Larsgarden Berge (Høyanger gnr. 55/2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Larsgarden Berge
Fylke: Vestland
Kommune: Høyanger
Gnr.: 55
Bnr: 2

Larsgarden (gnr. 55/2) ligg ytst mot Sognefjorden på Ytre Berge i Høyanger. Garden har hatt fire brukarar på rad med namnet Lars, og staden er derfor lokalt kjend som Larsgarden. Gardstunet ligg 190 moh. Innmarka ligg frå 150-220 moh. Lia nedafor har i snitt 70 % stigning, eller 35 grader. Sjå bildegalleri nederst.

Fram til 1886 hadde garden matrikkelnr 80, etter dette gards- og bruksnummer 55/2.  Denne artikkelen tar for seg gardsdrift, husstell og slektshistorie for Larsgarden.

Slektshistorie

Lars Larsson, kiste frå 1873.

Same slekta har drive Larsgarden frå minst år 1600. Før dette finnes det ikkje skriftlege kjelder. Lars og Lasse har alltid vore brukt på Berge, men det var først i 1823 at namnet Lars er brukt på Larsgarden. Dei siste seks brukarane er tatt med under.

1830-1853 Rognald Nilsson (Berge) (1797-1885)

1853-1866 Lars Person (frå Klævold) (1834-164)

1866-1892 Lars Rognaldson (Berge) (1823-1916)

1892-1947 Lars Larsson Berge (1864-1946)

1947-1955 Lars Larsson Berge (1898-1990) ugift

1955-1986 Ingeborg Larsdtotter (født Berge) (1908-1996) og Magne Einarson Osland (1910-1986)

Rognald Nilsson (1797-1885)

Bumerke og initialer fra Rognald Nilson Berge. Tatt frå logg av kasse.

Rognald Nilsson (1797-1885) gift 1853 med Ragnhild Larsrsdtr Berge (1799-1877).

Rognald var kjend som tradisjonsberar for hardingfelemusikk i Sogn og kjend for sine kjempekrefter.

Foreldra hans var Nils Rognaldson Ytre Berge (1769-1847) og Ragnhild Einarsdtr Berge (1762-1841).

Rognald overtok slektsgarden på Ytre Berge i 1830 og dreiv denne fram til 1853.

Rognald hadde ei uvanleg ekteskapshistorie. Han vart gift i 1836 med Lukris Persdtr Øren (1800-1851), som han fekk 2 born med, Per (1838-1838) og Ragnhild gift Dale (1841-1932). Rognald fekk ein uekte son Lars, i 1823 med Ragnhild Larsdtr Berge (1799-1877), men ville ikkje gifte seg då. Ho på si side gifte seg med Per Larsson i 1833 og fekk 4 born med han. Etter at han var blitt enkemann i 1851, og ho enke i 1850, gifta dei seg 30 år seinare i 1853.

Rognald var onkel til og ein av læremestrane til spelemannen Anders Sagen.[1]

Lars Person (Klævold) (1834-1864)

Lars Person (1834-1864) var son av Ragnhild Larsdtr Berge (1799-1877) og Per Larsson Klævoll (1798-1850)

Han overtok garden i 1853, same året tid som mora gifta seg med Rognald Nilsson. Samtidig blei garden løyst for 500 riksdalar. Frå då av var brukarane på garden sjølveigande. Lars Person døyr utan arvingar.

Lars Rognaldson (1823-1916)

Lars Rognaldson (1823-1916) gift 1863 med Sigrid Olsdtr Ullebø (1823-1920). Truleg rundt 1900.
Kiste tilhørande Lars Rognaldson Berge (1823-1916) i 1849. Han budde då på Klævold.

Lars Rognaldson (1823-1916) gift med Sigrid Olsdtr Ullebø (1823-1920).

Lars er født på Berge, men då mora gifa seg med Per Klævold i 1833 flyttar han til Klævold.

Lars og Sigrid blir trulova i 1824. Men dei giftar seg først 29 år seinare i 1863.

1848 fekk dei ein son, Daniel, som døyr 7 veker gamal. Dei fekk sønene Lars i 1865 og Rognald i 1867. Ho var altså 45 år då ho fekk siste barnet.

Sigrid Olsdtr var søskenbarn med far til Lars R. Lars jobba med jektefart då halvbroren døyde uventa i 1864. Han overtok garden for 400 spesidaler i 1866 og vart ein dugande bonde.

Lars Larsson (1865-1946)

Lars Larsson Berge (1864-1946), portrett, omlag 1908.

Lars Larsson (Berge) (1865-1946) og Ingeborg Andersdotter (Nordeide) (1868-1942) gifta seg i 1889 og fekk 8 born.

Sjå biletegalleri nederst. Eit familebilde frå om lag 1906 viser foreldra og 6 born.  Ragnhild Nicoline er ikkje med på bildet, eit portrett er teken rett før ho emigrerte til USA i 1908. Ingeborg fødd i 1908 er med på bilder frå omlag 1914.

Lars gjekk 2 år på jordbruksskule og må ha hatt kunnskap om moderne dyrking- og drifts-metodar.  Han fekk skøyte 1892 for 1 090 kroner.

