Krågeland (Kvinesdal gnr. 180)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Krågeland
Sokn: Fjotland
Fylke: Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 180
Ant. bruksnr.: 46 (2018)
Type: Matrikkelgard

Krågeland er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Garden har i dag gardsnummer 180. Han hadde tidlegare gnr. 11 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 182 og gamalt matrikkelnummer 372.

Geografi

Krågeland er den garden som ligg lengst vest i Fjotland sokn. Han ligg om lag 410 meter over havet. Mot sør og vest grensar garden til Gyland sokn i Flekkefjord, og mot vest til Tonstad sokn i Sirdal. Hedda i Skaret – ein varde av kampestein med ei flat steinhelle over – markerer skifte mellom dei to sokna og dagens Flekkefjord og Sirdal kommunar. Denne steinen er eit såkalla «leibyte» for Krågeland, som skiftar med Lindeland litt lenger nord. Herfrå skiftar Krågeland med Lindeland til rett nord for Stedjefjeddet. Mot aust skifter Krågeland med Stakkeland, bortsett frå eit lite stykke heilt sør mot Øvre Kvinlog.

Utmarka er særmerkt av hei og fjell og blir avskoren av dei nord-sørgåande dalane Djupedalen, Hestedalen og Josdalen. Sjølve garden ligg søraustvend mot Krågelandsvatnet. Rv42 avskil garden frå vatnet. Krågeåne renn austover frå Krågelandsvatnet, på Selandsmonen møter ho Selandsbekken og renn vidare gjennom Stakkeland og ut i Storåne ved Toddemonen.

Gardsnamnet

Namnets første ledd, Kråge, kjem ifølgje tradisjonen frå elvenamnet Kraka, som vi kjenner som Krågeåne i dag. Ei tyding er at elva har fått namn etter lyden som kråka lagar.

Her er det truleg elva som har gjeve namnet til garden. På den andre sida har garden gjeve namn til vatna i nærleiken, eitt på kvar side av kommunegrensa, Øvre og Nedre Krågelandsvatn.

Endinga -land finn ein i mange gardsnamn på Agder og i Kvinesdal. Denne namneklassa var særs produktiv i yngre jernalder i det ein kallar folkevandringstid og merovingartid (ca. 500-800 e. Kr). Det er rimeleg å anta at garden første gong blei rydda i denne perioden.

Livsgrunnlag

Dei historiske kjeldene, som jordbruksteljingane og matrikkelarbeida, fortel at dei har sådd bygg, havre og jordeple på Krågeland. Produksjonen auka frå 1 ¼ tønne korn i 1665 til 6 ¾ tønner korn og 11 tønner jordeple i 1865. Men i røynda var det nok ikkje alltid like enkelt å få ei god avling. Særleg 1700-talet og starten av 1800-talet var kaldare enn det ein kjenner til i dag. Kommentarane frå matrikkelkommisjonen som synte gardane i 1802, talar for seg. Først får me vita at foldtalet (det ein får igjen pr. sådd eining) var på 5, både for jordeple og korn, noko som var ganske dårleg også på den tida. Vidare skreiv dei: «[Krågeland] er en høy heye Gaard, der i kolde Aarringer neppe faaer udsæden igjen». Dei hadde ingen skog og måtte mala korn hos andre, får me også vita.

For slike plassar var jordepla ei velsigning då dei blei innførte i Noreg i siste halvdel av 1700-talet. På Krågeland må dei også ha satsa på jordeple etter dei kalde åra på starten av 1800-talet. Tek vi utgangspunkt i foldtalet 5 frå 1802, auka produksjonen frå omkring 5 tønner i 1802 til 55 tønner i 1865. Truleg fekk dei enda betre utbyte i 1865. Tabellen under syner kor mykje dei sådde ut.

1665 1723 1865 1939
Korn 5/4 t 4 t 6 3/4 t
Jordeple 11 t
Hestar 1 1
Storfe 4 6 10
Småfe 6 10 32

Kulturminne

Dei registrerte kulturminna knytte til aktiviteten på Krågeland er lokaliserte på eller utanfor gardens grensar. Krågelands kvednhus, som framleis står i dag, ligg på Stedjan langs med Krågeåne på Stakkelands grunn. Det var likevel Krågeland som hadde stemrett her.[1] Setervollane Indre og Ytre Stølen ligg også rett over grensa til Hamar i Flekkefjord kommune (tidlegare Gyland).

