Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2013-28

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Offersteinen i Lundo.
Foto: Knut Rage (2009)

Lundo høyrer til garden Myklestad i Uggdal i Tysnes kommune. På området er det registrert fleire gravrøyser, ei hustuft og ein stein som er tolka som ein offerstein. I tillegg vart det like etter krigen funne ein laus stein med ristingar, den såkalla runesteinen frå Myklestad. Området på Myklestad, som Lundo er ein del av, vart undersøkt så tidleg som i 1888, der det vart gjort hellerfunn. Sjølve Lundo vart undersøkt på ny i 1949, like etter funnet av runesteinen, og meir grundig i 1988 - det var då ei større tuft som stod i sentrum for undersøkingane. Tufta ligg på flate Lundo, nord for ein berghammar nord for tunet på bruket og aust for kapellet ved Uggdal kyrkje, i den sørvestre kanten av flata der lendet skrår slakt ned mot nordvest, men går brattare ned mot dyrka mark i sørvest. Tufta måler ca. 18 x 5 m (nordvest-søraust) i ytre mål.Les mer...