Under jordskiftet frå 1894-1900 blei innmarka til garden samla til ein samanhengande teig. Lars og familien tok til rydda og drenerte innmarka og utvida denne til om lag 60 dekar. Dei la opp ei mengde stein murar som står framleis. Mange av dei er utført slik at ein skulle tru at det har vore utført av fulltids steinhoggarar. I ein alder av 70 år la han opp murar på Austrheim der døtrene Valborg og Astrid var gift. Det blei grove over 3600 meter med grøfter som blei veitesatt med stein. Mange av desse veitene fungerer fortsatt. Lars heldt på heile livet med å rydde ny mark på garden. Teigane i Dalen og Klettbakken blei han ikkje ferdig med. Dei gamle teigane og namna forsvann og erstatta av større teigar med nye namn, sjå kart i eigen artikkel[2]. Dei tre Eiesteigane blei erstatta av Bakkane og Kirsbærhagen.  Nyurk og Lee blei dyrka opp. Lars må ha etter dagens standard vore uvanleg sterk. Han arbeida då Stopulen i Høyanger blei sikra for ras i 1934.  Han skal ha gått turen frå Øvre Berge til Stopulen på 5 km på dårleg sti to gongar daglig med ei bør på 100 kilo.

Etter jordskiftet blei 11 bygningar revne og flytta frå det felles gardstunet på Ytre Berge. Våningshus, skykkje og eldhus, sauefjøs, fjøs, låve og stall blei reist midt på garden under Storehaugen som skydd mot snøskred og ras. Dette vernet viste seg nødvendig. Snøras i 1928 tok kvernhuset i Saueåna og var 12 meter frå låven[3].  Sauefjøset blei reist først. Loftet på sauefjøset blei nytta som bustad medan våningshuset blei reist. To av borna er født før 1898, og to blei fødd medan dei budde der. Totalt budde det altså fire born i alderen 1-12 år og to vaksne på eit loftsrom. Vedskjykkje og eldhus er i eit bygg i grindeverk som må være flytta frå det gamle tunet - størrelsen på bygget stemmer med det gamle stabburet. Bygget blei renovert med SMIL midlar i 2020. Våningshuset er for det meste i lafta tømmer. Delar av materiala er frå den tidlegare stova og nyestova. Fjordsida av taket fekk skifertak, den andre sida hadde torvtak. Eit gamalt lafta fjøs blei plassert nær beitene øvst på innmarka som sommarfjøs, dette var i bruk til 1973. Kvernhuset blei flytta til Saueåna i 1920. I 1930 blei det satt opp nytt mursteinsfjøs og stall.

På Karthaugane blei eit nytt sel reist på tuftene av den gamle i 1928 av Hans Danielsen Bø kjend som «Kringle Hans». Stølen blei renovert i 2022 med støtte frå SMIL av Einvald Osland.

Garden hadde felles naust og båt ved Store Bergsvatn med bruk 3. Eit stort naust med to etasjar i Bergsvika høyrde og til garden. Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane har ein kort referanse til Bergsvika: «Lars Berge var dampskipsekspeditør i Bergsvika ved Høyangsfjorden frå 1890-talet og truleg til litt over hundreårsskiftet. Han dreiv også ein liten landhandel i eit stort naust. I Bergsvika var det inga kai. Rutebåtane vart difor borda ute på fjorden. Då det kom handel i nabogrenda Nordeide, vart stoppestaden for dampskipa flytta dit kring 1905, og truleg vart handelen i Bergsvika lagd ned på same tid.» Amtsbåtane dreiv båtsambandet frå Bergen. Båten gjekk då ikkje inn til Høyanger. Posten blei stempla om bord, derfor fekk Bergsvika aldri eige postnummer. Livet i Bergsvika har ein omtale av Sverre Berge (2000)[4].

Lars var med og stifte Bondepartiet i Sogn og Fjordane i 1920, og var leiar i Bondepartiet i Høyanger 1920-1929[5] . Han inngjekk i 1904 ein kontrakt med Bergen Skogselskap om planting av ei 3,5 dekar stort prøvefelt med gran. Som ein kuriositet kan det nemnast at han var formann i Berge krins av redningsselskapet.

I 1938 skatta Lars 1800 kr og hadde ei formue på 21 600 kroner, heri er inntatt verdien av driftsmiddel på garden[6].

Utvandringa til Rognald Larsson (1867-1952)

Laverne dattersønn, Rognald og Louis sønn av Rognald. Antatt rundt 1950.

Rognald Rognaldson Berge (1867-1952), Lars’ einaste søsken, emigrerte til USA i 1891. Han seilte på skipet Nevada fra Liverpool, England, og reiste  saman med Magnus Olason Berge (født 1867), som og var frå Ytre Berge. (Magnus var i slekt Lukris Persdtr Øren, kona til Rognald Nilsson, sjå over). Dei kom til New York 6. mai 1891, og anga begge Minnesota som endeleg mål for reisa.

Det er ikkje klart kor lenge Rognald blei i Minnesota, eller om han i det heile tatt drog dit.  Han gifta seg med Ingeborg Ivarsdtr Eiken (1867-1907) eller «Emma» frå Balestrand (Dåpsnamnet er Ingebjørg, familienamnet blei anglisert til Eken, Aiken, "Eiki" er i dag eit stedsnamn i Vetlefjorden) 23. mai 1895 i Vienna, Wisconsin – på dagen 20 år etter at Emma kom til Philadelphia.

I 1900 eigde Rognald ein gard i Vienna, Wisconsin. Han og Emma hadde to barn, Louis Severin (født 1896) og Jeannie Isable (født 1899). Emma gjekk bort 10 mai 1907. Eit bilde av borna Louis Rognaldson, med ei fele, og søstera Jeannie, vises i bilde galleriet under.

