Magdalena Eriksdatter Bredal (d. 1724)
Magdalena Eriksdatter Bredal (fødd ca 1645 i Trondhjem, død 1724 i Bergen) var prestekone.
Ho var dotter av biskop Erik Bredal og Johanne Willumsdatter Rogert. Ho hadde mange søsken, mellom dei Anne og Peder.
Ho vart gift 30. august 1666 med Jens a Møinichen, han hadde same år blitt sokneprest i Brønnøy prestegjeld. Dei hadde mange born, Dahl oppgjev 12 og Berntsen 13.[1] Mellom borna var Jacob som vart amtmann i Finnmark.
Jens a Møinichen vart sokneprest i Bodø i 1676, og frå 1696 var han sokneprest ved Nykirken i Bergen.
Referansar
- ↑ Dahl (2000) s. 302
Kjelder
- Dahl, Svein Tore. Geistligheten i Nord-Norge og Midt-Norge i tiden 1536-1700. Utg. S.T. Dahl. Trondheim. 2000. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Erlandsen, Andreas. Biographiske Efterretninger om Geistligheden i Tromsø Stift. Utg. Chr. Tønsbergs Forl .. Christiania. 1857. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Erik Berntsens slektssider
- Magdalena Eriksdatter Bredal i Historisk befolkningsregister
| Artikkelen Magdalena Eriksdatter Bredal (d. 1724) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |