Risøya (Kvinesdal gnr. 174)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Risøyne
Alt. namn: Risøen (1886)
Sokn: Fjotland
Fylke: Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 174
Ant. bruksnr.: 12 (2018)

Risøya er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Han har i dag gardsnummer 174, og hadde tidlegare gnr. 5 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 176 og gamalt matrikkelnummer 387.


Geografi

Risøya har kome frå Nedre Kvinlog og grensar dit frå Kvina ved Gaukesteinen og over heia til skiftet med Spikkeland og Øvre Kvinlog. Langs med Kvina går skiftet med Engedal, som har mark tvers ovanfor Risøya på Risøymonen.

Risøya er ei øy i Kvina. Kvinas hovudløp går på austsida gjennom Trollfossen, medan det mindre flaumvassløpet, Risøykvitla, i vest møter Kvednebekkjen ovanfor garden og renn over gardsmarka og ut i Kvina. Dette vassløpet, som hadde større vassføring før reguleringa av Kvina, har danna eit lite delta som utgjer storparten av innmarka på Risøya. Utløpet går ut i ei evje, som mellom anna har gitt namnet til ein av dei nærliggande jordteigane, Einaevja.


Gardsnamnet

Forstavinga; Ris- tyder gjerne eit kratt eller ein kvisthaug, og Oluf Rygh har i sitt verk «Norske Gaardnavne» tolka stavinga slik. Ei anna tyding kan vera «kjempe» som i rise, men denne meininga finn ein sjeldan i namnebruk. –øya viser til landskapsforma (øy) som ein finn mellom Kvina sine to vassløp.

Offisiell skrivemåte hjå Kartverket er Risøya, men lokal uttale og tradisjon er Risøyne (Fjotland) eller Risøyna (Kvinesdal). Denne forma er ei rest frå norrønt formverk, ey + etterhengt bunde artikkel i akkusativ – ina (ey-ina – øyna)

Fleire av de som har etternamn etter garden nyttar den fordanska forma Risøen.

Namn i innmark og utmark

Oliver Risøen samla inn mange fine namn under innsamlinga skuleborn gjorde i 1932. Heime på garden fann han åkrar som Storegrå, Bakkåreina, Krogågren og Upsan. I utmarka finn ein Bjødneknuden, Bastedalen, Vonehommen og Stigetjødnan. I slåttemarka og nære stølen er stadnamn som Ormhom, Radeslåtten og Ronneknuden.

Gardsbeskrivingar/Livsgrunnlag

Mykje tyder på at Risøya har vore rydda tidleg, men blei øydelagd under krisetida i seinmiddelalderen.

Garden blei rydda opp att i 1640-åra. I 1660-åra dyrka dei 1 ¼ tønne korn, medan dei hadde fire kyr og seks sauer eller geiter, ei flaumkvern og skog til brensle, men dette var framleis tidleg i nyryddingstida. Fram mot 1723 auka dyrkinga til 3 tønner, medan krøtterhaldet auka noko. Her blei garden beskrive som «tungvunden» med skog til brensle, husbruk og noko for sal. Det var likevel først på 1800-talet det blei fart i landbruket. Nå, i 1865, hadde dei teke opp stor dyrking av jordepledyrking (9 ½ t) og nesten dobla dyrkinga av korn. Talet på småfe hadde nesten tidobla seg sidan 1660-talet.

1665 1723 1865 1939
Korn 1 ¼ t 3 t 5 ½ t
Jordeple - - 9 ½ t
Hestar
Storfe 4 6 12
Småfe 6 10 53

Sjølv om dyrkinga var stor, var dei blitt mange folk på Risøya midt på 1800-talet. I 1801 var dei berre fire personar her, medan i 1865 hadde talet auka til tjue personar. Dette var i ei periode då den store folkevandringa over Atlanterhavet var i gang, og mange frå Risøya reiste til Amerika. Dei reiste frå små hus og hytter i tronge kår til ei ny byrjing. Men for mange blei det ikkje velstand, men meir slit og tunge bører.

I 1723 talde kommisjonen som gjekk rundt på gardane, ei flaumkvern. Ein ser tydelege spor etter kvernbruket i namn i marka; ein har Kvedneknabben, Kvednebekkjen og vegen Kvedneklubben.

Flaumen kunne og gjera skade. «Een ved Gaarden rindende Elv giør – naar den er Stor – betydelig Skade paa Ager og Eng» slo matrikkelkommisjonen fast i 1802.

Folketal

Kor mange bebuarar (M: Berre vaksne menn)

1665 1765 1801 1865 1900 1920
1M 4 20 28

Kulturminne

Fysiske spor etter kvernbruket finn ein i dalen sørvest for garden. I Stemdalen er restar etter ein dam og litt lenger ned eit kvernbruk. Ei undersøking i 2002 viste at restane etter kverna på Risøya ikkje låg i Kvednebekkjen, men i bekken frå Stemtjødna til Nedre Kvinlog. Øvst i dalen ligg også Risøynstølen. Over Risøykvitla blei det støypt ei bru omkring 1930. Vaierane kom frå den nedlagde taubanen til vaskeriet på Knaben gruver.

Matrikkel

1639 1661 1723 1802 1838 1886 1950 2019
Nr - - 151 387 176 5 5 174
skyld 3 ksk. ½ h. 6 eng 1d 2 ort 14 sk. 225 mark -
Tal på bruk 1* 1* 1 1 3 14 11

*tal på oppsitjarar

Eigedomsforhold

Risøya har vore i bondeeige sidan garden blei rydda siste gong på 1640-talet. I skattematrikkelen i 1647 møter me Sigbjørn som eigar og brukar av garden.

Garden var ei brukseining fram til om lag 1825, då den blei delt i to bruk. Nokre år seinare kom det nok eit bruk. Skylddelinga blei gjord i 1851 og tinglesen året etter. I 1903 blei Liægre utskild som bruk nr. 5 og 6. I 1929 blei bruk 1 og 2 samla att.

Bruk og eigedomar

Bnr. Bruksnamn Type eigedom Utskild frå Matrikulert Løpenr. (før 1886) Skyld 1950 Eigar 1886 Eigar 1950
1 Risøen 653a1 0 mark 39 øre Nils Tronsen Sigbjørn E. Mydland
2 Risøen Landbruk/utmark bruk 1 1852 653a2b2, a3, b3 0 mark 80 øre Nils Tronsen Jenny Thelmine Olsdatter Risøen (senere Stakkeland)(1923)
3 Risøen Landbruk/seter bruk 2 1852 653b1 1 mark 12 øre Tore Olsen Sigbj. E. Mydland og Ole T. Hamar
5/6 Liægre og Stemsdalen Tidl. landbruk bruk 2 1903 0 mark 15 øre Ole V. Stokkeland

Folket på Risøya

Øyne, den udelte garden

  • Sigbjørn Tormodsson (1612-)
  • Ingeborg Torusdotter Gyland (-1692)

Sigbjørn er nemnd på Risøya frå 1647-1651. Etter dette kom dei til Helle. Sjå meir om familien der.

-

  • Olav Larsson (1608- n. 1664)
  • Siri (n. 1686)
    • Gjøa (-1695) ugift.
    • Ingeborg (d. før 1695) g. m. Ånen Salvesson Dugan (d. 1746) Sjå Dugan
    • Helge (1634-n. 1701) g. m. Gro Toresdotter Øvre Kvinlog. Sjå Øvre Kvinlog
    • Dorte (n. 1695) Sjå nedanfor

Olav var son av Lars Eielsson frå Øvre Kvinlog, men var sjølv fødd på Urdal i Gyland. Denne familien hadde eigarparter i mange eigedomar; Homme i Gyland, Skjekkeland, Espeland i Hægebostad og i Øvre Kvinlog. Olav kom til Risøya frå Urdal i 1651. Han var halvbroren til Ingeborg som er nemnd ovanfor. Kor Siri kom i frå veit ein ikkje.

