Nordre Hogstad (Sandnes gnr. 105)

Nordre Hogstad er ein matrikkelgard i Sandnes kommune. Tidlegare var Hogstad delt i Nordre (Nora) Hogstad og delt på to kommunar, Høyland og Hetland. I 1889 hadde Nordre Hogstad gardsnummer 41 i Hetland herred, medan Søre Hogstad hadde gardsnummer 3 i Høyland herred. I 1912 blei Hogstad ein gard med gardsnummer 41 i Hetland herred. Frå 1965 gardsnummer 105 i Sandnes kommune.

Nordre Hogstad
Fylke: Rogaland
Kommune: Sandnes
Gnr.: 97
Type: matrikkelgard

Hogstad

Hogstad er den sørlegaste garden i bygda. Han ligg oppe på bakkane og i sørhallet opp frå Hogstadvatnet eller Lutsivatnet. Gardshusa ligg 105 meter over havet.

Hogstad breier seg ut tvers over heile dalføret, frå fjella i vest til Storaberget i aust, mens dei mindre gardane nord for Hogstad alle ligg to i breidden.

Dette store gardsområdet blir kløyvt i to av ein bekk som kjem oppanfrå utmarka på Heia oppe i nordvest, renn på skrå over garden og svinger så mot sør ned til Lutsivatnet. Gardshusa låg tidlegare samla i eit tun sør for denne bekken, og i eit tun nord for han. Dei to delane av garden blei då kalt Søre (Søra) og Nordre (Nora) Hogstad. Desse to delane høyrde til kvart sitt kyrkjesokn og seinare kvar sin kommune, derfor var dei lenge to matrikkelgardar, men i 1912 blei dei slått saman til eitt.

Søre Hogstad si utmark strekker seg opp på fjella i vest og sørover mot Lutsi, mens utmarka til Nordre Hogstad går opp mot Storaberget i aust. Hogstad grenser i nord til Riskagardane Skjørestad, Haualand og Merland, i vest til Fjogstad, i sør til Lutsi og Forenes - alle tre i Høyland, og i aust til Fløysvik og Litle Auglend i Høle.

Gardsnamnet

Uttalen av dette namnet er Hogsta /"hogsta/. Dei eldste skriftformene er frå 1500 -talet: Howstad i 1519, Hoffstad i 1521, Nørehogsta og Sødrehogsta i 1563 og Hougstaid i 1567. Mange gonger på 1600-talet er det skrive Hougstad. Same namnet finn ein i Eigersund, Hå og Sola. Det førekjem dessutan fleire andre

stader i landet. Eit føreledd Hog- finn ein dessutan i andre norske stadnamn, som Hogset, Hogsrød og Hogstvet. Norske Gaardnavne tolkar føreleddet i dette stad-namnet til eit mannsnamn, anten gammalnorsk Hugi eller Haukr. Men det heiter der at føreleddet og kan vera det gammalnorske ordet hofn. med tyding 'gudehov', altså med bakgrunn i ein gammal kultstad. Hogstad er den største og sentrale garden i øvre delen av Riska, så den sistnemnde tolkinga kunne kanskje høva realt i dette høvet.

Om ein ser nærare på skriftformene frå mellomalderen for dei norske stadnamna med føreleddet Hog-, oppdagar ein at føreleddet ofte er skrive Haug-, t.d.

Haugsætrom, Haugsrud og Haugstveit. Slike former tyder på at føreleddet i namnet er ordet haug m. Realt vil ei tolking til ordet haug m. og høva godt for Hogstad-nammt frå Riska. Garden ligg i kupert terreng, med bratte bakkar ned mot Merland og Lutsivatnet. Same terrenget har nabogarden Haualand. Også det namnet er samansett med ordet haug.[1]

Matrikkelgarden

Landskyld/Matrikkelskyld

Både Nordre og Søre Hogstad måtte ut med 2 1/2 pund korn i landskyld til bispen i 1567. Det vil seia 60 spann frå kvar av dei to gardane. Denne landskylda blei ikkje

endra sidan. Nordre Hogstad: 2 1/2 pund korn = 60 spann, Søre Hogstad: 2 1/2 pund korn = 60 spann

I 1838 fekk Nordre Hogstad ei skyld av 6 dalar, 2 ort, 15 skilling, mens Søre Hogstad fekk heile 9 dalar, 3 ort, 3 skilling.

I 1889 blei Nordre Hogstad sett til 10 mark og 15 øre, og Søre Hogstad til 14 mark og 80 øre.