At desse kulturminna ligg utanfor grensa, kan ikkje skuldast uklare grensegangar. Endestaven i sørvest mot det gamle Gylandsgodset (Urdal, Hamar og Gyland) på andre sida av kommunegrensa er markert med ei røys, Dåberøysa. Ein finn ei avklaring av denne grensa i eit skifte frå Gyland i 1624. Her er perspektivet sett frå Gyland. Endestavane var «(…)i nordøst Krågeknuden, og så nordvester Dabesteenen».[2]

Folketal

Talet på bebuarane på Krågeland har vore stabilt gjennom hundreåra.  

Kor mange bebuarar (M: Berre vaksne menn)

1665 1769 1801 1865 1900 1920
1M 6 7 6 5

Eigedomsforhold

Krågeland har vore i bondeeige så langt tilbake vi har kjelder. Grensegangane tyder på at garden har kome frå Øvre Kvinlaug, og ifølgje tradisjonen var Krågeland øydegard under Nordigarden nettopp her.[3] I ei rettssak frå 1703 framkom påstandar om at Krågeland skulle ha høyrt under Seljord i Gyland, og det kan han sjølvsagt ha gjort ei tid. I alle tilfelle blei garden tatt inn i leidangsregisteret som sjølvstendig skatteobjekt i 1625. I 1635 opptrer for første gong ein namngjeven person i kjeldene; Knud Krageland står i skattemanntalet i lensrekneskapa, og han var på Krågeland i alle fall til 1639.

Matrikkelopplysningar

1639 1661 1723 1802 1838 1886 1950 2019
Nr - - 127 372 182 11 11
Skyld 1/2 h 1/2 h 1/2 h 6 eng 6 eng 1 mark 46 øre -
Tal på bruk 1* 1 1 2 2 1

*tal på oppsitjarar

Det er nemnt to eigarar i 1661, men berre ein brukar. Og ho er kvinne. Det er ikkje ofte i kjelder frå 1600-talet at vi får informasjon om kvinner som brukarar av gardar, med mindre dei er enker. Siri Olesdotter eigde eine halvparten av garden og leigde resten av Ole Lindland, som mest truleg var far hennar.

Garden hadde eitt bruk fram til 1811, da garden blei delt mellom brørne Ingvor og Torgrim Pålson. Son til Torgrim, Per, kjøpte tilbake Ingvors halvpart i 1866 og samla garden att. I 1939 blei samlinga tinglyst ved at bruk 2 gjekk inn i bruk 1.

I 1962 og 1965 blei det skilt ut ein del tomter, som seinare skulle bli fritidsbustadar og campingplass. Bustadeigedomen Austheim (bnr. 10) blei skild ut i 1973, medan ein ny bustadeigedom kom til i 2014 som bnr. 46

Bruk og eigedomar

Bnr. Bruksnamn Type eigedom Utskild frå Matrikulert Løpenr. (før 1886) Skyld 1950 Eigar 1886 Eigar 1950 Notat
1 Kraakeland Gardseigedom 668a 1 mark 46 øre Per Torgrimson Peder Olsen Krågeland, Tønnes Urdal
2 bruk 1 1811 668b Per Torgrimson slått saman med bruk 1 i 1939
10 Austheim Bustadeigedom bruk 1 1973
46 Bustadeigedom bruk 1 2014

Folket på Krågeland

  • Knut (n. 1635-n. 1649)
  • [ukjent]

Knut er nemnt på Krågeland i perioden frå 1635 til 1637. Han kom seinare til Moland. Tosten Homma i Gyland eigde 2 ½ engelsk i Krågeland i 1643.

  • Reier (n. 1645-1651)
  • [ukjent] (n. 1645)

Dei hadde ingen born eller tenestefolk over 15 år på garden i 1645. Reier eigde garden i perioden 1645-1650.