-

  • Dorte Olsdotter (n. 1701)
  • Knut Øyusson Homme (d. 1701)
    • Olav (f. før 1666- d. før 1722) g. m. Ingeborg Tronsdotter Nedre Kvinlog (d. f. 1741). Sjå Homme
    • Astrid (n. 1701) Sjå nedanfor
    • Gunvor (d. 1741) g. m. Karl Osmundsson Nedre Kvinlog (1688-1730). Gunvor budde det siste med søstera Ingeborg på Nedre Kvinlog. Sjå Nedre Kvinlog.[1]
    • Helga (1670-) g. 1. g. m. Ole Torjusson Audalstøl (1670-d. før 1726) g. 2. g. 1726 m. Eiel Kittelsson Audalstøl (n.1741). Sjå Audalstøl
    • Ingeborg (-1737) g. 1722 m. Reidar Reidarsson Nedre Kvinlog (1695-1750). Sjå Nedre Kvinlog

-

  • Astrid Knutsdotter (n. 1698-n. 1727)
  • Olav Atlaksson (n. 1698-n. 1727)
    • Trond (1698-) g. 1718 m. Berte Bjørnsdotter Hamre (n. 1718)
    • Knut (1705-)
    • Aase (1709-)
    • Dorte (1715-)
    • Atlak (1722-)
    • Astrid (1724-)
    • Astrid (1727-)
    • Olav (n. 1768-d. 1783)* g. m. Asgerd Atlaksdotter frå Midt Røynestad (1731-n. 1783) Sjå Rafosshei

*I Fjotland Gards og ættesoge blir Olav Olsen Risøy plassert i denne syskenflokken. Det kan stemma. Olav var verge for Asgerds dotter Joren ved hennes fyrste manns skifte. Levetida hans passar også til at han kan ha vore Astrid og Olavs son.[2]

Det er usikkert kor Olav kom i frå. Ein veit heller ikkje mykje om barna. Dei kan ha dødd som unge eller familien kan ha flytta ut av bygda. Astrid og Olav forsvinn uansett frå Risøya og nokre år etter er eit nytt par på Risøya.

-

  • Hans Bergesson (n. 1733-1747)
  • g. 1733 med Kari Vermundsdotter Helle (n. 1733)
    • Adlaug (1733-1811) g. 1. g. 1770 m. Olav Ellingsson Urdal (1722-d. før 1782) g. 2. g. 1782 m. Tollak Andresson Nedland i Gyland (1731-1813) Til Gyland
    • Barbro (1735-) g. 1767 m. Olav Karlsson Nedre Kvinlog (1735-) Til Nedre Kvinlog før dei for til Bryne i Vanse i 1790 som husmannsfolk på plassen Klokkersedet.[3] Begge var i live i 1801. Sjå også Nedre Kvinlog
    • Kari (1737-)
    • Helga (1739-1793) g. 1783 m. Olav Håversen Bjåstøl (1760-1828). Sjå Bjåstøl
    • Gunvor (1741-1806) g. 1777 m. Ivar Ånensen Bjåstøl (1754-1825). Sjå Solbergstøl
    • Berge (1743-1805) g. 1766 m. Torborg Osmundsdotter Versland (1722-1800) Sjå Årstøl

Hans var frå Bergesli og kjøpte garden i 1739. Alle barna blei fødd her før familien flytte til Helle i 1751.

-

  • Anna Andresdotter (1711-1787) frå Spikkeland og Borhommen  
  • g1. med Tore Asbjørnsson Espetveit i Bakke (1698-d. før 1739)
    • Andres (1732-)
    • Asbjørn (1734-1792) Sjå nedanfor
  • g2. 1739 med Olav Oddsson Farhommen i Eiken (1714-1788)
    • Dorte (1739-1785) g. 1782 m. Øyu Olsson Eikhom i Gyland (1751-1815) Til Gyland
    • Gjøa (1743-1800) g. 1772 m. Karl Vermundsson Galdal (1747-n. 1801) Dei var på Risøya i 1773. Sjå elles Galdal
    • Andres (1748-1801) g. 1779 m. Åsa Ingvorsdotter Nedre Kvinlog (1756-1828) Dei var på Risøya i frå 1784 til 1790. Då kjøpte dei jord på og flytta til Nedre Kvinlog. Dei hadde inga born. Sjå elles Nedre Kvinlog
    • Odd (1751-)