Skatteklasse

Nordre og Søre Hogstad var begge to fullgardar. Rett nok har matrikkelen i 1648 dei med blant halvgardane, men det er fordi denne lista har fullgardsmålet så høgt.


Nummer i eldre og nyare matriklar

1668 Nordre Hogstad no 16 i Gand skipreide

        Søre Hogstad no 15 i Gand skipreide

1838 Nordre Hogstad matrikkelno 15 i Gands tinglag

        Søre Hogstad matrikkelno 16 i Gands tinglag

1851 Nordre Hogstad matrikkelno 21 i Hetlands tinglag

        Søre Hogstad matrikkelno 1 i Høylands tinglag

1889 Nordre Hogstad gardsno 41 i Hetland herred

        Søre Hogstad gardsno 3 i Høyland herred

frå 1912 Hogstad gardsno 41 i Hetland herred

Nå Hogstad gardsnr 105 i Sandnes kommune.

Den eldste gardshistoria

På bakkane og holane opp frå Lutsivatnet slo det seg til jordbrukarar svært tidleg. Her er det mykje jord i sørvende skråningar. Det var truleg i bronsealderen den

store Kolhaugen blei reist. Den skulle vel markera den retten folka på plassen, kanskje ei bestemt slekt, hadde til området. Dei som dyrka jorda her budde vel ikkje så langt frå denne haugen. Kan henda var det mykje folk her som kan ha budd utover eit større område. Frå tida rett etter bronsealderen er det gravfunn frå det som nå er Haualand og Bjelland, i tillegg til Hogstad. Dette må ha vore same busettinga og heile øvre bygda har vel vore eitt stort jordbruksområde. Innanfor dette området fekk dei forskjellige teigane kvar sine namn, så landnamna Haualand, Bjelland og Merland kan gå tilbake til bortimot Kristi fødsel. Utover i eldre jernalder (romartid/folkevandringstid) blei dette store jordbruksområdet stykka opp i fleire gardar. Dei tidlegare teigane Haualand, Bjelland og Merland fekk nå eigen busetting, mens den største og sentrale parten fekk namnet Hogstad.

I folkevandringstida var busettinga på Hogstad delt på to tun, eit sør for Kolhaugen og eit i nord opp mot skiftet med Haualand. Mens det i vikingtida ser ut til bare å ha vore eitt tun på garden, nemlig heilt i nord. I løpet av mellomalderen blei biskopen i Stavanger eigar av heile Hogstad. Som eigar fekk han leige av bøndene her, landskyld. På den tida må det altså ha budd folk her som dreiv garden. Også i kristen mellomalder var det to tun på garden, eit sør og eit nord for bekken som kjem frå myrane i Haualandsmarka og renn ut i Hogstadvatnet nede i Steinane. Denne bekken deler gardsområdet i to omlag like store halvpartar.

Søre Hogstad kom til å ligga i Høyland kyrkjesokn saman med dei andre gardane langs Lutsivassdraget. Mens Nordre Hogstad og dei andre gardane i Riskakverva høyrde saman med bygdene rundt den ytre delen av Gandsfjorden og låg til Maria kyrkja i Stavanger (Vår Frues kyrkje). I seinmellomalderen låg fleire av gardane midt i bygda øyde. Då budde det altså folk på gardane nede ved sjøen og oppe på Hogstad. Grensa mellom dei to kyrkjesokna som gjekk tvers over Hogstad må då vera eldre og gå tilbake til høgmellomalderen. Nabogardane Haualand og Merland låg folketome i seinmellomalderen, og bøndene på Nordre Hogstad brukte områda der. Merland nytta dei til slått og beite, men innmarka på Haualand ligg så nær at dei på Hogstad sikkert haldt åkrane der i hevd.

Gardsdrift på Nordre Hogstad

Åkerbruket

Åkerjorda på Nordre Hogstad blei i eldre tid ikkje rekna for god. I ei skildring i garden i 1633 heiter det at åkeren her var "Themmelig", altså ikkje bedre enn det

måtte vera. Og i matrikkelen frå 1668 står det at her var "Mislig Koren Jord". Det er dårlegast karakter av alle gardane i bygda. Bare Jødestad kom likeså ringt ut,

men den garden hadde tross alt lege øyde i lang tid og var vel ikkje kommen skikkeleg i hevd igjen på det tidspunktet. I 1668 hausta dei på Nordre Hogstad bare 5,6 kilo for kvart kilo korn dei sådde. Det var det lågaste folltalet i heile bygda den gongen, bare litt over halvdelen av det dei kunne avla på Riska-garden. Likevel fekk dei tåleg store kornavlingar her tidleg på 1600-talet, og bøndene på Nordre Hogstad måtte ut med mykje korntiende. Når jorda bar dårleg, må dei altså til gjengjeld ha hatt forholdsvis store åkrar. I siste delen av 1600-talet skifta oppsittarane tidt, særleg på den eine parten var det ustabilt. Rett før 1700 blei denne parten fraflytta. Dette skulle tyda på at dei hadde tøygd ressursane vel langt på 1600-talet.

I 1668 sådde dei 12 tønner korn her på garden, i 1723 var det gått tilbake til 10 tønner, og i 1775 var det vel 10 tønner. Derimot hausta dei mykje meir korn på slutten av 1700-talet og rundt 1800, 75 tønner i 1775 og 72 i 1802, mot bare 56 tønner i 1723. Det viser at det var den dårlegaste jorda dei hadde gitt opp, nå fekk dei større avling per åkerareal som var i bruk.

Litt ut på 1800-talet blei det igjen tre oppsittarar her, dessutan fekk to husmenn slå seg til på garden. I 1835 sådde dei omtrent same mengde korn som det var blitt

gjort i 1668, fyrst nå var altså all den gamle åkerjorda i bruk igjen. Men dei tre bøndene sådde ikkje meir korn tilsaman enn dei to hadde gjort på 1700-talet

(snautt 10 tønner), det var dei to husmennene som sørgde for auken i åkerareal. I løpet av 1800-talet blei det derimot dyrka mykje ny jord her på Nordre Hogstad, og

i 1875 kunne dei så dobbelt så mykje korn som i 1835. Og frå bare å dyrka korn til mat for folk - rug, bygg og havre, hadde ein nå også begynt å setta poteter. I 1835

var bøndene på Nordre Hogstad blant dei i bygda som sette minst av denne nye mat planten, men dyrkinga aukte sterkt utover 1800-talet. I 1875 sette nemleg kvar

bonde to og ein halv gong så mykje poteter som det dei hadde gjort i 1835. Bare på Haualand og på Maudland var det ein like sterk auke i potetdyrkinga på den tida.

Husdyrhaldet

I dei to hundre åra frå midten av 1600-talet til midt på 1800-talet var det heile tida omtrent like mange husdyr på Nordre Hogstad. Her var 2-3 hestar og snautt 20 kyr.

Bare talet på sau svingde i denne perioden. På 1600-talet hadde dei så godt som ikkje sau på garden, det går fram av kvegskatten frå 1657 og arveskifta frå den

tida. I 1723 var det nesten 30 sauer her, og på det nivået haldt sauetalet seg ennå i fyrstninga av det neste hundreåret. I desse to hundreåra var det den fyrste tida tre bønder på garden, så gjennom heile 1700-talet bare to oppsittarar. Frå begynnelsen av 1800-talet igjen tre bønder og i tillegg to husmenn. Sidan det samla husdyrtalet var omlag like stort heile tida, blei det små besetningar på dei som budde her i fyrste halvpart av 1800-talet. Sjølv om dei to husmennene nesten ikkje hadde dyr, blei det likevel lite igjen til å dela på dei tre bøndene. Dei tre bøndene på Nordre Hogstad i fyrste delen av 1800-talet hadde derfor bare halvparten av dei kuflokkane som dei to bøndene i hundreåret før hadde hatt. Og besetningane deira var dermed blant dei aller minste i bygda på den tida.

I andre halvdel av 1800-talet budde det fem bønder og ein husmann på garden. Det var nå bortimot dobbelt så mange husdyr her, men likevel var det ennå små buskapar hos kvar bonde sidan det nå var så mange som skulle leva av garden. Det var nesten ingen andre i bygda som hadde så små besetningar som dei på Nordre Hogstad. Bøndene her hadde 1 hest og 3-4 kyr kvar. Som ellers i bygda, blei det meir sau på garden i løpet av dette hundreåret, men auken kom tjue år seinare enn på dei andre gardane. Frå 1865 til 1875 blei sauetalet nesten dobla. Husmannen i Bergura hadde mykje geiter dg. Buskapen hans var i 1875 ei ku, 20 sauer og 20 geiter.

