Stakkeland (Kvinesdal gnr. 179)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stakkeland
Sokn: Fjotland
Fylke: Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 179
Ant. bruksnr.: 30 (2018)
Type: Matrikkelgard

Stakkeland er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Garden har i dag gardsnummer 179. Han hadde tidlegare gnr. 10 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 181 og gamalt matrikkelnummer 358.

Geografi

Vest for Kvina langs Rv42, mellom Øvre Kvinlaug og Krågeland, ligg Stakkeland. Garden ligg under fjellet Stakken. Nedre Stakkeland er samla i fleire bruk på sør- og austsida av fjellet, medan Øvre Stakkeland ligg nordover i dalen mellom Stakken og Hestheia.

Stakkeland blei delt mellom Øvre og Nedre alt på 1680-talet, men om ein tar heile den opphavelege garden, så strekker han seg frå Støknudan ved Krågelandsvatnet i søraust frå skiftet mellom Øvre Kvinlog og Krågeland nordover Stedjefjellet til skiftet med Lindeland. Heretter går skiftet austover over Dalafjellet ned til Ruganfossen i Kvina. Her eig Øvre Kvinlog på andre sida av åna. Langs med Kvina sørover går skiftet med Øvre Kvinlog forbi Hagen og til sørsida av Toddemonen, der skiftet snur vest over Krågåsheia til Støknudan.

Det har blitt føreslått at Stakkeland og Krågeland ein gong kan ha blitt utskilde frå Øvre Kvinlog. Om ein slår desse tre gardane saman, ser ein at dei skapar ei ganske konsistent eining mellom Nedre Kvinlog og Lindeland. Dette styrker teorien om at dei ein gong har vore ei eining. Stakkeland var også øydegard under Øvre Kvinlog frå mellomalderen og fram til 1600-talet.

Nedre Stakkeland (bnr. 1) 1905-1906. Litle-Andreas Kvinlog, Johan, Inger-Marie, Margrete, Oline, Martine Olsdatter, Ola V., Jesper (alle Stakkeland), Torgrim Krageland, Tønnes Hagen Stakkeland og Bukken Bruse. (Foto: ukjent)

Gardsnamnet

Det er fjellet Stakken som har gjeve namn til Stakkeland. Øvre og Nedre Stakkeland ligg vest- og sør for Stakken. Stavinga Stakk- kjem frå det norrøne stakkr og tyder m.a. ein stor såteforma haug, gjerne av høy, torv eller liknande, sjå for eksempel høystakk. Ordet slektar på det meir nytta stake. Dette er ikkje ei urimeleg beskriving av fjellet som vaker over garden. I denne samanhengen er tydinga ikkje knytt til stakk som i skjørt eller klede (også frå norrønt stakkr).

Endinga -land tyder eng eller åker og kan tidlegare ha vore mark under ein annan gard. –landgardane skriv seg gjerne frå ein periode med mange nyryddingar. Dei fleste –landgardane i Kvinesdal er bakke- eller heiegardar. Dei kravde høgare teknisk kompetanse og utvikling å driva enn gardane som først blei rydda på elveslettene og i morenejord. Namneklassa var veldig produktiv i nyare jernalder, i det ein kallar folkevandringstid og merovingartid (ca. 500-800 e. Kr).

Skriveforma var «Stacheland» i 1612 og 1723. Frå tid til annan – spesielt på 1600-talet – støyter ein òg på «Stocheland», noko som lett kan forvekslast med Stokkeland i Kvinesdal, spesielt før 1670 då begge gardane låg i Liknes sokn. I Kvinesdal har ein og Stakkeland på heia.

Namn i innmark og utmark

Som dei fleste plassar finn ein mange beskrivande namn i gardens inn- og utmark. I ei tid då naturen og uteområda både var opphaldsplass og produksjonsområde, var namngjevinga viktig. Kvar ein formasjon, stor stein eller infrastruktur hadde sitt eige namn.

I utmarka på Stakkeland finn ein mange døme på dette. Ein har vatna Kongen, Fruen og Kjødnetjenna. Ein finn Storli, Høgheidalen, Fosseliknuden, Sviddeliknudan og Slottet. Frå Slottet kunne ein – før det vaks til – sjå heilt til Fjotland.

Det er også restar etter drift og stølsliv: Stølen, Burknehola, Stakkelandstølen, Smørbekken, Smørbekktjødna, Kringlemyr, Stemtjødnhei og Brendafjellet. Det siste var ein stad der det hadde brunne. Mange av desse namna blei samla inn i 1932.

Gardsbeskrivingar og livsgrunnlag

I 1723 blei garden beskriven som ein landgard i sol- og bakli, men tungvunnen. Dei hadde ei kvern og inga seter, ifølgje oppteikningane. Også matrikkelen i 1802 fortel om kvernbruk.

Stakkeland må ha hatt driftige bebuarar. Etter at garden blei delt i Øvre og Nedre 1686, auka produksjonen og utnyttingsgraden jamt og trutt. I 1665 blei det rekna seks sauer, medan  dei hadde 96 småfe 200 år seinare. Same veksten finn ein blant dei andre husdyra også. Kornavlinga dobla seg. I tillegg byrja dei, som dei fleste andre, å dyrka jordeple på 1800-talet. Folketalet var likevel relativt stabilt. Det var først etter 1865 at aukinga i folketal kom, frå 18 personar i 1865 til 33 i 1900.

Jordbruk og husdyrhold

1665 1723 1865 1919
Korn 2 t 6 t 10 5/8 t
Jordeple 13 t
Hestar 1 3
Storfe 4 10 27
Småfe 6 20 96

Kulturminne

Øvre Stakkeland (bnr. 3) Peder, Per Ivarson, Johannes, Juliane, Ingerid, Anna, Pauline (alle Stakkeland) (Foto: ukjent)

I 1723 blei det oppgjeve at dei ikkje hadde seter på Stakkeland, men stadnamn, tradisjonar og spor i naturen fortel om stølsdrift også på Stakkeland, som så mange andre stadar. Stakkeland hadde og ei stor utmark, og her finn ein namn som vitnar om drift: Stakkelandstølen, Lyngedalstølen, Stølsløå på Hauland og Stølen både i Smørbekkdalen og ved Storlibekken.