Anna var dotter av Andres Eivindsson Spikkeland. Ho var fødd på Spikkeland, men vaks opp i Borhommen. Då ho gifta seg med Olav Oddsson i 1739 flytta dei til Farhommen i Eiken der dei tre første borna blei fødd. Dei kom tilbake til Risøya i 1751. Fleire av borna budde her til tider med sine ektefeller og born før dei stifta eige bu. Anna og Olav gav opp buet i 1777 og sonen Andres overtok, men dei var nok på Risøya til dei døydde begge to. Andres selde garden vidare i 1790 til Anna og Olavs barnebarn Tore. Før det var sonen Asbjørn innom ei kort tid.

-

  • Asbjørn Toresson (1734-1792)
  • g. 1767 med Ingeborg Torgrimsdotter Seland (1737-1803)
    • Tore (1762-1820) Sjå nedanfor
    • Torgrim (1764-1797)
    • Tollak (1767-1799)
    • Andres (1771-1855) g. 1. g. 1798 m. Åseline Larsdotter Mygland (1778-1800), g. 2. g. 1801 m. Anna Larsdotter Røyland (1776-1862). Sjå Mygland
    • Torgrim (1771-1798) g. m. Berta Karina Ariansdotter Herigstad (1765-1841). Til Øvre Haugland i Time[4]
    • Anna (1775-1835) g. 1796 m. Olav Josson Eikeland (1768-1842) Sjå Eikeland
    • Nils (1778-1778)

Asbjørn og Ingeborg budde kort tid på Risøya før dei flytta til Seland. Der var dei heller ikkje lenge og dei flytta mykje rundt i Fjotland. Derfor er dei nemnd her, sjølv om berre Tore er fødd på Risøya.

-

  • Tore Asbjørnsson Risøyne (1762-1820)
  • g. 1799 med Ingeborg Olsdotter Knaben (1773-1855)
    • Ingeborg (1800-1876) g. 1. g. 1825 m. Johannes Larsson Timli i Gyland (1800-) Johannes var kjend som falskmyntnar og tjuv. (Sjå Gyland 1 s. 282) g. 2. g. 1860 m. Gjert Jochum Henrik Himberg Sandvand (1796-1877) Hattemakar. Til Gyland
    • Asgerd (1803-) g. 1822 m. Anders Hoskuldsson Engedal (1793). Til USA 1871. Sjå Engedal
    • Aksel (1808-1890) Sjå nedanfor
    • Ole (1810-1881) g. 1841 m. Ingeborg Persdotter Solli (1819-1881) Sjå bruk 3

Tore var rosemålar. Han kjøpte garden 1790.

-

  • Aksel Toresson (1808-1890)  
  • g1. 1840 med Anna Vermundsdotter Øvre Kvinlog (1819-1846)
    • Tore (1841-) Sjå nedanfor (bruk 1)
    • Ingeborg (1843-1863) drukna i Osphomfossen.[5]
  • g2. 1852 med Ragnhild Diriksdotter Tveiten (1814-1872)
    • Dirik Elias (1853-n. 1926) g. m. Gurine Ellingsdotter Laxesvale frå Bjerkreim. Han var først jernbanearbeidar og steinhoggar før han blei politi- og brannkonstabel i Stavanger og Egersund.

Aksel pantsette først garden til Tore Pålsson Kvinlog i 1846. Deretter delte han opp og skilde ut to nye gardpartar. Ein til broren Ole, det seinare bruk 3, og ein part til svogeren Olav Hoskuldsson Engedal. I praksis hadde nok garden hatt fleire delar i lang tid.

-

Øyne

Lnr. 653/bnr. 1

Matrikulert i 1851

Tore Akselsson (1841-) g. 1869 m. Anne Malena Tønnesdotter Stakkeland (1838-). Dei budde ei kort stund på Risøya før dei flytta til Stakkeland rundt 1870, les meir om dei der. Garden hadde lenge vore på veg ut av familien og faren, Aksel, hadde panta bort Risøya til Tore Pålson Kvinlog. I 1867 hadde Andreas Tronsson Spikkeland kjøpt Risøya for 300 speciedaler og selde vidare til broren Nils for ein tredel av prisen. Andreas kjøpte også bruk 2. Heile familien, Andreas, Nils og gamlefaren Tron flytta til Risøya frå Spikkeland. Nils stifta etter kvart eigen familie saman med Kari Ivarsdotter her.

