Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2011-29

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Her på veg til hamn i svert fint veir. Hadde vore ca 37 mil av Runde med seigarna, og hadde ein god fangst om bord.
Foto: Magnar Høydal (1962)

MB «Hai», M-94-HØ, var bygd i Romsdalen i 1916. Lengde var 40 fot, og motor Rekord 26 hk. Ombygd i 1928 til 51 fot. I 1937 fekk den ny motor «Wichmann» 40hk, og forlengd til 53,8 fot. Lengste lengde oppgitt til 60 engelske fot. Ein «Kromhout»motor på 150 hk. vart innsett i 1965. Båten vart kondemnert i 1985, og enda sine dagar på botnen av Voldsfjorden. Hans Goksøyr selde båten i 1920 til Matias Sævik, og Anton og Paul Flusund. Sønene deira Petter Sævik, Harald A. Flusund og Ragnvald P. Flusund overtok båten i 1937. I 1952 vart det endring i eigarskapet. Rangvald vart åleine då dei andre ville selja sine partar, Peder og Olav Leine kom då inn som medeigarar. I 1978 overtok partreiarlaget Ragnvald Flusund båten, og selde den vidare til Inge Remøy og sonen Oddmar Remøy i 1981. Dei brukte båten til garn og linefiskje. Siste to tre åra vart båten rigga til brugdefangst. Oddmar hadde då samarbeid med ein kar frå Trøndelag, han hadde utstyr til brugdefangst. Les meir...