-

  • Olav Eielsson d. e. Øvre Kvinlog (1586-n. 1651) er nemnd frå 1651 til 1661. Sjå meir under Lindeland.

-

  • Siri Olsdotter (n. 1661) Ho er nemnd i skattelistene i 1661, sannsynlegvis som enke. Ho var etter alt å døma dotter av Olav, nemnd ovanfor.
  • Nils Alvsson (1592-)
    • Eiel (-1707) Sjå nedanfor

Nils er nemnd i 1662 og i 1664. Han kan ha vore sonen til Alv Gyland og broren til Sven Alvsson Mydland. Sonen Eiel var med og kjøpte Mydland frå kongen i 1701, noko som talar for eit samband mellom gardane. Nils og Siri Olsdotter, nemnd ovanfor, kan òg ha vore gifte, noko som i så fall kan forklara korfor etterslekta til Nils fekk hand om garden. Eiel er òg eit slektsnamn i hennar slekt.

-

  • Eiel Nilsson (-1707)  
  • Ragnhild Ormsdotter Førlandsås (n. 1707)
    • Per (1671-1745) Sjå nedanfor
    • Jakob (n. 1707) g1. m. Marte Tollaksdotter Sandsmark (-1729), g2. 1730 m. Magla Stålesdotter Heggland (-1742), g3. 1742 m. Ingerid Torgrimsdotter Knaben (-1746), g4. 1746 m. Berte Persdotter Lindeland (-1749) Til Mydland i Gyland
    • Torgjerd (n. 1707) g. m. Torkel Knutsson Gunnstensli (1678-n. 1765) Sjå Gunnstensli
    • Helga (n. 1707) g. e. 1707 m. Lars Tollaksson Rygg (1672-1719) Til Rygg i Gyland

Eiel er første gong nemnd i eit skifte på Engedal i 1649. Han kjøpte jord i Mydland av Kongen i 1701. Nest eldste son kom dit. Eldste sonen Per overtok Krågeland.

-

  • Per Eielsson (1671-1745)
  • g. f. 1711 med Berte Eivindsdotter Skibeli (d. e. 1760)  
    • Eiel (-1766) g1. 1735 m. Gitlaug Stålesdotter Øksendal (-1760), g2. Karen Osmundsdotter Ovedal i Bakke (1736-) Til Bakke
    • Ragnhild (1714-1762) g. 1735 m. Trond Stålesson Øksendal (1708-1765) Til Stuhaug i Bakke og Hovland i Egersund
    • Eivind (1716-) g. 1741 m. Siri Stålesdotter Øksendal (1710-) Kom til Kristiansand, blei smed og tok etternamnet Schive.
    • Siri (1719-) g. m. Kolben Torjesson Risnes (n. 1743-d. ca. 1754) Sjå Salmeli
    • Tollei (1724-1783) g. 1757 m. Berte Nilsdotter Oftedal (1728-1804) Til Oftedal i Bakke
    • Nils (1731-1811) g1. 1757 m. Astrid Evertsdotter Tonstad, g2. 1760 m. Asgerd Eielsdotter Oftedal. Til Oftedal i Bakke
    • Per (1736-1804) g. 1761 m. Berte Olsdotter Brikland (1738-1811) Til Haughom i Bakke

Dei tre eldste borna gifta seg med tre søsken frå bruk 8 Vodden i Øksendal i Sirdal.

Berte var oldebarn av Siri Olsdotter nemnd ovanfor. Per blei dømd i 1711 til fire års tvangsarbeid i gruvene på Kongsberg, samt 12 riksdalar for å ha begått «leiermål» med søskenbarnet sitt Marte Sigbjørnsdotter Knibestøl. I tillegg var han alt gift på det tidspunktet. Den høge bota kan ha medverka til at dei selde garden 1720 til Olav Ommundsson Førlandsås og flytta til Skibeli i Sirdal, bruk 9. Olav sin son, Odd tok over kort tid etter.

