Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2014-15

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Motiv frå Hemsedal, Hydnefossen.
Foto: Stig Rune Pedersen (1999).

Hemsedal er ei fjellbygd i Hallingdal i Buskerud fylke. Ho samsvarar geografisk med Hemsedal kommune, eigen kommune sidan 1897, og er den nørdste bygdi og kommunen i fylket. Senteret i bygdi er Trøim (eller Trøym), som er både kommunesenter og kyrkjestad, og som har mykje av det lokale forretningslivet. Tettstaden hadde 774 innbyggjarar i 2012. Dessutan bur det ein del folk i grendene Tuv og Ulsåk. Kyrkjeleg svarar bygdi til Hemsedal sokn, som frå gamalt av har høyrt til Nes prestegjeld, seinare Gol prestegjeld. Geografisk fell bygdi saman med mesteparten av Hemsedalen, som er ein sidedal til Hallingdalen. Hemsedalen har også ein del sidedalar, og ved Tuv deler dalen seg i Grøndalen og Mørkedalen. Her renn Grøndøla og Mørkedøla saman og dannar Hemsil. Ifylgje Store norske leksikon er det Hemsa, eit eldre namn på Hemsil, som har gjeve dalen namnet sitt - medan Sophus Bugge utleda namnet frå hemsa, hefnsa, hofn, som tyder «hamnegang». Lokalt kallast Hemsil også Åné. Ved grensa åt Gol kommune ligg Hemsil på om lag 550 meter over havet, og dette er det lågaste punktet i kommunen. Hemsedal er elles ei utprega fjellbygd, åtti prosent av arealet ligg over 900 meter over havet. Høgste punktet i kommunen er Høgeloft, på 1920 meter over havet, andre høge fjell er Raudebergnuten og Skogshorn (Skogshødn) på høvesvis 1818 og 1728 meter over havet. Hovudnæringi er jordbruket, framfor alt husdyrhald. Hovudvegen gjennom dalen er riksveg 52, som bind saman riksveg 7 (ved Gol) og europaveg 16 (ved Borlaug i Lærdal kommune).Les mer...