein gong seinare var Jørn på ei «moro» på Tveit. Dit kom og Kristenson på Røgne og vilde få Jørn med seg til å låte. Men Jørn totte ikkje han kunde fara or laget so brått. Han var no — um mogeleg — endå meir upplagd til å låte enn vanleg. Han let slik at endå til eit par leigdefolk som var der, laut upp og leda seg i takt med fela. I fyrsten totte folk dette var moro og lo. Men tilslutt tok ei firespanns-gryte eggande full med vatn, til danse kring golvet. Då vart folk redde! Kristenson rende då på han Jørn og tok tå han fela og for upp til Åbol med henne. Der læste han ho inn på eit loft. Men då let fela like vilt, so dei høyrde ho like inn. Då tok Kristenson og til å fæla. Han torde ikkje anna enn ta fela og gå ned til Tveit att med henne. Der råkte han Jørn blid og ty. «Du gjorde 'kji me i beit,» sa han. Der sat han og let på ei onnor fele. Denne Garli-fela er den namngjetne Garli-Stuten.»

—Då Jørn dø, fekk Trond, sonen hans, fela. Han att gav ho til Jørn, sonen sin. Sidan selde han ho til Fingar Opheim, som er i Amerika, for 10 dalar. Han Fingar fekk og tak i Belja, fela etter Nils i Belgjis-Øygare. Og dette er ikkje dei einaste kulturting som har fare over Blåmyri frå Valdres, diverre.

Siste dagar.

Siste laget Jørn Hilme spelte i, stod på Øvre Ulnes. Det var Ola Ellendson Ulnes som gifte seg med Rønnog Torsdotter Kjørnes. Han Trond og Nils Jørnsøner var der og. Gamle ruggen var då mest blind og so tunghøyrd at han kunde ikkje stille fela sjølv. So skulde han Nils gjera det. Men han vilde gjerne vera likso glup til spela som faren, difor tok han det ikkje so nøgje med stillingi. Men då gamlen skulde til å spela, so var han ikkje nøgd; han høyrde det klang ikkje som det skulde. So rak han fela til han Trond. Då han no fekk ho att, let han so det dirra og skolv alt som i huset var, og folk sat lenge som dei var klumsa! —

Plassfolks kår var tunge i gamal tid. Når dei ikkje lenger kunde strida med plassen, bar det i leigd, um ikkje plassen var so stor at dei fekk ein liten livaure. Borni hadde sjeldan korkje råd eller rom til å ha foreldri. — Fleire fortel at Jørn Hilme og fekk denne ublide lagnaden. Han vart køyrd rundt i bygdi inntulla i ein skinnfeld. Mor til Erik Hagabroten hugsa soleis at han kom til Nedre Ulnes soleis, fortalde sonen hennar. Då var han ihopkrøkt, skjelvande og raudøygd, og mest dauv. Men fela hadde han med seg. Ho låg i sengi hjå han. Og han hygde seg med feletonane so lenge han kunde leda fingrane. Dei trur han Ola i Sølleplassen, sonen hans, tok han til seg på slutten, og at det var der han andast 25. februar 1854. Han vart gravlagd ved Ulnes kyrkje 4. mars same året.

Men Jørn Hilme levde vidare. Dei mange læresveinane hans bar kunsti vidt um land og ut i verdi den vide. Ho vart emne til musikk-kunstverk som vil stå, truleg so lenge det er song og musikk til. Men ingen av læresveinane kunde mæle seg med meisteren. Dei hermer soleis etter ein sonesonen hans Jørn, han hadde høyrt mange spelmenn spela stykke etter Jørn: «Dei seia at de é låttadn hass Jørn dei spela, men e kjenne dei 'kji att.»

Jørn Hilme kunde ha vorte ein Ole Bull nr. 2, um han hadde levt i ei tid som hadde gjeve rom og uppgåvor for flogvitet.


LITT UM SØNENE TIL JØRN HILME

av Knut Hermundstad

Han Jørns-Tore

var eldste sonen hans Jørn. Han vart døypt 9. novbr. 1806. Den 25. okt. 1832 fekk han skøyte av far sin på Hilmis- Hagen for 140 spdlr. Kona hans heitte Marit Olsdotter Nes. Dei vart gifte 23. okt. 1831. Ho Marit var då 19 år. Dei kjøpte tilslutt Tøppol, øvst i Hippisbygdi. Borni hans var:

1.Jørn, busette seg i eller ved Oslo, der han var gift og dreiv kvern og sagbruk.
2.Ola g. m. Ingebjørg i Øy'n (f), dotter til Øyend-Ola. Seinare gift att med ei Berit. Ætti lever i Tøppol endå.
3.og 4. Nils og Tore som for til Amerika.