Rognald gifta seg med enka etter Elling Grinde (Rognald sin tidlegare svoger); Julia Grinde i 1912. Julia og Rognald fekk ingen barn. Etter at Julia gjekk bort i 1926, trakk Rognald seg frå gardsdrifta og flytta inn med Louis og hans kone i Norway Grove området i Vienna. Til slutt trakk Rognald seg tilbake i Madison hovudstaden i Wisconsin, der han gjekk bort 30. desember 1952, 85 år gamal. Han hadde berre 2 biologiske barn, men han hadde 11 barnebarn og 12 oldebarn då han gjekk bort.

Utvandringa til Ragnhild Nicoline Larsdatter (1890-1951)

Ragnhild Nicoline, 18 år gamal.

15 månadar etter at Emma, kona til Rognald Larsson døyr, betalte Lars Larson reisa til dottera Ragnhild Nicoline (1890-1951) til Wisconsin, der ho skulle bu hos Rognald. Det er ikkje kjent om Ragnhild dro til USA for å hjelpe enkemannen Rognald med hans små barn.  Ragnhilds yngste søster, Ingeborg, var 7 månader då ho reiste frå Berge. Då Ragnhilds hun sto over Ingeborg si vogge ein siste gang, sa ho «gje eg var so lita som deg». Kanskje var utvandringa eit vanskelig valg, eller grua ei 18 år gamal jente seg for ei lang reise?

Ragnhild, eller Rose som ho ble kjent som, blei ikkje lenge hos Rognald, ettersom ho ifølge USA si folketelling frå 1910 budde saman med kusina Jeannie og Jeannies onkel på morssiden, Bennie Grinde, på ein gard i Vienna, Wisconsin. Ho blei ikkje lenge der; i 1912 budde ho i Evanston, Illinois, der ho jobba som hushjelp. I 1917 gifta ho seg med David Axel Carlson, en USA-født mann av svensk avstamning. Rose og David hadde 4 søner Irwin (1917-1987), Clifford (1926-1947), Robert "Bob" (1928-2021) og David S. (1929-2019).

Lars Larsson Berge (1898-1990)

Lars Larsson Berge (1898-1990), portrett omlag 1916.

Lars vart utdanna som underoffiser på Voss, sjå bilete. Han blei derfor omtalt som "vetlelars" og "sersjanten".

Han brukte svært mykje tid på skogstell og planta over 35 000 gran. Han nekta søstera Gjertrud å skjære einstape i skogen, der han hadde planta, då han var redd for at ho skulle skade plantene.

Lars skatta i 1938 1200 kr.[6]

Lars fekk odel i 1947 for 8000 kroner og hadde garden til 1955.

Våningshuset blei pussa opp i 1947. Torv og nevertaket på øvre sida av huset blei erstatta av nytt i skifer. Øvste arka blei bygd og soverom blei bygd i andre etasje. Kringle Hans, som reiste nytt sel i 1928, stod for arbeidet.

Lars skreiv ein del for lokal aviser. Det var for det meste små stykker og han rapporterte ofte om små og store hendingar under navnet "e", for siste bokstaven i etternamnet. Han hadde blei derfor omtalt som "Lille e". Ved eit høve var han vel rask til å skrive i at avisa at "i år er hjortejakta god i Høyanger. På Berge er allerede kvoten fyllt." I etterkant av dette avisinnlegget var familien opptatt at han fekk høveleg og timeleg informasjon om hjortejakta, altså at han hadde den offisielle informasjonen om antall skutte dyr. Han skreiv og ein artikkel om Helsestell i Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik, bind III.[7]

Lars flytta på sine eldre dagar til systera Gjertrud Håland som budde på Håland. Og med alderen blei han nokså særprega. Når han gjekk tur på Kyrkjebø var han alltid velkledd og på handlettur til Høyanger gjekk han med dress og slips, og blei derfor kalla Sundagslars. Han var veldig sparsommeleg og brukte lite på seg sjølv. Men alltid smilande når han fekk besøk og han hadde alltid eit lite lager med godteri som blei bydd rund.

Ingeborg Larsdotter Berge og Magne Einarson Osland

Ingeborg Larsdotter Berge (1908-1996) og Magne Einarson Osland (1910-1986) overtok garden i 1955 for 10 000 kr samt kår på 6 000 kroner til vesle Lars Larsson over 5 år.

Magne Einarson Osland var nest yngst av 6 søsken. Han arbeide på aluminiumsverket i Høyanger då han møtte Ingeborg Larsdotter som var yngst av søstrene på Larsgarden.

Magne var ein dugande mann og frå ein velakta familie. Det var likevel problematisk at Magne var arbeidar og politisk høyrde til ytst til venstre i Arbeiderpartiet. Gamle Lars L. var med og stifta det konservative Bondepartiet. Ingeborg og Magne gifte seg i 1939 og busette seg på Larsgarden. Dei fekk frå 1939 til 1947 6 born. Då gamle Lars, far til Ingeborg, døyr i 1946, er den einaste sonen Lars ugift. Ingeborg og Magne fekk overta bruket i 1955. Magne slutta i jobben sin på aluminiumsverket i 1955.

Familien rydda nye innmarksbeiter i 1950 åra. Pløying av jorda, nye grassortar, og rotasjon av åkrane, samt meir bruk av kunstgjødsel ga vesentleg auke av avlinga. Omlegging frå Vestlandsfe til Raudkolle og seinare Norsk Rødt Fe, ga ei vesentlig auke i avdråtten på mjølk, men dette ført og til auka bruk av kraftfor. Drift av garden rundt 1960 er omtala under.