Attåtnæringar på Nordre Hogstad

Hogstad er den garden i bygda som ligg lengst frå sjøen. Likevel kan me firma ein heil del om båtar og fiske, særleg i arveskifta. Det viser koss likt næringsgrunnlaget tross alt var for heile Riska-området. Nå strekker garden seg ned til Hogstadvatnet, eller Lutsivatnet, og her dreiv ein i eldre tid eit ferskvassfiske. Når det i fyrste bygselstaksten frå 1633 står at det på garden var "Nogen fischerj", må me tru at det er meint fisket i Hogstadvatnet. Ved eit skifte i 1744 er det nemnt ein vassbåt - "som bruges i Våndet", og i folketellinga frå 1891 står Ivar i Bergura oppført som husmann og fiskar. Av skiftematerialet får me likevel inntrykk av at sjøfisket har spelt større rolle. I dei fleste skifta frå garden finn me omtalt færing, i 1813 hadde dei endåtil ein seksæring på den eine parten. Her blir også nemnt naust, som dei to oppsittarane eigde ein halvpart i kvar etter det me får vita i 1744. Ved eit skifte i 1814 er det føyd til om naustet - "staaende paa Hommersands grund". Med færing kjem ein ikkje så langt, det var heimefiske dei dreiv. Så hadde dei og glip, eit redskap dei fiska mort med og det gjekk føre seg i fjordane heime.

Frå slekta på Hommersåk arva den eine Hogstad-bonden ein fjerdepart i ein vengebåt i 1740-åra. Det var ein stor husbåt som ein kunne bruka når ein skulle fiska

lenger vekke. Me kan gissa på at dei var med på sildefiske ute ved Karmøy. Men lenge hadde dei ikkje denne båten, det er truleg den same båten me finn på Riska

omlag 1750. Tidleg på 1800-talet hadde oppsittarane på Nora Hogstad fleire vårsildgarn. Det viser at dei, likt med dei andre i bygda, var med på sildefisket ute ved Skudenes og Kvitsøy i denne tida.

Gardsdrift på Søre Hogstad

Åkerbruket

I eldre tid rekna dei åkerjorda på Søre Hogstad for å vera bedre enn den på Nordre Hogstad. Rett nok heiter det om begge i ein fyrste bygselstakst frå 1633 at her var

"Themelig thill Ager". Men i matrikkelen frå 1668 står det om Søre Hogstad at her var "god Koren jord", og i 1723 kunne dei på den søre garden hausta 6,7 kilo korn

for kvart kilo dei sådde. Det er litt under bygdegjennomsnittet, men likevel langt over den nordre garden sitt folltal, som bare var 5,6. Søre Hogstad låg i Høyland sokn og derfrå er det ikkje lister over kongen sin korntiende. Me veit derfor ikkje kor stor kornproduksjonen var i fyrste delen av 1600-talet. I 1668 sådde dei 15 tønner korn på Søre Hogstad. Det er like mykje som på Frøyland, og bare på Riska blei det sådd meir. Bøndene her på den søre garden hadde altså større åkrar enn dei på Nordre Hogstad. Og sidan jorda kasta meir av seg, må dei også ha hausta meir. Det neste hundreåret blei det dyrka noko mindre korn, då sådde dei 12-13 tønner.

Avlinga låg mellom 90 og 96 tønner i tida frå 1723 til 1802. I løpet av 1800-talet blei også denne garden stykka opp, så det blei dobbelt så mange familiar som skulle leva av det jorda kasta av seg. Men på same tid blei det dyrka mykje, og i 1875 kunne dei seks bøndene så meir enn dobbelt så mykje korn som dei tre bøndene i 1775 hadde gjort. I 1 865 sette bøndene på Søre Hogstad 50% meir poteter enn naboane på den nordre garden. Det kan tyda på at dei her har vore tidlegare til å begynna å dyrka denne nye matplanten.

Husdyrhaldet

På Søre Hogstad var det både store kornåkrar og mykje husdyr. Men når ein deler husdyrflokken på tre, ser ein at kvar bonde likevel ikkje hadde større besetningar

enn gjennomsnittet i bygda. Dei hadde likevel mykje hest på garden. Ifylgje skifta på 1600-talet hadde dei jamnt 2 hestar kvar. Så hadde kvar av dei 5 til 7 kyr og ein

del ungdyr. I matrikkelen frå 1668 står det at det var "besuerlig Udmark", men "schiønn buchegang" her. I motsetning til nabogarden Nordre Hogstad hadde dei mykje småfe her i den eldste tida. I kvegskatten frå 1657 er det oppgitt 21 sauer og 6 geiter på garden, men ifylgje skifta må det rette sauetalet ha vore dobbelt så stort. På 1700-talet minka derimot sauehaldet ein heil del, då hadde dei tre oppsittarane under ti sauer kvar, og geiter blir ikkje nemnt meir. Det var omtrent like mange husdyr på garden gjennom 1600- og 1700-åra. I fyrste delen av 1800-talet var det derimot 50% meir husdyr på Søre Hogstad, og auken gjaldt så godt som alle dyreartane. Kvar av bøndene hadde nå ein buskap på 2 hestar, 8-10 kyr og 20 sauer. Og nå var dei på Søre Hogstad blant dei som hadde mest husdyr i bygda.