Matrikkelen fortel også om ei – 1 – «flaumkvern», men kvernene og sagene låg på rekkje og rad langs med Krågeåne. Fem kvernhus er registrerte som kulturminne; eitt ovanfor og eitt nedanfor brua, og eitt litt lengre ned. Alle tre høyrde til Stakkeland, og lengst nede stod to kvernhus og ei sag som høyrde til Øvre Kvinlog.

Kvernene til bruk 1 og til bruk 4 og 7 forsvann i flaumen i 2016, men kverna til bruk 4 og 7 blei bygd opp att seinare same år.

Matriklar og folketal

Den store veksten i folketalet kom på Stakkeland i slutten av 1800-talet. Frå 1865 til 1900 blei befolkninga nesten dobbelt så stor. 1800-talet markerer byrjinga på ei stor befolkningsvekst i Noreg og Europa og etter kvart i heile verden. Betre fødselshjelp, vaksinasjon, endra giftemålsvanar, nye jordbruksmetodar og framveksten av eit kapitalistisk penge- og forbrukarsystem er blant årsakene som har blitt løfta fram for å forstå korfor dette skjedde akkurat då.

Kor mange bebuarar (M: Berre vaksne menn)

1665 1769 1801 1865 1900 1920
2M 13 18 33

På gardar som ikkje kunne absorbera den store veksten, flytta ungdommen ut, anten til andre gardar, byane eller industristadane der fabrikkane vaks fram frå 1840-talet. Eller dei drog til Amerika.

Delingar og utskiftingar

På Stakkeland ser dei ut til å ha hatt høve til å ekspandera. Talet på bruk hadde stått stille frå 1686 då garden blei delt i to, men mellom 1851 og 1878 blei det skilt ut fem nye bruk (eitt av dei var berre ein åker). I 1950 var talet på bruk auka til 17, sjølv om ein del av desse bruka var rettar til foss.

1639 1661 1723 1802 1838 1886 1950 2019
Nr - - 107 358 181 10 10
Skyld 1 h 3 eng 1/2 h 3/4 h 9 eng 9 eng -
Tal på bruk 1 2 2 2 7 17

Av 30 bruk i dag, kan ein rekna 12 som reelle bustadar.

Bruk og eigedomar

Bnr. Bruksnamn Type eigedom Utskild frå Matrikulert Løpenr. (før 1886) Skyld 1950 Eigar 1886 Eigar 1950
1 Nedre Stakkeland Gardseigedom 1686 666a1a 0 mark 88 øre Jesper Jonsen Johan V. Stakkeland
2 fleire bruk 1875 666a1b, a2b, b1b, b2b Peder Iversen
3 Øvre Stakkeland Gardseigedom 1686 667 1 mark 69 øre Peder Iversen Børild I. Kvinlaug
4 Stakkeland Gardseigedom bruk 1 1872 666a2a 0 mark 49 øre Tore Axelsen Ole P. Stakkeland
5 Hagen Gardseigedom bruk 1 1872 666a3 0 mark 04 øre Hans T. Tønnessen Mikal Albert Hagen
6 Stakkeland Gardseigedom bruk 1 1852 666b1a 0 mark 60 øre Jon Tormundsen Ole P. Stakkeland
7 Stakkeland Gardseigedom bruk 4/6 1871 666b2a 0 mark 86 øre Peder E. Toresen Ingvald Stakkeland
9 Stakkeland Gardseigedom bruk 3 1908 1 mark 63 øre Sigurd Iversen
13 Stormo Gardseigedom bruk 4/6 1939 0 mark 30 øre Palmer O. Stakkeland
14 Bergtun Gardseigedom bruk 4/6 1943 0 mark 10 øre Trygve Olsen Stakkeland
16 Solvoll Gardseigedom bruk 4 1949 0 mark 03 øre Oskar O. Stakkeland
18/19 Solbakk Fritid/Småbruk bruk 5/7 1955
21 Hagetun Gardseigedom bruk 5 1968
23 Letun Bustadtomt bruk 5 1976
30 Bustadtomt bruk 5 2014

Folket på Stakkeland

Den udelte garden

Tidleg på 1600-talet var det eitt bruk på Stakkeland. Garden blei delt i Øvre og Nedre Stakkeland i 1686. Garder som blei delte etter matrikkelopptakinga i 1664 blei ikkje rekna for sjølvstendige gardar, men måtte skatta som ein eining. Denne grunnstrukturen er framleis gjeldande i dag, og heile namnegarden Stakkeland blir omhanlda under same kapittel, sjølv om det i praksis har vore to gardar i over 300 år.

  • Olav d. e. Eielsson Øvre Kvinlog (1586-) var på Stakkeland frå 1611 til 1620. Etter det kom han til Lindeland. Sjå meir om han og familien der.

-

  • Gjøa Gunnusdotter (-1686)
  • g1. med Jesper Persson (-1640)
    • Gunnu (n. 1650- d. f. 1686)
    • Tosten (n. 1650 – d. 1702) g. m. Adlaug Hujesdotter Rafoss (n. 1702) Var først i Ytre Åsen. Kom seinare til Kloster (1686) og Bjørkeli. Sjå Bjørkeli i Kvinesdal
    • Per (1632-1709) Sjå nedanfor
    • Einar (n. 1686)
    • Else (n. 1686)
    • Berte (n. 1686) g. m. Olav Bjørnsson Eiesland (1624-) Sjå Eiesland
  • g2. med Ingvor Oddson (1604-1696)
    • Jesper (1640-1681)
    • Sigmund (-1679) g. m. Mari Atlaksdotter (-1731) Sjå Seland
    • Dorte (-1696) g. m. Annbjørn Annbjørnsson (1644-). Sjå Nedre Stakkeland og Åmland

Gjøa var truleg dotter av søster eller bror til før nemnde Olav (Sjå Øvre Kvinlog). Det er ikkje kjent kor Jesper kom i frå. Ingvor kom i frå Tveiten i Eiken, og hadde eigarskap der og i Åsen.