-

  • Odd Olsson Førlandsås (1701-1774)
  • Gunnhild Ommundsdotter Førlandsås (n. 1721)
    • Asgerd (1724-)
    • Valborg (1727-1806) g. m. Gard Reidarsson Gya (1721-1804) Til Gya i Heskestad[4]
    • Olav Oddson (1731-1782) Sjå nedanfor
    • Ingeborg (1734-)
    • Ingerid (1738-1813) g. 1768 m. Øystein Bjørnsson Gystøl (1739-1816) Til Heskestad
    • Gunhild (1744-d. e. 1801) g. 1779 m. Per Isaksson Liland i Sirdal (1731-1810) Sjå Netland

Eldste son tok over garden

-

  • Olav Oddson (1731-1782)
  • g. 1753 med Mari Sigmundsdotter Seland (1735-1803)
    • Ingeborg (1755-)
    • Gunhild (1757-1795) g. 1782 m. Eivind Atlaksson Veggeland (1748-1797) Sjå Veggeland
    • Olav (1765-)
    • Odd (1769-)

Mari og Olav makeskifta garden mot 9 engelsk i garden Sandvatn i Gyland, med Tore Ånensson. Dei selde Sandvatn til Eivind Olsson Kvinlog og flytta sjølve til Nedre Kvinlog. Ho døydde på Mygland. Tore Ånensson kom til Krågeland med familie.

-

  • Tore Ånensson Vordal (1744-1830)
  • g1. 1768 med Guri Annbjørnsdatter Ytre Åsen (1740-1802)
    • Ånen (1768-1768)
    • Ånen (1769-1780)
    • Annbjørn (1772-1846) g. 1844 m. Trine Elisabeth Andersdatter (1796-) frå Åmdal i Vanse. Til Åmdal og Vettland i Vanse.
    • Tollak (1775-) fekk dottera Tonetta (1804-1884) med Mari Jørgensdotter Feda (1771-1835)
    • Ommund (1778-1850) g. 1812 m. Gro Toresdotter Helle (1778-1858) Sjå Høyland på Feda.
    • Ingeborg (1781-1792)
    • Gro (1786-) g. 1825 m. Olav Kidelsson Fjotland (1786-) Sjå under Tjellås. Dei flytta rundt i Kvinesdal, men kom til slutt til Nedrejord i Nes.
  • g2. 1805 med Siri Atlaksdotter Seland (1741-1817)

Familien var først på Vordal før dei kom til Krågeland. Tore hadde selt sin arvepart i Vordal og kjøpt 9 engelsk i Sandvatn som han makeskifta med Olav Oddsson for Krågeland i 1775. I skiftet etter Guri delte brørne arven likt med søstera Gro. Da var framleis regelen at sønene arva det dobbelte av døtrene, så dei måtte erklæra henne for «brodergod» for at ho skulle få arva like mykje. I 1803 overførte Annbjørn 2 ¼ engelsk av sin odelsrett til broren Ommund. Det var halve garden. Den andre halvparten blei bruk 2. Ommund selde sin part vidare til Pål Ingvorsson frå Nedre Kvinlog, som blei bruk 1.  

Tore gifta seg på nytt med enka Siri og kjøpte bruket etter mannen hennar på Høyland på Feda. Han flytta dit om lag 1805.

-

  • Pål Ingvorsson Nedre Kvinlog (1766-1832)
  • g. 1792 med Mari Torgrimsdotter Fjotland (1770-1826)
    • Ingvor (1792-1864) g. 1811 m. Anna Josdotter Hamar i Gyland (1786-1863) Sjå bruk 2
    • Torgrim (1794-1794)
    • Jente (1796-1796)
    • Anna (1798-1850) g. 1829 m. Torgrim Olsson Fjotland (1802-1878) Sjå Kleivan under Fjotland
    • Sissel (1801-1877) g. 1826 m. Tore Svensson Øvre Kvinlog (1797-1869) Sjå Øvre Kvinlog
    • Torgrim (1803-1879) Sjå nedanfor  

Familien kom frå plassen Vigje under Fjotland i 1807, der alle borna blei fødde. Dei kjøpte garden for 400 kr. Sonen Torgrim overtok dette bruket i 1827 etter moras død året før. Ingvor kjøpte bruk 2 i 1811.  

-

  • Torgrim Pålsson (1803-1879)
  • g. 1837 med Ingerid Persdotter Øvre Kvinlog (1812-1871)
    • Per Andreas (1838-1922) Sjå nedanfor
    • Anne Maria (1841-1921) g. m. Gabriel Gasesson Veggeland (1823-1908) Sjå Veggeland
    • Per (1843-1843)
    • Anna (1844-1911) g. m. Lars Toresson Juvasstøl (1851-1944)
    • Inger Tonetta (1846-1847)
    • Inger Tonetta (1847-1926) g. 1877 m. Tobias Persson Veggeland (1848-1936) Til USA
    • Per Tobias (1850-1851)  
    • Per Tobias (1854-1855)

Torgrim og Ingerid tok folge i 1866 og selde bruket til sonen Per Andreas. I praksis hadde han drive garden i fleire år allereie.

-

  • Per Andreas Torgrimsson (1838-1922)
  • g. 1865 med Ingerid Josdotter Eikeland (1834-1920)
    • Torgrim (1866-1943) Sjå nedanfor
    • Per Johan (1866-) Til USA
    • Johannes (1868-) Til USA
    • Tønnes (1871-1874) tvilling
    • Ingerid (1871-1945) tvilling
    • Torborg (1874-1931) g. 1909 m. Olav Gunnleivsson Haddeland (1892-1972). Olav stakk til USA straks etter giftemålet. Son: Peder Krågeland (1909-1995), Sjå nedanfor
    • Tønnes (1876-1947) g. 1903 m. Ida Ivarsdotter Urdal i Gyland (1884-1966) Til Gyland

Per kjøpte bruk 2 i 1866 og garden blei samla att. Sonen Torgrim overtok.

-

  • Torgrim Persson (1866-1943) Han var ugift, utan born. I unge år fekk han polio, og blei lam i den eine foten, og var nok ikkje heilt arbeidsfør. Torgrim reiste til Notodden på lærarskulen, og var lærar ulike stader i Fjotland, men mest på Kvinlog. Rei på hest til skulen, men vinterstid budde han på Kvinlog. Det seiest at han var streng og rettferdig, men kunne og skjemta. I heimen heldt han andaktar som alle måtte lyde vel etter. Han deltok i kyrkjeleg arbeid og fungerte òg som klokkar.

Torgrim testamenterte bort halve garden til sonen til søstera Torborg, Peder, og andre halvdelen til broren Tønnes. Peder kjøpte ut Tønnes.

-

  • Peder Krågeland (1909-1995) g. 1935
  • Jenny Urdal (1916-1989) frå Urdal i Gyland
    • Tordis (1936-2015) g. 1951 m. Trygve Kåre Aamot (1931-2011)
    • Torleif (1938-1999) Sjå nedanfor
    • Ingfrid (1941-1984) g. 1965 m. Rolf Høyland (1936-) frå Sandnes. Arbeidde som sydame på Jonas Øglend konfeksjonsfabrikk før ho gifta seg. Til Orre i Rogaland.
    • Judith (1947-) Telegrafassistent og sentralborddame.
    • Laila Olaug (1949-) g. 1969 m. Tønnes Andreas Engedal (1941-1990) Sjå Liknes

Peder vaks opp på Krågeland saman med mor og morbror og moster (morsyster), og han tok over garden etter morbror Torgrim. Peder var i tillegg til gardbrukar også vegvaktar. Jenny var frå Urdal i Gyland. Ho hadde i mange år mangt og mykje å sjå til. Det var husstell og fjøsstell med kyr og sauer. Dei hadde ikkje elektrisk straum, men oljelamper og vedkomfyr. Dei starta med bygsling av hyttetomter, som skulle vera ei biinntekt til gardsbruket. I 1964 selde dei 50 mål til lensmann Tore Mygland, med mål om å bygga opp eit turistsenter. Til gjengjeld blei dei kopla på straumnettet året etter. Turistsenteret Alfarheim gjekk konkurs før fem år var gått. Seinare blei det kro og skitrekk her.

