Matias Orheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Faksimile av oppslagssidene til samlinga Heimlokk frå 1903, den fyrste som Orheim utgav.
Foto: Frå Nettbiblioteket (Nasjonalbiblioteket)

Matias Sivert Orheim (fødd 26. juli 1884, død 20. april 1958) var salmediktar frå Stårheim i Eid i Nordfjord. Han skreiv om lag 1000 songar, komponerte 178 melodiar, og ga ut 13 diktsamlingar. Seks av salmene hans står i Nynorsk salmebok. Orheim var også predikant, bonde, romanforfattar og historikar.

Matias Orheim var son av bonde og smed Kristian Orheim (1861–1939) og Karen Øygarden (1861–1940), og vart gift i 1905 med Marie Dumbestein (1881–1958).

Matias Orheim vart kristen under eit pinsestevne i Stårheim i 1900. Berre tre år etter kom den første diktsamlinga hans, Heimlokk.

Orheim fekk ein augesjukdom i ung alder og mista etter kvart synet, men levde likevel eit aktivt arbeidsliv. Han var forkynnar i Nordfjord og Sunnfjord 1903–1905, så i Kristiania Indremisjon 1905–1907, deretter i Det Vestlandske Indremisjonsforbund 1907-1921. 1921–1944 reiste han som talar for Norges Kristelige Ungdomsforbund.

Han fekk Kongens fortenstmedalje i gull i 1953, og på grava til Matias Orheim og kona Maria ved Stårheim kyrkje står det ei minnestøtte laga av Anne Grimdalen. Han og kona døydde med berre nokre timars mellomrom.

I 2010 satte Sogn og Fjordane teater opp teaterstykket Matias Orheim med skodespelaren Frode Rasmussen i hovudrollen, med manus av Mette Brantzeg og Norvald Tveit. Stykket fortel historia om Orheim og kona.

Kjelde