Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2013-17

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Prest, klokkar og bondemann under ei gravferd ved Skjåk kyrkje i 1920-åra. Sokneprest Harald Bakke og lærar og kyrkjesongar Kolbein Skaare var framståande talsmenn for kvar si side i språkstriden, som dei var det politisk. Presten var bondepartimann, klokkaren Venstre/Radikale folkeparti. Bygdekaren i midten veit visst ikkje riktig kven han skal halde med.
Foto: Kristian Stakston

Språkskiftet til nynorsk i Skjåk gjekk føre seg i to etappar. Den fyrste var innføring av landsmål som skulemål i fire av sju krinsar i 1908. Andre etappen førte til språkskifte også i dei andre skulekrinsane, i kommuneadministrasjonen og i kyrkja i løpet av tidsrommet 1925-1933. Hardaste striden stod under den andre etappen. Det toppa seg med skuleavrøystingane i Marlo, Holmork og Nordberg i 1925. Da ytra kampen seg så vel ved utfall mot landsmåltilhengarar frå preikestolen som med engasjement frå sentralleiinga i Norges kommunistiske parti. Det kan stillast spørsmål om ikkje nynorskvedtaka skjedde i strid med folkeviljen på det tidspunktet. Etter vedtak om nynorsk liturgi i 1932-1933 ebba striden etter kvart ut. Etter den tid har Skjåk vore nynorskkommune all sin dag.Les mer...