Kjeldearkiv:Om etableringa av Våge Lysverk, Tysnes i Sunnhordland - intervju

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Intervju med Helge Storetvedt (f. 1923) om Våge Lysverk. Intervjuet vart gjort 06.09 2010, etter at me først hadde vore på befaring oppe ved stasjonen. Helge Storetvedt er ein av veteranane frå kraftutbygginga på Tysnes på 1950-talet, og er også intervjua i samband med arbeidet sitt i Tysnes Kraftlag. Intervjuar: Knut Rage.


HS: Nei, Olav (dvs. Helland) hadde vore i Amerika han og kom heim att. Det var dårlege tider, det var jo i 30-åra dette her, og bygde dette kraftverket. Då var han gift der borte og hadde visst kona med seg, og reiste bort att når han hadde fått det i gong. Han hadde vore i Amerika før òg, men som sagt, det var dårlege tider der borte. Det må ha vore familien hans... kven som skaffa til vege kapitalen, det veit eg ikkje, men...

KR: Ja, det har eg òg lurt på, for noko kapital må det jo ha vore den gongen. Så då styrte han gjennom brørne sine, Leif Helland og broren Harald?

HS: Ja, etter han var reist, så. Det var eigentleg Leif Helland som var den som var mest inne i det.

KR: Du budde jo... Kor tid flytta du til Onarheim?

HS: Nei, då var eg 25 år. Men Olai Granhaug, han var den som passa kraftverket heile tida. Sjølvsagt i samråd med Leif Helland.

KR: Ja, det var han som budde i det store huset?

HS: Han var ein tusenkunstnar.

KR: Straumen var vel sånn vippestrøm... eg meiner, sånt som slo seg ut. Det var vel ikkje så stort forbruk folk kunne ha?

HS: Nei, hehe. Det var så mykje som skjedde. Til slutt, så vart det overbelastning. Dei kopla så mange på. Nedslagsfeltet var for lite i forhold til det dei leverte. Dei gjekk tomme for vatn...

KR: Tomme for vatn?

HS: Ja, og stoppa av den grunn. Forbruket var for stort.

KR: Men korleis kunne dei gå tomme for vatn?

HS: Stemmo gjekk tom. Jajaja, det var no rett som det var, det. Og så trur eg dei stengde om natta. Då var det Olai'en som var opp og ned, opp og ned, hehe.

KR: Så han måtte heilt opp?

HS: Ikkje alltid. Men ofte måtte han opp og regulera stemmo.

KR: Eh... den ventilen som er ved den nedste stemmo. Var det ventil lengre oppe? Eller var det berre den?

HS: Det var ikkje småtterier å regulera på den! Byrja det regna så var det å springa opp og stengja igjen. (Ler lenge). Men så hadde dei ei plaga, det var om vinteren når vatnet fraus i røyrene, det var... Nei, då var det å bora hol i røyrene og putta salt i... nei, det var eit sirkus utan like.

KR: Kva brukte folk straumen til? Belysning?

HS: Ja, det var til koking òg. Me fekk ganske snart komfyr. Men det var ein gammal magasinkomfyr som lada seg opp om natta. Og fabrikken (til Harald Helland) tok jo halve kraftverket, kan du seia, når den gjekk for fullt. (Pause) Du veit, eg hugsar så godt turbinen, den hadde 70 hk i forhold til fallhøgd... og generatoren var på 40..., eg meiner det var noko på 40. Men du sa ein gong at turbinen var laga i Skottland, men det stemmer ikkje, etter mitt begrep var det Eversvik'en som fekk støypt han, då... Eg er ikkje heilt sikker på det, men eg veit at...

KR: Det står Glasgow på han?

HS: Men det var generatoren. Eg meiner det var Eversvik. For eg hugsar at bror min var litt med på det, dei slipte tiil skovlene som er brukt på sjølve løpehjulet... Om han lagde regulatoren òg, som er eit stort instrument, det veit eg heller ikkje. Kanskje det var brukte ting òg. Men kraftverket i sin heilhet, det var eit standard kraftverk. Det har dei laga mange av. Dei laga både større og mindre, eg har sett nede i 4 kw på det minste, på Dale kraftstasjon. Nett same sorten. Men Eversvik'en var no den som monterte i alle tilfeller, det er no heilt sikkert.

KR: Kor holdt han til?

HS: Han var frå Evesvikjo i Bårdsund. Han hadde laga seg eit verkstad der, hadde dreiebenk og alt mogleg. Ein tusenkunstnar. (Pause) Og når det gjeld den store stemmo, som er murt opp av stein, med støypt plata på framsida, inn mot vatnet... det var... kva i all verda var det han heitte no, han var visst òg frå Reksteren... muraren (tenkjer seg lenge om)... Han var ein sånn som murte grunnmurar til hus og løer... Eg kjem ikkje på kva han heitte. (Skiftar brått tema) Og bror min, som var med på å heisa opp sement, han hadde 25 øre timen. (Ler).

KR: Det var no ikkje så sjeldan betaling, det?

HS: Nei, du veit det var vanskeleg å få seg jobb.

KR: Eg hugsar Sverre Linde fortalde meg at då han byrja i Tysnes Kraftlag, så var det ikkje rare betalinga. Sjølv då, så...

HS: Du, ein ting eg lurer på, er korleis oppgjeret var mellom Våge Lysverk og Tysnes Kraftlag var, då dei overtok abonnentane.

KR: Men det finst vel i arkivet?

HS: Ja, eg vil tru det er noko i journalen. Var det ikkje kring 1960 eller noko sånt dei overtok? (Helge tek fram ein konvolutt.) Her skal du sjå eit viktig dokument. (Ler høgt. Det er ein kjøpekontrakt mellom han og tidlegare eigar om overtaking av lysverket). Spørsmålet er berre, kor mykje dette omfattar? Det står Våge Lysverk. Kraftverket står på leigd grunn. Og leiga var gratis straum til tre jordbrukarar. Og det var Gunnar Gjerstad, Brynjulf Utne, postmannen, og så var det Mads Gjerstad. Og då Olav Helland forhandla med desse om kva dei skulle ha i straum, hehe, då forlangde Brynjulf Utne 16 kw, det var jo ein tredjedel av kapasiteten. I røynda var det jo eit par kilowatt, eller kva det var.

KR: Men folk den gongen hadde vel ikkje heilt forstand på kva det var? Men når dei bygde kraftverket...

HS: Stasjonen.

KR: Ja, stasjonen. Så kom det opp ganske snart, forstår eg?

HS: Mens dei arbeidde på stasjonen, så trur eg dei jobba med stemmo òg, for det var meir arbeid, altså sjølve kraftstasjonen... så alt gjekk trur eg parallellt. Like eins røyrgata, eg trur den og var bygd parallellt. Den kom frå Danmark.

KR: Det var trerøyr som vart smurt med kreosot?

HS: Umhum. Men dei røyrene som ligg der no, dei er nyare. Om dei høyrer til kraftverket mitt, det veit eg ikkje. (Ler godt). Og linjene byrja dei på ganske tidleg òg. Og på linjearbeidet, der var det ein i frå Beltestad, han heitte Beltestad, som var sjef. Og Anders Gjerstad...

KR: Var han med så tidleg?

HS: Ja. Og han Beltestad, han hadde vore telefonarbeidar i Amerika. Han hadde med seg spesialsko frå Amerika som folk ikkje hadde sett her på desse kantar. Og Anders han var litt smed frå før av, så han smidde seg same sorten.

KR: Då gjekk straumen altså ut til Teigland?

HS: Nja, til å byrja med gjekk den ikkje så langt. Dei hadde heller ikkje i Våge, i byrjinga. Eg trur det var Gjerstad, stort sett, det byrja med. Like til oppunder krigen var folk kopla på. Det hugsa eg, for bror min installerte i nokre hus då. Han var ikkje heime, han budde i Odda då, men han tok det i ferietida. Abonnentane, det var frå Knepet til Kringsjå på Gjerstad. Det var koparleidningar. Dei var spunne.

KR: Korleis var dei laga? Det var vaier?

HS: Det var vaier, ja. Det var to midtfaser og ein ytterfase, den var tynn. Det var sånn at det var 220 volt mellom den ytre fasen og midten, på begge sider, til saman så var det då 440 volt. Det var eit system som var brukt mykje.

KR: Det var likestraum.

HS: Ja. Hovudgrunnen til at dette kraftverket vart bygd trur eg var at Harald Helland skulle laga møbelfabrikk. Difor kan du seia at heile familien var med i prosjektet. Harald Helland var ein dyktig møbelsnikkar. Einar Trygve (etternamnet umogleg å tyda på opptaket)var med meg og ingeniøren og heiste opp sand. Han var stuert til sjøs, men han var heime då.

KR: Blei sanden heist opp til nedste stemmo, då, og boren vidare?

HS: Nei, stasjonen over den nedste stemmo, og så var det trillebår ned til den. Det var berre flato som vart støypt, etter det eg hugsa.

KR: Kan stasjonen ha vore oppe ved stemmo, på haugen der?

HS: Ja, til venstre for stemmo. Det vil sikkert finnast nokre bolter i fjellet.