Olav Thon (1923–2024)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Olav Thon (f. 1923)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Thon legg fram planane for handlestaden Strøget mellom Torggata 11 og Storgata 13 i Oslo.

Olav Thon (fødd 29. juni 1923 i Ål i Hallingdal, død 16. november 2024) var ein forretningsmann som i lang tid var ein av landets rikaste personar. Han åtte Olav Thon Gruppen, ei gruppe selskap som mellom anna består av eigedom, hotell og kjøpesenter. I 2013 overførte Thon mesteparten av formuen sin til Olav Thon Stiftelsen. Han var òg ein ihuga friluftsmann og æresmedlem i Den Norske Turistforening.

Familie

Foreldra hans var Sevat Thon (1880–1973) og Margit Dokk (1888–1980). I 1950 gifta han seg med Inger-Johanne Gjærum (1919–2018), og dei busette seg på Sollihøgda i Hole. Olav Thon kjøpte også morsgarden Dokk i Ål. Som enkjemann gifta han seg opp att med Sissel Berdal Haga (f. 1940).

Olav Thon var bornlaus.

Liv og verksemd

Hotel Bristol i Oslo (opprinneleg frå 1920) vart kjøpt av Olav Thon i 1974, som det fyrste av hotella hans. Her eit bilete frå 2011.
Foto: Stig Rune Pedersen

Han voks opp på fjellgarden Søndre Ton ved Vatsfjorden i Ål, som den yngste av fire sysken. Av utdanning har Thon folkehøgskule og handelsskulekurs, og han lærte seg engelsk på eiga hand.

Alt som 16-åring drog han til Oslo for å selge skinn, og to år seinare opna han sin fyrste pelsbutikk: Volvat PelsMajorstua.

I 1950 byrja han å investere i næringseigedom i Oslo-området. I 2020 åtte Olav Thon Gruppen om lag 500 næringseigedomar, og av desse var det 91 kjøpesenter. Utanfor Noreg hadde Thon eigedom fleire stader i Sverige (mellom anna i Charlottenberg), i Rotterdam og Brussel.

Hotelldrift var ein viktig del av forretningsverksemda til Thon. Det byrja med at han i 1974 kjøpte Hotel Bristol i Oslo. Hotellkjeden Rainbow Hotels (frå 2005: Thon Hotels) vart etablert i 1989. På 2000-talet kjøpte kjeden opp mange hotell i Noreg og fleire stader i Europa og vart eit av dei største hotellkonserna i landet.

Olav Thon døydde i 2024, 101 år gammal. Den 27. november vart han bisett frå Oslo domkirke.

Kjelder og litteratur

Thon Hotel EU er eitt av Thon-kjeden sine hotell i Brussel.
Foto: Stig Rune Pedersen (2016)

Vidare lesing


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.