Risnes (Kvinesdal gnr. 190)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Risnes
Risnesflyfoto.jpg
Sokn: Fjotland
Fylke: Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 190
Type: Matrikkelgard

Risnes er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Garden har i dag gardsnummer 190.

Geografi

Der Knabeåne renn inn i Storeåne ligg eit nes, Risnes. Her vidar dalen seg ut eit lite stykke og i opninga har elvane lagt frå seg næringsrike avsetningar frå fjella rundt i tusenvis av år. Innmarka med våningshusa ligg spreidd utover elvesletta eller neset på vestsida av Storeåne.

Gardsvaldet er tydeleg avgrensa i aust mot soknegrensa til Tonstad i Sirdal kommune, medan vestgrensa følgjer Storeåne frå Homsbekken i sør til det nordlege utløpet av Geithombekken. På austsida av elva eig Knaben, sett bort ifrå Smisnes heilt i sør, som ligg under Netlandsnes. Frå utløpet av Geithombekken går skiftet med Homstøl i vest-nordvestleg retning til kommunegrensa. I sør skifter Risnes med Netland frå Homsbekken opp til Buheii, og midtheis strakt vestover til Tonstad. På Tonstadsida skifter Risnes med Tonstad, Josdal og Neset.

Gardsnamnet

Risnes består av to stavingar, ris- og –nes. Andrelekken –nes viser ganske openbert til neset som har danna seg mellom dei to vassdraga som møtest ved Risnes. Førstelekken ris- kan ha fleire tydingar, men vil helst vera knytt til ein karakteristikk av neset. Namnegranskaren Oluf Rygh har foreslått ris, som i kratt, småvokst skog. Dette lyder som ei rimeleg tyding. Same tydinga finn ein i Risøya litt lengre sør i Vesterdalen. Elles er Risa eit elvenamn som har vore mykje i bruk andre stader. Det kan vera eit gamalt namn på Knabeåne, og tyder elva som stiger fort; «reisa».(kvinesdalsdialekten: risa, eller risa opp) Det kan derfor òg vera snakk om tydinga «neset ved elva som stig fort».

Risnes er eit naturnamn som i liten grad indikerer når garden kan ha vore rydda.

Gardsbeskrivingar og livsgrunnlag

I den første matrikkelen som gav ei beskriving av garden, den frå 1665, får me vita at dei i Risnes hadde ei bekkekvern, og at dei hadde skog til husbruk og brensel. I 1723 blei det også nemnt at det var ein «liten seterstøl ved gården». Risnes hadde mykje utmark og det er fleire støler knytte til garden; Dyrlistølen, Ausdalstølen og Leidestølen. I 1658 ble det nemnt ein støl ved Falkefjell.

I 1723 blei garden beskriven som «tungvunden», men jorda skal ha vore god og garden var ein «Landgård i solli». I hundreåret etter, og utover 1800-talet, auka jordbruket og husdyrhaldet. I Risnes dyrka dei anslagsvis fire og ei halv tønne i 1723, medan alt i 1802 var volumet dobla til 9 tønner. Foldtalet var anslått til fire, noko som gjev ei avling på om lag 36 tønner. Dette talet var lågare enn tal for gardane lenger sør i Fjotland, men med ei lokalisering på 350 meter over havet hadde dei ein kortare vekstsesong enn lenger sør. I 1802-matrikkelen blei da også garden definert som heiegard.

Vekstforholda definerte også kva ein kunne så. I 1835 var 10 av i underkant 12 tønner korn som blei sådd, havre. I tillegg var det noko bygg og noko blandkorn. Fare for frost og kort vekstsesong førte til at mange heiegarder gjekk over til å dyrke jordeple då den blei tilgjengeleg på slutninga av 1700-talet. Så også i Risnes. Første halvdel av 1800-talet blei det satsa hardt på jordeple. Frå fire tønner i 1802 blei produksjonen meir enn femdobla fram til 1865, då dei dyrka 21 tønner. Då var dyrking av jordeple større i volum enn korndyrkinga. Dette samstundes som at korndyrkinga også auka kraftig.

Jordbruk og husdyrhald

Heile Europa gjennomgjekk ein kraftig folkeauke på 1800-talet, noko som var ein konsekvens av, og på same tid, førte til ei teknologisk utvikling i jordbruket. Blant anna blei den moderne plogen – funnen opp omkring 1760 – tatt i bruk over store delar av kontinentet. Med plogen kunne ein pløya opp grasmark og med det driva meir effektivt jordskifte mellom åker og eng. Endringa i produksjonsform ser ein ganske klare spor etter i Risnes i denne perioden. I tillegg til den massive auken i både jordeple- og korndyrking, og at folketalet blei nesten dobla frå 1801 til 1865, så ser ein ei endring i husdyrhaldet. Frå å ha ein hest i 1723 og 1802, hadde dei i 1865 seks hestar (fire i 1835).  For å driva plogdrift måtte ein ha hest og ein hadde ikkje hest for moro skuld. Det er og ein stor auke i krøtterhaldet i Risnes i perioden.

