Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2013-24

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sogndalstrand mai 2010.
Foto: Jarle Vines

Sogndalstrand er ein tettstad i Sokndal kommune, mellom Rekefjord og Jøssingfjord og like sør for kommunesenteret, Hauge i Dalane. På 1600-talet voks det fram ein strandstad her med næringsverksemd knytta til handel, sjøfart og fiske. I dag framstår Sogndalstrand som ein idyllisk tettstad med verneverdige trehus. Det er ein møteplass for folk i området og eit attraktivt turistmål. I første halvdel av 1800-talet opplevde Sogndalstrand ein sterk vekst. Det rike sildefisket skapte stor aktivitet. Eksporten av klippfisk, laks, hummar og makrell tok seg også opp. Både menn og kvinner arbeidde på ishusa med å klargjera fersk laks og makrell. Hollandske brønnbåtar henta levande hummar for transport til mellom anna England og Hamburg. I 1846 vart Sogndalstrand og Rekefjord skilt ut frå Sokndal landsokn som eigen kommune.Les mer...