Landskyld og skatt på 1600 talet

Ytre Berge har sannsynlegvis vore del av Losnagodset, men var i 1535 lista opp i Vincentius Lunges jordebok[8]. På Ytre Berge betalte 2 av bruka odelsskatt tidleg på 1600 talet. Alle bøndene på Ytre Berge var leiglendingar frå om lag 1650 fram til 1800 talet. Det er ikkje kjelder på når odelsbøndene selde garden og brukarane blei leilendingar.  Leirnes mfl (1963/74) skriv at skattetrykket for ein odelsbonde har vore om lag 50-60% av nettoinntekta.  Dette gjorde det umogeleg å være odelsbonde. PÅ landsbasis var berre om lag 4% av bøndene odelsbønder på 1600 talet. Adelen fekk normalt fritak for skatt så dermed var enklaste utvegen for odelsbønder å selje bruket.

Leilendingane betalte ei årlig leie til eigaren, som gjerne var om lag 1/6 av inntekta. For den ¼ av Ytre Berge som Larsgarden utgjorde i 1350 blir dette 5 laupar smør, eller 75 kilo smør. Det er ikkje oppgitt ei landskyld for 1535, men garden er heller ikkje nemnd som øydegard.  Etter 1655 held landskylda for Larsgarden seg til 2,5 pund smør.

Ein leilending kunne betale landskylda og skatten i naturalia av gardens produksjon, smør, dyr, slakt, hudar, sau, geit osb eller i mynt etter forhald som var fastsatt. Ein riksdaler, rkd, (riksdaler specie eller spesidaler), hadde 6 mark, kvar av dei 16 skilling. På 1600 talet var ein riksdaler ein sølvmynt på 25 g. 1 laup - eller 18 kilo - smør, var verdsett til 2 rkd. Ein hud, feilfrie garva kalveskinn, tilsvara 1 rkd. Ei ku var verdsatt til 3-6 rkd.

Landskylda for bruket tilsvara på slutten av 1600 talet dermed 1 riksdaler 4 mark. I tillegg til dette måtte nok brukaren som andre stadar betale førsteårsbygsel då han overtok bruket, omlag det same, 1 rkd og 4 mrk, , og tredjeårsbygsel, fornying av bygselavtale, også rundt 1 rkd 4 mark. I eit gjennomsnitts år betalte brukaren dermed 2 rkd 2 mrk 5sk i landskyld for å bygsle garden. I tillegg måtte leilendingen halde landbuveitsle eller gjestebod for landeigaren når han hadde tilsyn.

I tillegg til landskylda kom ei rekke skattar. Det var ei rekke skattar som det er vanskeleg å samanfatte, koppskatt, drengeskatt, feskatt, garnisonskatt, unionsskatt, skoskatt, kjoleskatt og prinsesseskatt, og kongetiend. I 1644 blei alle enkeltskattane erstatta av årlig skatt som for bruket tilsvara 3 rkd[9].

Totalt skattar og landskyld på slutten av 1600 blir dermed 6 rkd 5sk kvart år. Det er vanskeleg å forstå kva slags skattetrykk dette tilsvarar, kva trengte ein av kjøtt, klede, korn osb, og kva det var naudsynt å kjøpe, for eksempel var det mangel på matkorn. Men dette tilsvara kanskje 1 ½ laup smør, 2 hudar, og 2 sau i naturalia. Det er ikkje ein stor andel av produksjonen, men det tok nok mykje av overskotet. Det er likevel mindre enn det som er oppgitt som landskyld for garden før 1350, dvs 5 laupar smør, som med tilsvarande verdsetting av smør er 10 rkd.

Gardsdrift

Larsgarden var i hovudsak ein sjølvforsynt fjellgard, med ei variert avling til eige hushald. Det måtte frå 1600 talet kjøpast korn, fisk, salt, reiskap, jern til produksjon i eiga smie, og så vidare. Det blei selt dyr, slakt, hudar, smør, røter, ved, never og så bortetter, av det ein kunne avla på garden. Fram til 1970 var det variert produksjon av mat på garden.

Bufe

Antallet bufe har vore omtrent det same over tid. I 1655 var det om 8 kyr og 4 ungdyr på Larsgarden. Alle bruka på Ytre Berge delte 2 hestar. 1834 er det oppgitt 2 hestar, 12 kyr, 8 ungdyr, 18 sauer, 6 geiter. I 1960 hadde bruket 2 hestar, 10 kyr, 5 ungdyr, 10 sau og 16 lam, samt 2 grisar. Sjølv om antallet kyr var om lag det same i 1655 og 1960 var produksjonen mykje større, i 1655 kunne ei ku mjølke 400 kilo årleg, som kanskje ga 1 laup, 18 kilo, smør, slaktevekta kunne være 60 kilo. Ifølge gardsregnskapa i 1960 produserte kvar ku i snitt 2200 kilo mjølk, slaktevekt for kalv var om lag 100kg. Auken i produksjonen skyldast, som andre stadar, forbetringar i dyrehald, avl og av foret. Då ein gjekk over til felles og utvalde avlsoksar og systematisk avl vart det ei stor auke i produksjonen. Vestlandsk fjordfe og raudkolle blei erstatta av Norsk Rødt Fe.