-

  • Nils Tronsson (1840-1925)
  • g. 1883 med Kari Tonetta Ivarsdotter Øvre Kvinlog (1851-1902)*
    • Tønnes (1884-1961)
    • Tøri Malene (1885-1974) g. 1918  m. Oskar Abel Johansen Torp (1875-1922) frå Borge i Østfold. Han var vegarbeidar og blei ofte kalla «Oskar Pukk». Sjå Lindeland
    • Johannes (1888-) Til USA
    • Johan (1890-) Jernbanearbeidar i 1910. Til USA
    • Ingrid (1892-) Til Stavanger

*Mange av opplysningane om denne familien er henta frå Kvenåsen krets s. 241

I 1900 var familien og broren Andreas på Stakkeland. Familien flytta vidare til Lindeland.

-

  • Sigbjørn Eriksen Mydland (1846-1936)
  • Anna Persdotter (1863-1934)
    • Sine (1897-) g. m. Ingolv Underland frå Haukeland utanfor Bergen (1905-1970) Til Brooklyn, USA
    • Erik (1900-) Til USA 1928. Angjeven destinasjon var Michigan
    • Peder Johan (1906-) Til USA i 1925. Han reiste på grunn av «liten arb. fortjeneste»

Sine blei fødd medan Annas ektemann Olav var i USA, og hadde vore det i fleire år. Anna og Olav blei så skilt. Sjå meir om dei på Nedre Kvinlog. Anna gifta seg opp att med barnefaren Sigbjørn året etter i 1898 og dei flytta til Risøya. I 1906 kjøpte Sigbjørn dette og bruk nr. 2, og slo dei saman i 1929. Sigbjørn og Anna flytta til Liknes kor dei dreiv «bevertning» i 1920-åra. Dei var dei siste som budde her. Alle borna reiste til USA. Erik overtok garden, men selde i 1935 til Jenny T. Risøen.

-

  • Jenny Thelmine Risøen (1908-1995)
  • g. 1946 m. Johan Vilhelmsen Stakkeland (1893-1969) Sjå bruk 3 og Stakkeland.

Jenny var fødd i USA, men familien kom til Risøya (bnr. 3) i 1917. Jenny selde til broren Oliver i 1964.

-

  • Oliver Risøen (1920-1981)

Oliver var barnefødd på Risøy. Det finst eit flott minne etter Oliver. Som 13-åring samla han inn stadnamn på Risøya som ein del av ei nasjonal innsamling av namn, som vart utført av skoleborn. Fleire av namna er nemnd i teksten ovanfor. Oliver budde ikkje på Risøya som vaksen. Han var i USA og kom til Kvinlog i 1974. Her budde han litt hos søstera Jenny på Solheim (bruk 51). Dei siste åra leigde han i andre etasjen på Oddheim (bruk 37) i Kvinlog sentrum.

-

Bruk 2

Matrikulert i 1851

  • Olav Hoskuldsson frå Engedal (1797-1858)
  • g. 1816 med Randi Bjørnsdotter Valdro (1790-)
    • Olena (1815-) g. 1849 m. Sivert Ånensson Kleppe (1805-1895) Til Bakke og Hidra
    • Ingeborg (1817-1827)
    • Asgerd (1821-1822)
    • Asgerd (1823-1825)
    • Søren (1825-) Sjå nedanfor
    • Ingeborg (1828-1909) g. 1858 m. Tobias Torjusson Birkelandsstrand (1818-1896) Sjå Lindland
    • Bernt Andreas (1832-1915) Sjå Engedal

Dei var først i Farhommen i Eiken, kom til Netland, men enda opp på Risøya omkring 1828. I 1851 fekk dei skild ut eige bruk. Eldste sonen Søren overtok.

