Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2013-52

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lesjaskog sentrum omkring 1923.
Foto: Hans H. Joramo

Lesjaskog sentrum eller Strande er nemninga på ein del av Kyrkjekretsen, det som i dag er eit av tettstadsområda på Lesjaskogen. Det rekk grovt sett frå og med Skulemuseet i Lisser, Lesjaskog kyrkje og Mølme vest for Mølmsåe, langs den gamle riksvegen (før han vart omlagt ca 1987) til og med Lesjaskog skule. Det er ikkje funne kjelder som fortel om busetjing i dette området før fyrst på 1700-talet. Da var jernverket kome i drift, og det vart nok meir trafikk over Lesjaskogsvatnet, truleg både vinter og sommar. Her ved den vestre vassenden vart det tidleg bygd dam for å heve vasspeglet, og det er det grunn til å tru at det gjekk ein god del transport ved hjelp av prammar over vatnet. Dermed vart det behov for omlasting, og gardsnamnet Rundtom ovafor Gameldammen har vore sett i samanheng med at det var her hestetransporten som kom nede frå Veblungsnes snudde her etter å ha lasta over varene på båtar.Les mer...