Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2010-29

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Holsvikholmen med båtar i bøye rundt 1960

Holsvik notlag og kalla Holmenotalaget, var eit av fleire notlag i Austefjorden eigd av gardane Holsvik, Sundalsås, Skare, Åslid, begge bruka i Djuvika, Skinvika (Høgset) og begge bruka på Løfolla då det vart avvikla på 1960-talet. Skriftleg informasjon fortel ein heil del om tida då Østefjordens Notlag byter namn til Holsvik Notlag. Stykket er frå 1890 til avvikling i hovedsak basert på det etterkomarane av siste eigarane av det no nedlagde notlaget kan hugse. Holsvik notlag hadde i lang tid to notbruk med litt ulik partseigarskap: Lissjenota åtte partar; Holsvik, Sundalsåsen, Skare, Åslid, begge bruk Djuvik, Skinvik (Høgset, etter at Skinvika var delt i to bruk i 1952) og Løfoll brn 1. Storenota hadde ti partar, her var Løfoll bruk 2 og Sundalsfoll bruk 1 med i tillegg til eigarane i Lissjenota. Dette med ti mann vart nytta til namn på gavlbåten «Timann» M 46 VA då den vart kjøpt etter krigen.   Les meir...