Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2014-11

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Årdal gamle kyrkje i Ryfylke.
Foto: Knut Rage (2013)

Den gamle kyrkja i Årdal, Hjelmeland i Ryfylke, vert rekna som ei av dei mest særprega renessansekyrkjene på Vestlandet. Kyrkja ligg i Årdal sokn i Søre Ryfylke prosti. Kyrkja har langplan og 175 sitjeplassar, og har vernestatus som freda.

Bygginga tok til i 1619, då vart skipet bygd, så kom tårnet på plass i 1623 og koret stod ferdig i 1626. Ettersom folketalet i bygda auka utetter 1600-talet vart det bygd på endå eit korparti i åra mellom 1707 og 1709. Kyrkja vart altså utvida to gongar, og det er dette som har gjeve kyrkja den særeigne forma og kallenamnet "kyrkja under tre tak". Kyrkja er kanskje vel så kjend for sine frodige dekorasjonar.

Tårnet viste seg å vera lite motstandsdyktig mot ver og vind. I 1670 vart det tilrådd å riva tårnet og byggja eit nytt. Men det skulle koma til å gå nokre år før det skjedde. Først då kyrkja vart utvida i åra 1707-1709 kom det nye tårnet på plass. Det er det same tårnet som framleis står i dag.Les mer...