Oluf Clausen Rosing (d. 1674)

Oluf Clausen Rosing (fødd etter 1625 i Brønnøy, død 1674 i Hitra) var prest.

Han var son av Claus Rasmussen Rosing og Birgitte Christensdatter Skanke, faren var sokneprest i Brønnøy prestegjeld. Det hadde også morfaren Christen Stensen Skanke og oldefaren Oluf Andersen vore.

Fødselsår er ikkje kjend, Mathisen skriv at han må vere fødd ca 1625.[1] Han hadde fem søsken, mellom dei Hans Rosing som vart biskop i Oslo bispedøme.

Han vart student ved Københavns Universitet i 1645, då kom han frå Trondheim katedralskole og vart innskriven som Olaus Claudius Rosingus.[2]

Han er fyrste gong nemnt som prest i Hitra prestegjeld i lensrekneskapet 1654 då han bygslar nokre øyer, han er også nemnt i 1657, 1661, 1664 og 1666.[2] Han fekk stadfesting som sokneprest i Hitra i 1771.[3]

Maren Hr Oluf Clausens er nemnt som fadder i 1667 og 1671.[2] Ingen born er kjende.

Oluf døydde i 1674, og broren Rasmus Clausen Rosing tok over som sokneprest i Hitra.[4]

Andreas Erlandsen, som ga ut biografiar om prestar i Throndhjems stift i 1844 og Tromsø stift i 1857 nemnar ikkje Oluf. I biografien om faren Claus Rasmussen Rosing er berre Hans og Rasmus nemnt som born.[5] I presterekka for Hitra oppgjev Erlandsen ein Niels Rosing som den som kjem før Rasmus Clausen Rosing og skriv at han var gift med Anna Nielsdatter Schjelderup som sidan var gift med Rasmus.[6] Det kan synast som om Erlandsen her har blanda saman Annas første mann Nils Pedersen og Oluf.

Referansar

  1. Mathisen (2016) s. 86
  2. 2,0 2,1 2,2 Dahl (2000) s. 193
  3. Norske kongebrev. Utg. Universitetsforlaget. Oslo. 1968. Digital versjonNettbiblioteket. s. 72
  4. Norske kongebrev. Utg. Universitetsforlaget. Oslo. 1968. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. Erlandsen (1857) s. 67
  6. Erlandsen (1844) s. 228

Kjelder


Artikkelen Oluf Clausen Rosing (d. 1674) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Det vil ofte være mer relevant informasjon i oppgitte kilder enn det som er gjengitt, og det kan finnes stoff i bygdebøker og lignende.