Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2011-38

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ikornnes sett frå lufta i 1953, til venstre er møbelfabrikken og hjørnesteinsbedrifta Ekornes.
Foto: Ekornes fabrikker.

Ikornnes er ei grend på sørsida av Sykkylvsfjorden i Sykkylven kommune. Denne sida vert gjerne kalla Sørestranda. Fram til 1930-åra var kulturlandskapet heilt dominert av gardsbruk der det vart drive landbruk. Spreidde næringstiltak utanom landbruket var her heilt frå starten av det førre hundreåret. I 1904 kom Johan O. Erstad i gang med møbelfabrikk ved Ekornes-elva. Når Johan flytte frå Erstad til Ikornnes, var det fordi det var isfri hamn her og fordi han fekk tilførsel av stabil vasskraft frå elva.Kaia på Ikornnes vart tidleg eit lokalt sentrum. Her var det landhandel og skipsekspedisjon. Buda var elles tilhaldsstad for ulike verksemder, mellom anna Strømpefabrikken AS som dreiv tilverking av strømper frå 1919 til 1925.Heilt avgjerande for utviklinga av Ikornnes vart etableringa av J.E. Ekornes Fjærfabrikk i 1934. Jens E. Ekornes hadde vore både på Stranda og i Ørsta og arbeidd i møbelverksemder. I 1934 såg han at det var ein marknad for møbelfjører som han byrja å produsere i eit toetasjes trehus ved strandkanten på Ikornnes.Les mer...