Olav Martin Bøe

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Passet som Olav Martin Bøe nytta i tenesta som postkurer i ruta mellom Bergen og Newcastle under første verdskrigen, utstedt 16. juni 1916. Det var strengt regulert kor lenge han hadde landlov i Newcastle. Passet er i privat eige.

Olav Martin Bøe, postbetjent og postmeister. Han vart fødd i Bergen 1876, og døydde i Stavanger 1935. Etter middelskuleeksamen vart han frå februar 1894 tilsett som volontør ved Bergen postkontor, deretter som vikarierande assistent same stad, og frå 1898 som fast tilsett med ansvar for postsambandet Kristiania - Bergen. Under første verdskrigen var han postkurer på ruta mellom Bergen og Newcastle 1916-1919, truleg med dampskipet SS Irma det meste av tida. Det vart sett på som ein relativt risikabel teneste. I 1919 var han tilsett som postmeister i Sortland kommune i Nordland fram til 1922, då han byrja som postekspeditør på Nattruten mellom Bergen og Stavanger, der han busette seg fram til han gjekk av med pensjon grunna sjukdom i 1934.

Olav Martin Bøe var son av byggmeister Ingebrigt Bøe og gift med Anna Josefine Bøe f. Ødegaard, som var dotter av Anton Kristensen Ødegaard. Han hadde elles ei rekkje tillitsverv den tida han budde i Bergen, som medlem av kretsstyret i Norsk Postmannslag, bibliotekar og landsmøtepresentant i Vestenfjeldske krets av Norsk Postmannslag i åra 1905-1917.

Kjelder og litteratur

  • Jacob Schøning: Norske posttjenestemenn 1903-47. Utg. Det Norske postmannslag, 1948.
  • Notat etter sonen Olav Bøe, privat eige.