Kyrne sto inne frå oktober til mai. Heimebeitene var nedbeita tidleg i juni. Kyrne blei då flytta vidare opp til utmarksbeitet. Mjølka blei handmelka og kløyva på ryggen ned til garden. I slutten av juni blei kyrne drevet til stølen på Karthaugane 540moh. Kyrne gjekk sjølve, kanskje fordi dei huska det gode beitet der. Frå gammalt av blei kyrne drevet under Skålebotnen. Dei gamle feslaga tok seg enkelt fram der, men ikkje dei nyare og tyngre NRF kyrne. I nyare tid gjekk difor stølsvegen over Skålebotnen 877moh.

Mjølkeproduksjonen var mindre om sommaren, ettersom kyrne då gjerne gjekk med kalv. Frå stølen blei 2 melkespann, kvar på 20 liter, mjølk kløyva med hest kvar dag i veka. Denne turen tok 1 time kvar veg. I helga blei det kinna smør og kokt brunost av mjølka. Taubane blei etablert i 1959, etter dette blei mjølka løypa ned til Bergsstronda. Stølen blei dreven fram til 1962.

Alle kyrne hadde namn; bjøllekua Høgti, Gulldrøm, Trulte, Tvillingmøy, Litagod, Venemøy, Frydekoll, Plomma, Dronning, Venekoll, Fløyma, Indygod, Gulldraum, Fjellmøy, Stjerna. (Bilde Bølla og Høgti) Det hadde felles okse på Ytre Berge med namnet Tarzan.

Første melkemaskina på bruket blei anskaffa i 1955. Melke produksjonen tok slutt i 1983. Kjøtproduksjonen blei avslutta i 1986.

For

I 1920 hausta dei 1400 kjervar lauv, skav, ris, lyng og tang. Fram til om lag 1955 blei det slått i alle teigar ned til fjorden og på Bergsstronda og dei lauva framleis til sau. Greinene på stuealmane blei, kvart andre år, kutta eller stua, etter at sevja steig om våren. Borken blei reve og skava av, lagt i blaut, kappa i bitar og blanda med halm og nytta som for til kyrne. I Lindekleiva, ved Saueåna, stod det lind som ventelig har vore brukt til lauv i tillegg til bast-tau. Bast-tau blei produsert av Sjur Endresson Berge (1878-1968) så langt som til andre verdenskri [10].

Det er anslått at eit godt dagsverk ga 100 kjervar[10], og at ein sau trengte 2 kjervar per dag.

Fram til den første motorslåmaskina kom i 1953 blei det slått med hesteslåmaskin. Dei brattaste teigane og utslåttane blei slått .med hjå. Dei to fjordhestane, Lydia og Sylvia, blei kvar dag henta frå utmarksbeite om morgonen, og drive opp igjen om kvelden slik at dei ikkje beita ned heimebeitet. Tidlegare blei graset i førsteslåtten, høyslåtten, tørka til høy. Å rake saman graset, setje opp hes, strekke hesjestrengen, lage famner og hesje var arbeidskrevande, men påkrevd når det regna. Når det var godt ver og god tilgang på arbeidsfolk blei høyet tørka på bakken. Når høyet blei snudd kvar morgon og kveld vart høyet tørt på 3 dagar. Håslåtten er kortare og er difor vanskeleg å hesje. Været på slutten av sommaren spelar og inn. Ein gamal betongsilo og utendørs silostakk blei brukt for å nytte håa til for. Ein større tresilo blei bygd i 1964 med 1500 kr i statsstøtte. Seinare blei ytterlegare ein silo bygd.

Første traktoren, ein Bucher K10 2 juls traktor, blei kjøpt i 1960. 4 juls transporter Bucher TR 1800 blei kjøpt saman med forhaustar i 1974. Spesielt dette siste gjorde at mykje av graset vart lagd på silo. Ettersom kyrne hadde godt av å bli fora med tørrhøy fortsatte bruken av dette til drifta blei lagt ned.

Åker

For 1655 blei det sådd 3 tønner og ei avling på 10 tønner havre. Kornproduksjonen er rekna for å være for liten til å fø dei 8 som kan ha budd på bruket. Altså må ein ha importert korn for å dekke inn behovet. I 1834 er det oppgitt ein sånad på 5tn og avling på 27,5 tn havre. I tillegg vart det satt 3 tn potet og hausta 18tn. Her kan ein merke seg at i 1655 fekk 3 fold og i 1834 5,5 fold av korn.

Bygg blei dyrka på Larsgarden opp til 1955. Mot slutten blei det årleg hausta 8-10 sekkar bygg. Kornbanda blei først tørka på lange kornstaur på åkeren. Og så ettertørka på låven i inste stålet. Treskinga blei gjort med eit mobilt treskeverk av Anton Ljotebø. Treskinga tok plass på låven og var ein «forferdeleg» jobb. Busta på kornaksa kraup oppover armane under kleda. Det treska og tørka kornet blei lagra i «børa», som sto på inste stålet på låven. Børa var ei stor kasse med sider på 1 meter og 1,5 høgde. I øvre delen av fronten var det plankar som kunne tas ut slik at den kunne tømmast og fyllast heilt opp. Børa var bygd opp slik at mus ikkje kom til. Etter tresking blei halmen lagra på loftet over fjøset. Halmen blei brukt til for.

Kornet blei brukt til matlaging og ølbrygging. Inntil 1955 brukte ein kverna til 55/1, samt ei handkvern. Det malte kornet blei lagra på stabburet i eigne kar.