-

  • Søren Olsson (1825-)
  • Anna Olena Olsdotter Krossnes i Avaldsnes (1829-)[6]
    • Olav (1852-)
    • Reinert Johan (1853-)
    • Andreas (1855-)
    • Ida Regine (1858-)
    • Martin (1860-)

Familien reiste til Canada i 1861. Dei selte til Andreas Spikkeland, som seinare kjøpte bruk 1 og slo dei saman att.

-

  • Jakob Børelsson Øvre Kvinlog (1833-1913)
  • g1. 1853 med Joren Tønnesdotter Stakkeland (1834-1855)
    • Ingrid (1855-1855) Ingrid blei eit halvt år gammal. Ho døydde tre månader etter mora
  • g2. 1857 med Ingeborg Tønnesdotter Stakkeland (1831-1909)
    • Inger Tonetta (1858-1949) g. m. Aslak Aslaksson Landsverk i Gjøvdal (1858-1920) Inger Tonetta skal ha vore barnevandrar. Til Raudåna i Åmli
    • Børel (1860-1939) g. m. Anne Bertine Ivarsdotter Øvre Kvinlaug (1855-1919) Sjå Nedre Kvinlog.  
    • Tønnes Johan (1862-1931) g. 1895 m. Kari Tonetta Toresdotter Stakkeland (1872-1961) Sjå Øvre Kvinlog
    • Martin (1864-1950) g. 1. g. 1885 m. Kari Nilsdotter Helle (1844-1911) g. 2. g. 1912 m. Ingrid Torsdotter Bjørkelid (1880-1938). Sjå Helle

Jakob og familien kom til Risøya omkring 1860. Dei leigde dette bruket. I 1865 hadde dei broren til Ingeborg, Hans, og kona Dorte, buande hos seg, i tillegg til Kari Jonsdotter som var i teneste. I 1891 var familien på Øvre Kvinlog att. Då hadde dei ein «fattiggutt» hos seg; Karl Oskar Olsen frå Herad. Han hadde forsorg frå fattigvesenet. I 1900 budde Jakob og Ingeborg hjå sonen Martin på Helle.

Bruk 1 og 2 blei slått saman i 1929.

-

Bnr. 3

  • Olav Toresson Risøy (1810-1881)
  • g. 1841 med Ingeborg Persdotter Solli (1819-1881)
    • Ingeborg (1842-1904) g. 1867 m. Per Elias Toresson Stakkeland (1846-1917) Sjå Nedre Stakkeland
    • Tore (1843-1920) Sjå nedanfor
    • Ingrid (1845-d. e. 1923) g. 1871 m. Per Andreas Jørgensson Narvestad (1843-1921) Til Eigeland på Lista.
    • Per (1848-1849)
    • Anna Bertine (1850-1880) g. 1878 m. Tønnes Johannesson Fedog i Gyland (1849-1924) Sjå Stakkeland
    • Anne Tonetta (Antonetta) (1852-) g. 1880 m. Per Andreas Tostensson Engedal (1854-)
    • Per (1855-n. 1887)
    • Ole Johan (1857-n. 1878)
    • Tønnes Andreas (1860-)
    • Ida Lovise (1862-1942) g. 1907 m. Olav Jakobsson Kvinlog (1860-1931) Sjå Nedre Kvinlog

Tore og Ingeborg selde bruket for 100 speciedaler og folge til sonen Tore i 1874.

-

  • Tore Olsen (1843-1920)
  • g. 1871 med Joren Torjesdotter Røynebu (1847-1914)
    • Olav (1874-)
    • Ingeborg (1876-1956) Sjå nedanfor
    • Siri (1879-1946) g. 1907 m. Per Andreas Jensson Vatne (1881-1957) Til Eiken
    • Teoline (1881-1931) Døydde av turberkulose
    • Torje (1884-1958) g. 1914 m. Petra Massdotter Netland (1891-1978) Sjå Netland
    • Per (1886-1969) g. 1908 m. Inger Sofie Jakobsdotter Nedre Kvinlog (1877-1953) Sjå Nedre Kvinlog
    • Inger Tonetta (1889-1947) g. 1911 m Osu Olsson Vatne (1888-1986) Til Eiken
    • Anne Tonetta (1893-1968) g. 1919 m. Johannes Thoresen Rygh (1896-1982) Til Gyland

