Kari Nyrnes (d. 1623)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Futen sin utgiftspost for avrettinga av Kari Nyrnes. Transkribert: «Giffued skarpretteren aff Opsloe for en Throldquinde wed naffn Karin Nyrness hannd effter en 12 mands dom, wed Ild og brand haffuer heeden Retted. Penninge - v dr. r» Kjelde: Akershus lensrekneskap 1623-1624.

Kari Nyrnes var ei kvinne frå Lom som vart dømd for trolldomsutøving og brend på bålet i 1623 eller moglegvis i 1624. Det vi veit om henne, er berre det som framgår av ein utgiftspost i futerekneskapen for Gudbrandsdalen for rekneskapsåret 1623-1624.[1] Gardsnamnet Nyrnes som etternamn peikar mot at ho budde på denne garden. Ho kan for den saks skuld ha vore gardkona der, men det er sjølvsagt uvisst.

Saka kom opp to år etter at ei anna kvinne frå prestegjeldet, Marit Trulsdotter frå Skjåk, hadde vorte dømd og avretta for tilsvarande brotsverk. Dette er dei to hekseprosessane som er dokumenterte i Lom og Skjåk. Nærleiken i tid kan tyde på at det har vore eit tidstypisk tilløp til hysteri som har funne stad i desse to grannebygdene på den tida. Prosessane mot Kari Nyrnes og Marit Trulsdotter er to av i alt 24 dokumenterte trolldomssaker i Gudbrandsdalens futedøme i tidsrommet 1576–1730.[2] Det kan godt ha vore fleire, da kjeldematerialet er særs tynt, iallfall frå den tidlegaste tida.

Futen utbetalte fem riksdalar til skarprettaren i Oslo for utført oppdrag i kvar av desse sakene.

Referansar

  1. Akershus lensrekneskap 65.5
  2. Næss, H.E. 1980:34a.

Kjelder og litteratur

  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok II. Historia 1537-1800. Skjåk kommune 1995. Digital versjonNettbiblioteket
  • Næss, Hans Eyvind: Trolldomsprosessene i Norge på 1500- og 1600-tallet. En retts- og sosialhistorisk undersøkelse. Stavanger 1982.
  • Riksarkivet: Lensrekneskap for Akershus len 65.5, futerekneskap 1623-1624.