Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2014-3

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tandstad skule i Sykkylven 1910. Lærar Ole I. Strømme bak til venstre.
Foto: Ukjent (frå heimesida til Sykkylven sogenemnd).

Ole Ingebrigtsen Strømme (fødd 23. februar 1876 i Sykkylven, død 17. februar 1936 i Oslo) var lærar, gardbrukar, lensmann og politikar. Strømme var ein typisk representant for den utdanna lærarstanden kring det førre hundreårsskiftet, og som så mange av dei, kom han frå enkle kår. Han vaks opp på Strømmebruket i Straumgjerde (Sykkylven kommune), som son av gardbrukar og fiskar Ingebrigt Hanssen Strømme (1853-1928) og Severine Karlsdotter f. Drotninghaug (1851-1928). Etter utdanning reiste han tilbake til bygda han kom frå. Han la ned eit stort og idealistisk strev i ungdomslag og skule, og i perioden 1919-36 var han lensmann i Ørskog og Sykkylven. Innsatsen vart lagt merke til, og han fekk ein karriere heilt til topps i det norske samfunnet. På 1930-talet var Venstre-mannen Strømme både stortingsrepresentant og statsråd.Les mer...