I skiftet etter Gjøa skulle borna frå det første ekteskapet arva Stakkeland, medan borna til Ingvor skulle arva eigedomane i Tveiten i Eiken og Åsen i Fjotland. I praksis gjekk det noko annleis. Per overtok og selde halve garden til Dorte og mannen Annbjørn. Sjå Nedre Stakkeland.

-

Øvre Stakkeland

Bruk 3 og 9

  • Per Jespersson (1632-1709) overtok bruket etter moras død. Han hadde vore gift tre gonger og budd det meste av tida på Eiesland. Sjå Eiesland. Sonen Jesper overtok her.

-

  • Jesper Persson (1670-1738)
  • Siri Ånensdotter Årstøl (n. 1702)
    • Kari g. 1727 m. Carl Guttormsson Solbjørum (1688-1740), g2. 1742 m. Torgrim Olsson Eikeland (1715-1774) Sjå Solbjørum/Rullen
    • Gro (-1777) g. 1730 m. Nils Olsson Espetveit (1706-1742) fekk Anna (1731-1790) før dei flytta til Espetveit i Sirdal[1]
    • Per (1712-1780) Sjå nedanfor

-

  • Per Jespersson (1712-1780)
  • g. 1731 med Gjertrud Olsdotter Espetveit (1707-1795)
    • Jesper (1733-1788) Sjå nedanfor
    • Olav (1736-1800) g. 1764 m. Ingerid Larsdotter Seland (1738-) Sjå Seland
    • Ånen (1739-)
    • Anna (1742-1824) g. m. Olav Jakobsson Lindeland (1732-1792) Sjå Lindeland
    • Siri (1746-)
    • Per (1747-)
    • Siri (1750-1834) g1. 1770 m. Anders Jakobsson Lindeland, g2. 1773 m. Hans Larsson Eiesland (1744-1822) Sjå Vordalen

-

  • Jesper Persson (1733-1788)
  • g. 1760 med Mari Atlaksdotter Håland (1738-1811)
    • Per (1761-1762)
    • Per (1763-1846) Sjå nedanfor
    • Atlak (1767-1849) g. 1792 m. Signe Bjørnsdotter Eiesland (1765-1847) Sjå Spillebrok
    • Ånen (1772-1835) g. 1803 m. Siri Ivarsdotter Kvinlog (1784-1864) Til Urdal i Gyland
    • Gjertrud (1777-1851) g. 1794 m. Nils Gunnusson Eiesland (1771-1839) Sjå Eiesland
    • Tore (1781-1781)

-

  • Per Jespersson (1763-1846)
  • g. 1793 med Gjertrud Olsdotter Seland (1772-1849)
    • Jesper (1795-1795)
    • Jesper (1799-1803) Blei funnen drukna i ein brønn
    • Inger Maria (1803-1804)
    • Inger Maria (1805-1869) Sjå nedanfor
    • Jesper (1809-1810)
    • Anna (1811-1873) g. 1828 m. Børel Jakobsson Lindeland (1807-1897) Sjå Lindeland

Per og Gjertrud var søskenbarn. Eldste dottera deira, Inger Maria, overtok.

-

  • Inger Maria Persdotter (1805-1869)
  • g. 1828, skild med Alv Jakobsson Lindeland (1804-1876)
    • Jette Marie (1829-1872) Sjå nedanfor
    • Joren (1829-1866) g. 1864 m. Ståle Torkelsson Seland (1837-1909) Sjå Lindeland

Inger Maria og Alv skilde seg og han flytta attende til Lindeland i 1833. Tradisjonen skal ha det til at Alv var vanskeleg, svartsjuk og redd for kona si.[2][3] Dottera Jette Marie fekk skøyte på garden i 1848.

-

  • Jette Marie Alvsdotter (1829-1872)
  • g. 1870 med Per Ivarsson Øvre Kvinlog (1847-1925)
    • Anne Marie (1872-1872)
    • Jette Marie (1872-1873)

Per gifta seg opp att 1875 med:

  • Ingeborg Persdotter Lindeland (1856-1899)
    • Johannes (1876-1878)
    • Johannes (1878-1961) g. 1926 m. Anna Skjæggestad (1876-1968) frå Birkeland. Til Aabel i Birkenes
    • Jette Maria (1880-1973) g. 1907 m. Olav Persson Nedre Stakkeland (1880-1973) Sjå Nedre Stakkeland
    • Peder (1882-1956)
    • Ingerid (1884-1942) g. 1919 m. Johan Vilomsson Stakkeland (1893-1969) Sjå Nedre Stakkeland
    • Juliane (1886-1976) g. m. Tore Årstøl (1887-1964). Til Minnesota, USA
    • Anna (1888-1890)
    • Anna (1891-1981)
    • Pauline (1893-1929)
    • Ingeborg (1897-1899)

I 1908 skilde Per ut ein parsell, Dyngvoll (bruk 9) til sonen Peder. Peder bygde fjøs. Johannes overtok bruk 3 same år og fekk faren i folge. Men dei delte hus, og Johannes, Peder og søstrene Anna og Pauline budde saman med faren Per til han døydde i 1925. Då faren døydde gifta Johannes seg og flytta til Birkenes.

Bertin Børelsson Kvinlaug (1898-) skal i følgje tradisjonen ha kjøpt bruk 3 av Johannes. Han var interessert i Ingeborg (1908-) på nedre Stakkeland og tenkte han ville kjøpa gard  på Øvre stakkeland, for å få bedre "tjangs". Slik gjekk det ikkje. Ingeborg gifta seg med Olav Andreas Engedal og Bertin reiste til USA.  

Bruk 3 har nok gått tilbake til Johannes, for han selde det i 1942 til Bertins nevø Børild Ivarsson Kvinlaug (sjå Mygland), men han flytta aldri til Stakkeland. Peder og Anna dreiv begge bruka vidare som før og budde på bruk 3. Dei førte eit gjestfritt hus, vegen til Krågeland gjekk framom her. Torgrim Krågeland reid på hest hit når han skulle til kyrkjes, og så brukte han karjol vidare. Den fekk stå på Øvre Stakkeland.  