-

  • Ingeborg Toresdotter (1876-1956)
  • Olav Torgrimsson Hamar i Gyland (1876-1961)
    • Trygve (1906-1907)
    • Jenny Thelmine (1908-1995) g. 1946 m. Johan Vilhelmsen Stakkeland (1893-1969) Sjå bruk 1 og Stakkeland .
    • Trygve Teodor (1917-1987) g. 1961 m. Marit Berge (1935-2006) frå Hermansverk i Sogn. Til Oslo.
    • Oliver (1920-1981) Sjå bruk 1

Ingeborg og Olav bygde hus på Kvinlog Solheim (bruk 51) i 1949, og var dei siste som budde på dette bruket.

-

Bnr. 5/6 Liægrå

Skilt ut i frå bruk 1 og 2

  • Jo Tønnessen Stakkeland (1845-1932)
  • g. 1873 med Antonetta Øysdotter Fjotland (1844-1879)

Familien kom i frå Kvigenes under Fjotland. Resten av familien er nemnd der. Jo fekk skilt ut heieslåtta Steinsdalen frå bruk 1 og Liægrå på sørvestsida av «øyne» i 1900. Jo hadde vore enkemann i lang tid, og det var i praksis sonen som skulle drive garden. Faren er nemnd som «arbeidsmand» i folketeljinga 1900. Tønnes tinglyste kjøpet av garden frå faren i 1906.

-

  • Tønnes Andreas Josson (1876-1921)
  • g. 1899 med Inger Tonette Olavsdotter Tjørnhom (1866-)
    • Johan (1900-1953) g. 1935 m. Grethe Oline Oftedal (1897-1968) Til Oftedal i Sirdal
    • Anne Sofie (1903-1985) g. 1932 m. Olav Abrahamsen Skagen. Til Lista
    • Tonette (1907-)

Sonen Johan overtok garden då faren døydde i 1921, men flytta sjølv til Oftedal. Johan selde i 1937 til Olav Henriksen (1890-1959), men det ser ikkje ut som om han flytta hit. Les meir om familien hans på Lindefjell.  

Olav Vilhelmsen Stakkeland kjøpte Liægrå i 1945. Dei budde der om sommaren og var i Hagen om vinteren. Sjå under Hagen under Stakkeland. Dei selde vidare i 1955 til Tonette og Ingemar Skjærstad som òg budde i Hagen. Dottera til Tonette, Solveig, budde der med familien i nokre år.

-

  • Solveig Skjærstad (1918-2001) frå Marnardal
  • Per Skoglund (1916-2002) frå Nes på Hedemarken
    • Fem born

Dei budde der i to år. Borna gjekk på skule på Kvinlog, dei måtte ro over Kvina og gå om Engedal til Kvinlog. Nokre gonger var det heilt umogleg og komme over. Då gjekk dei ein smal sti til Hagen, og så til Kvinlog. I 1957 flytta dei til Espetveit i Bakke. I 1959 var dei tilbake nokre månader før dei flytta til Marnardal.

Med det slutta fast busetting på dette bruket, som i 2020 er det einaste av bruka på Risøya der huset står att.  

-

1037 Kvinesdal komm.png Risøya (Kvinesdal gnr. 174) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.

 

Litteratur og kjelder

Referansar

  1. Jerstad, Johan: Fjotland lesebok, Kvinesdal herad, 1964, Digital versjonNettbiblioteket, s. 370
  2. Jerstad, Johan & Veggeland, Tor, Gards- og ættesoge : Fjotland, 1979, Digital versjonNettbiblioteket, s. 389
  3. Rudfjord, Kåre: Listaboka II, Gard og folk, Farsund kommune, 1981, Digital versjonNettbiblioteket, s. 523
  4. Lindanger, Birger: Time : gard og ætt II, Time kommune, 2006, s. 332
  5. Jerstad, Johan & Veggeland, Tor, Gards- og ættesoge : Fjotland, 1979, Digital versjonNettbiblioteket, s. 390
  6. Lillehammer, Arnvid: Bygdebok for Karmøy 2. Utg. Bygdebokutvalget. Åkrehamn. 1993. Digital versjonNettbiblioteket, s. 114