-

  • Torleif Krågeland (1938-1999)
  • g. 1969 med Bodil Fjogstad (1942-)
    • Dei hadde ikkje born.

Torleif vidareførte bygging av hytter. Han var styreformann i Fjotland Sparebank. Bodil var lærar ved Kvinlog skule.

-

Bruk 2

Atlak Osmundsson Mygland (1778-1847) g. 1802 m. Torborg Toresdotter Helle (1776-1868), leigde her nokre år etter 1805. Dei flytta vidare til Homme. Les meir om familien der.

-

  • Ingvor Pålsson (1792-1864)
  • g. 1811 med Anna Josdotter Hamar i Gyland (1786-1863)
    • Mari (1814-1880) Sjå nedanfor
    • Pål (1817-1822)
    • Anna (1820-1892) g. 1846 m. Lars Nilsson Skaret i Gyland (1828-1900) Til Gyland
    • Ingeborg (1824-) g. 1852 m. Olav Sondresson Tverberg i Tinn. Dei fekk Salve Andreas (1852-) på Krågeland. Dei hadde bruk 11 på Øvre Kvinlog eit par år før dei fòr til USA. Eit barn til
    • Joren (1827-1896) fekk ein son med: Tønnes Ommundsson Lavstøl i Gyland (1822-1912):  Tore Johannes (1865-) g1. 1896 m. Anna Tobiasdotter Øvre Kvinlog (1869-1897). Sjå meir om deira familie under Øvre Kvinlog. g2. 1901 m. Ingeborg Tollaksdotter Rygg. Tore flytta til Rygg. Joren blei på Krågeland heile livet.

-

  • Mari Ingvorsdotter (1814-1880)
  • g1. 1836 med Jo Sondresson Tverberg i Tinn (1811-1859)
    • Salve Andreas (1837-1894) g. 1865 m. Anne Olene Olsdotter Urdal (1833-) Sjå Spikkeland
    • Ingvor (1839-1897) g. 1878 m. Jørgine Andreasdotter Norås (1860-1904) Sjå Spikkeland
    • Anna (1843-) fekk Søren (1869-) med Søren Sjursson Stuhaug i Bakke (1847-1919), og Andreas (1875-1931) med Johannes Andreas Jakobsen Skaret i Gyland (1819-1901). Til Egersund
    • Anne Marie (1845-) fekk Torvald Martin (1872-1949) med Tollak Salvesson Bakke i Bakke (1814-1885), sjå Homstøl, og Johan Alfred (1885-) med Johan Alfred, vegarbeidar frå Sverige.
    • Per (1849-) g. 1878 m. Kristiane Knutsdotter Eikeland i Gyland (1856-) Til Kvanvik på Hidra i Flekkefjord
    • Jette Maria (1853-1918) g. 1892 m. Johan Børelsson Homme (1861-1901) Sjå Saurfid under Homme
    • Johannes (1857-1907) g. 1881 m. Gunnhild Andreasdotter Norås (1858-1939) Sjå Øvre Kvinlog
  • g2. 1866 med Salve Tønnesson Hamar (1810-1881)

Ingvor overtok bruket, men han selde og flytta til Spikkeland. Fleire av søskena budde tidvis på Spikkeland. Per Torgrimsson på bruk 1 kjøpte dette bruket og samla garden att.

-

1037 Kvinesdal komm.png Krågeland (Kvinesdal gnr. 180) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.

 


Litteratur og kjelder

  1. https://kulturminnesok.no/minne?queryString=https://data.kulturminne.no/askeladden/lokalitet/158151
  2. Nuland, Lars Fr.: Bygdebok for Gyland, Flekkefjord: Eige forlag, 1973, Digital versjonNettbiblioteket, s. 306
  3. Jerstad, Johan & Veggeland, Tor: Gards og ættesoge : Fjotland, Hegland trykkeri, Flekkefjord, 1979, Digital versjonNettbiblioteket, side 464
  4. Valand, Petrus & Heskestad, Olav: Hetland skipreide i 450 år, bind I : Heslkestad sokn : gard, ætt og folk, Eigersund og Lund kommuner, 1971, Digital versjonNettbiblioteket, s. 249