I 1950 selde Peder først bruk 9 til Sigurd Ivarsson Kvinlaug, ovanfor nemnde Børilds bror, som selde vidare til Magnus Olsson Stakkeland frå bruk 4 i 1953. Peder og Anna flytta til Kvinlog sentrum.

I 1956 døydde Peder, og Anna flytta tilbake til Øvre Stakkeland. Nevøane hennar på Stakkeland bygde eit lite hus til henne på Fyleknatten, Nedre Stakkeland. Der budde Anna til ho døydde i 1981. Huset blei seinare flytta til Krågeland og brukt som hytte.  

I 1973 kjøpte Magnus også bruk 3, og garden var samla att.

-

  • Magnus Olsson Stakkeland (1922-2007)
  • Agny Rafoss (1928-1966)
    • Fem born

-

Nedre Stakkeland

Bruk 1

  • Dorte Ingvorsdotter Stakkeland (-1696) og Annbjørn Annbjørnsson Åmland (1644-). Dei kjøpte halve Stakkeland i 1686, medan dei budde på Tveiten i Eiken. Så kom dei til Åmland og familien er med der. Dottera Åsne overtok

-

  • Åsne Annbjørnsdotter Åmland (1676-1763)
  • g1. med Lars Torgrimsson Stakkeland (-1712)
    • Dorte g. 1713 m. Torgrim Persson Øvre Kvinlog (1694-1754) Sjå Øvre Kvinlog
    • Torgrim (1704-1788) Sjå nedanfor
  • g2. 1712 med Sigbjørn Torusson Helle (1694-1781) Sjå Nedre Stakkeland

Åsne og Sigbjørn flytta til Helle omkring 1720. Familien er med der.

  • Torgrim Larsson (1704-1788)
  • g. 1732 med Kari Tjølsdotter Steintland (1713-1785)
    • Lars (1733- n. 1775) I Flekkefjord 1775
    • Tjøl (1736-1774)  
    • Sigbjørn (1738-)
    • Åsne (1740-1816) Budde og arbeidde på garden hjå broren Tormund
    • Sigbjørn (1744-1774)
    • Tormund (1747-1803) Sjå nedanfor
    • Ingeborg (1749-1800) g. 1772 m. Sigmund Larsson Seland (1748-1825) Sjå Seland
    • Toru (1754-1783) g. 1776 m. Ingeborg Larsdotter Hamar (1755-1834) Til Hamar i Gyland

-

  • Tormund Torgrimsson (1747-1803)
  • g. 1776 med Magnhild Josdotter Konglevoll (1754-1838)
    • Torgrim (1777-1799)
    • Jo (1780-1851) Sjå nedanfor
    • Kari (1784-1805) g. 1803 m. Tron Toresson Helle (1781-1842) Sjå Helle
    • Sigbjørn (1787-1803)
    • Ingeborg (1790-1792)
    • Ingeborg (1793-) tvilling
    • Anna (1793-1861) tvilling, g. 1811 m. Tomas Josson Hamar (1783-1858) Til Hamar i Gyland
    • Tor (1797-1839) g. 1833 m. Ingerid Andersdotter Eiesland (1816-1893) Sjå Åmland

-

  • Jo Tormundsson (1780-1851)
  • g. 1806 med Joren Jespersdotter Homme (1786-1868)
    • Karen Malena (1807-1808)
    • Karen Malena (1808-1899) g. 1831 m. Tønnes Hoskuldsson Engedal (1806-1858) Sjå Hagen under Stakkeland
    • Ingeborg (1810-1810)
    • Ingeborg (1814-)
    • Ingeborg (1815-1817)
    • Inger Tonette (1817-1881) Gunnu Børelsson Øvre Kvinlog (1817-1881) Sjå Øvre Kvinlog
    • Gut (1820-1820) Døde under fødselen
    • Tormund (1821-1878) g. 1850 m. Antonetta Toresdotter Narvestad (1826-1869) Sjå bruk 4 og 6
    • Jesper (1823-1913) Sjå nedanfor
    • Tobias (1826-1847)
    • Ingeborg (1828-1859) g. 1852 m. Per Persson Kvinlog (1825-1888) Sjå Øvre Kvinlog
    • Anna (1831-1831)

I 1851 blei bruket delt i to like delar mellom Jesper og Tormund. Jesper fekk bruk 1 av dette bruket, medan Tormund fekk det som blei bruk 6. Jo eigde òg eit bruk i Netlandsnes som blei seld som ein del av arveoppgjeret.

-

  • Jesper Josson (1823-1913)
  • g. 1852 med Inger Maria Vermundsdotter Øvre Kvinlog (1831-1905)
    • Joren (1853-)
    • Jo (1855-1856)
    • Anne Tonetta (1858-1938) g. m. Olav Torkelsson Netland (1866-1963) Sjå Indre Åsen
    • Juliane (1860-1861)
    • Juliane (1862-1925)
    • Johan (1865-1887)
    • Vilom Andreas (1869-1942) Sjå nedanfor
    • Ingeborg (1876-) Tenestejente på Homme i 1891 og på Haugane i Åmli i 1900. Til USA 1905

Søstera til Jesper, Karen Malena, og mannen hennar Tønnes Hoskuldsson hadde budd på Hagen sidan 1853, medan dottera hennar, Anne Malena, og mannen Tore Akselsson hadde laga seg gard på same part. I 1872 var det matrikulering av desse bruka som låg under gardparten til Jesper. Hagen blei bruk 5, medan Anne Malena og Tore Akselsson fekk bruk 4. Les om begge bruka seinare.  

Sonen, Vilom, og kona Martine overtok i 1896. Jesper og Inger Maria gjekk i folge.

