Kornelius Sølvberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kornelius Sølvberg (1892-1977) frå Fjelli i Innvik kommune (noverande Stryn) var i høg grad ein mangesyslar i beste meining: bureisar, bladmann, kjømeister og lokalhistorikar mellom anna. Han var ein av idealistane som brann for det som den gongen var rekna som norsk: nynorsk mål, norsk tradisjon og norsk kunst i vidaste meining. Dertil var han fråhaldsmann. Samfunnsfiende nummer ein var rusdrykken, hevda han jamt. Lokalhistorisk arbeid fekk han også tid til. Han dreiv i 1960-åra innsamlingsarbeid for Institutt for samanliknande kulturforskning, og han var ein ihuga forkjempar for Nordfjord Folkemuseum.

Kornelius vart fødd på Doksetøyra i Blakset. Faren var plassemannen Matias Nilsson Sølvberg (1859-1932) og Sigrid Jonsdotter Sølvberg (1858-1923). I 1898 kjøpte Matias og Sigrid Per-bruket på Sølvberg og flytte dit. Her voks Kornelius opp saman med ni sysken, to jenter og sju gutar.

I 1918 kjøpte Kornelius eit bureisingsbruk på 33 mål skogmark på Sølvberg. Dette dyrka han etter kvart opp og kalla det Lyfting. Vel femti år gammal gifta han seg med Karen Botnen frå Brekke i Sogn. Dei fekk ingen barn.

Av alt Kornelius Sølvberg dreiv med, er nok utgjeving av tre blad det han vart mest kjend for. Dei tre blada var Kolbein Sterke som kom ut i åra 1939-1947, Solsprett i perioden 1939-1947 og Småbrukaren litt seinare (??). Kolbein Sterke var blad for IOGT, og Småbrukaren var meldingsblad for Sogn og Fjordane Fylke av Norsk bonde- og småbrukarlag. Solsprett vart gjeve ut i Sogndal, og der var Ivar Rusti (1905-1997) medredaktør.

Kornelius skreiv sjølv det meste av innhaldet i blada han gav ut. Det gjorde han samtidig med at han dreiv småbruket Lyfting. Men det kravde svært mykje av både tid og krefter. Kolbein Sterke vart prenta av Solglimt trykkeri på Sandane. Når teksten til ei utgåve var ferdigskriven heime i den vesle stova på Lyfting, måtte redaktøren først gå ein trekvarters tur til naustet, så ro i halvannen time til Ryssfjæra i Gloppen. Deretter kom ein ny fottur på ein times tid til trykkeriet på Sandane. Så var det same vegen heim att.

Som ein kunne vente gjekk ikkje ein slik kombinasjon av krevjande arbeid og aktivitet i lengda. Alle blada har tok til med, måtte stogge etter heller kort tid. Ikkje alltid fekk han godord heller for det han dreiv med: "Eg fær sakte frette at gode folk tykkjer eg burde nytte tidi til noko likare enn å skriva og lesa". Men Kornelius Sølvberg var ein ukueleg optimist. Han hadde tru på det han dreiv med, og meinte han fekk løn for sitt idealistiske strev. "Sæl er den som plantar i Noreg i jord", skreiv han i eit dikt.

Kjelde

  • Opplysningar frå Jon Tvinnereim (2018).