I løpet av andre halvdel av 1800-talet steig husdyrtalet endå meir, så det blei 20% meir dyr enn i begynnelsen av hundreåret. Men på same tid blei garden stykka opp

så her blei dobbelt så mange familiar. Kvar einskild oppsittar hadde nå ein buskap på vanligvis 1 hest, 4-6 kyr og 15-20 sauer. Dermed hadde bøndene på Søre

Hogstad fått små besetningar, dei låg under det som var gjennomsnittet i Riska. Sauehaldet aukte i denne tida, men både her og på nabogarden Nordre Hogstad blei

ikkje saueflokkane større før omlag 1870 rundt om tjue år seinare enn ellers i bygda.

Attåtnæringar på Søre Hogstad

Utanom drifta av garden var fiske eit fast innslag på alle gardane i bygda. Busettinga grunna seg dermed på åkerbruk, husdyrhald og fiske. Søre Hogstad ligg med Ims-Lutsivassdraget og i ei gardsskildring frå 1633 kan me lesa at det til garden var "Nogen fischerj". Her har altså blitt drive ferskvassfiske i lang tid. I tillegg fiska Hogstadbøndene i sjøen også. Det blir nemnt færing og naust i alle dei skifta me har frå garden frå 1700- og begynnelsen av 1800-talet. Me finn og at dei hadde vårsildgarn på garden i 1819. Dessutan eigde to av oppsittarane det året kvar sin fjerdepart i ein tenæring. Det var ein båt som eigentleg hadde ti årer. Dei var så stor som ei jekt og blei brukt når dei skulle ta ut på lenger fisketurar. Me kan då gå ut frå at også Hogstadfolka var med på sildefisket ute ved Skudenes i denne tida. Dei som eigde dei andre to partane i denne tenæringen budde truleg på Skjørestad og Jødestad, mens naustet nok stod nede i Vågen.

Eigarane i leiglendingstida

I mellomalderen var det biskopen i Stavanger som eigde både Nordre og Søre Hogstad. I tillegg eigde han fleire andre gardar i bygda, så han var den største jordeigaren her i den katolske tida. Ved Reformasjonen fekk kongen hånd om det gamle bispegodset, men den fylgjande tida blei gardane fortsatt førde i jordebøkene etter den opphavlege eigarfordelinga. Derfor kan ei oversikt frå 1567 fortelja oss at dette eigentleg hadde vore bispegods. Kongane den gong førde mange krigar, og for å få inntekter tok dei på å selja det store jordegodset dei hadde slege under seg. Den danske de Gjedde-familien kjøpte i 1661 fleire gardar av kongen. Dei eigde både Nordre og Søre Hogstad i 1668, men selde begge gardane igjen nokså snart. Erik Krag, ein dansk adelsmann, kjøpte Nordre Hogstad. I 1675 var det arvingane

hans som sat med garden. Enka hans, fru Vibeke Rosenkvist, selde i 1682 garden til Hans Hanssøn, lenskommissar i det søndenfjellske Norge. Sidan fekk lagmannen i Stavanger, Nils Christensen, kjøpa Nordre Hogstad. Han gav garden til leiglendingane i 1694, og etterpå har dei vore sjølveigarar. Søre Hogstad eigde Jørgen Hansen, renteskrivar. Han selde i 1672 til Søfren Madsen, rådmann i Stavanger. Frå 1676 var det handelsmannen Jørgen Thomesen som eigde Søre Hogstad. I 1726 selde arvingane hans garden til leiglendingane. Garden på Søre Hogstad var på denne tida delt i tre bruk. Oppsittarane på to av dei har sidan vore sjølveigarar.