-

  • Vilom Andreas Jespersson (1869-1942)
  • g. 1892 med Martine Olsdotter Fjeld (1868-1937) frå Steinslandsfjell i Kvinesdal
    • Johan (1893-1969) Sjå nedanfor
    • Margrete (1896-) tvilling, g. m. Tollak Olsson Norås (1887-1978) Sjå Norås
    • Inger Maria (1896-) tvilling, g. m. Simon Gabrielsson Røynestad (1896-1971) Sjå Storekvina
    • Oline (1901-1954) Til Vegusdal
    • Ole Johan (1903-) g. m. Tora Johanne Urdal (1913-2005) frå Urdal i Gyland. Sjå Solbakken (bruk 18/19)

Vilom, budde litt heime og litt på Eg sjukehus etter at Johan gifta seg. Dei siste åra låg han i bestestova når han budde heime, og han vart stelt av Ingerid, kona til sonen Johan.

-

  • Johan Vilomsson (1893-1969)
  • g1. 1919 med Ingerid Persdotter Øvre Stakkeland (1884-1942)
    • Margit (1920-2011) g. 1941 m. Hans Rafoss (1913-2000)
    • Inga (1926-) g. m. Sverre Bjørnestad. Til Vigeland
    • Villy (1929) Sjå nedanfor
  • g2. 1946 med Jenny Thelmine Risøen (1908-1995)
    • Ingebjørg (1948) g. m. Sverre Magnar Solberg (1944) Sjå Solheim under Kvinlog sentrum

Johan dreiv med hest og kyr. Han køyrde motorsykkel.

Jenny og dottera Ingebjørg budde på Stakkeland eit års tid etter Johan var død. Deretter flytta dei til Kvinlog sentrum. Villy overtok garden i 1970

-

  • Villy Stakkeland (1929)
  • g. 1954 med Klara Malene Kristiansen (1932-2013)
    • To born

-

Bruk 4

Dette bruket blei skyldsett i 1872

  • Anne Malena Tønnesdotter (1838-)
  • g. 1869 med Tore Akselsson Risøy (1841-)
    • Anna (1869-) g. m. Bernt Tobias Gunnusson Kvinlog (1848-) Til USA
    • Karen Tonetta (1872-1961) g. 1895 m. Tønnes Johan Jakobsson Kvinlaug (1862-1931) Sjå Øvre Kvinlog
    • Ingeborg (1876-1877)
    • Andreas (1880-)

Dei bygde hus nokre få meter frå huset på bruk 6, der det er ein ripsebærhage no. Anne Malena og Tore reiste til USA og bruket blei selt til Ola Pedersson. Dermed blei bruk 6 og bruk 4 ein gard, bruk 4 i dag. Huset som stod i ripsebærhagen, er det ingen ting att av.  

-

  • Tormund Josson (1821-1878)
  • g. 1850 med Antonetta Toresdotter Narvestad (1826-1869)
    • Jo (1852-1900) Sjå nedanfor
    • Joren (1854-) g. m. Tobias Olsson Tjørnholm (1863-) Sjå Tjørnhom
    • Ida Sofie (1857-1888) g. 1884 m. Lars Larsson Mydland (1844-1913) Til Mydland i Gyland
    • Tønnes Elias (1861-1862)
    • Ingeborg (1863-) g. m. Sigbjørn Andreassen Lavstøl (1858-) Til Lavstøl i Gyland
    • Anna (1868-1868)
    • Tønnes Andreas (1869-1869)

-

  • Jo Tormundsson (1852-1900)
  • g. 1895 med Oline Tobine Kristiansdotter Gyland (1864-1899)
    • Anne Tonette (Antonette) (1896-) g. 1942 m. Nils Hilberg Klungland (1903-1986) Til Flekkefjord
    • Berta Talette (1898-1898)

Oline døydde av tuberkulose i 1899 og året etter drukna Jo i Fjotlandsvatnet. Antonette kom til tanta Ingeborg på Lavstøl i Gyland. Garden blei selt til Tore Pederson Stakkeland frå bruk 7. Han og Jo hadde vore søskenbarn.

-

  • Tore Pederson (1880-)
  • g. 1899 med Inger Maria Olsdotter Lindefjell (1877-)
    • Peder Elias (1900-1922)
    • Ingeborg (1902-1924) g. m. John Christian Meland (1890-) frå Hitra
    • Oscar (1915-) Fødd i USA
    • Theodor (1917-) Fødd i USA

Tore reiste i 1903 til Iowa i USA, saman med broren Ola. Tore kom aldri tilbake til Norge, og Ola kjøpte bruk 6 på auksjon i 1907.

Maria og dei to borna må ha flytta i 1907. I 1910 budde Maria og Ingeborg på ein plass under Fjotland, medan Peder var på Mygland. Maria reiste til Amerika i 1913, og dei to borna kom etter i 1920 og 1921. I 1920 var Tore gruvearbeidar i North Dakota.  

-

  • Ola Pederson Nedre Stakkeland (1883-1973)
  • Jette Marie Persdotter Øvre Stakkeland (1880-1973)
    • Ingvald (1903-1989) g. 1927 m. Ingeborg Nøkland (1901-1988) Sjå bruk 7
    • Ingeborg (1908-1944) g1. 1927 m. Ole Andreas Salvesson Engedal (1898-1932), g2. 1939 m. Tore Kvinlaug (1899-1966) Sjå Engedal
    • Petra (1910-1914) Faren hadde brukt barberkniven og lagt den frå seg i vindauga eller på eit bord. Fireåringen fekk tak i kniven og sprang rundt bordet, snubla og datt og fekk kniven nær det eine auget. Kniven vart fjerna, men så blei det betennelse i såret. Doktoren var i Flekkefjord, og næraste telefon var på Helle, 1 mil unna. Ola drog mot Helle for å ringa, men snart kom nokon etter med beskjed om at Petra var død.
    • Peder (1914-2000) Sjå nedanfor
    • Palmer (1915-1986) g. 1939 m. Marie Lindefjeld (1916-2009) Sjå Stormo (bruk 13)
    • Trygve (1916-1995) g. 1942 m. Agnes Mygland (1920-2011) Sjå Bergtun (bruk 14)
    • Oskar (1920-2006) g1. 1946 m. Johanne Margrethe Brekke (1917-1988), g2. 1949 m. Synnøve Sandved (1933-2017)  
    • Magnus (1922-2007) g. 1949 m. Agny Rafoss (1928-1966) Sjå Øvre Stakkeland (bruk 3)

Ola var to periodar i USA, først 1903-07. Første gongen, 1903-1907, med broren Tore. Då arbeidde han på ein farm.  Andre gongen med sonen Ingvald, 1925-27, då var dei i Brooklyn og var "floorleggarar" (floorlayers). Han kjøpte bruk 6 på auksjon i 1907. Han hadde òg kjøpt bruk 4 i 1903. Ola var småbrukar og murar, han mura mellom anna brukara «til Storabraune» brua mellom Stakkeland og Kvinlaug gard, av kilt stein, 1937/38.  