Potet, gulrot, kålrot og kål blei dyrka til eige bruk. I 1958 blei det selt 1600 kilo potet, 400 kilo gulrot, 265 kilo kålrot og 230 kilo kål.

Kvern

Bruket hadde eiga kvern på Kvernbakken som blei flytta til Saueåna i 1920. Etter at denne blei tatt av snøras i 1928 delte garden kvern med bruk nr 1. Dette er no det einaste gjenværande kvernhuset av dei 7 møllene som sto i Kvernbakken. 

Frukt og bær

Det var bær og frukt på garden til eige bruk, samt noko sal. Eple; Transperant, Seftaholm, Vie, Filippa, Gravenstein (raud og kvit), Sommar, med fleire. Plommer; Victoria-, sviske-, Opal-, gule-, med fleire, rev Molkte pære, Grå-pære, kirsebær, moreller, hegg.

Rundt 1960 var det ei mengde bærtre på garden, kvit og rød rips, solbær, kvit, orange og raude stikkelsbær. Foruten bær til eige bruk blei det levert bær til saft til Drægni, rundt 400 liter årleg. Det blei hausta blåbær, tyttebær og molter til eige bruk.

Ei rekke hasseltre blei heldt i hevd på Skårane og på Bergsstronda. Det blei plukka jamnt over 25 kilo til eige bruk

Fisk

Naustet til 55/2 og 55/3 ved Storebergsvatnet. Det falt ned på 70 talet på grunn av alder og mykje snø.

Bruket har naust ved Storebergsvatnet saman med bruk 3. Ein 45 minutt løpetur morgon og kveld for å sette og trekke garn var nødvendig for å fangste aure. Bruket har og naust i Bergsvika.  Sjølv om garden hadde tilgang til å fiske var det ikkje vanlig å fangste sjølv. Ein kan anta at bruket historisk har hatt avtalar med fiskarar som leverte fisk i Bergsvika, gjerne i bytte med ved, poterer og anna frå garden[4].

1-2 kasser på 35 kilo storsild blei kjøpt i januar kvart år og tørka og røyka i eldhuset. Noko av silda blei hengd rund, med hovud, men utan gjeller og innmat. Noko blei flekka, altså at ryggraden ikkje blei fjerna. Silda blei hengd opp under taket og kaldrøykt med tørka einer. Ein kan i dag sjå at tak sperra i eldhuset er svarte etter røyking.

Kjøttmat

Fram til 1960 blei lam og sau slakta når heimebeitet var nedbeita og vinteren kom i slutten av september. Det blei årleg slakta 5 lam og ein sau til eige bruk. Kjøtet blei lagd til salting i eit saltkar på 250 liter. Etter salting blei kjøtet hengd til tørk i stabburet.

Ein gris og ein kalv blei slakta til jul. Noko av dette blei spist ferskt, men det blei og salta og det blei laga mårpølse, samt ulike sylte av lam og gris.

Brygging av kornøl

Lokal uttale : «Bryggja» og «kånnøl». Ein sa gjerne «kånnøl» og «heimebrygg» om kvarandre.

Kornøl er ein nedarva tradisjon i Sunnfjord, Nordfjord og Sunnmøre. Kornøl kjennest ved at malten blir tørka ved lav temperatur, bruk av einerlåg og at lagen ikkje blir kokt til vørter. Einer er antiseptisk, det drep mikroorganismar og bakteriar i bryggeutstyret.[11] Kveik, eit tradisjonsgjær, blei tatt vare på og brukt i neste brygging[12].

Det var vanleg å brygga i april-mai til sommaren og i oktober til jul. Juleølet var best før april, sommarølet var haldbart i omlag 2 månader, avhengig av været. Oppskrifta dokumentert under er etter Magne E. Osland (1910-1986) slik denne blei overført til sonen Einvald Osland fram til 1960.

Magne Osland var la stor flid i brygginga og var regna som ein god bryggar. Tørkekassa til Osland hadde anlegg for fyring med ved som gir smak av røyk. Ein elektrisk varmeomn kunne og brukast. Tørketemperaturen blei variert frå lav til høg avhengig av smaken ein ville framheve.  Noko av godølet eller førstelagen blei kokt ei kort stund. Gammal humle, tørka humle frå tidlegare brygging blei brukt, dette kan gi ein egen smak. Etterlagen blei brukt til lettøl.

Magne Osland og Oddvar Berge brygger øl ved Vellåna, omlag 1975.

Brødrene Eivind og Oddvar Berge var naboar til Osland, dei brygga ofte saman. Sjå bildet av Osland og Oddvar Berge under brygging ved Vellåna på Lassegarden frå rundt 1973.

Oppskrifta under gjev omlag 200 liter godøl (6-8% alkohol) og 100-150 liter etterøl (2-3% alkohol).

Ingrediensar

Alle mål er omtrentlege.

1 sekk bygg, om lag 100 kilo

Humle

Litt gammal humle frå førige brygging

Rikeleg med godt vatn

Sprakebar, mindre greiner, samt finhakka bar utan smågreiner og kvist til råsten

Kveik

Kandissukker etter smak og behag og for å gje farge

Utstyr

Gile 500 l, rost 350 l, bilete i galleri nederst.

Eiketønner til lagring av øl

Koparkjelar (200 liter) til koking av låg og godøl. Koparkjelar toler vørteret.

