Rasmus Aarflot Riste

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Rasmus Persson Riste (f. 1886)»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Rasmus Aarflot Riste (1886–1968) frå Volda vart utdanna ved Statens Kunstakademi 1924 – 1925. Han oppheldt seg i Oslo og andre stader på Austlandet framover til ca. 1940. Då flytte han tilbake til Volda og levde der som malar resten av livet.

Bakgrunn

Han var son av lærar og gardbrukar Per Riste (1846–1930) og pressepioneren Synnøve Riste (1858–1889). Han var berre tre år gamal då mora døydde av barselfeber. Gjennom mora var han tipp-oldeborn av Sivert Aarflot.

Aarflot Riste vaks opp på Riste-garden i Volda. Garden var eit vanleg gardsbruk. Men den skilde seg ut frå gardar elles ved at den var sentrum for eit rikt kulturelt og akademisk liv. Rasmus var ein del av dette miljøet, men han tok ikkje sjølv noko utdanning som ung.

Rasmus Aarflot Riste: Rotsethornet, Volda. Olje
Foto: Narve F. Birkeland

Det er tatt vare på lite opplysningar om Rasmus Aarflot Riste som ung. Han var knytt til arbeid på garden, og i 1920 fekk han skøyte på ein liten plass under Riste-garden. Men han kom ikkje til å bu her sjølv før i 1946. Som det viste seg seinare, har han nok hatt tankar om eit liv som kunstnar. Det er diverre ikkje funne noko arbeid som dokumenterer at han har førebudd seg på ei slik utdanning.

Utdanning og tidleg karriere

I 1924 dukkar Aarflot Riste opp som elev ved Statens Kunstakademi i Oslo.

Kva som var grunnlaget for opptak ved akademiet, kjenner vi ikkje. Men det er kjent at han blei tatt opp, og at han hadde Christian Krohg som hovudlærar. Dette var Rasmus stolt over, og han fortalde seinare at Krohg meinte den nye eleven hadde særleg godt tak på portrett-teikning. Det heilt uvanlege hende så at denne ferske eleven alt i 1924 var representert på Statens Høstutstilling. Med eit portrett, blyantteikning. Det var bra høg terskel for å bli representert på Høstutstillinga. At Christian Krohg var formann i hovudkomiteen for utstillinga dette året, er truleg noko av forklaringa på denne tidlege debuten.

Studiet på Akademiet varde i to år, fram til 1925. Same året gjekk Krohg av som lærer, 72 år gammal. I sitt syn på kunsten var Krohg ein trugen naturalist til det siste, og hans kunstsyn har sikkert påvirka Aarflot Riste. Men denne stilen låg nok også best til rette for eleven. Rasmus Aarflot Riste var naturalist som elev, og i sine arbeid var han ein trugen naturalist livet ut.

I tida fram til omlag 1940 budde Aarflot Riste i Oslo og andre stader på Austlandet. Vi har lite kunnskap om denne tida også. Bare ei utsegn frå han sjølv om året etter Akademiet: « - - eg (levde) ein heil vinter i hovudstaden berre med kolteikning om kveldane og portrettmåling om dagane» (Sunnmøre Arbeideravis). Elles ser vi at han var representert ved Statens Høstutstilling i 1924, 1928 og 1934. Han dukkar også opp på Vestlandsutstilling i 1930. Aarflot Riste var altså aktiv som kunstnar desse åra, og han må ha hatt bra sal for å kunne livnære seg. Men ut over dette veit vi altså lite konkret om livet til Aarflot Riste framover til tidleg på 1940-talet. Det einaste er tittelen på bildet som var med på Høstutstillingen i 1928. Tittelen er Austlid, Gausdal. Truleg har Aarflot Riste i kortare eller lenger tid budd hos ei søster, som var busett i Gausdal

Rasmus Aarflot Riste: Portrett. Blyant
Foto: Narve F. Birkeland

Tilbake til Volda

Rasmus Aarflot Riste flytte omkring 1940 tilbake til heimbygda. Det var truleg vanskeleg å livnære seg som kunstnar i storbyen i krigsåra. I 1946 flytte han inn på plassen han hadde skøyte på, og her vart han buande livet ut. Bruket var såpass stort at han kunne fø ei ku. I tillegg dyrka han potet og kålrot, - såpass mykje at han hadde litt for sal. Men det var kunsten han levde av. Vi kan slå fast at Rasmus Aarflot Riste var den første i sin kommune som levde av å vere kunstnar. Han rigga seg til med eit stativ på sykkelen slik at han kunne montere eit staffeli. All maling av utandørs motiv malte han på staden. Derfor er det lite uvér i bilda hans. Og Rasmus Riste med sykkelen blei godt kjend i det nære område og endå vidare i distriktet.

Rasmus Aarflot Riste sin produksjon

I sitt eige miljø var Aarflot Riste mest kjend som ein lokal malar som malte lokale, kjende motiv. Men han hadde også ei anna side. Han deltok første gong på Statens Kunstutstilling i 1924. Seinare 4 gonger til, den siste i 1955. Seinare var Vestlandsutstillinga eit forum for å vise kva han sto for. Første gong i 1930. Seinare seks gonger til , den siste i 1963.

Rasmus Aarflot Riste: Portrett. Blyant
Foto: Narve F. Birkeland

Men Aarflot Riste sine bilde blir nok best hugsa av lokale kjøparar. Det var mange av dei, elles kunne det ikkje vere eit levebrød. Bilda hans viste oftast kjende motiv innanfor eit nokså nært område. Illustrasjonen «Rotsethornet» kan vere eit godt døme på dette. Men bilda hans viser at han også farta vidare og malte ein del i andre deler av landet. Motiva er nok ofte valde med tanke på at dei kunne vere interessante for kjøparar. Men dei er ikkje lettvinte. Han seier sjølv at han «- - harmast på slike - - som målar 24 bilete i månaden» (Sunnmørsposten). Avisa legg til for eiga rekning: "Denne kunstnaren gjer det so viss ikkje i lettkjøpte skisser. Difor er og bilæta hans faste og målmedvitent arbeid». Landskapsbilde dominerer i produksjonen hans. Men han laga også

portrett, - slik illustrasjonane viser. Og når det ikkje var ver for å male ute, malte han både interiør, stilleben og blomster.

Rasmus Aarflot Riste blei nok i si samtid sett på som ein s typisk «heimstadmalar». Hans bilde vart eit innslag av kunst i svært mange heimar, -også hos mange som elles ikkje var kunstkjøparar. På denne måten var han med på prege si samtid i regionen, endå om det ikkje blei lagt så mykje vekt på innsatsen hans i fora med større prestisje.

Kjelder og litteratur.

Aviser:

  • Møre
  • Sunnmøre Arbeideravis
  • Sunnmørsposten

Litteratur:

  • Kjelland, Arnfinn (hovudred.): Busetnadssoga for Volda, band 4a, Volda 2012
  • Norsk Kunstnerleksikon. Oslo 1982-1986
  • Statens Høstutstilling: Utstillingskatalogar
  • Aarviknes, Per: Voldasoga 2. Volda 1971

Samtale med:

  • Randi Lied (1928)
  • Magne Reite (1943)
  • Fleire andre som kjende Aarflot Riste

Andre kjelder:


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Rasmus Aarflot Riste er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.