Han Tore var tambur og etter tidi ein god bonde. Han Ola, sonen hans, som fekk bruket etter han, dreiv Tøppol upp til eit reint mønsterbruk. Han var og kjend for dei framifrå hestar og krøter han hadde.

Stova hans Jørn-Nils i Øvre Ulnesplassen. (Ho er no bordkledd på framsida, elles er ho nett som då Nils budde i ho)

Jørns-Nils,

den nesteldste av sonene hans Jørn Hilme, var fødd 10. febr. 1809 og vart gift med Gyri Knutsdotter Ranum 5. novbr. 1832.
Born:
1.Anne g. m. Ola Ulriksøn. Born: Guri, Mali, Marit, Marit.Ætti lever i Ryebygdi.
2.Ingebjørg (Ingeborg Nilsdotter, 1845-1932) g. m. Brede Andresen, busett i Strømmen. Stor etterslekt.
3.Maria for til Amerika.
4.Nils g. m. ei svensk kvinne, Emma. Han var busett i Oslo. Der dreiv han millom anna flatbrødbakeri.
5.Johannes som for land og strand med fela si.
6.Jørn g. m. Ingrid Tølten. Han Jørn kjøpte sidan Stokkehaugen i Rye. Ætti lever der endå.
7.Knut, som dei og kalla Valdres-Knut, var busett i Oslo.

Nils var — som før umskrive — ein framifrå spelmann, som gjekk far sin ein høg gang i felespel. Det er ikkje fritt anna enn at noko av den mystikk folk hadde vove kring den store faren, vart førd over på sonen Nils, den fremste spelmannen av Jørns-sønene.

«Når Nils var med faren og spelte, hadde han sitt fulle hyre med å halde strengene sine heile. Av og til rauk dei. Men han fekk hjelp av ein spelmann nordan fjellet,» fortalde Engebret Hilmesplassen. «Han hadde fått spurt at der var det ein slik meisterspelmann. So hadde han kjøpt med seg eit fint silkeplagg og gått til han og gjeve han det. Han budde i ei myrk stove, og fela hadde han på ein myrk hjell. Før han tok til å låte, sa han til Nils: «Ner du ikkji vil e ska låte meir, får du ta tå me fela!» Og det laut han Nils gjera med. Hjå denne lærde han og so mykje at no kunde han halde fela si i stand. «No ha 'n Nils lært so mykje at no held strengjidn hass,» sa han Jørn, far hans.»

«Ein gong var Nils i Garli og let,» fortalde Knut Odden. «Då let han slik at alle folk vart redde. Tilslutt tok dei av han fela. Men då treiv han eit banketre, og då let det likso godt som fela.»

Nils var ofte på Lærdalsøyri og spelte. I 1850 kom han der saman med vossingen Ola Mosafinn. Han vilde gjerne lære Valdressspel av Jørns-Nils. Dei vart samde um betalingi. Ola Mosafin skulde anten betala 12 skilling for kvar slåtten han lærde eller og ei ort timen. Han valde det siste. Til Arne Bjørndal hadde Mosafinn fortalt at han på ein time lærde åtte slåttar. Men ein kann vel då rekne med at so mangslungne slåttar som Hilmis-slåttane er, so fekk Mosafinn berre tak i beingrindi av dei og ikkje den rette åndi og elden.

Jørns-Nils var elles den beste skreddaren i Ulnes i si tid. Eit bel dreiv han endå med drengjer. Den dugande skreddaren Jul Hilme hadde soleis vore drengen hans. Han Nils gjorde både kar- og kvinneklæde.

Heimen sin hadde han i Øvre Ulnesplassen, som han hadde kjøpt. Den vesle raustestova med tvo rom i, står endå på den vesle garden mest urørd. Nils vart truleg i kring 50 år gamal. Då han låg i si siste sotteseng, hende det noko som syner den framifrå musikk-givnaden hans og den ukuelege interesse han hadde for musikk. Erik Hagabroten fortalde:

Ein dag kom det inn ein tatar og vilde lære låte av han Nils. Noko spel av han då vart det ikkje, som ventande kunde vera. Men tataren let åt Nils m. a. ein slått som har til tekst:

«Tvi han vørte ditt lortenyra
so 'kji laga te mat ner du børga kjyra!»