Jette Marie var husmor og småbrukarkone, ho dreiv med spinning, veving og plantefarging.

-

  • Peder Stakkeland (1914-2000)
  • g. 1947 med Taletta Teoline Mæland  (1913-1986) frå Sandnes
    • Fire born

Peder og Taletta gifta seg i 1947 og delte hus med foreldra hans i to år. I 1949 reiste dei til Bjørnevatn i Øst-Finnmark og arbeidde for misjonen, og frå 1952-1956 var dei i Hammerfest. Deretter flytta dei tilbake til Stakkeland og Peder overtok garden i 1956. Han var småbrukar frå påske til oktober, og arbeidde for misjonen som emissær i vinterhalvåret.

Dei bygde nytt hus om lag 50 meter frå det gamle, det stod innflyttingsklart hausten 1959. Dei dreiv med mjølkekyr og hadde silo og tørrhøy.

-

Bruk 7

Frådelt bruk 6 i 1872

  • Peder Elias Toresson Narvestad (1846-1917)
  • g1. 1867 med Ingeborg Olsdotter Risøy (1842-1904)  
    • Ingerid (1867-1940) g. 1892 m. Tønnes Sigbjørnsson Helle (1852-1933) Sjå Helle
    • Tore (1869-1869)  
    • Ingeborg (1870-1919) g. 1893 m. Tønnes Andreas Fredriksson Homme (1871-1961) Sjå Homme
    • Anne Tonetta (1873-1891)
    • Teoline Sofie (1876-1904) g. 1897 m. Per Andreas Atlaksson Kvinlaug (1870-1944) Sjå Øvre Kvinlog
    • Ida Pertine (1878-1901)
    • Tore (1880-1899) g. 1899 m. Inger Maria Olsdotter Lindefjeld (1877-) Sjå bruk 4
    • Ola (1883-1973) g. 1907 m. Jette Maria Persdotter Stakkeland (1880-1973) Sjå bruk 4
  • g2. 1906 med Ane Andreasdotter Norås (1855-1946)
    • Ingen born

Peder Elias og Ingeborg kjøpte jord av Peder Elias sin svoger Tormund på bruk 6 i 1872 og laga seg gard. Dei tre første borna er fødd på Narvestad.  

Ane dreiv garden etter ho vart enke i 1917. I 1920 hadde ho faren og «Blind-Anna», Anna Øyusdotter Førlandsås (1850-1943) hos seg. I 1925 selde ho til Ingvald Olsson Stakkeland. Ingvald gifta seg i 1925 med Ingeborg f. Nøkland (1901-1988), og reiste med faren Ola til USA. Ingeborg og Ane budde saman her til 1927. Ane og Blind-Anna flytta til eit lite hus på Øvre Kvinlog. Då Blind-Anna døydde i 1943 ville Ane tilbake til Stakkeland, fleire av sønene til stesonen Ola flytte halve huset til Stakkeland, nær Ola og Jette Marie sitt hus. Det blei kalla Bue, og Ane budde der til ho døydde i 1946.

-

  • Ingvald Olsson Stakkeland (1903-1989)
  • g. 1925 med Ingeborg Sonesdotter Nøkland (1901-1988)
    • Maria (1928-2012) g. 1930 m. Kolbein Risnes (1919-1988) Sjå Heimtun 2 (bruk 65) i Kvinlog sentrum
    • Olav (1930) g. m. Tone Gjertrud Wik (1934) frå Åmli
    • Sigurd (1932-2013) g. 1958 m. Ingeborg Kvinlaug (1935) Sjå Songthun (bruk 56) i Kvinlog sentrum
    • Magne (1935-2020) Sjå nedanfor
    • Ingrid Irene Alvsvåg (1938-2019) g. m. Bjarne Alvsvåg (1936-2018) frå Bømlo. Til Søgne
    • Arne (1942) g. 1974 m. Turid Oddbjørg Årli (1944) Sjå Tonås (bruk 45) i Kvinlog sentrum

Dei bygde nytt hus, to fulle etasjer rett attmed det gamle. Huset stod ferdig i 1954. Det gamle blei kjøpt av Aslak T. Kvinlog, rive ned og flytta til Eftestøl.  

Ingvald og broren Oskar blei kalla ut som dei første til å halda vakt ved Stakkelandsbrua under krigen. Lensmann Spillebrok kommanderte dei ut midt på natta. For å korta tida song dei ein sjølvlaga song:

Vaktmann ved brua, løft no på lua for snart kjeme Stalin med hammar og sigd,

Han har i tanke Hitler å banke, og han vil bruke sigden til det.

Hoppsann og hei, det går brennande fort. Før året er omme så er det nok gjort.

Så kjem han Håkon (7.) og Johan (Nygaardsvold) igjen,

Og Vidkun (Quisling) vi sender til Bjørnøya hen.

I 1968 overtok sonen Magne garden.

-

  • Magne Stakkeland (1935-2020)
  • g. 1968 med Liv Berit Viktoria Kongevold (1942)
    • To born

-

Hagen

Bnr. 5

Toddemonen 44

Fråskilt bruk 1 i 1872

Hagen blei fråskild bruk 1 då bruk 1 blei delt i to like delar mellom Jesper Josson og Tormund Josson i 1872. Hagen var før dette ein umatrikulert husmannsplass under den parten av garden som blei kjøpt i Tores namn. Hagen «begrændses i Vest af en Træhage, i Syd af Kraagaaen, i Øst af Kvinneselven, i Nord af en Fjeldribbe og over det Smalest af en lidden Dal der skifter mellem Hagen og Knaddemyrhollen og videre efter Fjeld til den nævnte Træhage.»[4] Eigarane i Hagen skulle også ha grasgang i utmarka til Tores bruk til ei ku og seks «smaakreature». Dei første ein veit om i Hagen var Karen og Tønnes

  • Karen Malena Josdotter Stakkeland (1808-1899)
  • g. 1831 med Tønnes Hoskuldsson Engedal (1806-1858)
    • Ingeborg (1831-1909) g. 1857 m. Jakob Børelsson Øvre Kvinlog (1833-1913) Sjå Risøy
    • Joren (1834-1855) g. 1853 m. Jakob Børelsson Øvre Kvinlog (1833-1913) Sjå Risøy
    • Anne Malena (1838-) g. 1869 m. Tore Akselsson Risøy (1833-1913) Sjå bruk 4
    • Hans Tobias (1842-94) Sjå nedanfor
    • Jo (1845-1932) fekk Anna (1864) m. Anne Martine Tronsdotter Spikkeland (1844-), g. 1873 m. Anne Tonetta Øyusdotter Kvigenes (1844-1879) Sjå Kvigenes under Fjotland
    • Karen Tonetta (1851-1851)
    • Tobias (1853-1854)

Hagen skal ha tilkome Karen Malena då Nedre Stakkeland (bruk 1) blei delt mellom Jesper og Tormund Jossøner. Hans Tobias overtok seinare og kjøpte eigedomen av søstera Anne Malena og mannen Tore Akselsson.

-

  • Hans Tobias Tønnesson (1842-1894)
  • Dorte Olsdotter Gyland (1842-1915)
    • Karen Tonetta (1874-1945) fekk Hans Bernhard (1899-) med Hans Anton Brundin Petersen, sjømann frå Kongshavn på Tromøy. g. m. Sebulon Emanuel Torsson Ellenes (1854-1939) Til Ellenes på Lista
    • Ingeborg (1876-1892)
    • Teoline (1879-1962) g. 1908 m. Tore Børelsson Homme (1857-1928) Sjå Homme
    • Tønnes (1884-1956) sjå nedanfor

Hans Tobias arbeidde på ei sag i Krågeåne. Han fekk eit bord i hovudet, blei liggjande og døydde av det.[5] Peder Elias Toresson kjøpte Hagen då Hans Tobias døydde i 1894. Sonen Tønnes var då berre 10 år gamal, men Peder Elias selde garden tilbake til Tønnes då han var gamal nok.

-

  • Tønnes Hansson Hagen (1884-1956)
  • g. 1906 med Berte Tonette Andreasdotter Ryggesås (1885-)
    • Mikal Albert (1916-1963) Pleieson (Son av Oskar Abel Johannesen og Tøri Malena Nilsdotter Risøy, sjå Lindeland). Sjå nedanfor

-

  • Mikal Albert Oskarsson Lindeland (1916-1963)
  • g. 1939 med Vigdis Skjærstad (1920) frå Øyslebø
    • Sonja (1939) g. m. Arne Tønnesson frå Flekkefjord. Til Flekkefjord og Mandal

Albert seglte på sjøen under krigen og var med i marinen. Dei overtok garden i 1945 mot ei folgekontrakt. I 1955 bytta dei gard med Martin Espetveit og Bertine Homme, og flytta til Espetveit i Sirdal. Dei flytta vidare til Flekkefjord og deretter til USA i 1960. I 1963 døydde Albert og kona Vigdis flytta tilbake til Flekkefjord.

  • Anne Bertine Toresdotter Homme (1915-1995)
  • g. 1935 med Karl Martin Jørgensson Espetveit (1907-1978)  
    • Jørgen (1938)

I 1959 flytta familien til Mydland i Gyland og selde Hagen til Palmer Stakkeland, som eigde bruk 13 Stormo frå før. Sjå nedanfor.

Dei gamle husa på Hagen blei utskilde til bruk 21 Hagetun i 1968. Sjå nedanfor.

-

Stormo

Bruk 13

Toddemonen 44

Fråskilt bruk 4/6 i 1939

Slått saman med bruk 5 i 1986

Palmer Stakkeland fekk Stormo av far sin i 1939. Han bygde hus og fjøs då han overtok. Han kjøpte Hagen (bruk 5) i 1959. I 1968 blei husa på bruk 5 skilde ut som eige bruksnr. 21, og sonen Olav overtok desse.

  • Palmer Stakkeland (1915-1986) frå bruk 4
  • g. 1939 med Maria Lindefjell (1916-2009) frå Lindeland
    • fem born

Palmer arbeidde som gardbrukar, snikkar og murar. Han var aktiv i Senterpartiet og med i kommunestyret både i gamle Fjotland kommune, og i Kvinesdal. Han var fleire korte periodar i USA.

-

Bergtun

Bruk 14

Krågelandsvegen 224

Fråskilt bruk 4/6 i 1943

  • Trygve Stakkeland (1916-1995)
  • Agnes Mygland (1920-2011) frå Mygland
    • Fem born

Trygve og Agnes var bønder. Trygve var òg snikkar, og han var søndagsskulelærar. Agnes hadde ein flott hage. Trygve kjøpte ein raud Ford varevogn etter han kom frå USA i 1951. Det var den første bilen på Stakkeland. Han var søndagskulelærar i rundt 50 år.

Trygve fekk jorde frå bruk 4 av far sin Ola. Han delte også Dyngvoll bruk 9 på Øvre Stakkeland med broren Magnus. Han og Agnes dreiv med mjølkekyr og dei bygde hus i 1942 og budde der til dei flytta inn på Fjotlandheimen.