Men eigaren av det tredje bruket flytta herifrå i 1735 og leigde sidan vekk jorda. I dei fylgjande hundre åra var derfor oppsittarane på denne parten fortsatt eiglendingar. Den fyrste eigaren var Gunnar Eriksen. Han hadde drive gardsbruket eit par år før han flytta til Berge i Kålabygda i 1735. Dette 20-spannsbruket på Søre Hogstad eigde han til 1742, då Hans Torsen Nedre Austrått, lensmannen i Gand skipreide, kjøpte denne gardparten. I 1766 fekk Torbjørn Torsen Frøyland kjøpa desse 20 spanna, som han sidan eigde så lenge han levde. Han let bare ei dotter etter seg, Berta. Ho var fyrst gift med Per Torsteinsen Frøyland som døydde tidleg. Ved skiftet etter han i 1812 arva sonen Tommes 4 spann og dei tre døtrene blei kvar eigar av 2 spann i Søre Hogstad. Dei siste 10 spanna sat Berta sin andre mann, Tore

Rasmusen Frøyland med. Då han voks til, gifta jordeigaren Tommes Persen seg med dottera til oppsittaren og tok over drifta av desse 20 spanna på Søre Hogstad. Sidan gifta eine systera til Tommes seg med sonen på garden, Ola Olsen. Det blei altså eit syskenbytte, der to av barna til jordeigaren gifta seg med dei to barna til oppsittaren. Tommes løyste så ut arvepartane til dei tre systrene sine og eigde frå 1840 10 spann korn. Mens svogeren, Ola Olsen, i 1841 fekk kjøpa dei 10 spanna som stefaren til kona hans, Tore Rasmusen Frøyland, hadde eigd. Dei to svograne eigde der med halvdelen kvar av den gamle parten, og i 1841 delte dei han i to bruk.

Oppstykking av garden på Nordre Hogstad

Omlag 1520 var det kan henda bare ein oppsittar på Nordre Hogstad - det er då nemnt tre mann i alt på Hogstad og venteleg budde dei to på Søre Hogstad. I 1563 er det fire oppsittarar på Hogstad, to på den søre og to på den nordre garden. Dei to på Nordre Hogstad var far og son, og dei hadde truleg delt garden mellom seg. Sonen sat med sin part til begynnelsen av 1600-talet og då får me vita at han brukte 20 spann korn, det var ein tredjepart av Nordre Hogstad. Tidleg på 1600-talet blei den delen som faren hadde, delt i to, så det etterpå var tre partar i garden. Eg veit ikkje kor store kvar av desse to nyaste partane var, men alt i 1623 blei dei samla igjen og dei utgjorde då 40 spann.

Sjau mellom oppsittarane

Mellom dei to oppsittarane på Nordre Hogstad, Tørres og Erik, blei det ein "stor uskikkelighet en tid lang". Grunnen til sjauen må ha vore eit engstykke som dei begge meinte å ha rett til. Seks lagrettesmenn fekk til eit forlik mellom dei som gjekk ut på at det omtvista engstykket skulle ligga til Erik sin part. Og me får vita at dette stykke eng var så stort at han "kand affle ungefer 5 eller 6 less høe paa" det. Til gjengjeld for det engstykket han mysta, skulle Tørres få lagt til sin part ein for og ein voll "som hand kand affle ungefer 4 1/2 less høe paa". Nå var ikkje Tørres tilfreds med dette, og i 1623 blei det halde målstemne på Nordre Hogstad. Ein kom då fram til "at di to parter som forme Erick bruger udj agger och eng icke erre gode for den ledingh och landschyld som der nu affgaar" om ein skulle ta unna "det stycke engh". Derimot "den tredie part som forme Thørris bruger,- siunis - at verre god for den landschyld som der nu affgaar". Det tidlegare forliket blei dermed stadfesta (sjå Tingbøker frå Jæren og Dalane, bd.l, s. 205 - 206).

Sjauen haldt seg likevel etter dette, og "Tørris och Erick Hogstad - haffuer beklaget dennem offuer huer andre om en stor uschickelighed dennem en thid langh

