Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2013-40

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Brørne Kristoffer (til venstre) og Hans Aase var aktive i arbeidet med innføringa av nynorsk i skulen og kommuneadministrasjonen i Austevoll.
Foto: Privat

.

Språkskiftet til nynorsk i skulen, kyrkja og den kommunale administrasjonen i Austevoll gjekk offisielt føre seg mellom 1920 og 1980. I 1920 tok sju skulekrinsar i bruk nynorsk som opplæringsspråk, og åtte gjekk over til nynorsk mellom 1929 og 1939. Austevoll fekk tilført tre nye skulekrinsar frå Fitjar kommune etter kommuneendringane frå 1964. Den eine av krinsane tok i bruk nynorsk i 1929, dei to andre i 1936. Innanfor dagens kommunegrense var det 19 skulekrinsar, og i denne framstillinga er dei tre tidlegare Fitjar-krinsane førebels så vidt nemnde her. Kommuneadministrasjonen tok i bruk nynorsk i 1933, medan eit mangeårig ordskifte i kyrkja enda med at den nynorske liturgien kom i bruk i 1980.

I 1886 vart Austevoll skilt frå Sund kommune. Fram til 1951 var kommunen delt i to soknekommunar, Austevoll og Møkster, med Austevoll som hovudsokn. Soknene hadde eigne soknestyre som mellom anna avgjorde innføring av nynorsk som opplæringsmål. Soknestyra hadde felles møte om saker som gjaldt heile kommunen.Les mer...