-

Solvoll

Bruk 16

Krågelandsvegen 228

Fråskilt bruk 4 i 1949

Oskar og Johanne fekk skilt ut Solvoll av Oskar sin far på bruk 4. Dei hadde nok jord til å fø ei ku, høner og grisar. Huset stod ferdig i 1949.

  • Oskar Olsson Stakkeland (1920-2006)  
  • g1. 1946 med Johanne Margrethe Brekke (1917-1988) frå Molde
    • Tre born
  • g2. 1989 med Synnøve Sandve (1933-2017) frå Flekkefjord

Oskar reiste som forkynnar i Norsk Luthersk  Misjonssamband (NLM) 1938-1987. Han var med i Kvinesdal kommunestyre for KrF 1976-1979, og han arbeidde sterkt for å få ungdomsskule til Kvinlog.  

Han var organist i Fjotland kyrkje 1964-1974, og Oskar sette melodi til songen «Kor stort min Gud» som er med i salmeboka og songboka. Han starta og leia yngresmusikken på bedehuset i 60-70 åra, han starta òg Kvinlog Mannskor. Oskar tok initiativet til Fjotland Bygdemuseum og var formann og ei drivande kraft 1977-1995 og styremedlem til 2000. For dette fekk han Kvinesdal kommune sin kulturpris i 1982.

Johanne var utdanna sjukepleiar frå diakonhjemmet i Oslo. Ho var helsesøster i Fjotland og ho arbeidde ved Kvinesdal omsorgssenter. Johanne spelte orgel til gudstenesta i Fjotland, Netland , Knaben og møte på Kvinlog bedehus i mange år. Ho var leiar i NLM si kvinneforeining i over 30 år.  

Synnøve arbeidde ved sjukehuset i Flekkefjord til ho blei pensjonist.

-

Solbakken

Bruk 18/19

Toddemonen 36

Fråskilt bruk 4 og 5 i 1955

  • Ole Johan (Ola V.) Vilomsson Stakkeland (1903-1985)
  • Tora Johanne Urdal (1913-2005) frå Urdal i Gyland
    • Fire born

Folk sa Ola V for å skilja han frå andre som heitte Ola Stakkeland, eller Ola Vilomsson. Han var ivrig til å gå på jakt. Ola V. kjøpte Solbakken i 1940, her var litt frå bruk 4 og litt frå bruk 5. Han bygde nye hus, som stod ferdige i 1942. I 1945 kjøpte dei Liægrå under Risøya.Dei var i Risøya om lag fire månader kvart år, frå slåtten starta til «tøå» var avbeita. I Risøya var det flatt, lett å slå. Dei hadde kyr og hest. I 1955 selde dei Liægrå til Tonette og Ingmar Skjærstad.

-

Hagetun

Bruk 21

Toddemonen 35

Fråskilt bruk 5 i 1968

  • Olav Stakkeland (1940-2016)
  • Inger Røynestad (1941) frå Røynestad
    • Fem born

Olav og Inger gifta seg i USA og flytta til Noreg i 1964. Dei bygde nytt hus i 1967, delvis restaurering, på dei gamle tuftene i Hagen (bruk 5). Huset som blei utskilt året etter som Hagetun bruk 21. Olav arbeidde som snikkar, han var fleire turar i USA.

-

Letun

Bruk 23  

Toddemonen 28

Fråskilt bruk 5 i 1976

  • Odd Stakkeland (1948)  
  • Åsta Kvåle (1947) frå Hægebostad
    • Fem born

Odd og Åsta fekk utskilt tomt frå Odd sin far Palmer og bygde hus og flytta til Stakkeland i 1976. Frå 1979-1983 satt Odd i kommunestyret for Senterpartiet. Han har arbeidd som lærar på Kvinlog skule, og var rektor frå 2003 til 2013. I Eiken var han rektor frå 1990-93. Han var òg i mange år frivillig klokkar i Fjotland kyrkje. Åsta har jobba i Kvinesdal kommune, på Kvinesdalheimen og Fjotlandheimen.

-

Bue

Nokre få meter frå huset i Hagen, stod der ei bu. Tønnes Hagen brukte den som snikkarverkstad, antageleg var det han som bygde bua. Ola V frå bnr 1 og mora Martine budde i 2. etasje på 1930-talet, til Martine døydde i 1937. Truleg budde Ola V der vidare, i alle fall var han og Tora der frå dei gifta seg i 1941 til huset i Solbakken var ferdig bygd i 1942.

Foreldra til Vigdis Hagen, f. Skjærstad, Tonette Svendsd. Ovedal (1889-1972) og Ingemar Skjærstad (1891-1959), kom til Hagen i 1954, dei budde i bue. Dei kjøpte Liægrå i Risøya av Ola V i 1955. Dottera deira Solveig Skoglund (1918-2001), budde med familie på Liægrå, sjå Risøya bnr 5 og 6.

Bue er det ingenting att av.

Ikkje plasserte

  • Trond Pålsson (1634-) var tenestegut i 1664
  • 1718 var det Ole Torjussen (1676-) og Sigbjørn Torufsen (1694-). I 1723 Sigbjørn og Jesper

-

1037 Kvinesdal komm.png Stakkeland (Kvinesdal gnr. 179) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.

 


Litteratur og kjelder

Referansar

  1. Seland, Per: Sirdal 5. Utg. Kommunen. Tonstad. 1992. Digital versjonNettbiblioteket, s. 387
  2. Seland, Per: Kvenåsen krets i Fjotland. Utg. [Forfatteren]. Oslo. 1980. Digital versjonNettbiblioteket. s. 250
  3. Jerstad, Johan & Veggeland, Tor: Gards- og ættesoge : Fjotland. Utg. [s. n.]. Kvinesdal. 1979. Digital versjonNettbiblioteket, s. 453
  4. SAK, Pantebøker, Pantebok nr. 18, 975/1963, fol. 356b
  5. Jerstad, Johan & Veggeland, Tor, Gards- og ættesoge : Fjotland, 1979, Digital versjonNettbiblioteket, s. 461