Då tataren var ferdig, kneip Nils fela og let slåtten uppatt. Denne heiter endå Tater-låtten.

Han Bendik i Nø'n skulde ha fått tak i fela hans Nils tilslutt, og han tok ho vel med seg til Amerika.

Ho Gyri, kona hans Nils, levde att på plassen lenge etter han. Ho døydde 10. april 1866. Ho Anne, dotter deira, fekk garden etter foreldri. Men då ho vart gift, kjøpte ho og mannen Rye-Rabben, og der lever ætti endå. — Han Nils var ein liten, spræk kar, eit godt menneske, som har fått eit godt ettermæle.

Jørns-Trond.

Den tredje av sønene hans Jørn Hilme var han Trond. Han var fødd 17. juli 1816 og døypt 18. aug. same året og var gift med Ingebjørg Haraldsdotter Follinglo, i dagleg tale kalla Stokkehaugen, ein plass til Veslestrand. Born: Sigrid gift med ein or Vang eller Slidre. Dei for til Amerika. Marit gift med skreddar Henrik Broten. Jørn gift med Gjartrud Julsdotter Kvåle. Han kom til å kjøpe Sølleplassen. Jørn var gravar og ringjar ved Ulnes kyrkje, flink snikkar, timbermann og hjulmakar. Dei andre borni var Maria, Ingebjørg og Kirsti, som alle for til Amerika.

Trond var kanskje den mest allsidige av brørne. Han var dugande snikkar, som innreidde hus, laga gode dører og glas og enkle møblar. Han skulde ha teke ei mark dagen på manns kost når han var rundt og snikkerte. Han dreiv og litt med timbring. Ei snodig hending han hadde vore ute for ein gong han hadde vore stad timbra, fortalde Knut Odden:
Ein gong hadde Trond og ein med han vare på Fløté (ein støl) og timbra. Då dei var komne heimi Svenes-åsen, vart fylgjesveinen hans Trond so uforskammeleg segen og trøytt. Dei sette seg so ved ei løe der. Han Trond sette seg på løe-dørstokken, og hin seig overende og sov som ein stein med ein gong. Best det var, vart han Trond var ein orn. — Dei vil ha det til det at ormen kann kaste svevn på folk. — Ja, ormen bar på eit lauvsblad i kjeften. Det rann han med burt til mannen som låg og sov, og la det på hjarta hans. og so for han att, eldsnøgt som han var komen. Då greip han Trond timberbila si og rak ho under vesten åt mannen, under der lauvsbladet var lagt. Vel det var gjort, kom ormen att og hogg til mannen nett der lauvbladet låg; men so veit du han råka bila. No var han Trond fort ferdig og drap ormen. Dette fortalde han Trond folket mitt ofte.»

Trond dreiv og med litt med smiding. Og so var han glup skomakar. Dei lange vinterkveldane dreiv han elles mest med net- og notebinding. I dette arbeidet var han ein rein meister.

Um sundagane og elles når det trongst, var han kyrkjetenar og ringjar ved Ulnes kyrkje. Han Jørn, sonen hans, ervde dette yrket etter han, som før fortalt. Det er sagt at maken hans Trond til å få mål i Ulnes-kyrkjeklokkone har ikkje funnest.

Tilslutt lyt nemnast at han var ein mykje nytta spelmann. Han hadde ervt Garli-Stuten etter faren. Og det var gut som fekk mål i han. Men dei vilde ha det til det at han trødde for hardt. Han let heller ikkje so fint som Nils, bror sin. I gamalt hullalæte var han likevel noko av ein mester. Mykje hugnad gav han folk dei lange vinterkveldane ved peisen med fela si. Når borneborni hans var litt grinute, tok han gjerne fela og skulde hugge. Dotterdotter hans, Kari Strandmo, hermer etter han: «Her kjem e me Garli-Stute, gjenta mi, no skal e spela ein fin hullalått åt de!» — Når nokon kom inn til han, sa dei gjerne:
«No får du ta fela o hulle lite åt uss!» Og han Trond let. Folk likte å høyre spelet hans. Og av og til kunde han nå høgt med kunsti si. «Då han let brudlaupsmarji ved kyrkja, da Jørn, sonen hans, gifte seg, var det mange som gret, so høgtidsamt var det,» fortalde gamle Kari Strandmo, som sjølv var tilstades 10-12 år gamal.