Tørkekasse for malt

Sil for humle

Røreåre, store auser, bøtter og kvern

Lage malt

Bygget blei fordelt i 2 sekkar. Sekkane blei godt knytt igjen, slik at dei ikkje opna seg under vatning. Sekkane blei lagt i rennande vatn i 2-4 dagar slik at kornet trutna og sekkane var sprengfulle.  La vatnet renne godt av. Kornet blei lagt til renning på eit passe varmt loft. Kornet blei snudd ofte, ein såg til at renningane ikkje blei for lange, eller floka seg saman. Renninga tok 10-14 dagar.

Kornet blei tørka i ei tørkekasse som ein kunne fyre med ved for å gje røyksmak. Elles blei ein varmeomn brukt for å sikre god tørking. Temperaturen under tørkinga blei og regulert for å gi ulik smak. Etter tørking blei kornet malt på kvern. Kverna blei reingjort og stilt lageleg lett inn. Korna blei delt i to til tre bitar. Kverna måtte passast godt ettersom malinga gjekk fort. Maltet blei lagra tørt fram til bryggedagen.

Klargjering av bryggeutstyret

Alt utstyret blei satt i orden i god tid. Alt bryggeutstyret blei reingjord grundig før bryggedagen. Rikeleg med kokande låg blei brukt til å reingjere gilen og rosten. Det blei og skrubba godt. Det var viktig å bruke låg, den er antiseptisk, den drep mikroorganismar og bakteriar som gjer at ølet blir dårleg eller surt.

Koparkjelane blei reingjord med sodavatn og sand. Sodavatn løyser opp eiren. Det blei skura med sand for å få vekk absolutt all eiren.

Bryggedag

Bryggedagen starta klokka halv to om natta, ein blei likevel ikkje ferdig før midnatt. Sprakelåg eller einerlåg, låg, blei laga ved å legge sprakegreiner i koparkjelane slik at dei var om lag halvfulle. Vatn blei tilsatt til kjelen var nesten full og kokt opp. Det tok omlag to timar. Heile dagen blei det laga ny låg ved å tilsette vatn i koparkjelane.

Maltet blei lagt i gilen. Låg blei helt over til maltet var godt dekka, og låg under vatn hinna. Alt blei blanda godt saman med ei stor røreåre. Gilen blei holdt varm med voksduk over gilen og pakka godt inn med sekkar og åkler. Mesken sto i om lag 3-5 timar. Låg blei helt på slik at maltet låg under vatnhinna. Meskinga blei stoppa når å mesken hadde riktig og søt smak.

I råsten blei det lagt eit jamt 10 cm lag med finhakka sprakebar i eit jamt lag oppå sila i botnen av råsten for å hindre at mesken ikkje tetta igjen sila. Mesken blei ausa forsiktig frå gilen over i rosten slik at ikkje sprakebaret flytta seg. Mesken måtte stå ei stund for å roe seg. Det blei tappa langsamt av rosten, slik at lagen var klar. Det blei etterfylt med låg slik at mesken var dekt.

Godlagen, godølet, eller førstelagen, er det første som blir tappa frå rosten. Tapping av førstelagen blei stoppa basert på smaken og fargen til lagen. Lagen som blei tappa etter dette, etterlagen, smakar mindre søtt og er lysare. Ein stoppa å tilsette låg før fargen på lagen blei for lys og søtsmaken er vekke, slik at ikkje etterlagen blei for tynn.  

Godølet blei ofte kokt, reduserast, noko i koparkjele etter smak og behag. Dette er eit avvik frå gjengs kornøl. Både rosten og gilen blei reingjort før førstelagen og etterlagen blei helt i.

Når lagen var kjølt ned til om lag 39 grader vart kveik, humlen og gammal humlen tilsett. Gilen og rosten blei satt lunt og blei godt over med voksduk og klede. Om det blei for kaldt stoppa gjæringa.  Gjæringa startar når humle og gjærskum legg seg oppå laken. Gjæringa måtte gå heilt ut slik at boblinga og sirkulasjonen har stoppa, etter om lag 3 dagar. Kveiken blei skumma av. Humlen blei silt av med ein eigen sil. Kveik og litt humle blei tørka og tatt vare på neste brygging.

Oppskåk og tapping på fat

Tønnene måtte klargjerast før tapping. Dei blei tilsett vatn for å trutne og stramma til om dei lekka, og reingjord med kokande låg.

Om ølet er godt var det klart for oppskåk som tok stad når det varme ølet vart tappa på tønner. Gode naboar blei invitert til ei rituell prøvesmaking ein helgedag. Det ferdige og varme ølet blei historisk servert frå ølkjenger. Ei ølkjenga er eit tradisjonelt drikkekar med to hestehovud. På Larsgarden er ei ølkjenge 3 liter som har 10 merkenaglar. Ein skålar etter tur og drikk ei me, eit merke, eller 3 dl kvar. Sjå bilde nederst.

Ordforklaring

Etterlag: siste del av lagen.

Etterøl: lettøl

Gammal humle: humle frå tidlegare brygging

Godlag: første lagen, brukast til godøl. «Godøl» blei til vanleg brukt og om første lagen.

Godøl: tilsvarande eksport øl 6-8%

Gilen: mesking og gjæringskar,om lag 500 liter, sjå bilete.

Kobberkjela var best egna. Lagen tærer på jernkjelar. 

Kveik: gjær frå toppen av bryggekar, tørke i striepose og oppbevart til neste brygging.

Låg: Sprakelåg (Einerlåg)

Rost: silekar, stort bryggekar. Uttakbart todelt tresil som sto to tommar over botnen, tappekran i botn, brukast og til gjæring av godøl/lage,omlag 350 liter, sjå bilete

Renning: spiring eller groing

Tørkekasse for malt, lang trekasse med nett i botnen, anlegg for tørking, med tørking med vedfyring, eller varmeomn

Ymse Larsgarden

Det var godt med utstyr til brygging på Larsgarden, mykje av dette står framleis på garden.

Bygg blei dyrka på garden til 1955. Seinare blei bygg kjøpt frå Voss. Og når det blei lovleg ferdig malt.

Eldhus hadde innlagt kaldt vatn. Stor grue med oppheng for to kopar kjelar. Eldhuset blei brukt under mesking og rosting.  Røyke og tørkekasse for malt.

Humle: det var ein humle gard på teigen som gjekk under namnet Hymla. Etter rundt 1950 blei humle kjøpt. På Hymla vaks det vill humle lenge etter dette.

Knorr: Kornøl må ikkje forvekslast med knorr som er laga på vatn, sukker og gjær. M. Osland sa rundt 1985 at ungdommen i dag har det alt for lett med tilgang på godt kjøpeøl. Første gang dei drakk seg fulle var det på knorr – og då vart dei ikkje mann igjen på fleire dagar. 

Kvern: Etter at kvernhuset til Larsgarden blei tatt i snøras i 1928 hadde garden tilgang til kvern som bruk nr 1. Etter dette blei ei handkvern brukt. Denne mølla gjekk ut av bruk i 1955, men blei pussa opp rundt 2020.

Lakabodlar: skjellsord, ein eller ei som bodlar - drikk seg full - på laken mens den gjærar. Støyande og usæl.

Låg, sprakelåg. Lage kokt på sprake eller einer. Kjelane vart halvfylt med mindre sprakegreiner. Det var om å gjere å ikkje blåse på elden slik at det kom aske i lågen.

Mesken blei etter brygging brukt som for til kyr.

Renninga: spiringa av byggen, blei gjort på øvste svala i våningshuset.

Storehølen i Saueåna blei brukt til vatning av kornet.

Slåtteøl blei laga ved å vatne ut øl. Første gangen Ingeborg Osland tok slåtteøl var ho 15 år og uvitande om at ølet skulle vatnast ut. Ho blei svimmel då ho tok til på bakkane, la seg ned på Storehaugen og sovna. Ho hadde ein tung dag.

Syltehokket har plass til 7 øltønner på 50 liter. Det finnes og nokre mindre tønner på 30l. Sylte hokket er det inste rommet i ytste kjellaren der det blei lagra sylt, saft, syltetøy, og vin sto til gjæring på store glas ballongar, samt at ferdig vin blei lagra på flasker.

Ytste kjellaren blei brukt til gjæringa.

Syn og Segn

Storehaugmannen

Storehaugen og Vetlehaugen ligg rett ovafor våningshuset på Larsgarden.  Ifølge munnleg overlevering er den første mannen som rydda og bygde gard på Berge gravlagd i Storehaugen med ei gullkjede rundt halsen.

Magne Osland og dottera Solveig prøvde ein gong å finne fram til grava. I det brattaste partiet på Storehaugen trefte dei på ein stor steinheller Dei blei fælne og torde ikkje grave vidare. Det er litt vanskeleg å tru at Magne, som ikkje hadde særleg tru på det overnaturlege, skulle la seg skremme av å flytte på ein stein.  Men kanskje var han  uroleg over å ha nokre arkeologar frå eit museum til å rote rundt på bøen.

Det finnes mange slike storehaugar i norske bygder og det er gjerne ei historie om den første bonden på staden knyta til desse. Det er til dømes ei tilsvarande i Høyanger. Ein skulle passe seg for haugmannen, hedra han og halde han tilliks med blant anna å sette ut graut til Jól. Denne førkristne skikken har blitt til å sette ut graut til nissen på julafta.

Kjelder og litteratur

Om ikkje anna er nemnt er Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik (Leirnes med fleire, 1963) [7]kjelda for denne artikkelen

Berge i Høyanger

Jordskifte 1894-1900 på Ytre Berge i Høyanger

Rognald Nilsson

Stiar og vegar på Berge i Høyanger

Bildegallerier

Landskapsbileter.

Lars Larsson Berge

Bryggeutstyr

Referanser

  1. Anders Sagen - Kulturhistorisk leksikon (fylkesarkivet.no)
  2. Jordskifte 1894-1900 på Ytre Berge i Høyanger – lokalhistoriewiki.no
  3. Fritt Folk 28 februar 1928
  4. 4,0 4,1 Sverre Berge, «Bergsvika - tidlegare trafikknutepunkt», 1999 https://leksikon.fylkesarkivet.no/.../f99e0cac-a9a5-4c7f.../
  5. Hjetland, Odd: Høyanger senterparti 1920-1995. Utg. Senterpartiet. 1996. 32 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
  6. 6,0 6,1 Adressebok for Sogn og Fjordane med skatteligninger. 1938 Vol. 12
  7. 7,0 7,1 Leif Leirnes, Adolf Førsund, Sigurd Førsund, 1963, Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik. 3 bind.
  8. Jordebog over Hr. Vincentius Lunges Gods i Norge omlag 1535.
  9. www.norgeshistorie.no : Skattestatens fremvekst).
  10. 10,0 10,1 Kristofer Visted og Hilmar Stigum, Vår gamle bondekultur, volum 1, 1971, side 325
  11. Kornøl – Wikipedia
  12. Kveik – Wikipedia