1665 1723 1865 1939
Korn 2 t 4 1/2 t 19 5/8 t
Poteter 21 t
Hestar 1 6
Storfe 4 6 30
Småfe 6 18 142

Kor mange bebuarar (M: Berre vaksne menn)

1665 1769 1801 1865 1900 1920
3M 25 46 32

Kulturminne

Utskiftingskart frå 1886

Det er ikkje registrert så mange kulturminne frå innmarka i Risnes. Det har blitt gjort årringsdatering av gamlahuset på bruk 5, som viser at huset blei reist i 1852

Hengebrua i stål over Kvina ved Risnes på fylkesveg 465 blei bygd i 1934. Brua har eit spenn på 61 meter. Stålbruer blei ganske vanlege i mellomkrigstida då prisen på stål fall kraftig, og brua er slik eit tidstypisk eksempel.

I utmarka til Risnes finst fleire kulturminne. Dei fleste er knytte til støls- og heiedrift, og nokre går tilbake til steinalder og tida før menneska blei fast busette.

Johan Jerstad nemner eit par slåttenamn i boka si – Østensædet og Værdingsland – som kan ha vore gamle øydegarder som ikkje blei tatt opp igjen.

Eigedomsforhold

Kolbein Guttormsen på Josdal i Tonstad sokn kjøpte Risnes og Netland i 1508. Ein dom av 1682, som  siterer eit kjøpebrev frå 1541, fortel at sonen Gunnleif betalte siste avdrag på kjøpet til futen Niels Jenssøn på Feda i 1541. Avdraget var på eit laup smør (ca. 15 kg) og to elghuder.

Ei misforståing som har fått eit visst fotfeste er at Kolbein kjøpte garden av futen Niels Jenssøn på Feda, men Niels blei ikkje innsett som fut før tidlegast på 1530-talet. Han var nok berre barnet i 1508. Det ein derimot kan seia er, at sidan futen, som hadde ansvaret for å forvalta lensherrens og kongsmaktas eigedomar, fekk siste avdraget, var truleg Risnes og Netland kron- eller kyrkjegods. Dei kan ha vore opphaveleg krongods eller eit pant som ble overdratt kongsmakta frå kyrkja i forbindelse med reformasjonen. I samband med reformasjonen, som gjekk føre seg i Noreg siste halvdel av 1530-talet, blei store godssamlingar overførte frå kyrkja til kongen. Dei fleste av desse blei selde vidare siste halvdel av 1600-talet, då kongen kom i pengenaud.

Båe Risnes og Netland var øydegardar ved salet i 1508.

Det blei gjort utskifting i 1886.

Matrikkel
1639 1661 1723 1802 1838 1886 1950 2019
Nr - - 106 357 192 21 21
Skyld 1/2 h 1/2 h 3/4 h 9 eng 9 eng -
Tal på  bruk 3 1 4 5 7 15

*tal på oppsittarar

Bruk

Bruksnr Bruksnamn Type eigedom Utskild frå Matrikulert Løpenr. (før 1886) Skyld 1950 Eigar 1886 Eigar 1950
1 Risnes Gardseigedom 692a 0 mark 31 øre Tobias Nilsen Oline Pedersen
3 Nedregård Gardseigedom 693 0 mark 41 øre Ole Madsen Malene Skeie Risnes
4 Risnes Gardseigedom 694a 0 mark 46 øre Torkel Iversen Ivar Torkildsen
5 Risnes bruk 4 1835 694b 0 mark 46 øre Jon Torkelsen Trygve Eftestøl
6 Risnes 695a 0 mark 33 øre Tobias Nilsen Oline Pedersen
7 Dør inne bruk 6 1849 695b 0 mark 43 øre Sigbjørn Pedersen Jonas Sigbjørnsen
8 Risnes 0 mark 10 øre Jonas Sigbjørnsen
9 Nyvold Gardseigedom bruk 5 1905 0 mark 41 øre Johannes S. Risnes
10 Skjoihu Gardseigedom bruk 2 1909 0 mark 08 øre Jonas Sigbjørnsen
15 Sørmo 0 mark 20 øre Gerhard O. Netland
21 Kvimo Bustadeigedom bruk 4 1962
22 Bustadeigedom bruk 5 1965
24 Heimtun Bustadeigedom bruk 5 1968
27 Bustadeigedom bruk 9 1984
29 Bustadeigedom bruk 9 1986
31 Bustadeigedom bruk 9 1995
33 Bustadeigedom bruk 1 1998
14/35 På plasse Bustadeigedom bruk 13 2000