Smines (Øksnes gnr. 50)
Smines er ein matrikkelgard i Øksnes kommune. Garden ligg på Langøya, ytterst ved Romsetfjorden på vestsida av sundet mellom Langøya og Skogsøya.
| Smines | |
|---|---|
| Alt. namn: | Svinnes |
| Stad: | Langøya |
| Kommune: | Øksnes kommune |
| Gnr.: | 50 |
Det opphavelege namnet til garden er truleg Svinnes. Den har truleg vore bebodd sidan før vikingetida.
Garden var prestegard frå 1640 til 1660, då presten busatte seg på Øksnes prestegard rett over sundet. Etter det kan den ha vore enkesete ei tid, presteenka Dorothea Darre budde her på byrjinga av 1700-talet. På denne tida var og Smines ei kort tid jekteleie. Etter dette var Smines bustad for dei fleste klokkarane dei neste to hundre åra.
Garden var opphaveleg kyrkjegods, men har med få unntak vore eigd av oppsittarane sidan 1782. Det gjer at Smines er ein av gardane i Øksnes som lengst har hatt sjølveie.
Kjelder
- Borgos, Johan I.. Gård og slekt i Øksnes. Utg. Øksnes historielag. Myre. 1997. Digital versjon på Nettbiblioteket.
| Artikkelen Smines (Øksnes gnr. 50) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |