Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2014-39

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hjulgogna i den gamle stampa på Hovdanes i Tysnes. I fleire hundre år vart det importert vadmål frå Shetland. Vadmålet vart kalla hjeltavadmål.

Skottehandelen er eit omgrep som gjerne vert brukt om handelen mellom Skottland og øyriket i vest - ikkje minst Shetland - og Sunnhordland. Dei skotske skipa kom til Sunnhordland etter tømmer og anna trelast, og produkt laga av trevyrke. På norsk side vart det importert ei lang rekkje varer, frå korn og tøyvarer til tobakk og brennevin. Handelen pågjekk i fleire hundre år, frå ca. 1450-1750, men heldt også fram etter dette til utpå 1800-talet. Handelen var mest intens i perioden 1550-1650. Sjølve kjernen i handelen på skotsk side var eksport av korn, brød, tøyer, fisk, brennevin og tobakk, i bytte mot særleg tømmer og andre produkt av tre, som seksæringer. Handelen var dominert av nokre få aktørar, som Mowat-familien på Tysnes som tente svært gode pengar på vareutvekslinga.Les mer...