haffuer verret imellem med schentz sagh och andet mere saadant". I 1624 blei dei endeleg "venligen forligte med sammenlagde hender". (Sjå Tingbøker frå Jæren og Dalane, bd.l, s. 218). Fram til 1650 var det då desse to partane i garden, den litle og den store. I 1650 delte to svograr den store parten, så det ei tid var tre partar som alle var på 20 spann. Men den eine av desse to nye partane blei liggande folketom omlag 1700. Oppsittarane på dei andre to partane delte då denne jorda mellom seg og etterpå var det to partane i garden på 30 spann kvar. Desse to partane var lenge udelte. Men i 1814 blei den eine delt i to mellom den gamle gardbrukaren og dottera hans frå fyrste ekteskap. Desse to nye bruka på 15 spann kvar fekk løpenr 78 og 79. Løpenr 79 blei i 1880 delt igjen i to like bruk. Denne eine gamle 30-spanns parten var dermed delt i tre nye bruk. Den andre gamle halvdelen av garden blei fyrst delt i 1855. Då fekk to brør kvar sin del. Men i 1861 fekk ein tredje bror også ein mindre part. Dei to eldste sat då igjen med 13 1/4 spann kvar, mens den yngste bare hadde 3 1/2 spann. Den eldste broren blei buande i det gamle gardstunet og den andre slo seg til på Voll der det tidlegare hadde budd ein husmann. Den tredje broren hadde og sitt eige hus (nemnt i folketellinga for 1865), men me veit ikkje kor det stod. Han tok seinare over broren sitt bruk på Voll. Det litle bruket han sjølv hadde hatt, selde han til ei systerdotter og mannen hennar. Dei budde nede på Gjerdeheiå. I tillegg til det litle bruket sitt, fekk dei kjøpa fleire parsellar av dei andre gardsbruka på Hogstad. Sånn blei det tre gardsbruk av denne parten og.

Oppstykking av garden på Søre Hogstad

Som nemnt under Nordre Hogstad var det ca 1520 tre mann på Hogstad. Det blir ikkje sagt kor dei budde, men truleg var det to mann her på Søre Hogstad. Av

gardsskildringane på 1600-talet ser me at det var større åkrar og fleire husdyr på den søre garden, sjølv om dei to gardane hadde same landskyld. Det tyder på at det

var best forhold her. I 1603 fekk den eine oppsittaren leiga 9 spann korn i garden i tillegg til det han brukte før, sidan hadde han eit bruk på 40 spann. Eg veit ikkje om desse 9 spanna før det hadde vore eit bruk for seg ei tid, eller om dei blei tatt av den andre parten. I alle fall var det i 1603 og utetter to mann på garden, sånn som det hadde vore i 1563. Den andre oppsittaren brukte bare 20 spann av garden. Då han blei gammal let han fostersonen sin få ta over det meste av jorda, 12 spann i 1633/34. Dei fylgjande åra var det tre ulike partar i garden, ein stor på 40 spann, ein mindre på 12 og eit lite restbruk eller folgestykke på 8 spann. I 1646/47 slutta den gamle av med gardsdrifta og fostersonen kunne bruka heile parten på 20 spann åleine. I 1660 blei det store 40-spanns bruket delt i to, frå då av var det tre partar på 20 spann kvar. Desse tre partane haldt seg udelte heilt til midt på 1800-talet.

Alle desse tre partane blei så delte i to. I tillegg blei husmannen i Steinane sjølveigar. Den fyrste av desse partane som blei delt var den nordlegaste parten, det skjedde i 1841. Husmannen nede i Steinane fekk på same tid skilt ut plassen sin som sjølvstendig bruk. På han fall det 2 spann mens dei to svograne som delte den gamle parten fekk 9 spann kvar. Den eine av dei, Tommes Persen, blei buande nær det gamle tunet, hans part blei heitande Tomsagarden. Den andre svogeren, Ola Olsen, flytta bort i Heia. Tomsagarden blei folketom rett før århundreskiftet og har sidan vore tilleggsjord.

Den neste av dei gamle 20-spanns partane som blei oppstykka, var den sørlegaste. I 1858 delte dei to brørne Gitle og Kristian parten likt mellom seg. Kristian døydde alt i 1862, og 4 spann av hans part blei lagd til Gitle sin part i 1866. Gitle sat etterpå med eit stort bruk på 14 spann. Resten av Kristian sin part, dei 6 spann, tok ei syster og mannen hennar over. Dei busette seg nede i Lunden (Lo'en). I 1895 fekk gardbrukaren i Steinane kjøpa og leggja til sitt bruk det nede i Steinane som hadde lege til den parten som Gitle og Kristian hadde delt. Det blei skilt ut av det store bruket til Gitle.

