Knut Mykland (1920–2005)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Knut Mykland (født 20. april 1920 i Mykland, død 4. november 2005 i Bergen) var historikar. Han reknast som ein av våre fremste historikarar i etterkrigstida, og arbeidde særleg med lokalhistorie, dansketida og 1814-forskinga.

Slekt og familie

Han var son av lærar og gardbrukar Aslak Knutsen Mykland (1877–1943) og Torborg Røyseland (1881–1961).

Den 28. juli 1944 vart han gift med Liv Laila Lørdahl (1921–1990), som var dotter av krigskommissær og oberstløytnant Peder Wessel Lørdahl og Clara Amundsen.

Liv og virke

Han vaks opp på familiegarden Mykland, som den gongen låg i Mykland kommune og i dag i Froland kommune. Faren var lærar og klokkar, og både han og mora var interesserte i litteratur og historie. Aslak Mykland skrev på fritida på eit verk om Mykland sin historie; dette skulle Knut Mykland komme til å fullføre, noko vi kjem attende til lenger ned.

Som ungdom reiste han ut av bygda for å gå på Hornnes landsgymnas. Etter examen artium byrja han studere ved Universitetet i Oslo i 1940. Tanken var å verte litteraturhistorikar, så etter førebuande prøve i filosofi byrja han studere litteratur. I 1942 måtte han bryte av studiene og rømte til Sverige. Han ville slitte seg til dei norske styrkane i Storbritannia, men kom i staden med i polititroppane. I 1945 kom han attende til Noreg som politisoldat ved frigjeringa.

Etter at krigen var over tok han opp att studiane. I Sverige hadde han nytta ventetida til å ta eksamen i engelsk og norsk i Uppsala, og han var dermed klar for hovudfagsstudiet. Erfaringane frå krigen hadde styrke interessa for historie, så han gjekk over til det faget og fekk Sverre Steen som rettleiar. Hovudoppgåva leverte han i 1947, med tittelen Grandeur et décadence. En studie i Ernst Sars' historiske grunnsyn. Den fekk han særs god karakter på.

Den første jobben etter hovudoppgåva var å skrive det tredje bandet av Trondheim bys historie på oppdrag frå Trondheim kommune. Boka Fra Søgaden til Strandgaten 1807–1880 reknast som eit nyskapande verk, og står som ein klassikar i norsk byhistorie, og Mykland rekna den sjølv som sitt hovudverk. Han sette den sosiale strukturen og endringane i den i sentrum, og skildra byen sin utvikling på bakgrunn av omfattande studiar av kjeldemateriale.

I 1953 vart han universitetsstipendiat i Oslo, og byrja på eit prosjekt om 1814 i norsk historie. Dette var ikkje klart då han i 1957 fekk eit professorat i historie ved Universitetet i Bergen i 1957. Ein del av arbeidet nytta han seinare i artiklar, men det kom ikkje nokon monografi om 1814 frå Mykland. I artiklane forklarar han hendingane i 1814 på bakgrunn av ytre omstende, og som resultat av den indre sosiale og økonomiske utviklinga i Noreg gjennom fleire hundreår. Den norske nasjonalkjensla tillegg han lite vekt før den siste tida fram mot 1814, frå krigs- og nødsåra 1807 og framover. Det var ifølgje Mykland borgarar og embetsmenn som ville ha sjølvstende før 1814, ikkje bøndene.

Professoratet i Bergen var ikkje det første han hadde søkt på. Som bidrag i konkurransen om eit professorat i Trondheim i 1954 leverte han avhandlinga Skiftet i forvaltningsordningen i Danmark og Norge i tiden fra omkring 1630 og inntil Frederik den tredjes død. Den vart trykt i 1960, og var lenge på pensum i historiefaget. Då han i 1957 som nemnd vart professor i Bergen, var det saman med Alf Kaartvedt. Dei fekk snart etter selskap på Historisk institutt av Rolf Danielsen og Knut Helle, og dei utgjorde saman eit sterkt fagmiljø. Som dekan for Det historisk-filosofiske fakultet 1961–1963 var Mykland også sterkt inne i den vidare oppbygginga av Universitetet i Bergen, som vart etablert så seint som i 1948.

Undervisninga han stod for i Bergen handla særleg om dansketida. Han var kjend som ein god forelesar. Mange av hovudfagsstudentante og forskarane i kretsen kring Mykland vart trekt inn i arbeidet med Handbok i Norges historie, som han var hovudredaktør for. Han starta òg opp fleire forskingsprosjekt, mellom anna om folketeljinga 1801 og om forholdet mellom sentralmakt og lokalsamfunn på 1700-talet. Digitaliseringa av folketeljinga 1801 var eitt av resultata, og det vart eit viktig bidrag til studiet av sosialhistoria. I sentralmakt og lokalsamfunn-prosjektet skreiv han ikkje sjølv, men fekk i staden fram unge historikarar som han rettleia. Gjennom to bind av Cappelens Norgeshistorie nådde han et stort publikum. I sin skildring av periodane 1648–1720 og 1784–1814 skiljer han seg frå tidlegare historikarar. Dei trakk fram økonomisk utnytting og kulturell undertrykking av nordmenn som sentrale faktorar, medan Mykland i staden framheva den indre økonomiske og sosiale framgangen, den sosiale differansieringa og klassedelinga av samfunnet og utbygginga av ein rettsstat med eit for tida moderne embetsverk.

Han fekk som nemnd òg gjort ferdig faren sitt prosjekt om Mykland kommune. Det fyrste bandet av Mykland. Ei bygd i Råbygdelaget kom ut i 1967, same året som Mykland vart innlemma i Froland kommune. Det tredje og siste bandet kom i 1998, då han var 78 år gamal.

Under striden om EF-medlemskap skreiv Mykland eit skodespel om 1814 som eit innlegg frå nei-sida. Stykket vart oppført i Bergen i 1972.

Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1959, og av vitskapsakademia i Helsingfors, København og Uppsala.

Knut Mykland døydde på Ladegården sykehjem i Bergen, 85 år gamal. Urna vart sett ned på Mykland kyrkjegard.

Litteratur og kjelder