Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2013-19

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gatå i Volda sentrum 7. mai 1945
Foto: Johan Nerbøvik

Fredsdagane 1945 i Volda starta om ettermiddagen 7. mai da meldinga om den tyske kapitulasjonen nådde bygda og kyrkjeklokkene begynte å kime. Flagg etter flagg vart heiste og russen samla seg for å gå i tog. I gatene der toget passerte leita folk fram gamalt russeutstyr og kasta ut slik at fredsrussen snart var fullt utstyrte med huver og stokkar. Gatene vart raskt fylte av folk som samla seg framafor Olaisenhuset i Gatå der ein radio vart sett fram i eit ope vindauge slik at nyhenda kunne høyrast.

Dagen etter, den offisielle fredsdagen, var veret i Volda strålande, og den offisielle høgtidinga tok til med ein times klokkekiming frå kyrkja kl 16. Volda hornmusikk, speidarane, skulane og lag og foreiningar gjekk deretter i tog frå skuleplassen på Hauane, inn til Rotset og attende til Uppheimsplassen.Les mer...