Marit Trulsdotter (d. 1621)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Futen sin utgiftspost for avrettinga av Marit Trulsdotter. Transkribert: «Giffuet skarpretrenn aff Osloe for enn quinde nemblig Martte Throlsdatter, at Rete med Ild Och brand for throldomssag Hun er Offuergangenn Pening v dr [Marg:]Dom att inttet var effter hinder»
Foto: Akershus lensrekneskap 1621-1622.

Marit Trulsdotter (død 1621 eller 1622) var ei kvinne i Skjåk som vart dømd og brend på bålet for trolldom. Rettsprosessen gjekk føre seg våren og sommaren 1621. Avrettinga, utført av skarprettaren i Oslo, er ikkje datert, men er med i utgiftsrekneskapen til futen i Gudbrandsdalen for året 1. mai 1621 til 1. mai 1622. Vedlagt rekneskapen er ei utskrift av rettssaka mot Marit, der vi får vite ein del om kven Marit var, og nokså detaljert om dei hendingane og gjerningane som førde til at ho vart dømd.[1]

Det framgår tydeleg at Marit tilhøyrde det sosiale botnsjiktet i dette bygdesamfunnet. Ho hadde ikkje fast bustad, men hadde alltid fare rundt «med signelse og spøgeri fra et sted og til et andet». Ho levde saman med ein mann som ho ikkje var ektevigd til. Ho måtte openbert tigge for å oppretthalde livet. Og dei hendingane som fekk det tragiske utfallet i 1621, hadde bakgrunn nettopp i dette.

Den som hadde meldt Marit for trolldomsutøving, var Alf på Sygard Sperstad, brukar på ein av dei større gardane i bygda. Klagemålet var at ho eit par år tidlegare hadde kasta vondt på han og krytera hans, med det til følgje at fem kyr hadde krepert, og han sjølv hadde vore sjukleg alt sidan dette skjedde. Eit par grannar av Alf vitna for retten at dei hadde høyrt frå Marit sin eigen munn kvifor ho hadde utført ugjerninga. Det var fordi Alf hadde nekta å gje henne litt høy som ho hadde tigd han om. Det tyder vel på at Marit hadde ein bustad der det var mogleg, men vanskeleg, å kunne fø ei ku eller kanskje eit par geiter.

Da det gjekk opp for Alf kva som hadde råka han, bad han Marit om å lækje både han og dei krytera hans som ikkje allereie var daude. Han hadde visst ingen tvil om at ho hadde makt til dette. Marit gav han rett i det, men ho kravde vederlag. Kona til Alf hadde allereie bode henne ei geit som dei hadde på setra. Men Marit var ikkje nøgd med det. «Gi mig noget andet!» Til slutt godtok ho eit halvt storfeslakt (ei nautside) og tre leivar brød. Så gav ho Alf noko «salt» som skulle lækje både han og dyra. Men da det kom til stykket, torde ikkje Alf ta denne «medisinen», og han valde heller å trekkje Marit for retten for at ho skulle få sin dom.

Hat og hemnlyst frå Alf Sperstad si side, og kanskje mobbestemning blant bygdefolket elles, var ei sannsynleg drivkraft til at Marit Trulsdotter måtte stå til rette for den påståtte trolldomen. I bygdeboka blir likevel den samla vurderinga av hekseprosessen mot Marit som følgjer:

Så langt kjeldene rekk, kan vi likevel ikkje sjå at Marit Trulsdotter har vore utsett for mobbjustis. Eidsvorne vitneutsegner vart omstendeleg nedskrivne på to rettsmøte. Det saklege grunnlaget for straff tykkjest også å vera heva over tvil, vel å merke når ein godtek at folk utan vidare trudde på at over- og underjordiske makter hadde innverknad på menneskelivet. Marit sjølv nekta ikkje for kva ho hadde gjort. Og den løyndomsfulle kunnskapen og dei farlege kreftene som både ho sjølv og folk elles var overtydde om at ho rådde over, kunne umogleg ha vore gjevne henne av dei gode maktene i verda!

Avrettinga ved bål og brann vart utført av skarprettaren i Oslo. Om denne fagmannen hadde kome til Lom og Skjåk ved dette høvet, eller om dei hadde transportert trollkjerringa til Oslo, er uvisst. Som det framgår av futen sin utgiftsrekneskap, har skarprettaren berre fått honorar for oppdraget. Nokor reiserekning er ikkje dokumentert, men kan sjølvsagt vere innrekna i honoraret (sjå tekst til illustrasjonn).

To år etter dette vart ei anna kvinne frå prestegjeldet, Kari Nyrnes frå Lom, dømd og avretta for tilsvarande brotsverk. Dette er dei to hekseprosessane som er dokumenterte i Lom og Skjåk. Prosessen mot Marit Trulsdotter og Kari Nyrnes er to av i alt 24 dokumenterte trolldomssaker i Gudbrandsdalens futedøme i tidsrommet 1576-1730.[2] Det kan godt ha vore fleire, da kjeldematerialet er særs tynnt, iallfall frå den tidlegaste tida.

Referansar

Kjelder og litteratur

  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok II. Historia 1537-1800. Skjåk kommune 1995.
  • Næss, Hans Eyvind: Trolldomsprosessene i Norge på 1500- og 1600-tallet. En retts- og sosialhistorisk undersøkelse. Stavanger 1982.
  • Riksarkivet: Lensrekneskap for Akershus len 58.2, futerekneskap 1621-1622. Digitalarkivet.