«Eingong» - fortel Ola T. Svenes — «kom det ein framandkar til han med han var i Nedre Ulnesplassen, og vilde ha han til å låte åt seg. Og Trond let av finaste slåttane sine. Då han var ferdig, tok karen upp fem dalar og gav han. Trond spurde då: «É du spelemann du me kanskji?» «Ja é spela lite», svara den framande. Etterpå fekk han greide på at dette hadde vore sjølve Ole Bull. Han hadde natta seg på Reie. Trond var ein heimemann. Berre ein sjeldan gong var han utanum Valdres på speling. Han budde i Nedre Ulnesplassen si meste tid. På plassen kunde han føde berre eit par kyr og nokre sauer. Kona hans døydde då ho var 51 år. Yngste dotter hans, ho Kirsti, var då berre tvo år gamal. Det var ei prøvesam tid for han; men han slo seg godt fram. Dei siste åri han levde, slutta han i Nedre Ulnesplassen (no nedl.). So kjøpte han noko av Sølleplassen av Anne, enkja etter Jørn-Ola. Han flutte so dit og levde der til han døydde av slag med han batt på ei not, ei 70 år gamal, truleg i 1881. Trond var ein høveleg stor, før kar med svart, fyldig hår. Han var - som brørne sine, reint ei sprengje i alt arbeid. God og hjelpsam var han mot born og vaksne, ein mann som hadde berre vener.

Han Jørns-Ola

fødd den 8. jan. 1819, døypt 14. febr. same året, var den fjorde av sønene hans Jørn Hilme. Han var gift med Anne Ulriksdotter Fodnes. Borni var: Jørn, Ulrik og Ingebjørg som for til Amerika før dei var 20 år gamle, er det sagt. Nils døydde i 14 års alderen. Jøren g. m. ein halling som heitte Ola, for til Amerika.

Ola var murmeister, ein av dei beste som fanst på si tid. På vegarbeid hadde han av dei verste murakkordar. Det skal soleis vera han som har mura murane uppved Gigstadbrui på Skrautvålsvegen. Endå til i Torpa dreiv han med muring. Der var han meister ved Dokkfløy-arbeidet, som dei kalla det. I Ulnes står mange murar etter han. Det var soleis han som mura under Vestre Ulnes skulehus. Det var siste arbeidet hans. Um kvelden etter han var ferdig med dette arbeidet, døydde han brått av eit fælt magevonde.

Ola skulde og, etter det Tore Ulnes fortalde, vore den beste av Jørns-karane til å låte. Han skulde ha havt eit uvanleg fint øyra for det vene i musikken. Men i ung alder hadde han lovt ei kone på Hilmen som låg for døden, at han ikkje skulde låte meir. Dette heldt han lenge. Men naturen rådde på lovnaden, so han gjekk attpå. — So var det eingong han skulde åt Skrautvål og låte i eit brudlaup. Han gjekk over åsen etter ein veg som går Djupedals-leidi. Der skulde han ha vorte ute for noko som sette støkk i han. Truleg vart han mint um lovnaden. Nok er det, han la fela burt for godt.

Ola skulde og ha vore ei sprengje av dei beste til å skjera åker, og ein jølegod kar til å slå. - Heimen sin hadde han i Sølleplassen i Ulnes, som han hadde kjøpt til odel. Han skulde ha vore ein fin, snildsleg kar i all si ferd.


Når ein granskar det gamle musikklivet og får greide på det villmannslivet med dans, drykk og slagsmål som fylgde med, so undrar ein seg ikkje det minste over at mange av dei beste totte denne musikken var satans verk. Og det var sant, det fylgde mykje stygt med. Ja, musikken sjølv kunde stundom taka form av villmannslivet. Men lat oss vera takksame over at tidi no er so mykje betre. Lat oss gleda oss over at me lever i ei tid då all den gamle folkemusikken kann helgast og skirslast, ja, støypast um til herlege kunstverk som skal lyfte livet, slik som han er etla til. Difor vil me minnast dei gamle kunstnarane som gav oss grunnlaget og byggje-fanget, endå me er djupt usamde i den måten dei nytta musikk-evna si på.

/ Knut Hermundstad.