Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2012-46

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ungdomsbilete av Jacob Aaland. Fotograf ukjent.

Jacob Aaland (fødd i Innvik i Stryn kommune 27. april 1865, død på Sandane i Gloppen 18. oktober 1950) var lærar og lokalhistorikar. Med sine bygdebøker frå Nordfjord under samletittelen Nordfjord frå gamle dagar til no er han ein av dei som har hatt størst innverknad på utviklinga av innhald og form i denne sjangeren. Jakob Aaland verka som folkeskulelærar i 48 år. Fyrste stillinga etter lærareksamen var i Sigdal 1884-1886, så i Brevik 1887-1890, Kragerø 1891-1892 og frå 1892 til 1932 i Bergen ved Fortunen og seinare Lungegården skule. I åra 1914-1919 hadde Aaland statsstipend for å drive med bygdebokarbeidet, og var ute av skulearbeidet. I denne perioden heldt han til på Nordfjordeid, og var da redaktør i Fjordenes Blad. Jacob Aaland var Venstre-mann, og sat ei tid som representant i Bergen bystyre. Han hadde fleire tillitsverv i Bergen, mellom anna var han formann for Bergen lærersamfund.Les mer...