Den midterste av dei gamle 20-spanns partane blei delt sist. I 1889 fekk han nede i Steinane kjøpa også det som denne parten hadde hatt der nede, og i 1895 blei det

skilt frå eit stykke kalt Vestergård. Dette stykket var det oppsittaren i Lunden som kjøpte og han dreiv det som tilleggsjord til bruket sitt. Men ca 1910 kjøpte Ola Persen Kyllingstad stykket Vestergård og bygde seg hus her. Etterpå har det vore eit eige gardsbruk. I vårt (forrige) hundreår har det skjedd små endringar med gardsbruka på Hogstad. Frå bruksnr 4 (Gunnar G. Hogstad sin gard) blei ein tredjedel skilt frå i 1914. Det begynte som folgestykke og fortsette som eige småbruk - bruksnr 28, "Tandrevoll". I utmarka på bruksnr 12 (tidlegare Søre Hogstad bruksnr 1) slo Arne Sægrov seg til som bureisar i 1935, gardsbruket hans fekk bruksnr 39, "Rullevoll". Arne Sægrov tok i 1943 over farsgarden også og dreiv sidan dei to bruka under eitt. Den gamle Tomsagarden, bruksnr 16 (tidlegare Søre Hogstad, bruksnr 5) blei fra

flytta i 1890-åra. Dei fyrste åra etterpå blei jorda der driven frå nabobruket Heia. Men i 1919 kjøpte ein annan nabo, Ole T. Motland på bruksnr 18 (tidlegare Søre

Hogstad bruksnr 7) denne eigedomen. I 1938 fekk Torger Motland skilt frå eit gardsbruk til seg frå dei eigedomane faren sat med - bruksnr 40, "Langeland".

Husmannsplassar på Nordre Hogstad

Omlag 1815 budde det ein husmann på Vodl. Plassen låg under den eine parten av garden (bruk I). Festeseddel blei fyrst utskriven i 1830 og då får me vita at plassen

låg i "Hjemmejordet". Husmannen døydde i 1841 og enka i 1845. Den parten av Nordre Hogstad som denne plassen låg under, blei delt i 1855 mellom to brør. Den eine broren slo seg då til her nede på Vodl som gardbrukar. Under den andre parten av Nordre Hogstad (bruk II) fekk ein jordlaus husmann slå seg til i 1832. Etterpå budde sonen hans her som "Husmand uden Jord". Omlag 1870 fekk den jordlause husmannen ein plass i Bergura. Stykket i låg i den felles utmarka for alle gardsbruka på Nordre Hogstad. Husmannen døydde i 1905 og enka i 1912 og plassen blei nedlagt etterpå.

Husmannsplassar på Søre Hogstad

I 1816 høyrer me fyrste gong om ein husmann under Søre Hogstad. Plassen hans heitte Steinane ("Stene under Søndre Hogstad" er nemnt i kyrkjeboka for 1821).

Denne plassen låg under bruk III. Tidleg i 1820-åra blei det ein husmannsplass under bruk I også. Denne plassen blir av gamle folk kalt Gitleplasset. I panteboka for 1858 er han omtalt som "Pladsen Sønnaland". Omlag 1825 kom det til ein plass under bruk II. Denne plassen kaller folk frå garden for Olaplasset. I kyrkjeboka for 1828 har han namnet "Nyland under Hogstad". Alle desse husmannsplassene låg i bakkane ned mot vatnet. Ola Omundsen på Olaplasset fekk kjøpa stykket sitt i 1841 og dreiv det vidare som bonde.

Lars Knutsen og kona i Steinane døydde begge to i 1857. Plassen blei nedlagt, men Ola Omundsen sin son Erik Olsen fekk kjøpa stykket i 1889 og la det til det bruket han hadde frå før. Gitleplasset blei nokså snart folketomt. Men omlag 1860 er det nytta som folgestykke for gardsfolka. Erik Olsen sin son Ludvig Eriksen kjøpte stykket i 1895. Der det før hadde vore tre husmannsplasser, blei det sidan eitt gardsbruk kalt Steinane.

Husbygging

Etter siste krig har det blitt ein heil del fastbuande på Hogstad, utanom gardbrukarane. Dei fyrste var Gaute Lunde som bygde hus på ein snipp av farsgarden som var skilt frå resten av garden av vegene på Hogstad, og dei to Fuglestad-brørne som sette seg opp hus med Lutsivatnet heilt sør med skiftet mot Lutsi.

Vidare blei det i 50- og 60-åra bygt to hus nede i Steinane og tre hus i Hogstadholane rett sør for den nedre Hogstadkrossen. Lenger sør langs med

Lutsivatnet, kom det i 50- og 60-åra endå nokre fastbuande. Ein del av dei tok hytter i bruk som heilårsboligar. Og inne i Steinane blei det også fleire fastbuande.

Kjelder og litteratur

Referansar

  1. Inge Særheim har skreve fyrsteversjonen av avsnittet om gardsnamnet.